søndag 7. juni 2015

Frå Voksa til Remøya...

Kvart år brukar eg å ha meg ei runde rundt i indre Sande kommune, ytre Herøy kommune og på Sørheim i Ørsta kommune for å lytte etter nattsongarar. Den arten eg først og fremst er på leiting etter er grashoppesongaren. I år fikk eg anledning til å ta meg ei slik lytterunde natt til den 26. mai.

Det eg håpte på før eg reiste var at eg skulle finne ein av grashoppesongarane "mine" frå tidligare år. Kl. 3 tidlig om morgonen, godt underveis på nattsongarrunda, kom eg over ein syngande grashoppesongar på sørsida av vegen på Remøy på Remøya. Etter å ha lokalisert fuglen tok eg med meg hovudlykta og kikkerten og gikk ned der den satt. Etter å ha spelt litt lyd til den kom den raskt til syne. Ved hjelp av lyset frå lykta kunne eg ganske raskt konstatere at fuglen var ringmerkt, og då med både metall og fargering. I fjor og året før fikk eg ringmerkt totalt tre grashoppesongarar på Remøya, så kanskje var det ein av dei? Etter å ha brukt tre til fire minutt på å lese av fargeringen fikk eg endelig sett kva som stod der. På ringen stod det klart og tydelig 17. Grashoppesongaren med fargering "17" var ikkje ringmerkt på Remøya. Den vart ringmerkt på sørsida av Voksa den 2. mai i fjor. Dette var faktisk den første fuglen som ankom i 2014. Det var også den fuglen som eg soleklart følgde tettast gjennom fjorårssesongen. Etter at eg ringmerkte den i starten på mai vart den stasjonær på lokaliteten. I løpet av våren og sommaren fikk den fram minst eit, ja, kanskje to ungekull. Den siste gongen eg såg "17" i 2014 var den 13. august. Det var dagen etter at den gikk i nettet då eg haldt på å fange inn årsungane som var i området. Og akkurat dei ungfuglane var nok høgst trulig ungane hans...

På ettermiddagen den 26. mai var eg på nytt tilbake på lokaliteten på Remøya der eg hadde sett og høyrd grashoppesongar "17" tidlig om morgonen. Etter litt om og men fikk eg endelig lokalisert songaren og også tatt nokre bilder av den. Dette er den første grashoppesongaren i Norge som nokon gong har komt tilbake frå eit år til eit anna med fargering. Her er eit par bilder som blei tatt av fuglen. Det at songaren hadde fargering gjorde det lett å lese den av. Dermed så trengte eg ikkje å fange inn songaren for å lese av metallringen, noko som minskar forstyrrelsen på fuglen. Og minst mulig forstyrrelse er alltid det ein går etter...

Grashoppesongar 3K+ M, Remøy, Remøya 26. mai 2015
 
Grashoppesongar 3K+ M, Remøy, Remøya 26. mai 2015

Etter å ha trekt frå Voksa til tropisk Afrika og tilbake, "dumpa den ned" nokre kilometer lenger mot nord/nordaust i år enn i fjor. Avstanden frå sørsida av Voksa og til Remøya der den har slått seg ned i år er på ganske nøyaktige 19 km. Her er eit kart som viser dei to lokalitetane og avstanden mellom dei.



Grashoppesongaren på Remøya sat og songt i eit felt med forvilla bringebærbusker. Elles så var der også fleire områder med strandrør innanfor territoriet til songaren. (sjå bildet av delar av området under)
Det var i dette området grashoppesongar "17" haldt til.

Som eg nemnte over så vart grashoppesongar "17" ringmerkt den 2. mai 2014. Den vart også innfanga og kontrollert på den same lokaliteten den 12. august 2014. Her er eit bilde av fuglen frå då den blei ringmerkt 2. mai, samt eit bilde då den blei innfanga og kontrollert den 12. august.

2.mai 2014: Her med relativ fersk og lite slitt fjørdrakt.
Grashoppesongar 2K+ M, sørsida av Voksa 2. mai 2014

12. august 2014: Her med kraftig slitt fjørdrakt etter ein heil vår og sommar med fjørslitasje.
Grashoppesongar 2K+ M, sørsida av Voksa 12. august 2014
 

Fleire grashoppesongarar...
Men det var ikkje berre grashoppesongaren på Remøya som vart observert denne natta og morgonen. Den første grashoppesongaren kom eg over allereie i Haugsbygda på Gurskøya i indre del av Sande kommune. På den same lokaliteten så ringmerke eg ein fugl i fjor. Det viste seg faktisk at det var den same som var på plass igjen i år. Etter å fanga den inn kunne eg konstatere at den hadde mista fargeringen som den fikk påsatt i tillegg til metallringen i fjor. Dermed så blei ikke grashoppesongaren i Haugsbygda den første som kom igjen med fargering. Den æra fikk grahoppesongar "17" på Remøya litt seinare på runda...

Etter å ha køyrd rundt den vestlige delen av Guskøya gikk turen vidare til Nerlandsøya, nærmare bestemt til Kopparstad på sørsida av øya. Der brukar det så og seie årlig å vere grashoppesongarar. Etter å ha stoppa ved hamna kunne eg høyre ein grashoppesongar synge 200 meter lenger aust. Akkurat der den satt og song ringmerkte eg faktisk ein i fjor. Den lokaliteten det brukar å vere mest regelmessig grashoppesongarar på er i det fuktige strandrørområdet ved hamna, men der var det heller lite teikn til liv. For å vere heilt sikker på om det var ein grashoppesongar der eller ikkje spelte eg derfor av litt lyd. Ikkje mange sekunda etter satt det ein liten krabat på bakken berre ca. 30 cm frå beina meine og "kjefta". Dermed var det ikkje heilt livlaust likevel... Etter å ha fanga inn og ringmerkt grashoppesongaren ved hamna forflytta eg meg vidare til fuglen som satt eit par hundre meter lenger aust og song. Den var ikkje av det samarbeidsvillige slaget, og eg måtte rett og slett gi den opp enn så lenge. Skulle eg kome meg vidare rundt før det blei lyst for fullt, kunne eg ikkje kaste vekk alt for mykje tid på ein enkelt fugl.

Deretter gikk turen til Remøya der eg kom over grashoppesongar "17" som eg har vore meir enn nok innom over. Etter at den var i boks vart alt anna berre ein bonus. Turen frå Remøya gikk så vidare til Bø nordaust på Leinøya. Det er eit område eg tidligare har sett meg ut med tanke på grashoppesongarar. Fleire plassar på Bø er det nemlig perfekt habitat for arten, med fuktige strandrørområder med tilgrensa områder som er meir kultiverte. I det eg steig ut av bilen på Bø kunne eg med ein gong høyre ein grashoppesongar synge i det fjerne. Eg såg meg så ut eit strandrørområde der eg trudde den satt. Men der tok eg feil, for då eg stod ved sidan av området som såg perfekt ut, viste det seg at songaren satt enda lenger borte. Den satt i nokre rosebusker ved ein innkjørsel. Ikkje akkurat den mest klassiske lokaliteten for ein grashoppesongar, men la gå. Denne songaren var reine prakteksemplaret. Etter å ha satt opp nettet og satt på lyden så tok det berre 20 sekund før den hang i nettmaskane. Akkurat slik det skal vere!

Då var det berre ein grashoppesongar eg ikkje hadde fått tak i... Eg køyrde derfor tilbake til Kopparstad på Nerlandsøya for å prøve meg nok ein gong på den til då heller lite samarbeidsvillige songaren der. Etter å ha observert den syngande og tatt nokre bilder av den blei den omsider innfanga og ringmerkt. Etter at det blei lyst forandra den heilt oppførsel, og den var plutselig ikkje så vanskelig å fange likevel.

Her er nokre bilder av den siste songaren som blei ringmerkt natta/morgonen til den 26. mai. I mine auger er nok dette den finaste av dei 12 grashoppesongarane eg har komt over på søre-Sunnmøre hittil i år. Den svært gylne fargen kombinert med lite streking på bryst og kroppsider, samt det meget mørke nebbet, gjer at den nok blir rangert på topp for min del. Grashoppesongarar varierer ganske mykje både når det gjeld fargetonar og teikningar i fjørdrakta, og ikkje minst nebbteikninga. Det var nettopp denne variasjonen som gjorde det mulig for meg å skille dei forskjellige songarane då eg starta opp dette prosjektet på arten i 2010. Men skal ein vere 100% sikker på at det er den same fuglen, og også kunne sjå om dei kjem igjen seinare år, er ein rett og slett nødt til å ringmerke dei.

Grashoppesongar 2K+ M, Kopparstad, Nerlandsøya 26. mai 2015

Grashoppesongar 2K+ M, Kopparstad, Nerlandsøya 26. mai 2015
 
Grashoppesongar 2K+ M, Kopparstad, Nerlandsøya 26. mai 2015

Heilt til slutt så har eg satt opp eit kart der eg har plotta på dei forskjellige grashoppesongarane som vart observerte natta og morgonen til den 26. mai. (Kartet ser du under) Eg rakk ikkje å lytte etter nattsongarar på Sørheim i Ørsta kommune, men på ettermiddagen den 26. mai fikk eg sjekka området for grashoppesongarar, då med lyd. Eg var også innom på Sørheim og lytta natt til den 19. mai, utan at det gav noko resultat.