mandag 9. november 2015

BRUNVARSLAR, Ervika, Stad

Den 11. oktober tikka det inn ei melding på mobilappen Bird Alarm. Denne appen er ein "bombevarslar" for fuglar, der det blir  lagt ut observasjonar av lokale og nasjonale sjeldenheiter, slik at den/dei som eventuelt vil kome å sjå fuglen eller fuglane har muligheit til nettopp det. På meldinga som poppa opp på mobilen min stod det ubestemt brun-/raudhalevarsler. Den ubestemte varslaren hadde blitt observert kort av ein av kompisane min Ståle Sætre i Ervika på Stad. For meg tek det 15 min. med ferje og vidare ca. 1t og 20 min med bil for å kome meg til Ervika. Eg tok difor og slo på tråden til Ståle for å høyre kva ståda var. Han kunne fortelle at han hadde sett varslaren kort, og at førsteinntrykket sa klart og eintydig brunvarslar. Eg tilbydde meg å ta turen for å hjelpe han å leite, samt å prøve å få dokumentert varslaren tilstrekkelig slik at den sikkert kunne artsidentifiserast. Eg tok difor sikte på neste ferge som gikk kl. 13.00. Det viste seg ikkje å bli så lett. Då eg kom til ferjekaia var der nemlig ei lang, lang bilkø, og eg skjønte fort at her kom eg ikkje med. Eg bestemte meg likevel for å prøve å kome meg av garde på neste ferge. Eg ville då verre på plass i Ervika ca. kl. 16. 00, og då fortsatt ha minst eit par timar med brukande dagslys igjen.

Då eg endelig kom meg ut i Ervika hadde Ståle så vidt fått dokumentert varslaren. På dei bilda han hadde såg det meste ut til å stemme best med ein adult raudhalevarslar. Med brunt hovud og ustreka lyst brun rygg, markert augemaske, og varmt raud indre stjert. Men gav bilda eit korrekt inntrykk av korleis den virkelig såg ut? Det var det store spørsmålet...

Heldigvis så tok det ikkje så alt for lenge før i vi greidde å lokalisere fuglen, som då satt i toppen av nokre busker og aktivt speida etter insekt. Eg fikk tatt nokre bilder på ganske langt hold. Etter å ha observert varslaren i felt, til lyset blei dårlig, så såg vi endelig nærmare på bilda. Det første som slo oss var den ekstremt korte håndsvingfjørprojeksjonen og den svært lange stjerten. Fuglen hadde vidare ein ustreka varmt brun rygg og brun nakke, isse og panne, ei veldig markert mørk augemaske, ein svært lang og smal stjert som var brun og ikkje raud som først antatt, heilmørke fyll på tertiærar utan subterminalbånd, fine barringar på undersida og med ein varm grunntone (mest intenst farga på flankar). Varslaren hadde også eit relativt stort hovud og ei meget kraftig nebb. Summen av alle desse karakterane kunne berre bety ein ting, det var snakk om ein BRUNVARSLAR(!!), ein 1K fugl. Brunvarslaren er ein asiatisk art. Den vestligaste av underartane, cristatus, er mest aktuell i Europa. Den hekkar på taigamyrer, lysningar i skog, eller på skogsstepper i Sibir og i det tilgrensande Altai-området. Den overvintrar i Sør-Asia i land som India, Sri Lanka osv. I Europa er dette ein ekstremt sjelden art. Med denne fuglen så blei det det 29.(?) funnet av arten i Europa. I Norge så er det kun den andre sikre observasjonen av arten. Den første kom på Utsira i oktober 2005. I fjor vart det også sett ein varslar som er antatt å vere ein brunvarslar. Denne vart også funnen av Ståle Sætre på Stad, ikkje mange kilometerane frå der årets fugl holdt til. Den var ikkje like "rett fram" som årets varslar, og den er fortsatt til behandling hos sjeldanheitskomiteen for fuglar i Norge. Men det vil altså seie at er ein heldig så har Ståle Sætre funne ikkje mindre enn to brunvarslarar på Stad i løpet av to år. Det er ikkje anna enn imponerande!

Varslaren var dessverre av det sky slaget, og for det meste var det slik den vart observert, som ein liten prikk på ein gjerdestolpe på langt hold. Den brukte toppane på både gjerdestolpar og busker som sittepostar på jakt etter insekt.
Brunvarslar 1K, Ervika, Stad 14. oktober 2015

Den varslararten denne liknar mest er nok tornskate. Men ustreka rygg og skulderdekkarar etter postjuvenil myting, svært kort handsvingfjørprojeksjon, ekstremt lang og smal stjert, eit proposjonalt kraftig hovud og nebb, er ein del av karakterane som viser at det ikkje er snakk om den arten. Ein annan art den også liknar er raudhalevarslar. Men igjen så er den svært korte handsvingfjørprojeksjonen, den lange stjerten, den varmt brune og ustreka ryggen, den brune nakken og det brune hovudet, den veldig markerte augemaska, og også det kraftige nebbet/hovudet karakterar som viser at det ikkje er snakk om den arten heller. Det kan no også nemnast at den manglar lys håndbasisflekk, som den også skulle ha hatt visst det var snakk om ein raudhalevarslar.
Brunvarslar 1K, Ervika, Stad 14. oktober 2015

Brunvarslar 1K, Ervika, Stad 14. oktober 2015


Varslaren haldt seg på og ved eit hestebeite. Like ved låg det også ei elv, samt ei lita tjønn. Kobinasjonen med oppgjødsling av hestemøkk, delvis frodig vegetasjon, og mykje fuktigheit, gjorde det svært insektrikt og dermed til ein ypperlig plass for ein art som et insekt. Under finn du området avbilda både frå bakken og frå lufta.
Ervika, Stad

Ervika, Stad

Ervika, Stad


Brunvarslaren holdt seg ved hestebeitet i Ervika frå den vart oppdaga søndagen den 11. oktober, t.o.m. fredag den 16. oktober. Eg personlig var ikkje heilt fornøgd med observasjonen eg hadde av fuglen den dagen den blei oppdaga, så den 14. oktober vart det nok ein tur til Stad for å sjå på denne eksotiske gjesten. Det å få stifte bekjentskap med ein slik art berre nokre få kolometer frå stovedøra kan ein ikkje la gå frå seg...