søndag 31. januar 2010

Sandsøya og Voksa 31.01.10

I dag sjekka eg dykkarar og lommar i tillegg til måsane. Det som er verdt å nemne er:

Islom 4
Dvergdykker 2
Gråstrupedykker 3
Horndykker 2
Sangsvane 63 (10 2k)
Grønlandsmåse 1 (5k+) nytt ind på hamna. (bilder under)

torsdag 28. januar 2010

Sandshamna 28.01.10

I dag var det fortsatt mykje måsar på hamna, og med gårsdagen friskt i minne så var det berre å kome seg ut å sjå kva som kunne dukke opp.
I dag var ikkje kaspimåsen å sjå, men til gjengjeld så såg eg 2 grønlandsmåsar. 1 2k (først sett 24.1) og ein 3k først oppdaga i dag.

Her er eit par bilder: (3k grønlandsmåsen overst med 2k under)














onsdag 27. januar 2010

KASPIMÅSE, Sandshamna 27.01.10

I dag var det eit stort antall med måsar på hamna. Desse vart nøye sjekka frå 11.30-15.30. Men det var ikkje det heilt store. Ingen kvitmåsar (polar-/grønlandsmåse), og eg trudde at det var det. Men ut av det blå så låg den plutselig der, KASPIMÅSEN. Eit nydeleg eksemplar av ein 1.vinter(2k) kaspimåse. Denne fuglen er ein sjeldan art i Norge, med kun ca. 25 funn totalt. Dette er 1.funnet i MR, og soleklart Norges nordlegaste funne av arten. Det nordlegaste før denne var då i Hordaland. Kaspimåsen er ein aust/søraustleg art som hekkar så langt nordvest som til Tyskland. Vidare så overvintrar dei ganske tallrikt opp til Danmark og Sverige. Men som sagt ikkje mange tek turen nord og vest til Norge.

Her er bilder av kaspimåsen:
Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 27.januar 2010

Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 27.januar 2010

Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 27.januar 2010

Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 27.januar 2010

Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 27.januar 2010



Her er ein liten videosnutt av "kaspien"!

søndag 24. januar 2010

Sandshamna 24.01.10

Ein dag med mange måsar på Sandshamna. Brukte 3-4 timar på å sjå over av dei.
Det som var verdt å merke seg var 2 grønlandsmåsar(2k)-

Her er nokre bilder.

Grønlandsmåse, 2k
Denne måsen er veldig bleika og så og seie kvit.
Grønlandsmåse, 2k


Grønlandsmåse, 2k