fredag 28. juni 2013

SUMPSONGAR, Male, Fræna kommune 27-28.06.13

I går formiddag fikk eg ein telefon frå ein av kompisane mine frå Kristiansund. Han kunne meddele at ein eksklusiv locustella-songar hadde blitt høyrd og sett på Male i Fræna kommune på Romsdalskysten. For ein annan av kompisane mine hadde for ca. ei veke sidan komt over ein songar han var litt i tvil på kva var. Vanskelige veir- og vindforhold gjorde det slik til at den blei ubestemt enn så lenge. Så natt til i går, altså den 27.juni vart den sjekka opp på ny. Då blei fuglen blant anna avbilda. Desse bilda viste utan tvil M&R sin andre SUMPSONGAR gjennom tidene!! Denne sør og og aust/søraustlege songaren er ei stor sjeldenheit i Norge, med ikkje mange funna årleg. Det forrige funnet i fylket vart gjort så langt tilbake som i 1995, då på Smøla. Så ein kan mildt sagt seie at den er ein gobit! Med denne har Fræna i år varta opp med både trostesongar og sumpsongar, noko som må seiast å vere imponerande. Dette gjer sitt til at artsspekteret når det gjeld nattsongarar i M&R i år er over all forventning. Artar som nattergal, sørnattergal, grashoppesongar, sumpsongar, elvesongar, myrsongar, busksongar, åkerrikse og vaktel har nemleg blitt observert innan for fylkets grenser. Fleire av desse er store raritetar også på landsbasis...

Turen vart nesten sjølvsagt lagt til Fræna for å få med seg gobiten. Og ut over kvelden og natta så song sumpsongaren svært aktivt. Då for det meste frå toppen av eit bringebærkratt der den holdt til det meste av tida. Der poserte den villig for den som gadd å vente på fotolyset...

Under kan du sjå bilder av songaren frå i dag tidleg, samt høyre eit lydopptak av songen til fuglen.
Sumpsongar 2K+ M, Male, Fræna kommune 28.juni 2013
Svært slitte hsf. kan indikere at dette er ein 2K-fugl.

Sumpsongar 2K+ M, Male, Fræna kommune 28.juni 2013

Sumpsongar 2K+ M, Male, Fræna kommune 28.juni 2013
 
Sumpsongar 2K+ M, Male, Fræna kommune 28.juni 2013


Sumpsongar, Male, Fræna kommune 28.juni 2013
 
Andre observasjonar
Av andre observasjonar som blei gjort på den korte visitten i Fræna i går kveld og i natt/dag tidleg var ein 2K grønlandsmåse som rasta i Hustadbukta i lag med gråmåsar, og ei næringssøkande hornugle på male i området der sumpsongaren holdt til. Utanom dette var det ikkje all verden verken å sjå eller høyre... Men kva gjer vel det når den mest eksklusive av dei alle gikk i boks!

Her er eit bilde av den jaktande hornugla i kveldslys.
Hornugle, Male, Fræna kommune 27.juni 2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar