Viser innlegg med etiketten ringgås. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ringgås. Vis alle innlegg

onsdag 29. juli 2015

Juni 2015

Den siste tida har det vore svært hektisk med feltarbeid. Dermed så har det vore heller lite tid til å oppdatere bloggen. Fortsatt er det meget hektisk med feltarbeid, men eg kan no få ut litt av det som var verdt å nemne frå juni.

Juni blei prega av feltarbeid på Runde. I tillegg til det så greidde eg også å få følgt opp mine eigne prosjekt på grashoppesongar og svartstrupe. Etter at alt dette var unnagjort var det heller lite tid til overs. Med lite tid til anna enn å følge opp dei forskjellige prosjekta, så blei det ikkje noko særlig satsing på sjeldenheiter i juni. Men er ein utandørs og samtidig har med seg både auger og øyrer, kan ein kome over litt av kvart. Den 5. juni hadde eg vore på mi faste runde for å følge med på svartstrupene på Sandsøya. Då eg kom heim igjen (Støyle, Sandsøya) og parkerte bilen, vart eg etter ei lita stund obs på ein fugl som for og spratt rundt på gårdsvegen på tunet heime. Etter å ha fått satt kikkeren på den såg eg med ein gong at det var snakk om øyane si første DVERGLERKE! For å få sett denne arten må ein normalt til Sør-Europa, der den hekkar, men særlig vår og haust så kan det dukke opp dverglerker også i Norge. Dverglerka er tilpassa ei tørt og karrig landskap, enten i kulturlandskapet, eller på naturlige tørre sletter. Når dei dukkar opp i Norge så finn ein dei ofte i kultrulandskapet, då gjerne på svartjorder, samt på og ved grusvegar. Dei foretrekker også strender og strandenger. (Den vart faktisk påvist hekkande så langt nord som i Danmark i fjor) Dagen etter eg såg dverglerka på Støyle på Sandsøya såg eg på nytt ei dverglerke, denne gongen på Voksa. Høgst sannsynlig så var det snakk om den same fuglen som eg såg dagen i forvegen.

Dverglerke 2K+, Støyle, Sandsøya 5. juni 2015

Eit par dagar etter at dverglerka var i boks vart det sett ei ringgås på Sandsøya. Ringgåsa var den samme som blei observert på den samme staden den 27. april. Fuglen høyrer til den austlige underarten bernicla som hekkar på tundraen i Russland.

Ringgås ua. bernicla 2K+, Bringsvor, Sandsøya 7. juni 2015

Går vi så vidare nokre dagar fram i tid, nærmare bestemt til den 12. juni, så fikk eg endelig enda ein etterlengta art på artslista til Sandsøya og Voksa. Denne gongen var det snakk om ein liten rovfugl, nærmare bestemt ein lerkefalk. Denne vart oppdaga då eg skulle gå til ein stad eg kunne få innsyn til eit av svartstrupereira i Sandsvågen. På vegen dit kom lerkefalken flygande rett over hovudet mitt på ca. 15 meters hold. Det vil seie at draktkarakterar som raudlige "bukser"og undergump, samt kraftig streka bryst og kroppssider, lett var synlig. Lerkefalken er ein sjelden gjest i M&R. I Norge hekkar den på søraustlandet. Per 2008 var det estimert ein stad mellom 150-250 par innan for landets grenser.

Endelig!!
Men den virkelige godbiten i juni kom først den påfølgande natta. For natt til den 13. juni, på mi nattlige lytterunde, kom eg over M&R sin fjerde SUMPSONGAR!! Songaren satt då og song sporadisk på austsida av Voksa. Med eit forferdelig ver med temperaturar ned i 5-6 grader celsius og konstante regnbyger frå nordvest, var det ikkje rart at den ikkje satt og song for full hals. Som nemnt over så har sumpsongar berre vore påvist tre gongar tidligare her i fylket. To gongar på Smøla, dette henholdsvis i 1995 og 2014, samt ein gong på Male i Fræna kommune, dette i 2013.

Sumpsongaren høyrer til locustella-slekta. Det er denne slekta grashoppesongaren også høyrer til. I tillegg til grashoppesongarane så høyrer også elvesongaren til dennne slekta med songarar. Dermed blei dette den tredje locustella-arten som har blitt observert på Sandsøya og Voksa.

Sumpsongar 2K+ M, Voksa 20. juni 2015

Sumpsongar 2K+ M, Voksa 20. juni 2015

Her er eit lydopptak som blei tatt av songaren den 20. juni, ei veke etter at den først vart høyrd på Voksa.


Den 20. juni lukkast det også å få den ringmerkt. Fuglen hadde meget slitte sving- og stjertfjører, noko som tyder på at det er snakk om ein 2K-fugl, altså ein fugl som blei klekt i 2014.
Sumpsongar 2K+ M, Voksa 20. juni 2015

Sumpsongar 2K+ M, Voksa 20. juni 2015

Sumpsongar 2K+ M, Voksa 20. juni 2015
Fine og gyllne undre stjertdekkfjører utan klare lyse bremmar.
Klassisk sumpsongar!

Det er ikkje årlig det blir observert sumpsongarar her til lands. Fuglen på Voksa blei faktisk den første i Norge i 2015. I Danmark og Sør-Sverige er sumpsongaren ein svært sjelden hekkefugl. I Norge derimot, har den har aldri blitt påvist hekkande. Sumpsongaren er knytta til åpent vatn med takrørskogar. Den kan også hekke i anna type vegetasjon, men takrør er den mest foretrukne. Songaren på Voksa satt ikkje akkurat på ein lokalitet med klassisk habitat. Den satt nemlig i eit området utan åpent vatn, og med for det meste strandrør, hundekjeks og høymoler. Dette er ein heller klassisk lokalitet for grashoppesongarar. Faktisk så ringmerkte eg ein grashoppesongar i det same området i midten av mai, men denne flytta seg vidare på øya etter merking, og var ikkje der då sumpsongaren dukka opp.

Her er eit bilde som viser området der sumsongaren held til.



Ny grashoppesongar
Når eg først er inne på grashoppesongarar, så kan eg no nemne at songaren som eg merke på den samme lokaliteten som der sumpsongaren slo seg ned, flytta seg 200-300 meter mot vest. Der satt den og song til den 18. juni. Frå bilvegen kunne eg då høyre både grashoppesongaren og sumpsongaren synge samtidig, noko som gav eit veldig godt grunnlag for samanlikning av songen til dei to locustella-artane.

Ellers så fikk eg lytta etter nattsongarar på Remøya natt til den 22. juni. Det resulterte i årets 13. grashoppesongar på Søre-Sunnmøre. Under kan du sjå eit bilde av fuglen frå då den blei ringmerkt.
Grashoppesongar 2K+ M, Remøy, Remøya 22. juni 2015


Feilsyngande åkerrikse
Når vi først er inne på nattsongarar, så må eg no også ta med åkerriksa som vart oppdaga på Voksa den 29. juni. Denne åkerriksa var ein smule feilsynande, og eg må innrømme at då eg høyrde den på langt hold, med ein gong ikkje heilt skjønte kva det var. Men etter nokre sekund gikk det opp eit lys, det måtte sjølvsagt vere ei åkerrikse... Dette vart då den tredje åkerriksa som blei observert her i fylket i 2015. Tidligare så vart der høyrd ei på Ona på Romsdalskysten, samt ei ved Myklebustvatnet i Herøy.


Her er eit opptak av songen til riksa frå Voksa.



Svartstruper
I år har eg to og eit halvt svartstrupepar på Sandsøya. Det vil seie at eg har eit par med ein hann og ein hofugl, samt eit par med ein hann og to hoer. Desse hadde før juni var over fått 11 ungar på vingene seg i mellom. Dette talet kunne vore betydelig høgre. To av reira blei dessverre predatert før ungane hadde blitt flygedyktige. I det eine av dei to kulla var det fem ungar. Kva som var i det andre veit eg ikkje. Det kullet blei nemlig tatt då ungane var berre eit par dagar gamle, altså før eg hadde sjekka reiret og ringmerkt dei. Dette er dessverre ein heilt normal del av naturen, sølv om det sjølvsagt aldri er kjekt at reira til fuglane du følger svært tett blir plyndra. (Eit fyldig samandrag av svartstrupesesongen 2015 vil eg kome tilbake med på slutten av året)

Her er nokre bilder av svartstrupene i juni.
Svartstrupe 2K F, Sandsvågen, Sandsøya 17. juni 2015
Denne svartstrupehoa dukka opp i Sandsvågen den 9. mai. Den fikk så
eit kull på fem ungar. Dessverre så blei reiret plyndra før ungane kom på
vingene.

Svartstrupe 3K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 15. juni 2015
Det er denne hannen som i år har to hoer i Sandsvågen.

Svartstruper, Sandsvågen, Sandsøya 15. juni 2015
Her matar hannen på ein av ungane som kjem frå kull nr. to som han
hadde i lag med den o


Eit bra år for lundane...
2015 ser ut til å bli eit bra år for lundane på Runde. Dei ber rikelig med mat, og veks som berre det! I juni var det for eksempel ein unge som bort i mot tredobla(!) vekta si i løpet av 10 dagar. Ein slik vekst viser at vekstvilkåra har vore perfekte. Lundefuglane har i år bert for det meste fisk frå torskefisk-familien. Altså fiskeyngel av hyse, torsk, sei, hvitting og den gjengen. Dei har også blitt sett berande sild/sil, men det har vore svært, svært få å sjå av den sorten.

Her er tre bilder frå siste halvdel av juni av lundar som ber fisk. Som dykk kan sjå så er det ingenting i vegen med størrelsen på fiskane dei kjem inn med.
Lunde ad., Runde 21. juni 2015

Lunde ad., Runde 21. juni 2015

Lunde ad., Runde 21. juni 2015

Ei fyldig oppsummering av 2015-sesongen på Runde vil eg kom tilbake med etter kvart.


onsdag 22. oktober 2014

Besøk frå høgarktisk Canada...

I løpet av dei siste tre og ei halv vekene så har det som vanlig blitt ein del timar utandørs på leiting etter sjeldne fuglar. Dette har dessverre ikkje resultert i alt for store sjeldenheiter. Dei største raritetane som har blitt observert på Sandsøya og Voksa i denne perioden er artar som ringgås, polarmåsekvartbekkasin, vannrikse og gulbrynsongar.

Som ein del av satsinga i felt så har det blitt brukt ein god del tid på måsar. Det har dessverre heller ikkje resultert i sjeldenheiter. Det einaste som eigentleg er verdt å merke seg, er som eg også har nemnt over, nemleg hausten/vinterens første polarmåse. Den vart observert på hamna for fire dagar sidan, nærmare bestemt den 18.oktober. Fuglen det var snakk om var ein 1K-fugl i full juvenil drakt. Ser ein så på ringmerkte måsar, så har eg hatt nokre spennande avlesingar i løpet av dei siste vekene. Den 3.oktober vart ein voksen fiskemåse med ein nederlandsk fargering observert rastande på Sandshamna. Elles så har det vorte avlesingar på fire engelskmerkte stormåsar. Ein adult svartbak, to subadulte gråmåsar, samt ein adult gråmåse. Alle merkte i søraust-England av North Thames Gull Group.

Men det var ikkje avlesingane på dei fargemerkte måsane som var det mest interessante når det gjaldt avlesingar av merkte fuglar i denne perioden. Det var det nemlig ein art frå ei heilt anna artsgruppe som stod for...

Besøk frå høgarktisk Canada
Den 29.september vart det sett to lysbuka ringgås (Branta bernicla hrota) rastande på Hamnaholmen på sørsida av Sandsøya. Berre det å sjå ringgås rastande er meget uvanlig. Som oftast så ser ein dei berre i det dei trekker forbi på havet på utsida av øyane. Men det mest spesielle var ikkje å sjå ringgås... For i det eg fikk "satt" teleskopet på gjessene så såg eg med ein gong at der måtte vere noko på beina til den eine fuglen. Og joda, der var ein gul fargering på kvart bein. På den eine ringen var der eit tretal, medan det på den andre var ein X. Eg tenkte med meg sjølv at ringgåsa måtte ha blitt merkt på Svalbard, eller i hvertfall høyre til den bestanden. Fuglane som både vår og haust trekker forbi Norskekysten er nemleg ringgås som hekkar på Svalbard og Franz Josefs land. I tillegg til desse så trekker så vidt eg forstår også ein del av bestanden på nordaust-Grønland via Svalbard, og følger dermed også Norskekysten på veg til dei same overvintringsområda. Desse overvintringsområda ligg nærmare bestemt på dei Britiske øyane (Northumberland i England) og i Danmark. Desse fuglane høyrer til den lysbuka underarten hrota. Denne underarten finn vi også på vestsida av Grønland og i nordaust-Canada, men i motsetning til Svalbardbestanden som eg har nemnt over at overvintrar i England og Danmark, så overvintrar desse hovudsaklig i Irland. I tillegg til desse lysbuka fuglane så har vi også ein underart til som vi kan forvente å sjå i Norge. Då snakkar vi om den austlige mørkbuka underaten bernicla. Desse fuglane hekkar i vest-Sibir og har ei austligare trekkrute. Dei trekker frå hekkeplassane og "ned" til kystane langs Nordsjøen, altså Danmark, til den sørlige delen av England og vest-Frankrike.

Ei av totalt ca. 4500 merkte ringgås...
Etter litt søking rundt omkring på nettet utan eigentlig å finne ut så alt for mykje, så gikk eg inn på ei nettside der det er bilder av fargemerkte fuglar. Etter litt om og men så kom eg inn på bilda av fargemerkte ringgås. Og trur du ikkje at ei av dei to gjessene som var avbilda på det nest øverste bildet var den same gåsa som eg hadde sett! Gåsa viste seg å høyre til eit Irsk prosjekt. Dermed sendte eg over ein mail til ein av dei som leiar prosjektet. Kvelden etter fikk eg svar, eit svar som eg vart ein smule overraska over... Gåsa viste seg nemleg å høyre til den aust-Canadiske høgarktiske bestanden. Bestanden skal vere på ca. 40 000 fugl. Desse overvintrar hovudsaklig i Irland, i vest-England, på Kanaløyane i den engelske kanalen og i Normandy i Frankrike. Prosjektet vart starta opp i 2001, og dei har i løpet av desse åra merkt ca. 4500 ringgås. Dette gir ca. 10 000 avlesingar på overvintrande fuglar årlig. I tillegg til desse avlesingane så har dei også ca. 5000 avlesingar årlig på fuglar som rastar under vår- og hausttrekket på Island.

Ringgås (X3, gul-gul) adult, Hamnaholmen, Sandsøya 29.september 2014

Overvintrar årlig i den engelske kanal...
Gåsa "mi" hadde ei mildt sagt fyldig gjenfunnshistorie. Denne hoa blei merkt som ein adult fugl på sørvest-Island i 2006, og den har kvart år sidan blitt observert overvintrande på Jersey, altså kanaløya i den engelske kanalen som ligg nærmast Frankrike. Den blir også observert kvar vår når den rastar på trekket på Island på veg til hekkplassen i nordaust-Canada. Der feitar dei seg opp for å kome seg i kondisjon til å gjere unna den siste delen av trekket mot hekkeplassen, og for å vere i tilstrekkelig kondisjon til å kunne starte hekking ganske umiddelbart etter ankomst. Og når vi først snakkar om hekking, så hekkar ringgåsa "X3" på Cornwallis Island, høgt oppe i den nordustlige delen av arktisk Canada. Fuglen blei faktisk sett for første gong på hekkeplass under ein ekspidisjon som prosjektet hadde i sommar som var. (2014)

Her er eit kart som viser trekkruta om våren. Då med ei periode der dei rastar på Island, før dei tek fatt på den siste reisa mot Cornwallis Island i høgarktisk Canada. Totalt så er denne reisa rekna i luftlinje ca. 4900km.

Her er trekkruta "X3" brukar på nordtrekket på våren.

Kraftige lavtrykk...
Grunnen til at gåsa dukka opp på Norskekysten i år kan nok ganske enkelt forklarast med dei kraftig vestlige lavtrykka med storm og kraftig nedbør vi hadde i tida før den blei oppdaga. Desse har ført gåsa ein god del kilometer for lagt mot aust, og altså då inn til kysten på nordvestlandet. "X3" og den ringlause kompanjongen var fortsatt på plass dagen etter, altså den 30.september. Den ringlause fuglen var muligens maken til "X3", den virka i hvertfall å vere ein hannfugl, i og med at den var ein god del større og kraftigare enn "X3". I ettertid har det holdt til ei umerkt ringgås i det same området. Om dette er den ringlause gåsa frå den 29. og 30. september, er umulig å vite, men eg trur nok at dei to fuglane som sagt holdt til i lag, og dermed også trekte vidare saman. Noko som burde tilseie at ringgåsa som holdt til her i starten på oktober var ein ny fugl.

Her er eit kart der funnstanden, altså Sandsøya, og hekkeplassen, Cornwallis Island er plotta på kartet. I luftline så er avstanden her på i underkant av 3800km.

Her ser du kor "X3" enda opp etter å ha komt ein del på avveie under haust-
trekket 2014.

Det skal bli spennande å sjå om "X3" dukkar opp, og igjen overvintrar på Jersey. Og om den til våren nok ein gong trekker si vanlige rute mot hekkeplassen i den høgarktiske delen av Canada. Berre tida vil vise...