søndag 14. juli 2013

Ringmerking av måse- og storspoveungar juni og juli 2013

Dei siste vekene har det blitt brukt ein god del med tid på ringmerking av måseungar. I fjor fikk eg ring- og fargemerkt 48 gråmåse- og 30 svartbakungar, men i år har eg satsa endå hardare og antallet er ein god del høgre, i hvertfall på nokre av artane. Totalt har eg nemleg i år så langt fått merkt 226 gråmåsar, 34 sildemåsar og
2 svartbakar. Alle desse har i tillegg til ein metallring fått påsatt ein fargering, noko som gjer det utruleg mykje enklare å få identifisert fuglane, og også mange, mange fleire gjenfunn. Når det gjeld ungeproduksjonen, så er det blant gråmåsane og sildemåsane heilt på det jamne, men når det gjeld svartbakane så virkar dei å ha eit svært dårleg år. Det er nemleg knapt ein unge å sjå, og dei få ungane som var der tidleg har hatt ein lei tendens til å forsvinne... Dermed vil eg nok slite med i det heile tatt å kome over 10 merkte ungar av arten i år. Men med så mange fargemerkte totalt som eg har hittil på dei andre artane, så skal det bli svært spennande utover seinsommaren, hausten og vinteren, samt i åra framover å sjå kor mange gjenfunn det vil gi. For mange gjenfunn blir det garantert!

Her er nokre bilder av eit par måseungar. På desse bilda er det mulig å samanlikne
karakterar på gråmåse og sildemåse.
 
Gråmåse (pullus)
 
 Sildemåse (pullus)
 
Fargemerking av storspove
I tillegg til å merke måseungar så har eg også komt over eit par storspoveungar, det då på Sandsøya. Desse har blitt merkte, og som på måseungane så har det også her blitt satt på fargeringar i tillegg til metallringen. Dermed er det fullt mulig å få identifisert fuglen på langt hold med hjelp av foto og/eller teleskop. Dermed er det berre å kikke ekstra godt på storspovene heretter! Det samme gjeld sjølvsagt også måsane...
 
Storspove pullus, Sandsøya 30.juni 2013.

For den som er interessert i å lese meir om dette fargemerkingsprosjektet på storspove så er det mulig å gjere nettopp det ved å gå inn på dette blogginnlegget frå i fjor: http://ingarsfuglebilder.blogspot.no/2012/07/fargemerkingsprosjektet-for-storspove.html