Viser innlegg med etiketten polarsnipe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten polarsnipe. Vis alle innlegg

torsdag 8. september 2011

Tornskate m.m. Sandsøya 08.09.11

I dag vart det gjort nok eit forsøk på å "drage inn" ei sjeldenheit på sjøfuglfronten. Det vil seie at eg frå ca. kl.08.30 og fram til 11.10 sat og såg utover havet i frå Hellandsvågane på Sandsøya. Men det var desverre ikkje det heilt store og hente...

Her er det som vart sett på dei litt over to og ein halv timane.
grålire 1 pts kl.09.15
smålom 28 pts
ub.lom 11+ pts
ringgås 76+ pts (flokk på 6 og flokk på ca.70)
ub.jo 1 pts


3.observasjon på øyane...
Etter at eg var ferdig med sjøfuglskådinga so skulle eg berre kjøyre heim igjen. Då kjøyrde eg gjennom Våge. Det var på denne plassen eg hadde tornskate i september i fjor. Og i dag satt det ein årsunge like ved vegen frå Våge mot Sandsvågen. Dermed var øyane sin 3.observasjon av tornskate i boks.

Her er eit dokumentasjonsbilde av den nydelige fuglen.
Tornskate 1K, Våge/Sandsøya


Og til slutt so vart det ei lita fotorunde på Storeviksanden. Under kan du sjå nokre av bilda som vart tatt.
Polarsnipe 1K
Myrsnipe 1K
Sandlo 1K
Tundrasnipe 1K
Tundrasnipe 1K
Tundrasnipe 1K

tirsdag 6. september 2011

Sandsøya 06.09.11

I dag starta eg so snart det vart lyst med sjøfuglskåding frå Hellandsvågene på Sandsøya. Det har ikkje vorte sett so mykje etter "havsfugl" so longt i år. Har nemleg venta på sterk pålandsvind slik at fuglane kjem nærmare land enn dei vanlegvis gjer... Og i dag var det om ikkje anna motvind for dei trekkande sjøfuglane.

Her er det som vart sett frå kl. 08.00 til 11.20.
grålire 3 pts kl.10.20
svartand 68 pts + 1 ptn
ub. lom 9 pts
smålom 32 pts + 1 ptn
polarjo 1 1K pts
tyvjo 1 pts
ub. jo 1 pts

Ellers vart det også sett fleire småflokkar med vadarar på trekk sør. (På trekk sør = pts)


Storeviksanden
Etter at eg var ferdig med å speide utover havet vart det ein tur på Storeviksanden. Dette vart i hovudsak ei fotorunde...

Her er det som vart sett på Sanden i dag.
sandlo 60+
vipe 2
polarsnipe 3+  2 1K+ad.
myrsnipe 120+
tundrasnipe 10+ 1K
dvergsnipe 11+ 1K
gluttsnipe 1+ 1K
lappspove 12+ 1K


Her er nokre av bilda eg tok.  
Lappspover 1K
Lappspove 1K
Lappspove 1K med myrsniper t.h.
Brushane 1K
Polarsnipe ad.
Polarsnipe ad. i lag med myrsniper
Myrsniper 1K

torsdag 26. august 2010

Sandsøya 26.08.10

I dag satsa eg på å få best mogleg bilder av tundrasnipe. Det gav resultat! Og ikkje berre på tundrasnipe...... Etter 3 timar med fotografering er dette nokre av bilda!

Men litt obsar frå Sandsøya først!
tundrasnipe 3-4 1k
dvergsnipe 2 1k
gluttsnipe 3+
polarsnipe 5 1k
brusfugl 1
lappspove 1 1k
Ellers ca. like mange myrsniper og sandloar som i går

(1k vil seie første kalenderår. Dermed årsungar.)

Her er bilda!
Tundrasnipe 1K

Tundrasnipe 1K

Tundrasnipe 1K

Tundrasnipe 1K med sandlo t.h.

Polarsnipe 1K

Polarsnipe 1K











fredag 20. august 2010

Sandsøya/Voksa 20.08.10

I dag vart det ei runde som vanleg rundt på øyane. Først på dag vart det litt havfuglskåding uten resultat. Så når det blei fjøre sjø måtte eg sjå om det kanskje kunne vere nokre rastande vadarar rundt omkring. Og med litt vind frå ei sørleg retning hjalp den nok på slik at fleire vadarar rasta enn vist det hadde vore opptimale trekkforhold (vindstille eller nordavind).

Her er nokre vadar observasjonar frå i dag!

Sandsøya:
lappspove 1 1k
gluttsnipe 10+
sadlo 25+
mysrnipe 10+
polarsnipe 4 1k

I tillegg til desse såg eg 3 vadarar som eg ikkje greidde og bestemme. Dette var muligens snakk om øyane sine første alskasniper??? Det var litt ergeleg å greie å slette både bilda og lydopptaka eg tok av dei!!!!:( Så dei forblir dermed ubestemt........... desverre!!!!!!

Voksa:
gluttsnipe 1-2
heilo 18+
brusfugl 4-5
myrsnipe 4+
sandlo 1+

Her er eit lite utvalg av dagens bilder! (Ovanfrå: Lappspove, polarsnipe og svartstrupe 1k)



fredag 6. august 2010

Sandsøya/Voksa 06.08.10

I år ser grashoppesongarae til å dukke opp ein etter ein! I natt/tidleg morgon oppdaga eg 3 nye grashoppesongarar. Dermed er totalen i år på ikkje mindre enn  23 ind.(min.). I natt og dag tidleg satt det nemleg ein ny songar og song på Voksa! Denne songaren var litt spesiell (BILDE NR1/2). Nebbfargen er nemleg lik årsungane, men kan det vekeleg vere ein årsunge som har starta å synge allereie? Eg har i hvert fall ikkje sett ein voksen fugl med ein slik nebbfarge nokon gong! Uansett vart dette då grashoppesongar nr.21. Fann nemleg ut etter å ha studert nærmare på bilder av ein av songarane som vart ringmerka på Sandsøya den 11.juli at det som eg trudde berre var snakk om eit gjennfunn faktisk var snakk eit nytt ind. Dermed var totalen 20 og ikkje 19 fuglar som eg skreiv i forrige innlegg. Etter dette sjekka eg plassen der eg fann 2 ungar for ei veke sidan. Der fann eg då 2 nye fuglar (nr.22. og 23) (BILDE NR 3 og 4). Så det er vel på sin plass og seie at grashoppesongaren har hatt eit bra år på øyane.

Her er eit videoklipp av ein syngande grashoppesongar!



Nr. 1
Nr, 2
Nr.3
Nr.4


Her er nokre fleire observasjonar som blei gjort denne dagen.

Nattsongarar:
åkerrikse 2 MM sy. (fortsatt)
grashoppesongar 2 MM sy.

Ellers så var det bra trekk med vadarar.

Voksa:
gluttsnipe 20+
brushane 7
skogsnipe 1+
heilo 3
lappspove 1
myrsnipe 5+
sotsnipe 3+
småspove 1

Sandsøya:
småspove 4
sandlo 7+
lappspove 7
polarsnipe 4 ad
sotsnipe 1 (høyrd)
myrsnipe 1+
lappspove ad F


polarsnipe ad
polarsnipe ad
brushane og tjeld