lørdag 30. mars 2019

Førstefunn for Herøy kommune

Den 21. februar i år var eg ei runde nordover i Herøy kommune med båt. Målet med turen var å få avbilda ringmerkte måsar med kjent alder, for å få data på draktutviklinga til desse fuglane. I tillegg til det så veit ein jo aldri på denne tida av året. Det kan jo alltids vere ein eller annan godbit i måseflokkane. Skulle det for eksempel dukke opp ein kvitmåse, altså ein polar- eller grønlandsmåse ved båten, så ville det no også vere veldig aktuelt å fange inn og ringmerke eit slikt individ.

Etter å ha tatt runda rundt i ytre Herøy utan å sjå alt for mykje, vart turen lagt til Stokksund der det ligg eit fiskemottak. Tidligare har eg ikkje sett noko veldig spesielt der. Det beste, ein 2K grønlandsmåse som vart sett der i fjor vinter. Denne dagen skulle det derimot endre seg. I området rundt fiskemottaket sat det i overkant av 100 måsar. Etter å ha kika gjennom storparten av fuglane, kom eg så til ein liten flokk som sat på berga rett nord av mottaket. Så snart eg satte kikkerten på måsane såg eg at dêr sat godbiten. Før eg fikk artsbetemt måsen 100% la eg ned kikkerten og tok opp fotokameraet. Det viktigaste var no å få dokumentert fuglen. Etter å ha knipsa eit par bilde av måsen kunne eg konstatere at det dreia seg om ein 2K KASPIMÅSE. Den første kaspimåsen for Herøy kommune! For med dei varmt farga armdekkfjørene og tertiærane, den lyse undersida, den lyse halsen og hovudet, kombinert med eit utprega kaspimåse-jizz, altså med ei oppreist kroppsholdning, lage bein, lange vinger, eit proporsjonalt lite rundt hovud med eit langt relativt smalt nebb, så var det ingen tvil om at dette var ein fullgod kaspimåse.

I og med at eg var i båt så var det jo absolutt gode muligheiter til å få bra bilde av denne sjeldne fuglen. Dessverre for meg så var han ikkje veldig svolten, og var difor ikkje særleg gira på å kome på maten som eg kasta ut. Trass dette så fikk eg jo ganske gode bilde av måsen. Desse bilda kan du sjå under.
Kaspimåse 2K (1. vinter), Stokksund, Herøy kommune 21. februar 2019
Her sit fuglen lengst til høgre. Legg merke til kor mykje meir kontrastrik
kaspimåsen er enn dei omkringsitjande gråmåsane på same alder. 

Kaspimåse 2K (1. vinter), Stokksund, Herøy kommune 21. februar 2019

Kaspimåse 2K (1. vinter), Stokksund, Herøy kommune 21. februar 2019
Legg merke til dei lange og smale vingene. Med ei så smal arm og så lange
vinger, gir slike fuglar eit veldig elegant inntrykk i flukt. Med litt erfaring
går det ann å plukke ut slike fuglar på inntrykket ein for av kropps-
proporsjonane; det vi omtaler som jizz. 

Kaspimåse 2K (1. vinter), Stokksund, Herøy kommune 21. februar 2019

Kaspimåse 2K (1. vinter), Stokksund, Herøy kommune 21. februar 2019
Legg merke til den svært lyse undervinga. Ein gråmåse på same alder
vil til samanlikning ha mykje mørkare undre vingedekkfjører.

Kaspimåse 2K (1. vinter), Stokksund, Herøy kommune 21. februar 2019

Kaspimåse 2K (1. vinter), Stokksund, Herøy kommune 21. februar 2019

Kaspimåse 2K (1. vinter), Stokksund, Herøy kommune 21. februar 2019
Her ser ein tydelig dei indre handsvingfjørene som har eit mørkt utfan.
Dette gjer slik at fuglen ikkje får eit såkalla lyst "vindu", noko dei felste
gråmåsar har. Denne vingeteikninga er klassisk for kaspimåse i denne
aldersklassa.
 

Kaspimåse 2K (1. vinter), Stokksund, Herøy kommune 21. februar 2019
Måsen var stor og massiv, og for ein kaspimåse er bådet nebbet og hovudet
meget kraftig. Alt tydar difor på at det her er snakk om ein hannfugl. 


Februar: kaspimåse-månaden
Totalt er det ca. 100 funn av kaspimåsar i Norge. Av desse har ikkje mindre enn 12 individ blitt sett i Sande- og Herøy kommune i Møre og Romsdal (15 funn totalt i M&R). 11 av desse fuglane har blitt sett på Sandshamn, Sandsøya (Sande kommune), og no altså denne i Stokksund (Herøy kommune). For å finne hekkande kaspimåsar må vi ned på kontinentet, nærmare bestemt til Tyskland og Polen. Dei overvintrar regulært nord- og vestover til Sør-Sverige, Danmark og England. I Norge har dette blitt ein meir eller mindre årleg gjest, men langt frå vanleg. Av dei fuglane som eg har vore heldig å få sjå, har heile 6 av 12, altså 50%, dukka opp i februar månad. Dette korresponderer med nordtrekket på stormåsane og vinterfisket som foregår her ved kysten. Slik sett så er det jo ikkje ulogisk at februar peikar seg ut som månaden det er størst sjanse på å få sett kaspimåsar her på Nordvestlandet.

Her er to diagram som viser fordelinga på kaspimåsar i dei forskjellige månadane, og også ei oversikt over funn pr. år dei 13 siste sesongane.