lørdag 27. august 2011

Fargemerka gråmåse på Sandshamna 27.08.11

I dag var det ein god del måsar på Sandshamna. Dermed var det berre å ploge i gjennom dei..... Det resulterte ikkje i noko sjeldent, desverre. Men eg fann ein voksen gråmåse som var fargemerka.

Her er eit bilde av måsen.
Gråmåse 8K+, Sandshamna
Den var merka med JM3K.
Gråmåsen vart merka som ein 3K+ fugl i juni 2006 på Valderøya i Giske kommune i Møre og Romsdal. Her er detaljane.

Dato         Stad                                                              Koordinatar        Observatørar    Dagar/km/°

18.06 2006 Skjongskaret, Valderøy, Giske, Møre og Romsdal, Norway 62°30'09"N 006°06'47"E Petter Birger Folkestad -
27.08 2011 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 1896/43/229


Og til slutt eit oversiktskart...

torsdag 25. august 2011

FJELLMYRLØPAR på Storeviksanden (Sandsøya) 25.08.11

Endelig skulle det dukke opp noko spennande på Storeviksanden.... Og det vart i form av Sandsøya og Voksa sin første Fjellmyrløpar! Dette vart min 204. art på øyane! Ellers var der også mykje andre vadarar å sjå....

Her er nokre bilder av dagens mest eksklusive....
Fjellmyrløpar 1K, næringssøkande i lag med myrsniper
Fjellmyrløpar 1K

Her er dei andre observasjonane som vart gjort på sanden i dag.
dvergfalk 1 1K
sandlo 50+
sandløpar 2 1K
myrsnipe 60+
tundrasnipe 10+ (1.ad.)
dvergsnipe 35+ 1K
skogsnipe 1+
gluttsnipe 5+
lappspove 1 1K
brushane 6 1K


Hønsehauk...
Etter at eg var ferdig på sanden fikk eg telefon heim om at det var ein rovfugl som hadde tatt livet av ei høne på Sandsøya. Rovfuglen hadde satt seg fast i nota som skulle holde hønene inne og uvedkomande ute... Når eg kom ditt so viste rovfuglen seg å vere ei ung hønsehaukhoe. Då var det berre å få den laus og på vingene att. Verre var det med høna... So eg kondolerer til den vesle guten som mista favoritthøna si.

Her er nokre bilder av hauken.
Hønsehauk 1K F
Hønsehauk 1K F

Storeviksanden (Sandsøya), 24.08.11

Her er nokre bilder, og litt fuglenytt frå i går.

Gårsdagens observasjonar på Storeviksanden:
dvergfalk 1 (truleg)
sandlo 90+
sandløpar 1 1K
steinvendar 2 1K
myrsnipe 60+
tundrasnipe 5+
dvergsnipe 10-15+ 1K
brushane 3 1K


Og nokre bilder frå i går.
Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K
 
Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K

Brushane 1K

Sandlo 1K

Tundrasnipe 1K

Sandløpar 1K t.v. og myrsnipe 1K t.h.
 

mandag 22. august 2011

Sandsøya/Voksa 22.08.11

I dag vart det nok ein tur ut for å sjå på "forholda":) Det vil seie at eg fikk gått over delar av Voksa, samt at eg fikk sett over vadarane på Storeviksanden på Sandsøya... Og det resulterte i øyane sin 2.observasjon av dobbeltbekkasin.

Her er det som vart sett på øyane i dag.

Voksa:
sandlo 5+
tundralo 3 3K+
heilo 3-4 1K
myrsnipe 2+
tundrasnipe 3 1K+2 ad?
temmincksnipe 1 (høyrd)
gluttsnipe 2 1K
lappspove 2 1K
dobbeltbekkasin 1

Storeviksanden (Sandsøya):
sandlo 110+
tundralo 1 3K+
sandløpar 5 1K
myrsnipe 80+
tundrasnipe 2+ 1K
dvergsnipe 10-15 1K
gluttsnipe 1 1K


Her er nokre bilder frå i dag.
dvergsnipe 1K, Storeviksanden

dvergsnipe 1K, Storeviksanden

dvergsnipe 1K, Storeviksanden

myrsnipe 1K, Storeviksanden

sandløpar 1K, Storeviksanden

sandløpar 1K, Storeviksanden

Tundrasnipe t.h. og myrsnipe t.v. Storeviksanden
 
Tundraloar 3K+, Voksa
 

søndag 21. august 2011

Storeviksanden (Sandsøya), 21.08.11

I dag vart det nok ein tur på Storeviksanden for å sjå kva som kunne vere der... Og i dag var det, det største antallet med vadarar eg har sett på sanden på fleire år. Riktig nok so er det ikkje eit anall som kan konkurrere med mange andre plassar ang. vadarar, men likevel....

Det som vart sett på Storeviksanden i dag.
tundralo 1 3K+
sandlo 90+
polarsnipe 1 1K
sandløpar 1 1K
myrsnipe 60+
tundrasnipe 7+ 1K
dvergsnipe 10-15+ 1K
gluttsnipe 1 (høyrd)


Og nokre bilder frå i dag.
Sandløpar 1K
 
Sandløpar 1K

Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K

Tundrasnipe 1K med myrsnipe i bakgrunnen.

Tundrasnipe 1K

Sandlo 1K
 
Sandlo 1K
 

fredag 19. august 2011

Storeviksanden (Sandsøya), 19.08.11

I dag vart det ein liten tur på Storeviksanden på Sandsøya for å sjå om der kunne vere noko spennande... Det var ikkje alt for mykje å sjå, men heilt fritt var det no ikkje. Ellers so var det også ein del måsar på Sandshamna, men ingen eksklusive.


Her er det som var sett på Storeviksanden.
heilo 1 1K
sandlo 20-30
myrsnipe 15+
tundrasnipe 4+ 1K
dvergsnipe 4+ 1K
sotsnipe 1+ 1K
gluttsnipe 2+
brusfugl ca.15 (5 på Storeviksanden og ca.10 på Bringsvoren)


Det var også tatt nokre bilder... 
Vadarflokk med sandlo, myrsnipe, tundrasnipe og dvergsnipe

Tundrasniper 1K, Storeviksanden

Tundrasnipe 1K, Storeviksanden

 
Tundrasnipe 1K, Storeviksanden

Sotsnipe 1K, Storeviksanden
 

tirsdag 16. august 2011

Grashoppesongarungar m.m. 16.08.11

I dag vart det endelig ei skikkeleg runde rundt på øyane. Og det var no ikkje heilt fritt for fuglar heller...

Grashoppesongarungar
Når eg var på Voksa sjekka eg opp fleire plassar der eg veit det har vore grashoppesongarhekking i år. Det resulterete i at eg fann ungar på to av lokalitetane! Det var 4-5 ungar på den eine, og 3-4 ungar på den andre lokaliteten.

Her er nokre bilder av eit par av ungane.
Grashoppesongar 1K, Voksa (ind.nr.1)

Grashoppesongar 1K, Voksa (ind.nr.1)
Grashoppesongar 1K, Voksa (ind.nr.2)

Andre observasjonar..
Av andre artar som vart sett var temmincksnipe, grønnstilk, dvergfalk, for å nevne noko.

Her er eit par bilder av dvergfalk og grønnstilk!
Dvergfalkar 1K, Voksevegen
Grønnstilk 1K (t.v). og brushane 1K (t.h.) på Storeviksanden/Sandsøya


Her er det andre som vart sett.
spurvehauk 1 1K (Sandsøya)
heilo 6 (Voksa/Sandsøya)
sandlo 35-40+ (Voksa og Sandsøya)
myrsnipe 5+ (Sandsøya/Voksa)
tundrasnipe 2 1K (Storeviksanden på Sandsøya)
polarnsipe 6 ad. (Voksa)
temmincksnipe 3+ (Voksa)
dvergsnipe 1 1K (Storeviksanden på Sandsøya)
gluttsnipe 10+ (Sandsøya/Voksa)
brushane 3+ 1K (Voksa og Sandsøya)
småspove 1 (Voksa)

søndag 14. august 2011

Lerkefalk og havsvalefangst m.m. 6-14.08.11

Dei siste par vekene har det ikkje vorte alt for mange turar i felten. Men som vanleg so går det no ikkje å kutte fuglane heilt ut... Eg har blandt anna fått meg to nye artar på Sandsøy og Voksa lista mi. Med både havsvale og lerkefalk! Og so sete fortsatt ein grashoppesongar å syng.

Lerkefalk og havsvale
For 5 dagar sidan, altso den 9.august kom eg over ein lerkefalk som jakta insekt i Storevika på Sandsøya. Dette var då den 203 arten på Sandsøya og Voksa for min del. Det var også førte gongen det har vorte sett lerkefalk på øyane. Min art nr.202 "skaffa" eg meg tre dagar før. Då eg fann ut at eg måtte prøve å få havsvale på lista mi for øyane. Dermed som sagt so gjort. Eg kjøyrde ut i Hellandsvågane på Sandsøya. Starta opp lyden, og etter 20-25 minutt so var ei havsvale på plass. Dermed var det berre å pakke ned lydutstyret å la den få stikke til havs igjen...

Havsvalefangst på Runde
I natt som var vart turen lagt til Runde for å fange havsvaler. Det resulterte i 30 havsvaler i nettet, og
1 stormsvale


Her er nokre bilder av "fangsten".

Alv Ottar Folkestad studerer ei av dei 30 havsvalene som var fanga!

Havsvale 2K+.
Desse nydelige fuglane kjem berre til land om natta. Dermed er det då det
er mulig å lokke dei til seg med lyd.
Vingeoverside på ei 2K+ havsvale.
Stormsvale 2K+.
Denne er enda meir eksklusiv enn havsvala. I Norge har den berre vorte
påvist hekkade på Erkna i Møre og Romsdal, samt på Røst i Lofoten.
Denne er ein grei "bifangst" under havsvalefangst!
Stormsvale 2K+.
Legg merke til det lyse feltet på armdekkarane på oversida av vinga.
Dette lyse feltet finn du ikkje på ei havsvale.


Grashoppesongar
Årets siste syngande grashoppesongarhann satt fortsatt å song i Voren på Sandsøya i natt. Men no nærmar det seg stygt slutten på grashoppesongarsesongen for denne gong. Men kanskje er det like greit... For ein kan no ikkje klage når det har vore syngande grashoppesongarar sidan 23.april!!

Her er eit lydklipp av den sygande grashoppesongaren i Voren. Lydklippet er frå i natt. 14.august.

mandag 1. august 2011

Grashoppesongar og storjo 29-31.07.11

Den 29.juli fikk eg og Kjell Mork Soot ring- og fargemerka endå ein av årets grashoppesongarhannar. Det vil seie at i år har vi ringmerka 21 nye grashoppesongar, samt at vi har satt fargering på 3 av dei 4 songarane som kom igjen av dei som vi merka i fjor. (2010) Vi har også ein med berre metallring frå i fjor. Denne har ikkje vore særleg samarbeidsvillig. Og på fire forsøk har det ikkje lykkast å få satt på den fargering. Men uansett... Det vil seie at vi har 24 songarar med metall- og fargering og ein med berre metallring. Dermed har vi full kontroll på 25 songarar!! Og det skal bli veldig spennande å sjå kor mange som kjem attende neste år...

Her er den siste grashoppesongaren som har vorte merka.
Grashoppesongar M, Voren/Sandsøya.
Denne grashoppesongaren vart oppdaga den 24.juli. og den satt fortsatt og
song i natt, 1.august. Den vart oppdaga på ein plass det tidlegare var ein
annan grashoppesongarhann, men denne flytta på seg, og dermed var det
plass til ein ny! Den fikk fargeringkombinasjon XCP.

Her er eit oppdatert oversiktskart som viser kor den oppheld seg.



Storjo
Dei siste par dagane har det vorte feltarbeid på Runde. Då har det i hovudsak vorte fokusert på å få merka storjoungar, samt å få oversikt over totalen på storjopar på øya.

Dei fleste ungane er ganske så store, og der er ikkje lenge før dei tek vingene fatt... Men vi var heldige og kom over ein unge som var ca. ei veke gammal.

Her er eit bilde av den vesle hjerteknusaren.
Storjounge, Runde