Viser innlegg med etiketten polarmåse (video). Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten polarmåse (video). Vis alle innlegg

torsdag 17. mars 2016

Polarmåse og svartbak i pleie

For ein og ein halv månad sidan hadde eg eit par måsar i pleie. Historia bak, samt korleis det gikk med fuglane, kan du lese under. 

Vêrpiska polarmåse... 
Som mange kanskje fikk med seg så hadde vi den 29. januar besøk av orkanen "Tor", med svært sterke vindar og ein god del nedbør. Dagen etter då dette uvêret hadde lagt seg køyrde eg meg ei runde rundt på Sandsøya for å sjå etter stormskader. På denne runda kom eg over ein polarmåse som satt midt på vegen der eg skulle køyre. Eg stoppa bilen og fikk måsen ut i veggrøfta, slik at eg fikk tak i den. Det virka ikkje å vere noko drastisk gale med fuglen. Den einaste synlige skada den hadde var ein hevelse ved nebbrota på undersida av nebbet. Trulig hadde polarmåsen vore ute i havet då uvêret stod på som verst. Til dømes så vart det på Kråkenes fyr, nord i Sogn og Fjordane, målt ein middelvind på heile 48,9 m/s. Det vil seie at gjennomsnittsvinden på 10 minutt då vinden stod på som verst, var på heile 48,9 m/s. Dette er ganske ekstremt. Alt frå 32,6 m/s og oppover blir karakterisert som orkan. Og middelvinden som blei målt på Kåkenes fyr var ein smule høgre enn det, for å seie det mildt! I tillegg til denne vinden vart det også registrert bølger på 9-12 meter ute i havet, så at ein fugl skulle bli vêrpiska og utmatta av noko slikt, er jo heilt forståelig.

Polarmåsen er ein høg-arktisk art som ikkje hekkar på det norske fastlandet. Vinterstid overvintrar den derimot i moderate antall langs Norskekysten. Dess lenger nord ein kjem, dess vanligare blir den. For å finne dei nærmaste hekkeplassane så må vi Island, Bjørnøya, Svalbard og Grønland. 

Polarmåse 2K (1. vinter) 
Polarmåse 2K (1. vinter)

Etter at eg fikk tak i måsen tok eg den med meg heim, der fikk den kvile og godt med mat.
Maten eg hadde for hende var kattemat, noko som absolutt fall i smak. Denne kattematen åt den derimot opp på ein, to, tre. Dermed måtte eg ut og fiske. Det var helg og få andre muligheiter til å få tak i mat til måsen. Fisken eg fikk, ein ca. 1,5 kg stor sei, gikk ned på høgkant. Gjennom heile den perioden eg hadde fuglen, altså frå den 30. januar t.o.m. den 4. februar åt den veldig bra, og hevelsen ved nebbrota den hadde den dagen eg tok fuglen i pleie, forsvann etter berre eit par dagar.




Den 4. februar, etter å ha hatt polarmåsen i pleie i 5-6 dagar, slapp eg den fri på Sandshamn på Sandsøya, der det var rikelig med andre måsar. Før måsen blei slept fri blei den ring- og fargemerkt, slik at det skulle vere mulig å følge fuglen. Dette vart faktisk den første fargemerkte polarmåsen i Møre og Romsdal noko gong. Skulle denne måsen dukke opp andre stadar, skal det vere rimelig enkelt å identifisere den, i og med at ein slik fargering som fuglen fikk påsatt kan lesast på 3-400 meters hold ved hjelp av eit teleskop. 

Etter at måsen blei slept fri holdt den seg på hamna. Den første natta overnatta den på ei flytebrygge på hamna i lag med mange andre måsar. Dagen etter var den fortsatt på plass, men etter det drog den vidare. Forhåpentlegvis så gikk det bra... Eg gav den i alle fall alle muligheiter. 

Polarmåse 2K (1. vinter)
Rett etter at eg slepte måsen fri så la den seg på sjøen for å vaske seg.
Det å ha ei fjørdrakt som er rein og vannavstøtane er forskjellen på liv og død. 

Polarmåse 2K (1. vinter)


Søkkvåt svartbak... 
Men det var ikkje berre ein polarmåse eg hadde i pleie i starten på februar...

Som eg nemnte tidligare i dette blogginnlegget, så måtte eg til å fiske til polarmåsen for at den skulle ha noko å ete. Etter at fisken eg fikk var spist opp, måtte eg på nytt til å fiske... Eg køyrde difor til fiskemottaket der eg hadde fått den første. Dessverre var det denne gongen ingen napp å få. Det eg derimot kom over var ein ny måse som var ille ute. På kaikanten ved mottaket stod det nemlig ein søkkvåt 2K svartbak. Trulig hadde den falt ned i ei fiskekar med fettholdig vatn. Og med noko slikt i fjøra blir fjørdrakta som ein svamp. Vatnet trekker inn i fjøra heilt inn til kroppen, og fuglen blir tung som ein stein, utan muligheit til å flyge.

Då eg gikk mot måsen for å prøve å få tak i den tok den sjølvsagt og hoppa på havet. Med ingenting som holdt vatnet ute blei dette som å nakenbade. Og alle kan vel tenke seg at det å hoppe i sjøen uten ein tråd ein av dei første dagane av februar, ikkje er noko å anbefale. Etter at måsen hoppa på sjøen svømte den mot eit par flygebrygger som låg like ved. Desse hadde den sjølvsagt ingen muligheiter til å kome seg opp på, noko den også skjønte etter ei lita stund. Måsen svømte difor vidare langs bryggene for å prøve å finne seg ein plass der den kunne kome seg i land, og ut av det svært kalde vatnet. Dette såg eg, og i det måsen sømte forbi var eg klar. Akkurat i det den passerte byksa eg fram og fikk tak i den. Den var då svært nedkjølt. Eg la den difor i bagasjerommet på bilen og skunda meg heim igjen så fort som mulig. Vel heime tok eg den med meg på badet, der eg skylte den med relativt varmt vatn, slik at den fikk opp kroppstemperaturen igjen.



Etter at eg hadde skylt måsen i nesten ein halv time hadde den fått opp kroppstemperaturen ein god del. Då var det berre å få tørka den... Eg satt i nærmare to timar og føna svartbaken med ein hårfønar.



Etter denne behandlinga kvikna svartbaken rakst til. Men for å vere på den sikre sida så hadde eg den i pleie i 2-3 dagar. Dette får å sjå at den fikk orden på fjørdrakta si. Noko den gjorde med glans!

Svartbak 2K (1. vinter)

Svartbak 2K (1. vinter)

Den 4. februar, samme dag som eg slepte fri polarmåsen, fikk denne også friheita si tilbake. Før den blei slept fri blei den ring- og fargemerkt, slik at det også skulle vere mulig å følge denne fuglen etter at den blei slept, på lik linje med polarmåsen.

Svartbaken var like fin då eg slepte den fri, og dagen etter var den ikkje å sjå. Kanskje dukkar både den og polarmåsen opp ein annan plass? Berre tida vil vise... 

fredag 5. april 2013

Sandsøya/Voksa 01-05.04.13

Starten på denne månaden har blitt brukt til ein god del skoding på Sandsøya og Voksa. Det har blitt tatt nokre runder rundt om på både øyane, men mesteparten av tida har blitt brukt på Sandshamna på Sandsøya. Der har det vore bra aktivitet på fiskemottaket og dermed eit ganske så bra antall med måsar. Rundt om på øyane utanom Sandshamna så er det fortsatt lite å sjå. Men blandt anna så har svartstrupehannen som først vart oppdaga den 30.mars blitt stasjonær i Sandsvågen på Sandsøya. Der er den svært aktiv syngande, og forhåpentlegvis så dukkar det opp ei hoe også snart. Ellers så vart mi første vipe for året sett på sørsida av Sandsøya den 1.april. Utanom desse to observasjonane er det desverre lite å melde om. På Sandshamna derimot er det litt av kvart å sjå. Den 2.april dukka det opp ein 2K sildemåse. I og med at måsen har eit utprega kaspimåse-jizz og i tillegg har relativt lyse indre håndsvingfjører gikk tankane i retning den austlege underarten heuglini. For å få klarheit i om det kunne vere ein ei slik austleg sak vart det sendt nokre mailar til utenlandske ekspertar. Svaret eg fikk frå ekspertisen var at  måsen "min" hadde ingen fjørdraktkarakterar som skiller den i frå ein vestleg graellsii/intermedius. Ein heuglini burde komt lenger i mytinga, då særleg i handdekkarane, samt at fjørdrakta burde vært mindre slitt. Uansett så er ein 2K sildemåse her i Norge ein relativt stor raritet. Desse yngre sildemåsane heng som oftast igjen lenger sør i Europa og i Afrika. Måsen var fortsatt på plass i dag. Når vi først er inne på sildemåsar så har det så smått starta å dukke opp voksne sildemåsar også. Den første utfarga sildemåsen vart sett den 3.april. Normalt så dukkar desse opp rundt den 15.mars, men i år har ugunstige veirforhold gjort sitt til at dei er nokre veker forsinka.

Her er nokre bilder frå dei siste dagane av den heilt råe 2K sildemåsen.
Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013
Her står sildemåsen nest lengst til venstre med ein 3K gråmåse rett bak seg.
Legg merke til jizzet på fuglen i forhold til gråmåsane. Mykje smekkrare og
elegant med ein lang bakpart og lange vinger.


Her er også ein liten videosnutt av fuglen.
  


Kvitmåsar m.m.
Utanom sildemåsen så er fortsatt dei 2 2K polarmåsane på plass, det samme er den stasjonære
2K grønlansmåsen som har blitt sett i området dei siste månadane. Når det gjeld avlesingar av ringmerka måsar så vart det i går sett ein 2K svarbak som blei merka i Danmark som reirunge i fjor, samt ein 2K gråmåse som blei merka i Byparken i fjor som ein 1K-fugl. Eg har også fått nokre gjenfunn frå utlandet på måsane som eg merka som reirungar i fjor sommar. Dette vil eg kome tilbake til i eit eige innlegg.

Her er nokre bilder av dei stasjonære kvitmåsane.
Polarmåse 2K F, Sandshamna/Sandsøya 1.april 2013

Polarmåse 2K F, Sandshamna/Sandsøya 4.april 2013

Polarmåse 2K M, Sandshamna/Sandsøya 4.april 2013

Polarmåse 2K M, Sandshamna/Sandsøya 5.april 2013

Grønlandsmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 5.april.
Denne har vore i området sidan den 13.desember i fjor.

Heilt til slutt så er her er eit lite videoklipp frå i dag av den unge polarmåsehannen.




onsdag 16. februar 2011

Sandsøya 13-16.02.11

Dei siste dagane har gått til måseskåding, og ikkje mykje anna. Det er nemleg store mengder med måsar som rastar på skjær og holmar ved Voksevegen, og nokre få på Sandshamna.. Det store antallet skyldast at måsane blir tiltrekt av silda, som for øyeblikket er i havet utanfor øyane.


I går var det ein 2K(1.vinter) polarmåse ved Voksevegen, medan det i dag var ein 5K(4.vinter) polarmåse på samme plass.
Polarmåse 5K (4.vinter)
Polarmåse 5K (4.vinter)





Britisk-merka(?) gråmåsar
Ellers så har det blitt sett nokre fargemerak gråmåsar. Ein av desse var merka i Norge (blå ring/ kvit skrift), men eg greidde ikkje å lese av den. I dag fann eg, og leste av to fargemerka gråmåsar. Begge desse har lik ring som dei britiske fargemerka gråmåsane som eg såg på Sandshamna i 2010, men desse fuglane er nye. Eg har sendt mail til merkarane i Essex, England ang. informasjon om måsane, men eg har ikkje fått svar enda!

Eg skal lage eit innlegg om det så snart eg får tilbakemelding.

Gråmåse 5K+(adult), Voksevegen
Gråmåse 5K+(adult), Sandshamna

tirsdag 4. januar 2011

Polarmåse, Sandshamna 04.01.11

I dag vart årets første "kvitmåse" sett på Sandshamna. Det var i form av ein 2k (1.vinter) polarmåse. Men dette var også den einaste interressante måsen som var å sjå. Sjølv om det var ein del å ta av..... Allikevel så er det altid fantastisk å sjå desse nydelige, arktiske måsane!

Ellers så held fortsatt ei toppand og ei bergand stand i Vågen på Sandsøya.

Her er nokre bilder av polarmåsen frå i dag!
polarmåse 2k (1.vinter)
polarmåse 2k (1.vinter)
polarmåse 2k (1.vinter)

















Fargemerka gråmåse

I dag fikk vi (eg og Kjell Mork Soot) svar på ein fargemerka måse som eg såg på Sandshamna 15.mars 2010. Denne fuglen er i motsetning til dei to som vi fikk svar på sist ikkje britiske, men frå Norge. Denne vart nemleg merka i Mandal, Vest-Agder.

Her er historia til måsen frå den vart merka som ein ikkje flygedyktig unge i juni 2009 fram til i dag.

Dato   Stad   Koordinatar   Observatørar   Dagar/km/°

25.06 2009 Storøytåa, Mandal, Vest-Agder, Norway
57°59'18"N 007°26'10"E Bentsen, Thomas -

08.10 2009 Mandalselva Sentrum, Mandal, Vest-Agder, Norway
58°01'33"N 007°27'09"E Jørgensen, Finn 105/4/13

14.10 2009 Mandalselva Sentrum, Mandal, Vest-Agder, Norway
58°01'33"N 007°27'09"E Helberg, Morten 111/4/13

04.12 2009 Mandalselva Gamlebroa, Mandal, Vest-Agder, Norway
58°01'40"N 007°27'34"E Helberg, Morten 162/5/17

15.03 2010 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway
62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 263/486/347


14.08 2010 Brennevinsmyra, Mandal, Vest-Agder, Norway
58°01'04"N 007°30'33"E Flesjå, Inge
Helberg, Morten 415/5/52

25.12 2010 Mandalselva Fiskelaget, Mandal, Vest-Agder, Norway
58°01'30"N 007°27'06"E Jåbekk, Runar 548/4/12

01.01 2011 Mandalselva Øvrebyen, Mandal, Vest-Agder, Norway
58°01'43"N 007°27'49"E Jåbekk, Runar 555/5/19

onsdag 27. oktober 2010

Sandshamna, eit "måse-eldorado"!

Sandshamna på Sandsøya i Møre og Romsdal har i 2010 visst kva den er god for! Med ikkje mindre enn 2 kaspimåsar og 1 gulbeinmåse. I tilleg til desse har det også vore mange "kvitmåsar" innom! Med "kvitmåsar" meinar eg då grønlandsmåse og polarmåse. Dette er då nordlege artar, medan gulbein og kaspimåse er sørlege artar.

Polarmåsar og grønlandsmåsar er uvanlege, men langt i frå sjeldenheiter. Dei overvintarar langs norskekysten i eit moderat antall. På Sandshamna er det opp i mot 20 grønlands og 5-10 polarmåsar kvar vinter. Medan artar som kaspi og gulbeinmåse er mykje sjeldnare. Dette er nasjonale sjeldenheiter. Med ca. 20 funn av begge artane totalt i Norge. Både funnt av kaspimåse og gulbeinmåse vart førstefunn for MR. Neste art på Sandshamnlista blir vel noko Nord-Amerikansk...... Forhåpentligvis.... ;)




grønlandsmåse 2K (1.vinter)

gulbeinmåse (t.h.) 4K+ (4.vinter eller eldre)


kaspimåse 2K (1.vinter)

polarmåse 1K (1.vinter)

polarmåse 2K (1.vinter)

grønlandsmåse 3K (2.vinter)

kaspimåse 2K (1.vinter)


Grønlandsmåse 2K


Polarmåse 4K