fredag 30. september 2011

SIBIRPIPLERKE og gulbrynsongarar, Voksa 30.09.11

I dag var det endelig eit brukbart veir... Og sidan det faktisk ikkje var vind vart det brukt ein del tid til å sjå i skogkanten på sørsida av Voksa etter alt og ingenting. Og gjett om det gav resultat! Sandsøya og Voksa si første SIBIRPIPLERKE vart nemleg funnen der. (Dette vart min art nr.205 på øyane!) Dette er ein svært uvanleg art å sjå i Norge, med ikkje mange funna i året. Den hekkar nærmast oss i Sibir.

Her er nokre "dokubilder" av den nydelige piplerka.
Sibirpiplerke, Voksa
Sibirpiplerke, Voksa


Gulbrynsongar X2..
Utanom sibirpiplerka vart det også funnen nokre andre små raritetar. Det vart nemleg høyrd og sett minst 2 gulbrynsongarar på sørsida av Voksa.

Her er eit par bilder av ein av songarane.
Gulbrynsongar, Voksa

Gulbrynsongar, Voksa

torsdag 29. september 2011

Svar på ringmerka sivsongar

Den 9.mai i år holdt Kjell Mork Soot og eg på å ringmerke grashoppesongarar. Og var der sivsongarar i nærleiken vart dei også fanga inn... Dermed fanga vi ein sivsongar i Våge på Sandsøya med ein Belgisk ring!! For nokre få dagar sidan fikk vi svar på fuglen. Sivsongaren var merka som ein årsunge(1K) i Bambrugge i Belgia den 12.august 2010. Distansen frå der den vart ringmerka i Belgia og til Våge på Sandsøya der den vart funnen igjen den 9.mai 2011 er heile 1264 km!

Her er eit kart som viser avstanden.

Og nokre bilder av songaren...
Det er viktig å få notert ned det korrekte ringnummeret...
Sivsongar 2K, Våge/Sandsøya

Fuglenytt frå i dag!
I dag vart øyne sin 4. gulbrynsongar høyrd og sett kort på sørsida av Voksa. Utanom den var det ikkje særleg å sjå eller høyre...

torsdag 22. september 2011

GULBEINMÅSE fortsatt, Voksa 22.09.11

I kveld vart det ein tur ut for å sjå i gjennom måsane. Og håpet var sjølvsagt å finne igjen gulbeinmåsen frå i går... Men etter å ha sett gjennom alle måsane på Sandshamna hadde eg fortsatt ikkje sett snurten av nokon gulbeinmåse. Dermed tok eg turen på Voksa for å sjå om der var nokre måsar. Og der satt den, GULBEINMÅSEN. Dermed ser det ut til at den held seg i området.... So kanskje er det mulig for fleire å få sett den...

Her er eit par bilder av måsen, samt eit lite videoklipp. 
Gulbeinmåse adult, Voksa (midt i bildet)
Gulbeinmåse adult, Voksa (Stillbilde frå video)




onsdag 21. september 2011

GULBEINMÅSE, Sandshamna 21.09.11

I dag vart det ei skikkeleg runde rundt, då særleg på Voksa. Det gav desverre ikkje noko særleg resultat. Dermed avslutta eg egentleg dagen uten noko spennande. Men mot kvelden skulle eg på butikken, og butikken ligg like ved der fiskemottaket på Sandshamna ligg. Og sjølvsagt var der ein del måsar. Dermed måtte eg berre sjå gjennom "gjengen". So satt den der.... GULBEINMÅSEN!!!! Den andre gulbeinmåsen på ganske nøyaktig eit år! Dette vart då det 2.funnet for Møre og Romsdal, og som sagt så var det første i fjor. Det også då på Sandshamna. Dermed er har no lokaliteten varta opp med 2 kaspimåsar og 2 gulbeinmåsar på 1,5 år. Totalt er det ca.25 funn av gulbeinmåse i Norge.

Måsen i dag var ein voksen fugl. Alt ved måsen var heilt klassisk, ja akkurat slik ein gulbeinmåse skal sjå ut. Det som skiller gulbeinmåsen frå gråmåsane er ting som kroppsfasong (jizz), hovudteikningar (i vinterdrakt), beinfarge (ein finn også gråmåsar med gule bein!), kor mykje svart den har i handsvingfjørene osv. På denne fuglen stemte alt...

Her er nokre bilder av gobiten!
Gulbeinmåse adult, Sandshamna (nest lengst t.v. på bildet)
Gulbeinmåse adult, Sandshamna
Gulbeinmåse adult, Sandshamna

Her er også ein liten videosnutt....

mandag 19. september 2011

Ub. kjerrhauk, Voksa 19.09.11

Etter å ikkje hatt anledning til å kome seg i felten på ei og ei halv veke var det deilig å endeleig kome seg ut. Og det ga faktisk også resultat. Då i form av ein ubestemt kjerrhauk. Ut i frå proporsjonane på fuglen så er det i så fall snakk om enten steppe- eller myrhauk. Eg har fått ein del tilbakemeldingar på kjerrhauken. Då i hovudsak at det er snakk om ein myrhauk, men det er også andre som meiner det ikkje er snakk om myrhauk, og då i staden heller i retning steppehauk. Men alt i alt får den forbli ubestemt. Men eg sjølv heller etter å ha sett ein del på bilda i mot myrhauk. Den er breiarma og den virkar å ha 5 fingrar. Visst det stemmer så er dette ein myrhauk.

Dette vart den 5. kjerrhauken som er observert på Sandsøya og Voksa. Tidligare er det sett 2 myrhaukar, 2 sivhaukar og no denne ub. hauken!

Her er kan du sjå eit dokumentasjonsbilde av hauken.
Ub. kjerrhauk 1K, Voksa

Andre obsar...
Utanom hauken vart det sett ein kvartbekkasin, samt muligens høyrd ein gulbrynsongar på Voksa.

torsdag 8. september 2011

Tornskate m.m. Sandsøya 08.09.11

I dag vart det gjort nok eit forsøk på å "drage inn" ei sjeldenheit på sjøfuglfronten. Det vil seie at eg frå ca. kl.08.30 og fram til 11.10 sat og såg utover havet i frå Hellandsvågane på Sandsøya. Men det var desverre ikkje det heilt store og hente...

Her er det som vart sett på dei litt over to og ein halv timane.
grålire 1 pts kl.09.15
smålom 28 pts
ub.lom 11+ pts
ringgås 76+ pts (flokk på 6 og flokk på ca.70)
ub.jo 1 pts


3.observasjon på øyane...
Etter at eg var ferdig med sjøfuglskådinga so skulle eg berre kjøyre heim igjen. Då kjøyrde eg gjennom Våge. Det var på denne plassen eg hadde tornskate i september i fjor. Og i dag satt det ein årsunge like ved vegen frå Våge mot Sandsvågen. Dermed var øyane sin 3.observasjon av tornskate i boks.

Her er eit dokumentasjonsbilde av den nydelige fuglen.
Tornskate 1K, Våge/Sandsøya


Og til slutt so vart det ei lita fotorunde på Storeviksanden. Under kan du sjå nokre av bilda som vart tatt.
Polarsnipe 1K
Myrsnipe 1K
Sandlo 1K
Tundrasnipe 1K
Tundrasnipe 1K
Tundrasnipe 1K

onsdag 7. september 2011

Grashoppesongaroversikt for Sandsøya og Voksa i 2011

No har det gått nokre veker sidan den siste grashoppesongaren satt og song, og dermed er det vel på tide med ei lita oppsumering på årets grashoppesongarsesong.


Det var i fjor eg for allvor starta å følge med på grashoppesongarane på øyane. Og i år skulle det gjerast endå betre. Det vart også starta eit fargemerkingsprosjekt! Men kven kunne vel sjå føre seg at det skulle dukke opp so monge grashoppesongarar... For monge skulle dukke opp! Ikkje mindre enn 34 hannfuglar totalt i løpet av våren og sommaren!

Rekordtidlig
Årets første grashoppesongar. Dette bildet var teke den 24.arpil.
Det heile starta formiddagen den 23.april. Då vart nemleg årets første grashoppesongarhann høyrd syngande på Sandsøya. Dette var rekordtidlig... Nesten ei veke tidligare enn det som før var det tidligaste funnet i MR! Og fleire skulle det verte! Før april var ute hadde dukka opp 2 nye hannar. Men fortsatt so venta eg på at den første av dei som vart ringmerka på øyane i 2010 skulle dukke opp.

 Gjenfunn
Denne grashoppesongaren hekka på sørsida av Voksa i 2010. I år var
den på sørsida av Sandsøya.
I 2010 so vart der ringmerka 11 grashoppesongarar. 10 voksne hannar og 1 unge. Dermed var det ekstremt spennande å sjå kor mange som skulle kome attende i år. So dukka den første opp.... Den dukka opp den 3.mai på den eksakt same plassen den vart merka på i august 2010, nemleg på Voksa. Etter dette kom det 3 ind. til attende. 2 av desse kom tilbake til den eksakt same plassen som i fjor, medan ein av dei bytta øy frå Voksa til Sandsøya. Alle dei som kom tilbake var stasjonære og fikk truleg fram ungar.


Ring- og fargemerking
Ein av grashoppesongarhannane som vart merka i Våge på Sandsøya.
Det nye for året var at vi fargemerka songarane. Dette vart starta opp fordi det er enklare, samt mindre forstyrrane for fuglane å lese av ein fagering i felt enn å lese av ein metallring. For det viktigaste er sjølvsat at fuglane har det bra. I fjor vart det berre sett på dei metallring, men for å lese av desse i felt må ein ha veldig monge bilder for å greie å lese av alle tala på ringen. Og dermed blir songarane unødig forstyrra. Etter å ha jobba systematisk heile våren og sommaren so fikk 24 av grashoppesongarhannane påsett fargering. Ein av dei som kom tilbake med metallring på i fjor lukkast det desverre ikkje å få påsett fargering. Men den har då ring likevel. Det vil seie at 25 av dei 34 songarane på Sandsøya og Voksa i år no har ringar. Dermed skal det bli spennande å sjå kor monge som kjem attende neste år.....


Ungeproduksjon
Ein av ungane som vart sett på Voksa i år.
I år vart det sett 11-13 ungar rundt omkring i dei monge grashoppesongarterritoriuma. Men alt tyda på at dette talet må gongast med monge, monge gongar. So viste det seg truleg at også monge av grashoppesongarpara fikk fram ei ungekull nr.2 i slutten av juli og starten på august. Dette fikk eg først bevist i slutten av juli, då eit av para tydlig mata små ungar medan det hoppa store og sjølvstendige ungar rundt i same området.


Oversiktskart
Her nokre oversiktskart som viser alle songarane på øyane i 2011.
Våge på Sandsøya
Støyle, Voren og Sandshamn på Sandsøya
Den nordlige delen av Voksa
Den sørlige delen av Voksa

tirsdag 6. september 2011

Sandsøya 06.09.11

I dag starta eg so snart det vart lyst med sjøfuglskåding frå Hellandsvågene på Sandsøya. Det har ikkje vorte sett so mykje etter "havsfugl" so longt i år. Har nemleg venta på sterk pålandsvind slik at fuglane kjem nærmare land enn dei vanlegvis gjer... Og i dag var det om ikkje anna motvind for dei trekkande sjøfuglane.

Her er det som vart sett frå kl. 08.00 til 11.20.
grålire 3 pts kl.10.20
svartand 68 pts + 1 ptn
ub. lom 9 pts
smålom 32 pts + 1 ptn
polarjo 1 1K pts
tyvjo 1 pts
ub. jo 1 pts

Ellers vart det også sett fleire småflokkar med vadarar på trekk sør. (På trekk sør = pts)


Storeviksanden
Etter at eg var ferdig med å speide utover havet vart det ein tur på Storeviksanden. Dette vart i hovudsak ei fotorunde...

Her er det som vart sett på Sanden i dag.
sandlo 60+
vipe 2
polarsnipe 3+  2 1K+ad.
myrsnipe 120+
tundrasnipe 10+ 1K
dvergsnipe 11+ 1K
gluttsnipe 1+ 1K
lappspove 12+ 1K


Her er nokre av bilda eg tok.  
Lappspover 1K
Lappspove 1K
Lappspove 1K med myrsniper t.h.
Brushane 1K
Polarsnipe ad.
Polarsnipe ad. i lag med myrsniper
Myrsniper 1K

søndag 4. september 2011

Fjellmyrløpar m.m. Sandsøya/Voksa 04.09.11

I dag vart det første turen i felten på Sandsøya og Voksa på nokre dagar. Og sidan det for tida er eit sånn forferdeleg regnveir so vart det satsa mest på vadarar i dag! Det resultrete i årets og øyane sin 2.observasjon av fjellmyrløpar. Den vart som den forrige funnen rastande på Storeviksanden på Sandsøya i lag med monge andre vadarar.... I tillegg til fjellmyrløparen såg eg også ei gulerle av underarten flava. Denne erlearten er ganske so uvanleg her ute på øyane.

Her er det som var sett i dag!

Storevika/Storeviksanden på Sandsøya:
sandlo 65+
tundralo 1 (høyrd)
polarsnipe 2 1K
sandløpar 3 1K
myrsnipe 140+
tundrasnipe 16+ 1K
dvergsnipe 6+ 1K
skogsnipe 1
sotsnipe 3+ 1K
lappspove 12+ 1K
brusfugl 16-17 1K
gulerle ua. flava 1 2K+ M
brusfugl 21+ (Sande/Sandsøya)
gråflugesnappar 1 (Støyle/Sandsøya)
lunde 1 1K (Ved Voksa)
brusfugl 46+ (Voksa)


Her er nokre bilder av dagens fugl... Fjellmyrløparen.
Fjellmyrløpar 1K, Storeviksanden
Fjellmyrløpar 1K, Storeviksanden
Fjellmyrløpar 1K, Storeviksanden
Fjellmyrløpar 1K, Storeviksanden
Fjellmyrløpar 1K, Storeviksanden

fredag 2. september 2011

TARTARSONGAR, Ona 02.09.11

Etter å hatt opp igjen og opp igjen det same på fuglefronten på Sandsøya og Voksa i det siste så bestemte eg meg for å ta meg ein tur på Ona for å sjå om der kunne vere noko spennande. For Ona er nok den beste plassen i MR for å oppdage ei "bombe" no på hausten.

Den første dagen av oppholdet, altso i går den 1.september var ikkje noko særleg å skryte av. Det beste for dagen var 2-3 båndkorsnebbar. Altso ikkje all verden. Dermed var det berre å legge seg, å håpe på at dagen i dag skulle verte betre. Og gjett om den vart. Allereide etter 40 minutt so "small" det, og det small skikkeleg. TARTARSONGAR!! MR sitt 2.funn av denne austlege songaren, og ca. den 13. totalt for Norge. Denne songaren har utbredelse i sentral-Russland til vest i Kina, og overvintrar i India.

Eg kom over den lyse songaren i det den var aktivt næringssøkande i nokre jolar og høymoler. Dermed var det berre å få fotodokumentert den grundig. Det er nemleg fleire austlege songarar som lignar på tartarsongaren, og den som er mest lik er ramasongar. Det er små detaljar som skiller desse. Som nebblengd, kor mykje svart det er i nebbet,  fargetonar i fjørdrakta, handsvingfjørprojeksjon osv.

Her er nokre bilder av rariteten.
Tartarsongar 1K, Ona
Tartarsongar 1K, Ona
Tartarsongar 1K, Ona
Tartarsongar 1K, Ona