Viser innlegg med etiketten grashoppesongar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten grashoppesongar. Vis alle innlegg

søndag 12. januar 2020

2019 - året som gikk

Då har vi så smått starta på eit nytt år, og då er det vel på tide å gå gjennom og oppsummere litt av kva som skjedde i året som gikk. Eit år der det gikk med mykje tid til vidareføring av dei prosjekta eg har jobba med tidligare. Det blei jobba spesielt med stormåsar (fellesbetegnelse på gråmåse, svartbak, sildemåse osv.), havsvaler, grashoppesongarar og svartstruper. I tillegg så hadde eg også 10-årsjubileum som feltarbeidar på Runde. Der sjøfuglartane på øya blir overvåka.

Nye artar for øyane
Dei siste åra har det ikkje vorte like mykje trakking i felt etter sjeldenheiter, men er ein ute og har auger og øyrer opne, så kan ein no kome over både det eine og det andre. Når det gjaldt nye artar for Sandsøya og Voksa i 2019, så vart det observert både knekkand (2. funn for øyane) og turteldue (1. funn for øyane). Og med desse to nye artane så har eg då personleg sett 226 fugleartar på Sandsøya og Voksa. Under kan du sjå både video og bilde av desse to nydelige fuglane.

Knekkand
Knekkanda, ein hann, vart sett i fjøra nordaust på Voksa 22. april, der den låg og næringssøkte i tangen. Eg hadde lenge venta på at denne anas-anda skulle dukke opp på øyane, så det var kjekt å endelig få stifte bekjentskap med denne arten.

Knekkanda har i hovudsak ein aust/søraustleg utbredelse i forhold til Norge, men ein finn dei også flekkvis i vest-Europa. I Norge er det ein sjeldan hekkefugl, men den har blitt påvist hekkande fleire stadar i landet. I Møre og Romsdal har den blant anna blitt påvist hekkande i Myklebustvatnet i Herøy kommune. Pga. sine strenge krav til hekkehabitat, der dei skal ha frodige og næringsrike tjern/vatn med rik kantvegetasjon, så er det ikkje mange stadane i Norge som er aktuelle som hekkeplassar. 





Turteldue
Og den andre nye arten, turteldua. Den dukka opp på Sandshamn, Sandsøya 25. september. Ei lokal dame hadde sett fuglen, og heldigvis så fekk eg vite om dette og kunne få sett denne nydelige dua med eigne auger. Denne årsungen (1K) må nok ha komt frå eit tidleg-kull, i og med at han hadde komt så langt i den postjuvenile mytinga.

Turteldua er ein relativt sjeldan fugl i Norge. Den hekkar ikkje her, men opp til fleire titals individ kan bli sett her dei beste åra. Funntoppane finn ein i mai og september/oktober. Dette er nok då hovudsakleg fuglar som kjem på avveie når dei kjem trekkande nordover frå Afrika, der dei overvintrar sør for Sahara, på våren, eller på sørtrekket om hausten. For å finne dei hekkande nærmast oss så må vi sør-/søraustover til det kontinentale Europa, samt over til dei Britiske øyane. 
Turteldue 1K, Sandshamn, Sandsøya 25. september 2019

Turteldue 1K, Sandshamn, Sandsøya 25. september 2019

Turteldue 1K, Sandshamn, Sandsøya 25. september 2019


Prosjektartar
Dei siste åra har hovudfokuset mitt vore på å jobbe med artar og artsgrupper. Eg har personlege kartlegging- og overvakingsprosjekt på både grashoppesongar, svartstrupe og havsvale. I tillegg til det så brukar eg veldig mykje tid på måsar, særlieg i vinterhalvåret, og på vår/sommar jobbar eg med overvaking av sjøfuglartane på Runde.

Grashoppsongar
2019-sesongen vart den 10. sesongen med data på grashoppesongarane på Sandsøya og Voksa. Totalt har eg i løpet av desse åra lært ekstremt mykje om denne, for det meste svært kryptiske, arten. Og 2019 var ikkje noko unntak. Då fikk eg blant anna sett på korleis grashoppesongarane taklar snøfall like etter ankomst. For i fjor ankom det nemleg fleire fuglar i slutten av april, like før det blei eit vêromslag, der det gikk frå over 20 grader celcius til kulde og snø.

Totalt kom eg over minimum 11 grashoppesongarhannar på ytste søre-Sunnmøre i 2019. 8 av desse vart lokalisert på Sandsøya/Voksa, medan dei 3 resterande vart lokalisert i ytre Herøy kommune.
Grashoppesongar 2K+ M, Våge, Sandsøya 30. april 2019

Grashoppesongar 2K+ M, Støyle, Sandsøya 27. mai 2019

Svartstrupe
I 2019 hekka det to par med svartstruper i Sandsvågen på Sandsøya. Totalt fekk dei fram 4-5 ungekull seg i mellom. Dessverre så fekk eg ikkje følgt opp desse like tett som tidlegare år, men eg fikk likevel ringmerkt to av desse kulla, eitt på 5 ungar, og eitt på 4. Det vart også innfanga og ringmerkt ei 2K hoe på våren.
Svartstrupe 2K F, Sandsvågen, Sandsøya 13. mars 2019

Svartstrupe pullus, Sandsvågen, Sandsøya 13. mai 2019

Havsvale
I 2018 starta eg opp havsvaleprosjektet mitt på Svinøya i Herøy kommune. Der har eg hatt utplassert fleire viltkamera og ei lytteboks, samt fanga inn fugl og ringmerkt dei på tradisjonelt vis med bruk av mistnett. I tillegg til dette har det også blitt ringmerkt ungar. Spørsmålet eg først og fremst ville svare på, var kor tid fuglane ankom koloniane på våren, men også alt rundt hekkebiologien får ein no innsyn i. Det er fortsatt veldig mykje å lære om desse små stormfuglane.

I 2019 fikk eg for andre året på rad data på ankomsten til havsvalene. Som i 2018 var dei første fuglane innom natt til 19. mai. I 2018 fikk eg videoopptak av ei havsvale som var innom reiret sitt natt til 19. mai, og i 2019 var eg der same natt og fangsta med mistnett. Det resulterte i to ringmerkte svaler. Dei tidligaste ringmerkte på våren i Norge nokon gong. Vi kan difor trygt seie at dei første havsvalene her på Nordvestlandet ankjem koloniane medio mai. Så gjenstår det å sjå om ein greier å påvise aktivitet i koloniane endå tidligare...

Dessverre så gjorde tekniske problem og sjukdom sitt til at eg ikkje fikk samla inn like mykje data som i 2018. Eg får heller kome sterkare tilbake i 2020!

I 2019 fikk eg det første "utslaget" på vilkamera natt til 20. mai. Her kjem svala inn for første gong etter å ha vore på havet i ca. 6 månadar. 


Her blir ungen mata av hannen. 



Her blir ungen satt på plass av ein av voksnefuglane til paret som hekkar like ved. 




Stormåsar
Som dei fleste kanskje har fått med seg, så er eg over middels interessert i måsar. Eg har sidan 2007, altså i 13 sesongar, følgt med på måsane her på ytre søre-Sunnmøre. Både i form av leiting etter sjeldenheiter, ringmerking av både vaksne fuglar og ungar, ringavlesingar osv.

Av sjeldenheiter vart det i 2019 sett ein eskimomåse-kandidat og ein kaspimåse, som eg allereie har skrive om her på bloggen. I tillegg til dei vart det sett eit x-antall kvite måsar, både polar- og grønlandsmåsar. Av desse så fekk eg fanga inn og ringmerkt to polarmåsar, ein i medio januar og ein i ultimo desember. Dette vil forhåpentligvis kunne vere med på å gi meir kunnskap om arten. 

Her er den 2K polarmåsen som blei innfanga og ringmerkt ved Larsnes 18. januar. Den vart etter merking sett 16 gongar på Sandshamn, Sandsøya. Og siste observasjon vart gjort 7. mars. 
Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Larsnes  18. januar 2019

Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Larsnes  18. januar 2019

Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Larsnes  18. januar 2019

Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Larsnes  18. januar 2019

Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 14. februar 2019


Sjøfuglovervaking Runde
Eg hadde min første sesong med feltarbeid på Runde i 2009, og hadde difor 10-årsjubileum i 2019. På desse 10 åra, eller 11 feltsesongane, har eg dessverre sett fleire negative endringar i fuglefjellet. Krykkja er meir eller mindre borte, skarveura er tom for toppskarv, og lundebestaden har gått betydelig ned osv. Men alt er ikkje berre negativt. For artane havsule og storjo gjer det godt, og har sunne vitale bestandar. Havsulekolonien, som er Norges største, teller i dag kanskje opp mot 5000 par, og er stadig aukande. Ungeproduksjonen er også svært god. Og når det gjeld storjoane så teller kolonien i dag ca. 105 par, og er norges største fastlandskoloni av arten. Dei produserer også godt med ungar, meir enn nok til å vege opp for den naturlege vaksendødligheita. 

Runde sett frå sørvest. 

Hekkesesongen 2019
Når det gjaldt hekkesesongen 2019 så var den god for fleire artar, då store mengder med sil kom inn i mai/juni og vart verande ut gjennom sommaren. Dette gjorde sitt til at det å finne mat til både seg sjølve og eventuelle ungar, ikkje var noko problem. Men igjen det er ikkje berre lokale næringsforhold rundt klekketidspunktet som spelar inn. Ingen av sjøfuglartane som hekkar på Runde er der heile året. Dei vandrar til forskjellige stadar, både kystnært og pelagisk, i både Atlanterhavet og opp i Nordishavet. Ja, fleire er innom begge hava i tida frå dei forlet kolonien på hausten til dei kjem tilbake på våren. Korleis næringstilgongen er der kan vere minst like avgjerande for korleis hekkesesongen går, som lokale næringsforhold etter dei har ankomt fjellet. 

Lundane, toppskarvane og havsulene gjorde det godt på Runde i 2019. Og krykkjekolonien vi overvakar i Ålesund gjorde det også godt. Dei gjenverande 350-500 krykkjepara på Runde gjorde det derimot nok ein gong svært dårleg, tross ei overflod av mat gjennom sommaren. Vidare så hadde storjoane eit middels år, med ein ikkje alt for god ungeproduksjon. Men dei hadde ein veldig god ungeproduksjon i 2018, så eit halvdårlig år er ingen katastrofe. Når det gjaldt alke og lomvi så virka dei å ha ein dårlig hekkesesong. Der var nok kondisjonen dårlig etter vinteren, og sjølv ein god næringssituasjon frå mai og utover hjalp då ikkje. For ei overflod av mat då har no ingen tilbakevirkande effekt, dessverre. 

Vi får berre håpe at det eksplosjonsarta innsiget av sil langs kysten i 2019, som ikkje er sett på mange, mange tiår, kan virke positivt for heile det marine økosystemet i åra som kjem. I så fall så kan ein jo vere forsiktig optimist med tanke på situasjonen til sjøfuglane våre... 

Under ser du ein vaksen lunde med ein nebbfull sil, samt ein av ungane som såg dagens lys der i 2019. 
(Dessverre så har vi pr. dags dato eit minkproblem på Runde. Og dei største tapa finn ein hos lundane. Det blei drept totalt fem minkar i feller i lundeura i tidsommet mai t.o.m. oktober, men dette var nok langt frå alle. Forhåpentligvis kjem det enda fleire minkfeller ut i fjellet i 2020. For minken har ingenting i fjellet å gjere. For allereie sterkt pressa sjøfuglbestandar, så er det siste dei treng minken som predaterer i stort omfang)

Lunde 4K+, Runde juni 2019

Lunde pullus, Runde juni 2019

tirsdag 5. juni 2018

Egretthegre, skjeand m.m. mars - mai 2018

Den siste tida har det blitt ekstremt mange timar i felt. Det har då vore snakk om feltarbeid på Runde, samt feltarbeid på mine eigne prosjekt. Dessverre har det ikkje blitt sett all verdens av sjeldenheiter, men eg har i løpet av desse månadane fått meg ein ny art for øyane. Den 9. april, då eg var på veg over til Voksa med bil, såg eg ein kvit prikk i sitkagranene på Flatøya. Der skulle det jo ikkje vere noko kvitt... Det første eg tenkte var egretthegre. Og heldigvis hadde eg rett. For i gråhegrekolonien på Flatøya satt det nemlig ein nydelig kvit egretthegre. For meg vart dette den 230. fuglearten på Sandsøya og Voksa, og den andre nye for året, etter fossekallen i januar. Egretthegre vart derimot ikkje ein ny art for øyane. Tidlig på 2000-talet vart det nemlig sett ein i Sandsvågen på Sandsøya av lokalbefolkninga.

Dei siste åra har det blitt sett fleire og fleire egretthegrar i Norge, og om arten ikkje allereie har hekka her, er det nok like før. Egretthegren har ein søraustlig utbredelse, men dei siste åra har den komt inn som hekkefugl også lenger nord/nordvest. I følge det som står skrive på Dansk Ornitologisk Forening sine nettsider, så vart egretthegre funnen hekkande både i Tyskland, England og Sverige i 2012. Og i 2014 vart den også påvist hekkande i Danmark. Er Norge det neste landet på lista?

Her er nokre bilder av fuglen frå Flatøya. Det gule nebbet og mangel på forlenga prydfjører på nedrygg og hals/bryst, viser at det må vere ein 2K-fugl, altså ein fugl som blei klekt i 2017. 
Egretthegre 2K, Flatøya 9. april 2018

Egretthegre 2K, Flatøya 9. april 2018

Egretthegre 2K, Flatøya 9. april 2018

Egretthegre 2K, Flatøya 9. april 2018

Egretthegre 2K, Flatøya 9. april 2018

Egretthegre 2K, Flatøya 9. april 2018

Den 21. april vart det også sett ein egretthegre i Grimstadvatnet på Hareid, som eg også fikk med meg. Der var det snakk om ein voksen fugl i praktdrakt. Med forlenga prydfjører, mørkt nebb, og også raude tibia.

Her er ein link til eitt par bidler av hegren frå Hareid:  http://artsobservasjoner.no/Image/938578


3. obs for øyane
Av andre uvanlige fuglar, kan eg nemne, for min del, øyane sin tredje observasjon av skjeand. Tidligare har eg sett ein hann ved Varholmen på Sandsøya (2007), og eitt par i Sandsvågen på Sandsøya (2014). Årets fugl, ein hann, blei sett 2. mai i Småsunda ved Voksevegen, like nord for Voksa. Den låg og beita i tangen der. Skjeanda er hovudsaklig ein sør/søraustlig art som hekkar i frodige og produktive ferskvatn. Dei kan også i sjeldne tilfeller hekke ved saltvatn og brakkvatn. I Møre og Romsdal er arten påvist hekkande i Myklebustvatnet ved Fosnavåg, på Borgarøya utanfor Ulsteinvik, i Grimstadvatnet ved Hareid, på Sulalandet i Sula kommune og i Fræna. Skjeanda er ein fåtallig hekkefugl her til lands. I det forrige århundret auka bestanden av skjeand i Norge. Dette skuldast nok ei utvandring frå aust pga. øydeleggelse av hekkehabitat som ei følgje av oppdyrking. Her til lands har også auka på tilfredsstillande vatn som ei følge av menneskeskapt oppgjødsling, hovudsaklig frå landbruket, spelt inn på bestandsauken. Bestandstoppen hadde vi på 1970- og tidlig 80-tal. Etter dette har antalet hekkefuglar avtatt.

Skjeand 2K+ M, Småsund, Voksevegen 2. mai 2018

Skjeand 2K+ M, Småsund, Voksevegen 2. mai 2018

Skjeand 2K+ M, Småsund, Voksevegen 2. mai 2018

Av andre uvanlige fuglar, kan eg nemne øyane sitt 5.-6. funn av sivhauk. Den 9. mai såg eg nemlig eitt hofarga ind. aust på Voksa. Ut i frå at den var fiskemåsestor, så er det nok liten tvil om at det dreia seg om ein 2K hann. Det kan også nemnast at eg høyrde ein syngande vendehals på Støyle, Sandsøya 10. mai. Den hadde då blitt høyrd i nokre dagar av onkelen min.


Tilbake som hekkefugl...
Som eg nemne til å begynne med, så har det blitt brukt ufattelig mykje tid i felt i det siste. Ein god del av denne tida har blitt brukt på kartlegging av svartstruper på Sandsøya. Etter å ha vore borte som hekkefugl sidan 2015, hadde eg store forhåpningar om at dei i 2018 igjen ville hekke her på øya. I vinter vart det nemlig sett to overvintrande hannar. Visst dei greidde vinteren, som ikkje var alt for hard, var sjansen stor for at dei kunne danne par og då få fram ungar. Dessverre, ser det ut som om at berre ein av hannfuglane greidde vinteren. Fuglen som overvintra i Hellandsvågane, heilt vest på Sandsøya, blei ikkje sett igjen etter 18. januar. Denne fuglen var ein 2K, altså ein fugl klekt i 2017. I motsetning til fuglen som overvintra i Våge, som såg ut til å vere ein 3K+ fugl, så hadde den ikkje erfaring med overvintring. Ei slik erfaring kan vere heilt avgjerande på om overvintringa lukkast eller ikkje. For går det først gale får du ikkje eit andre forsøk...

I Sandsvågen, Sandsøya sin beste hekkeplass for arten, vart det sett ein hann på hekkeplass i lyngheia 23. mars. Dette var høgst trulig den same fuglen som overvintra i Våge. Både fuglen i Våge og fuglen som dukka opp i Sandsvågen, var 3K+ fuglar. Visst det er par som overvintrar i lag, og begge greier seg gjennom vinteren, kan dei starte hekking veldig tidlig. I 2015 blei første egg, i første kull, lagt allereie rundt 20. mars. I år var det kaldt lenge, og det var heller ingen hoer i området, dermed var det umulig å gå til hekking like tidlig.

Denne fuglen kan aldersbestemmast til 3K+ på blant anna manglande mytegrense i tertiærar, eller mellom tertiærar og armsvingfjører. Vidare så er det liten til minimal slitasje på handsvingfjører og stjertfjører, og form og kvalitet på desse viser dei er av adult type. 
Svartstrupe 3K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 23. mars 2018

Svartstrupe 3K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 23. mars 2018

Den 11. april reiste eg til Finnmark. Eg hadde då fortsatt ikkje sett ein hofugl i lag med hannen. Då eg kom heim 22. april, var det derimot ei hoe på plass, samt at det hadde dukka opp ein hannfugl til, ein 2K-fugl. Denne hannfuglen holdt det gåande i ca. 2 veker før den forsvann. Det har ikkje lukkast å finne han andre stadar på øya.

Denne hannen kan aldersbestemmast til 2K (klekt i 2017) pga. kontrast mellom nye 2. generasjons tertiærar, som blei inkludert i den postjuvenile mytinga, og slitte juvenile armsvingfjører, samt stor slitasje og generelt dårlig kvalitet på juvenile sving- og stjertfjører. 
Svartstrupe 2K M, Sandsvågen, Sandsøya 25. april 2018

Svartstrupe 2K M, Sandsvågen, Sandsøya 25. april 2018

Svartstrupe 2K M, Sandsvågen, Sandsøya 25. april 2018


Hofuglen kan aldersbestemmast til 2K på det same som hannen over, altså myteskille i tertiærar, samt stor slitasje og dårlig kvalitet på juvenile sving- og stjertfjører. 
Svartstrupe 2K F, Sandsvågen, Sandsøya 24. mai 2018

Svartstrupe 2K F, Sandsvågen, Sandsøya 25. april 2018

Når det gjeld paret, altså den voksne (3K+) hannen og den nye unge (2K) hoa, så danna dei par og har per dags dato fått fram eitt ungekull. Den 8. mai såg eg hoa kome flygande ut av reiret med klekkeskal. Og 9 dagar etter, på sjølvaste 17. mai, var eg sta og ringmerkte fire velskapte ungar. 24. mai, då ungane var 16 dagar gamle, hadde dei forlatt reiret.

Her er eit bilde av ein av dei fire ungane tatt under ringmerking 17. mai, då ungane var 8-9 dagar gamle.
Svartrupe pullus, Sandsvågen, Sandsøya 17. mai 2018

Her har vi den same ungen 13 dagar etter, då ca. 22 dagar gammal. Dei mørke øyredekkarane, i tillegg til mykje kvitt på indre store armdekkarar, viser at fuglen er ein hann. 
Svartstrupe 1K (juvenil) M, Sandsvågen, Sandsøya 30. mai 2018


Tilbakevendande grashoppesongarar
Også i år har eg vidareført grashoppesongarprosjektet mitt. Det innebærer blant anna å gå rundt å lokalisere nyankomte fuglar ved hjelp av lyd. I år lokaliserte eg årets første hann 30. april. Det var ein fugl som eg ringmerkte på same plass, i Våge på Sandsøya, tilbake i 2016, og som då er her for det tredje året på rad. I 2016 ankom han territoriet sitt i Våge natt til 8 mai, i 2017 ankom han natt til 1. mai, og i år ankom han enten natt til 29. eller 30. april. Han kjem altså berre tidligare og tidligare... 

Grashoppesongar 4K+ (3 år eller eldre) M, Våge, Sandsøya 30. april 2018

Den andre tilbakevendande grashoppesongaren eg har komt over i 2018, sat og song på Remøy, Remøya natt til 24. mai. Han blei ringmerkt på same plass 22. juni 2015. Han vart sett der også i 2016, medan den i fjor ikkje blei lokalisert. I år er han derimot på plass igjen. Denne fuglen er då altså minst 4 år gammal, og blir då ein av Norges eldste registrerte grashoppesongarar. Verdens eldste grashoppesongar vart kontrollert 5 år og 11 mnd. etter merking. Eg har altså noko å strekke meg etter... 

Grashoppesongar 5K+ (4 år eller eldre) M, Remøy, Remøya 24. mai 2018

Grashoppesongar 5K+ (4 år eller eldre) M, Remøy, Remøya 24. mai 2018

Totalt så har eg så langt i 2018 (per 4. juni) lokalisert 8 grashoppesongarhannar på Sandsøya og Voksa, i tillegg til 4 hannar utanfor øyane. Meir om desse vil eg kome tilbake med seinare. 

torsdag 18. januar 2018

Grashoppesongarar 2017

Grashoppesongarprosjektet som blei starta opp i 2010 vart vidareført også i 2017. I løpet av desse åra har eg lært veldig mykje om grashoppesongarane. Her er ein lita oppsummering av sesongen 2017, samt ein liten gjennomgong av relevante data.

Her sjekkar eg ein lokalitet på Voksa etter grashoppesongarar.

Årets første kartleggingsrunde rundt på Sandsøya og Voksa i 2017 vart unnagjort 29. april. Og metodikken var slik den har brukt å vere, nemlig å gå rundt på potensielle lokalitetar og spele lyd ei stund på kvar enkelt lokalitet. Har det ankomt ein grashoppesongarhann på lokaliteten, så vil den i dei fleste tilfeller respondere på denne provokasjonen, enten ved å svare med song/varsellydar, eller ved å kome flygande mot der eg står og spelar lyd, for å prøve å skreme vekk det den trur er ein inntrengjar. Gjer eg dette daglig i ankomstperioden så får eg då ein veldig nøyaktig ankomstdato på fuglane. Dette har eg gjort sidan 2011.

I 2017 tok det ikkje mange dagane før eg greidde å lokalisere årets første hann. Allereie den 1. mai var det ein på plass. Denne fuglen responderte på lyd på ein lokalitet der det var ein grashoppesongar også i 2016. Så då var det store spørsmålet, var det den same fuglen som var tilbake? Etter litt om og men så satte fuglen seg opp slik at eg fikk sett beina på den. Var det den same fuglen så skulle den ha ein metallring på venstre bein, og ein fargering med eit nummer på, på høgre bein. Og joda den hadde ringar, men var det den same fuglen? Då var det berre å leite fram fotokameraet for å prøve å få tatt bilder av nummeret på fargeringen. Etter nokre minutt hadde eg endelig fått bildet eg trengte, eit som viste nummeret på den gule plastringen. Dette nummeret var 34. Det ville altså seie at det var den same fuglen som var tilbake nok ein gong. I 2016 ankom den lokaliteten natt til 8. mai. I 2017 var den altså nøyaktig ei veke tidligare ute. Dette kan eg seie fordi lokalitetane, både i 2016 og i 2017, blei sjekka dagen i forvegen, utan at fuglen då hadde ankomt.

Her er eit par bilder av den tilbakevendande grashoppesongarhannen som blei tatt 1. mai, like etter at eg hadde lokalisert den ved hjelp av lyd. Legg merke til fargeringen. Denne let seg relativt enkelt lese av i felt ved hjelp av foto. Dette gjer då at eg slepp å fange inn fuglen for å identifisere den, og dermed stresse den unødig.

Grashoppesongar 3K+ M, Våge, Sandsøya 1. mai 2017

Grashoppesongar 3K+ M, Våge, Sandsøya 1. mai 2017



Statistikk over tilbakevendande fuglar
Når vi først er inne på tilbakevendande fuglar, så kan vi jo sjå litt på statistikken her. I åra f.o.m. 2010 t.o.m. 2016 har det på dette prosjektet blitt ringmerkt heile 74 grashoppesongarhannar. Av desse fuglane så har 10 hannar komt igjen frå eit år til eit anna. Dette gir då ein gjenfunnsprosent frå eit år til eit anna på 13,5% (10 av 74).

I stolpediagrammet under ser du ringmerkte fuglar per år (blått), og kor mange frå det året som blei observert året etter (oransje). Ser vi på 2010 så blei det ringmerkt 10 hannar. Av desse kom ikkje mindre enn 4 igjen året etter, altså heile 40%. Dette er den høgste gjenfunnsprosenten eg har hatt frå eit år til eit anna. Frå 2014 til 2015 kom 3 av 15 (20%) tilbake. Frå 2015 til 2016 kom 2 av 11 (18,2%) tilbake. Og frå 2016 til 2017 kom 1 av 4 (25%) tilbake. 



Men dette er jo fuglar som eg har lukkast å lokalisere. Det er jo nødvendigvis ikkje slik at dei kjem tilbake frå eit år til eit anna på den same lokaliteten. Grashoppesongar «34» er jo eit eksempel på ein fugl som kjem tilbake til den eksakt same lokaliteten også året etter, men alle er ikkje like stadbundne. Av dei 10 tilbakevendande fuglane er det 3 (30%) som har flytta seg fleire kilometer frå der dei holdt til året før. Kor mange slike fuglar det er som sit rundt omkring der ute, med "mine" ringar, skulle eg gjerne likt og visst. Eit av måla for neste år er prøve å sjekke eit enda større geografisk område for songarar, og då sjå om det finst fuglar som eg har merkt åra før som har funne seg nye hekkeplassar.

Her er eit oversiktskart som viser forflytningar frå eit år til eit anna. Ringmerkingslokaliteten er merkt med grønt, og lokaliteten den slo seg ned på året etter er merkt med raudt. Vi kan jo starte med den songaren med lengst forflytning. Dette var ein songar som blei ringmerkt på Hovden, Hareid 1. juli 2014. I 2015 var dette den første songaren eg lokaliserte. Den hadde då slått seg ned  på Sandshamn på Sandsøya. Den hadde då forflytta seg ganske nøyaktig 27,5 km frå der den holdt seg året før. Ser vi på fuglen som har forflytta seg nest lengst, så forflytta den seg frå sørtuppen av Voksa, der den hekka vellukka i 2014, til Remøya året etter, i 2015. Denne flytta seg då ca. 19 km. Og sist men ikkje minst så var det ein fugl som forflytta seg frå Voksa til Sandsøya. Denne fuglen blei ringmerkt i 2010, og var ein av fire som kom igjen året etter, i 2011. Den hadde då flytta seg 3,4 km. 



Denne fuglen vart ringmerkt på Hovden, Hareid i 2014, og i 2015 vart den funnen på Sandshamn, Sandsøya ca. 27,5 km mot vest/sørvest. 
Grashoppesongar 3K+ M, Sandshamn, Sandsøya 4. mai 2015. 

Songar «17» blei den første tilbakevendande fuglen med fargering. Den blei ringmerkt i Sivertvika på sørsida av Voksa 2. mai 2014. Året etter, i 2015, blei songaren funnen syngande på Remøy, Remøya natt til 26. mai, ca. 19 km mot nord/nordaust. 
Grashoppesongar 3K+ M, Remøy, Remøya 26. mai 2015. 

Av desse tilbakevendande fuglane så er det berre ein som har komt igjen til same, eller så og seie same lokalitet, tre år på rad. Ein av fuglane som blei ringmerkt i oppstartsåret for prosjektet i 2010, kom nemlig igjen både i 2011 og 2012. Den hadde altså ikkje minde enn tre hekkesesongar her på øyane. 
Grashoppesongar 4K+ M, Våge, Sandsøya 9. mai 2012.
Denne fuglen blei opprinnelig ringmerkt i Våge i mai 2010. Både i 2011
og 2012 kom den tilbake og oppholdt seg i det same området. 


Eit godt år
Så tilbake til fjorårets sesong. Etter at årets første hann blei lokalisert 1. mai, ankom det to nye hannar den påfølgjande natta. Etter dette ankom det enda ein ny hann natt til 5. mai. Og med ein slik start der eg allereie 5. mai hadde 4 grashoppesongarhannar, så låg alt til rette for eit kjempeår. Ikkje sidan knallsesongen 2011, der det var registret minst 32 hannar her på øyane, har eg hatt liknande tal så tidlig. I 2017 skulle dessverre ankomstmønsteret avvike ein god del frå normalen. Dei fleste åra ser det ut til av vi har ein ankomsttopp i medio mai, altså i perioden 11.-20. mai. I fjor derimot, så akom det ikkje ein einaste fugl i denne perioden. Skulle det likevel bli eit under middels år? Heldigvis så ankom det tre nye hannar i løpet av dei siste dagane av mai, noko som gjorde at totalen då kom opp i 7 hannar. Alle desse fuglane blei verande, og trulig danna fleire av dei par og fikk fram ungar. 

Her er ei oversikt over ankomstdatoar på grashoppesongarhannar på Sandsøya og Voksa i åra f.o.m. 2011 t.o.m. 2017.


Den siste grashoppesongaren som kom til i 2017, her på øyane, var ein hann som satt og song i Sivertvika på Voksa natt til 25. juni. Denne kan nok ha vore nokre dagar på lokaliteten då eg ikkje hadde lytta der på ei lita stund. Det merkelige her var at etter at eg fanga inn og ringmerkte fuglen den påfølgjande morgonen, så såg eg ikkje snurten av den. Dette er langt frå normalt. Etter at eg fikk ringmerkingslisens i 2013 så starta eg å fange inn songarane med ein gong dei dukka opp, dei fleste rett etter ankomst. Av 31 hannar som eg har ringmerkt på Sandsøya og Voksa i åra 2013-2017 så har 29 (90,6%) av desse blitt verande i det same området også i dagane etter merking. Det er altså ikkje normalt at dei forduftar frå området etter å ha blitt innfanga. Men kanskje var denne på vandring, og når den då blei innfanga så blei det for mykje stress og den bestemte seg for å flytte seg vidare. Kven veit... 

Totalt enda det då med 8 grashoppesongarhannar på Sandsøya og Voksa i 2017. Dette, sett vekk i frå åra 2010 og 2011, er eit godt år for arten. Her er ei oversikt over antal hannfuglar per år i åra 2010-2017. 


Og her finn du to oversiktskart som viser grashoppesongarane på Sandsøya og Voksa i 2017. 



Unormale forflytningar
Det var ikkje berre ankomsttidene på fuglane i 2017 som var unormale. Forflytningane nokre av dei gjorde etter at dei hadde ankomt var også spesielle. Normalt, etter at ein fugl har slått seg ned på ein plass og danna teritorium, så held den seg der og flyttar ikkje mykje på seg. Dei kan flytte på seg visst dei ikkje får "napp" der dei sit og syng, men dei prøver seg i alle fall normalt minst to veker på ein lokalitet før dei flyttar seg vidare. I fjor var det derimot nokre av fuglane som flytta seg ekstremt mykje rundt. Hadde dei ikkje vore ringmerkte så hadde eg nok fort anslått totalen på grashoppesongarhannar til å vere ein plass mellom 15 og 20. Dette er noko ein må ta i betraktning når ein skal anslå antal ind. utan at fuglane er ringmerkte. I ein slik situasjon der det kanskje er mangel på hofuglar, og samtidig mange territorium står opne og det dermed er fritt for fuglane å forflytte seg rundt utan å møte på ein konkurrent, så kan ein fort anslå eit tal som er betydelig høgre enn det som er reelt.

Songar «36» (innteikna med gult på kartet under) gjorde noko som eg ikkje hadde opplevd tidligare. Den forflytta seg heile 740 meter frå der den opprinnelig sat og song, for så å ende opp tilbake på sin opprinnelige lokalitet. Eg har tidligare opplevd at dei forlyttar seg nokre hundre meter, men aldri at dei har endt opp tilbake der dei kom frå. (Songarane kan også bruke eit relativt stort område på dagtid, men dei har som regl eit ganske fast området der dei sit og syng) 


Grashoppesongar 2K+ M (36), Våge, Sandsøya 2. mai 2017

Ser du på kartet under (innteikna med grønt) så ser du at songar «40» også forflytta seg ein del. Etter at den flytta seg frå der den blei ringmerkt så enda den opp nede mot Sandsvågen der songar «36» holdt til. Der vart dei også sett i lag. To netter etter så hadde den derimot flytta seg lenger vest, og sat då på den same lokaliteten songar «36» hadde sete på berre to dagar i forvegen.

Grashoppesongar 2K+ M (40), Våge, Sandsøya 27. mai 2017

Også songar «34» (innteikna med raudt på kartet under) hadde seg eit par utflukter for så å ende opp tilbake på sin opprinnelige lokalitet, den same som han også brukte i 2016. Ein kan til tider seie at det ikkje var enkelt å holde styr på kven som var kor. Ein ting er i alle fall sikkert, utan ringar på beina hadde det blitt vill gjetting. Men med ringar på beina så får ein eit fantastisk innblikk i korleis dei forskjellie songarane brukar det tilgjengelige arealet, samt korleis dei forheld seg til kvarandre. 


Forflytningar gjort av grashoppesongarar i Våge på Sandsøya i 2017. 
Dei forskjellige punkta er plotta der fuglane satt og song.


Få songarar utanfor øyane
I tillegg til dei 8 grashoppesongarhannane som blei observert på Sandsøya og Voksa, så lokaliserte eg også eitt par utanfor øyane. Natt til 13. mai kom eg over ein syngande hann ved hamna på Koparstad på Nerlandsøya, og natt til 14. mai satt der og song ein på Hageselle i Gjerdsvika på Gurskøya. Utanom desse to var det ikkje mykje meir å oppdrive for min del i 2017. Ser vi på funn ellers i fylket, så vart det der rapportert 5-6 syngande hannar. 

Her er grashoppesongaren frå Koparstad og Gjerdsvika plotta på kartet.