lørdag 30. mars 2013

Svartstrupe og polarmåsar m.m. Sandsøya 21-30.03.13

Den siste veka har det ikkje vore så alt for stor aktivitet i felten. Men sjølvsagt så har det no blitt nokre turar ut. Dette har i hovudsak berre vore korte turar, då for å holde litt oversikt på kva som bevegar seg. Det har sjølvsagt blitt sett gjennom dei få måsane som har vore på hamna. Det har då resultert i 2 2K polarmåsar og
1 2K grønlandsmåse. Ein av polarmåsane har vorte sett før, medan grønlandsmåsen har oppholdt seg i nærområdet sidan den 13.desember i fjor. Utanom desse måsane så har det ikkje vore alt for mykje å rope hurra for, desverre. Den kalde veirtypa har gjort sitt til at aktiviteten på fugletrekket har vore heller labert. Likevel er det håp. For i dag var nemleg årets første svartstrupe på plass på Sandsøya. Fuglen var ein hann, og den var aktivt syngande og næringssøkande. Denne hannen utgjer faktisk den første svartstrupa som har blitt observert på øyane sidan starten av mai i 2011. Men ein må heilt tilbake til 2010 for vellukka hekking. Paret som vart sett på den samme loklaiteten i 2011 fordufta etter relativt kort tid. Før dei harde vintrane i 2009/2010 og 2010/2011 vart det eit tosifra antall med svartstruper på Sandsøya. Men i og med at alle desse para prøvde å overvintre bukka dei desverre under. Tek ein tida til hjelp så vil nok bestanden bygge seg opp på nytt, berre forholda ligg til rette for det. For lyngheiane er ikkje dei samme utan svartstrupa...

Her er nokre bilder frå i dag.
Svartstrupe 2K+ M, Sandsvågen/Sandsøya 30.mars 2013

Svartstrupe 2K+ M, Sandsvågen/Sandsøya 30.mars 2013

Svartstrupe 2K+ M, Sandsvågen/Sandsøya 30.mars 2013


Når det gjeld måsane så har også den finskmerka 2K gråmåsen som først vart oppdaga av Sindre Molværsmyr den 19.februar blitt sett. Den vart sist sett på Sandshamna den 28.mars og virkar å ha blitt ganske så stasjonær. Eg har desverre fortsatt ikkje mottatt ringmerkingsdata på denne fuglen. Men det kjem forhåpentlegvis etter kvart. 

Her er nokre polarmåsebilder frå dei siste dagane.
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 28.mars 2013
Dette er den samme fuglen som blei avbilda i blogginnlegget frå den 6.mars.
 
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 28.mars 2013
Dette er den samme fuglen som blei avbilda i blogginnlegget frå den 6.mars.
 
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 30.mars 2013
Denne måsen er samanlikna med fuglen over mykje slankare og smekkrare,
med ganske lite avrunda hovud og veldig spinkelt nebb. Alt dette indikerar
at dette er ein hofugl. Medan måsen over er stor og kraftig, med eit stort og
kraftig hovud og nebb, og må vere ein hann.

onsdag 20. mars 2013

KASPIMÅSE, Sandshamna 20.03.13

For nokre få dagar sidan invisterte eg i eit nytt teleskop. Dagen i dag blei brukt ein del til å teste skopet. "Testen" enda i  å prøve å lese av ein metallring på ein gråmåse på alt for langt hold. Etter litt om og men så gikk den i boks. Det nye skopet mitt har 95mm åpning og er dermed svært lyssterkt. Vidare så har det 30-70x forstørrelse noko som er ein stor fordel. For ei slik rekkevidde gjer susen når ringane er alt for små og fuglane er alt for langt vekk, eller fuglar skal arts- og aldersbestemmast på langt hold og under dårlige lysforhold. Etter å ha "leika" meg ei stund med det nye teleskopet auka pulsen betraktelig. For måsen som eg plutseleg satt og såg på gjennom skopet var nemlig ein fullt utfarga KASPIMÅSE. Med kaspimåsen frå februar friskt i minnet såg eg nærmare på individet. Denne kaspien gav ikkje den samme "feelingen" som den forrige. Dagens fugl var nemleg ein god del mindre, og langt i frå så grov som februar-fuglen. Ellers så var beinfargen, nebbteikningar og vingeteikningar forskjellige. Dermed har eg med dagens fugl no hatt utrulige tre kaspimåsar på Sandshamna på Sandsøya på berre eit halvt år! Med dagens fugl har eg då hatt fem kaspimåsar sidan 2010. Dette er dei fem einaste funna av arten i M&R og samtidig dei nordligaste funna av arten i Norge. Dagens måse var ganske klassisk, då sett bort i frå at den ligg i den delen av spekteret med fuglar som har mykje svart i håndsvingfjørene. Slike måsar blir referert til som austlege fuglar, då dei austlege kaspimåsane har meir svart i hånda enn det dei vestlege har. Ei anna problemstilling er ein hybrid kaspimåse x gråmåse. Denne hybriden kan også vise slike vingeteikningar. Men ser ein vekk i frå at denne måsen har mykje svart i hsf. så er det ingenting anna på fuglen som skulle tilseie at det åpenbart er gråmåsegener innablanda her. Men sjølvsagt så må fuglen ha ringar på beina visst ein skal vere heilt sikker! Ellers så vart lyden også høyrd, og den var innertiar for kaspimåse. Den vart ved fleire anledningar "plukka ut" frå dei andre måsane i flukt ved hjelp av lyden. Under dei lengre sekvensane med "roping" viste den også delvis den såkalla "albatross posituren" med vingene ut og bak, og hovudet ca.90 grader heva. Dette skal vere diagnostisk for arten.

Her er nokre bilder av måsen frå i dag.  
Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 20.mars 2013
Her er ei bildemontsje som viser måsen ståande i forskjellige positurar. Legg merke
til den oppreiste kroppsholdninga, den slanke kroppen og den lange halsen. 
Også smal langstrakt bakpart med lang handsvingprojeksjon. Vidare, lite mørkt
auge i lite avrunda hovud, ganske smalt og langt nebb
og relativt lange bein m.m.
Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 20.mars 2013
Når måsen blei sett i flukt kunne ein tydelig sjå dei lange og smale vingene.

Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 20.mars 2013

Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 20.mars 2013
Måsen var ved fleire anledningar svært vokal. Låten samsvara perfekt med
kaspimåse, og ved flerie anledningar vart den "plukka ut" ved hjelp av lyden.

Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 20.mars 2013
Denne måsen ser ved første augekast heilt utfarga ut. Men går ein nærmare
inn og studerer særleg dei store hånddekkarane så ser ein mørk pigmentering
langs fjørskaftet på den nest ytterste dekkaren. Dette kan då indikere at denne
fuglen er ein yngre adult? (5K?), og dette kan muligens forklare noko av mengda
svart i hsf., samt den korte tunga på undersida og det svart båndet mot tuppen
på P10 . Likevel matchar desse vingeteikningane vist på måsar
 frå den austlege delen av utbreielsesområdet.

Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 20.mars 2013

torsdag 7. mars 2013

Avlesing av ringmerka havørner

Den 25.februar var Alv Ottar Folkestad og eg på Skorpa i Herøy kommune for å telle villgeitene som held til der. På båtturen ut til øya kom vi over ein god del havørner, blandt dei var det ein fjorårsunge (2K) som eg trudde var ringmerka. Noko som viste seg å stemme. Etter å ha tatt nokre få bilder av ørna var ringen avlest. Den nye ringtypa som blei tatt i bruk i fjor gjer det ekstremt mykje lettare å lese av desse ringmerka ørnene. Før har siffera/bokstavane vore mykje verre å lese av då kontrastane mellom ringfargen og fargen på siffera/bokstavane, samt plasseringane av desse har gjort det vanskelig å få lest av ringkodene. På den nye ringtypa er kontrastane store, og ringkoda er plassert saman slik at den lett kan avlesast. Skulle ein for eksempel berre sjå siste delen av koda på den eine sida av ringen vil ein sjå den første delen av koda på den andre sida av ringen, dermed skal det svært mykje til og ikkje lukkast med avlesinga. Ein annan ting er at ringen er veldig stor, og dermed er det plass til store bokstavar og siffer, dette gjer det slik at ein med få problem også kan lese av desse ringane på langt hold ved hjelp av teleskop eller foto. Under kan du sjå eit bilde av fjorårsungen frå Skorpa med ein slik ring.

Havørn 2K, Skorpa 25.februar 2013
Havørna N001 vart ringmerka på eit reir i Fræna kommune i M&R i juni i 2012. Den 25.februar vart den som sagt funnen igjen på Skorpa i Herøy kommune ca. 111 km i frå ringmerkingsstaden. Totalt blei det i 2012 ringmerka ca. 100 havørnungar med denne nye ringtypa i Norge. Desse vart merka langs kysten frå Rogaland t.o.m. Nordland.


Frå Vatnefjorden til Sandshamna
Den 7.desember i fjor var eg ute og såg på måsar på Sandshamna. Rett før det vart mørkt vart eg oppmerksom på nokre havørner som holdt seg like ved. Dermed var det fram med teleskopet. Då viste det seg at ei av ørnene, ein årsunge (1K) var ringmerka. Ørna var då ca. 270 meter i frå der eg sto, men det var likevel få problem med å få lest av ringen. Og på ringen sto det N004. Ørna viste seg å ha blitt merka i Vatnefjorden i Haram kommune i M&R i juni i 2012. Avstanden frå ringmerkingsstaden og til Sandshamna er på ca. 70 km. I reiret der denne vart merka var der to ungar, den eine av desse vart samla inn og seinare overført til Skottland som ein del av overførings-
prosjektet.

Her er eit dokumentasjonsbilde av N004 som igjen viser kor enkelt det er å få lest av
 denne ringtypa. Dette bildet er tatt på ganske langt hold med ei brennvidde på 420mm.
Havørn 1K, Sandshamna/Sandsøya 7.desember 2012

Dermed er det berre å sjekke alle havørnene ein ser. For no skal det ikkje lenger vere uoverkomeleg å få lest av ringane på fuglane berre ein er klar over kor enkelt det er og dermed faktisk tek seg bryet å ta "skopet" opp frå sekken eller kanskje "fyre" av eit par ekstra bilder.

onsdag 6. mars 2013

Polarmåse, Sandshamna 06.03.13

I starten på denne månaden har det ved fleire anledningar blitt brukt ein del tid på å sjå igjennom alle måseflokkane på Sandshamna. Til tider har det vore veldig mykje fugl innom på hamna. Blandt det som har blitt sett er fire nye fargemerka gråmåsar som er merka andre stadar i landet (3 frå Hordaland, og 1 får M&R), men utanom dei så har det egentleg ikkje vore så alt for mykje interessant å sjå. I dag var det slik som det har vore den siste veka. Tidleg på dagen er det så og seie ingen måsar på hamna, men etter kvart som fiskebåtane startar å kome inn frå havet ut på ettermiddagen aukar også antallet med fugl betraktelig. Blandt måsane som dukka opp i dag var ein nydelig 1.vinter polarmåse. Dette var den første kvitmåsen innom på hamna så langt i mars. Ellers er det kjekt å sjå at våren så smått har komt. Fleire tjeldar har blitt sett dei siste dagane, samt at gravanda har komt for fullt.

Her er nokre bilder frå i dag.
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 6.mars 2013
Ut i frå størrelse og grovheit må dette vere ein hannfugl.

Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 6.mars 2013

Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 6.mars 2013