søndag 26. juni 2011

Nye grashoppesongarar x4 m.m. Sandsøya/Voksa 24-26.06.11

Eg har dei siste dagane brukt ein del tid på å få oversikt, samt å dokumentere nye grashoppesongarar. I går (25.juni) fikk eg og Kjell Mork Soot ring- og fargemerka nokre grashoppesongarar. Eg har også funne 3 nye songarar dei siste par dagane! Alle desse nye vart funne på Voksa. Dermed er totalen no oppe i 29 forskjellige hannfuglar, og minimum 5 hoer.


Her er bilder av 2 av songarane. Eg har nemleg ikkje greid å dokumentere den tredje.
Denne grashoppesongarhannen fann eg i går (25.juni). Seinare på dangen
vart den ring- og fargemerka. Den fikk fargering med kombinasjonen XCE
Sjå lenger ned i innlegget for bildet av fuglen i hand.
Denne grashoppesongaren satt og song for første gong i går (25.juni)


Fargemerking av grashoppesongarar
I går fikk eg og Kjell Mork Soot ring- og fargemerka 4 grashoppesongarar. Dermed har 20 av årets 29 grashoppesongarhannar fått fargering.
Grashoppesongar M, Voksa (same songar som på det øverste bildet over)
Den vart oppdaga 25.juni. Denne fikk fargering XCE.
Grashoppesongar M, Voren/Sandsøya. Den har vore på plass sidan 1.juni.
Den fikk fargering XCH.
Grashoppesongar M, Leina/Sandsøya.
Denne har vore på plass sidan 5.juni. Den fikk fargring. XCJ.
Grashoppesongar M, Vest for Kongsvollen/Sandsøya.
Denne har vore på plass sidan 15.juni. Den fikk fargering XCK.

Oversiktskart
Her er nokre oppdaterte oversiktskart som viser alle grashoppesongarane på Sandsøya og Voksa.

Våge

Leina og Evja (Sandsøya)


Støyle og Voren (Sandsøya)

Voksa


Andre nattsongarar 24-26.juni
myrsongar 2 MM sy. forts. (Skare og Leina på Sandsøya)
elvesongar 1 M sy. forts. (Støyle/Sandsøya)
åkerrikse 1 M sy. (Bringsvoren/Sandsøya)
vaktel 3 MM sy. (Voksa)

Her er også eit bilde frå i dag av elvesongaren.
Elvesongar M, Støyle/Sandsøya.

fredag 24. juni 2011

Fuglenytt 19-23.06.11

Den siste veka har det vore i ett med innsamling av havørnungar som skal førast over til skottland. Dermed har eg ikkje hatt anledning til å få med meg resten av fuglelivet rundt omkring...

Her er nokre bilder av havørnungar frå dei siste dagane!


Nattsongarar Gurskøya, Bergsøya og Remøya
Natta til søndag den 19.juni tok eg og Alv Ottar Folkestad oss ei runde rundt på Gurskøya, Bergsøya og Remøya for å lytte etter nattsongarar. På Bergsøya satt der no 2 grashopesongarar ikkje longt frå kvarandre og song. Ved Myklebustvatnet ved Fosnavågen satt der fortsatt ein grashoppesongar å song, samt minimum ei myrrikse! So bar turen vidare til Gurskøya, og nærmare bestemt Sædalen. Det brukar å vere ein svært bra plass for vaktel. Men denne gongen vart det "berre" høyrd ein syngande hann. So kom vi ned i Gjerdsviksa. Der fann vi årets 2. ELVESONGAR i MR/Sande kommue i år. Den vart sist sett og høyrd på mandag den 20.juni!

Ny grashoppesongar(ar)
På Sandsøya har det no dukka opp ein grashoppesongar til. Men eg har desverre ikkje fått tid til å sjå noko særleg nøye på den enda. Då tida desverre ikkje strekker til, når ein held på med havørnprosjektet.... I tillegg til den nye på Sandsøya var det også ein mulig ny songar på Voksa. Men denne er eg ikkje sikker på då den mest truleg berre har trekt vidare?! Dermed er totalen no oppe i minumum 26 hannar og 5 hoer.  Men hofuglar er det sjølvsagt mange, mange fleire av!

Andre observasjonar frå 22. og 23.juni!
elvesongar 1 M fortsatt (Sandsøya)
grashoppesongar 9 MM sy (maks 8 pr. natt) (Sandsøya/Voksa
åkerrikse 1 M sy. (Sandsøya) Riksa på Voksa har blitt still etter slått!:(
myrsongar 1 M sy. (Skarshaugen) Den på Leina er truleg vekk!

Her er eit par bilder av elvesongaren på Sandsøya!
Elvesongar M, Støyle/Sandsøya
Elvesongar M, Støyle/Sandsøya

Fargemerka sildemåse ua. intermedius
På ein av havørrnturane vi gjorde laurdag den 18.juni fann vi ein fargemerka sildemåse. Den fann vi rett utanfor Rjånest i Ørsta kommune! Måsen kjem i frå det same ring- og fargemerkingsprosjektet frå England som eg har hatt fleire gjenfunn av frå før! Eg har ikkje fått komtakta dei i Essex (England) endå, men skal gjere det so kjapt som mulig!

Her er eit bilde som viser måsen!
Sildemåse ua. intermedius 5K+, Rjåneset
Merka med GL3T

lørdag 18. juni 2011

Havørnungar m.m. 16-18.06.11

Dei siste par dagane har det virkelig gått i ett med feltarbeid på havørnprosjektet. Det er nemleg mindre enn ei veke til havørnungane skal flygast over til Skottland. Til no har vi samla inn 5 ungar. Målet er å få sendt over 20 ungar. Men i år er produksjonen på ungar under gjennomsnittet, og dermed er det ikkje sikkert at det målet blir nådd. Men uansett so er det inga tid å miste....

Her er nokre bilder av havørnungar frå so longt i år!

 




Nattsongarar...
Den siste skikkelige lytterunda eg hadde heime på øyane var for eit par dagar sidan. Då fann eg årets 2. myrsongar. Denne gongen på Leina på Sandsøya. Berre ca. 50m frå ein av grashoppesongarane. Ellers so høyrde eg elvesongaren sist i dag tidlig, so den er fortsatt på plass. Og åkerriksa på S-sida av Sandsøya har flytta seg akkurat 300m mot vest. So no kan eg berre opne soveromsvinduet mitt for å høyre både elvesongar og åkerrikse!!

Nattsongarar i herøy
Eg var også ein liten tur til Sævika på Remøya, samt til Myklebustvatnet like ved Fosnavåg i Herøy natt til 17.juni. På denne turen fann eg ein grashoppesongar i Sævika (Remøya), og ein i Myklebustvatnet. Den i Myklebustvatnet er minimum årets 3 grashoppesongar for den lokaliteten. Utanom grashoppesongarane var det også 2 MYRRIKSER i Myklebustvatnet. Ein syngande hann i kvar ende av vatnet!

Grashoppesongarhekkig på Runde!
Grashoppesongaren som har vore på plass ved snuplassen i enden på vegen i Goksøyra på Runde sidan rundt 10.mai var fortsatt på plass når vi sjekka den opp på onsdag som var. (15.juni) Og no for den å flaug med mat i nebbet. Dermed har Norges nordligaste hekkefunn av grashoppesongar blitt påvist!!!!!

Her er eit bilde av songaren!
Grashoppesongar M, Goksøyr/Runde.
Dette bildet blei tatt 18.mai.

onsdag 15. juni 2011

Elvesongar m.m. Sandsøya/Voksa 15.06.11

Då var den sokalla "gulirisken" om til ein ELVESONGAR.....! Den 12.juni tok eg nemleg den for å vere ein syngande gulirisk. Då det eg høyrde stemte betre med gulirisk enn elvesongar. Og ut i frå opptaket eg hadde då var det nesten ingen tvil. Men so feil kan ein ta......

Dette var det 3. funnet for Sandsøya og Voksa. Dei forrige var i 2006 og 2007. Den første på Voksa og den andre på Sandsøya!

Feilsyngande..
Eg hadde nemelg ikkje tid til å sjekke den so nøye den dagen eg oppdaga den (12.juni), for eg skulle på jobb og hadde dårleg tid på ferga. Men når eg kom heim igjen fikk eg kjapt vite at den fortsatt var på plass, samt at den song veldig aktivt om natta. Dermed var det ikkje lenger tvil om at det var ein locustella!  Men songen er svært utypsik for å vere elvesongar, og eg måtte faktisk sjå fuglen for å vere sikker på at det faktisk var den arten det var snakk om.

Her er eit dårleg dokumetasjonsbilde som viser elvesongaren i dag tidleg.
Elvesongar M, Støyle/Sandsøya


Under kan du høyre korleis den syn.

Elvesongar


Her er ein link til eit opptak der ein elvesongar syng slik den skal.
http://www.xeno-canto.org/europe/recording.php?XC=42195


Andre nattsongarar..
I natt tok eg også heile runda rundt på øyane. Under kan du sjå resultatet.
grashoppesongar 7 MM sy. (Sandsøya/Voksa)
myrsongar 1 M sy. forts. (Skare/Sandsøya)
åkerrikse 2 MM sy. (Sandsøya og Voksa)
vaktel 3+ MM sy. (Voksa)

tirsdag 14. juni 2011

Myrsongar m.m. Sandsøya/Voksa 09-12.06.11

Dei siste par dagane har eg vore fult opptatt med feltarbeid på havørnprosjektet og har desverre dermed ikkje hatt sjangs til å oppdatere bloggen.....

So her er observasjonane som eg gjorde mellom 9. og 12. juni litt på etterskudd.

Myrsongar
Natt til 12.juni satt årets 1. myrsongar å song på Skare på Sandsøya. Dette er det første funnet på øyane sidan 2009.

Under kan du høyre eit lydopptak av myrsongaren.

Myrsongar. (Med ein sivsongar i bakgrunnen)


Fikk også nokre "brukbare" bilder av den.
Myrsongar M, Skare/Sandsøya
Myrsongar M, Skare/Sandsøya
Myrsongar M, Skare/Sandsøya


Grashoppesongar...
Natt til 12.juni trudde eg at eg hadde årets 26.grashoppesongarhann. Men det viste seg å vere ein "gammal kjenning" som hadde flytta seg 450 meter sidan sist. Dette er faktisk den lengste forflyttninga eg kan seie med 100% sikkerhei. Då denne har både farge- og metallring.

Grashoppesongar M, Voksa (merka med XCC)
Denne vart oppdaga 23.mai. Den vart farge- og ringmerka 26.mai.

Her kan du sjå eit oversiktskart over grashoppesongaran på Voksa. Det viser også korleis XCC har forflytta seg.


Andre observasjonar...
Av andre observasjonar kan det nemnast att begge åkerriksene sete og synge. Då henholdsvis på sør-sida av Sandsøya og på Voksa! Ein fugl til som har vore stasjonær er gulerlehannen som vart oppdaga 28.mai. Den held seg i same området på Voksa.

tirsdag 7. juni 2011

Ny grashoppesongar og åkerrikse m.m., Sandsøya/Voksa 07.06.11

I natt var det endelig eit skikkelig fint lytteveir. Med 11 grader og vindstilt, med ikkje noko særleg nedbør. Og lytterunda resulterte i årets 25. grashoppesongarhann på øyane. Nattas nye songar satt på Evja på Sandsøya. Under kan du sjå bilde av songaren og eit oppdatert kart.


Grashoppesongar M, Evja/Sandsøya.
Dette vart årets 30. grashoppesongar registrert på
Sandsøya og Voksa. Dei er fordelt på 25 hannar og min. 5 hoer!
Oversiktskart over grashoppesongarane
på Leina og Evja på Sandsøya.

Ny åkerrikse
På Voksa satt fortsatt den åkerriksa som eg oppdaga syngande den 5.juni og song! Men ikkje nok med det. Det satt nemleg og song ei ny åkerrikse på Sandsøya. Den satt ikkje so longt i frå fotballbana i Oshaugane! Dermed har eg minst hatt 3 forskjellige åkerrikser på øyane so longt i år!

Lydopptak
I natt var det som sagt vindstilt og dermed perfekte opptaksforhold! So under kan du høyre nokre av lydopptaka eg gjorde i natt!

Sivsongar, Voksa.


Vaktel, Voksa


Åkerrikse, Voksa



Grashoppesongar, Leina/Sandsøya

mandag 6. juni 2011

Lerkefalk og ny grashoppesongar m.m. 04-05.06.11

Dei sisite par dagane har eg og Alv Ottar Folkestad jobba i ett med feltarbeid. Først på sjøfugl på Runde og so på havørn dagen etter.

På Runde so gikk vi og såg i gjennom dei 100 lundeholene (reira) vi følger med på. I dei reira var det 14 ungar som var klekt eller i ferd med å klekke. Dei eldste ungane som var nokre få dagar gamle var feite og fine, og i god kondisjon. Ellers so låg fortsatt storedelen fortsatt å ruga. Men alt i alt so ser det so longt veldig positivt ut.

Men det var ikkje slutt der. For når vi kom opp på toppen av Lundeura og var på vei ned igjen til bilen, kom det plutseleg eit skikkeleg vræl. Og vrælet stamma faktisk frå ein lerkefalk som angreip ein vandrefalk. I MR er lerkefalken ei stor sjeldenheit. Skal du sjå den i Norge må du i hovudsak mykje lenger sør og aust.


Ny grashoppesongar
Men inn i mellom all feltarbeidinga so rakk eg ei kort lytterunde på øyane heime før eg måtte farte avgårde igjen! Det resulterte i årets 24. grashoppesongarhann og årets 29. totalt!! Den satt å song på Leina på Sandsøya. Då vart det berre å få 3 timars søvn for so å kome seg ut akkurat når sola gikk opp for å få fotodokumentert songaren.

Her er eit par bilder av den nye songaren!
Grashoppesongar M, Leina/Sandsøya
Grashoppesongar M, Leina/Sandsøya

Her er eit oppdatert kart som viser dei no 2 songarane på Leina på Sandsøya!



Ny åkerrikse m.m.
Men det var ikkje berre grashoppesongarar som var å høyre denne natta. (5.juni). Det satt nemleg ei åkerrikse å song på Voksa. Denne var då ny for året! I tillegg til åkerriksa satt der minimum 2 vaktelar å song på Voksa. På grashoppesongarfronten so satt det 4 songarar til å song utanom den nye på Leina.

torsdag 2. juni 2011

Ny grashoppesongar m.m. 01.06.11

Natta til 1.juni satt årets 23 grashoppesongarhann å song. Tek eg med hofuglane som er sett er totalen no oppe i ikkje mindre enn 28 grashoppesongarar so longt i år.

Nattas nye songar satt å song i Voren på Sandsøya. Dette er faktisk den første gongen eg har hatt grashoppesongar akkurat på den lokaliteten. Men skulle der nokon gong sete ein grashoppesongar å synge so måtte det vere i år. Nettopp fordi flesteparten av dei gode teritoria allereide er opptatt og dermed må dei ta til takke med dei "mindre" gode plassane,

Her er eit bilde som viser årets 23. hannfugl. Samt eit oversiktskart over grashoppesongararne på Støyle, og no i Voren.
Grashoppesongar M, Voren/Sandsøya
Oversikt over grashoppesongarane på Støyle og i Voren etter 1.juni 2011


Vaktel x2, og grashoppesongar x5
Totalt denne natta so song det 5 grashoppesongarar 2 på Voksa og 3 på Sandsøya. Det vart også høyrd 2 syngande vaktelar, 1 på Voksa og 1 på Sandsøya.