NB! Denne bloggen er optimalisert for internet explorer. I andre nettlesarar kjem ikkje teksta alltid i korrekt rekkefølge!

onsdag 14. mars 2012

Sandsøya/Voksa 28.02-13.03.12

Dei siste par vekene har det ikkje vorte satsa all verden i felten. Men nokre få turar har det no blitt. Det har desverre ikkje vore så alt for mykje å sjå... Talet på måsar på Sandshamna har vore veldig lavt i det siste, og utan måsar er det ikkje så mykje så sjå på denne tida av året! Men heldigvis så har det starta å dukke opp nokre vårteikn. Tjelden og gravanda har komt for allvor, og svarttrosten har såvidt starta å synge for å nemne nokre vårteikn. På måsefronten har det vore ein god del krykkjer inne på hamna dei siste dagane (100+ ind.), og talet på grønlandsmåsar har variert frå så og seie ingen opp til minst 10 ind. Av grønlandsmåsane så vart det sett eit ny 5K+ kumlieni den 28.februar. Dette var minst den 11. sikre kumlienien som har blitt sett her på øyane denne vinteren! Av andre "kvitmåsar" så vart det i går og i føregårs (12-13.mars) sett 1 2K polarmåse, også det nesten sjølvsagt då på Sandshamna. Det har også blitt sett og avlest ein fargemera måse i denne perioden. Den kan du lese meir om nederst i innlegget....

Her er nokre observasjonar frå den 12. og 13.mars som det var å legge merke til.
dvergdykkar 2 (Voksevegen)
grågås 80+ (Voksa)
gravand 17 (Storevika/Sandsøya)
sanglerke 9+ (Voksa)


Fargemerka gråmåse
I føregårs den 12.mars vart det sett og avlest ein 2K gråmåse på Sandshamna. I tillegg til den måsen vart det også sett ein adult gråmåse med fargering. Men desverre så var lysforholda for dårlege, og måsen var på for langt hold til å greie å lese av ringen!

Her er informasjonen om den måsen som eg greidde å lese av.

Gråmåse 2K (1.vinter), Sandshamna 12.mars
Denne har fargeringkode J3961.

















Gråmåsen med fargeringkode J3961 blei merka som ein ikkje flygedyktig unge på Torsnes i Karlsøy kommune i Troms den 9.juli i 2011. Dette var det første gjenfunet av måset etter at den blei merka i fjor.

Dato       Stad                                       Koordinatar         Observatørar         Dagar/km/°

09.07 2011 Torsnes, Karlsøy, Troms, Norway 70°13'04"N 019°31'25"E Lorentzen, Nils Helge -
12.03 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 247/1082/221


Avstanden frå Torsnes i Troms og "ned" til Sandshamna er på 1082 km.

lørdag 25. februar 2012

Kva kan ein forvente for grashoppesongarsesongen 2012...?

Dei to siste vårane og sommrane har det sikkert som mange har fått med seg vore store antall med grashoppesongarar på Sandsøya og Voksa.... Det starta med at det våren og sommaren 2010 vart observert 15 hannfuglar. Går ein då vidare og oppsummerar fjoråret, altså 2011 så kan ein mildt sagt seie at det var ei god auke.... For i løpet av sesongen var det innom ikkje mindre enn 34 forskjellige hannfuglar på øyane. Dermed auka det frå 15 hannfuglar i 2010 til 34 i 2011. Det vil seie at det auke med godt over det dobbelte!! Så kva skal ein då håpe for årets sesong? Var det ei reell auke, eller var det berre eit eingongstillfelle? Heldigvis er det ikkje så alt for lenge til vi får svaret. For med dei rette veir- og vindforholda så kan nok den første grashoppesongaren vere på plass allereide rundt den 20.april. Men då må det klaffe optimalt. Det vanlege er at songarane så langt nord ikkje dukkar opp før dei siste par dagane av april, og er det ugunstige forhold så dukkar ikkje dei første opp før den første veka av mai har gått! Ein ting er sikkert, tida vil vise... Forhåpentlegvis vil dei første dukke opp ekstremt tidleg. Det er i hvertfall mitt ønske!

Her er linkar til oppsummeringa av grashoppesongarsesongen 2010 og 2011.
2010: http://ingarsfuglebilder.blogspot.com/2010/10/grashoppesongarar-pa-sandsya-og-voksa.html
2011: http://ingarsfuglebilder.blogspot.com/2011/09/grashoppesongaroversikt-for-sandsya-og.html

Og for å friske opp korleis desse nydlige skapningane faktisk ser ut, så legg eg inn nokre bilder frå 2011.
MR sin tidlegaste registrerte grashoppesongar gjennom tidene.
Denne satt nemleg og song på Sandsøya så tidleg som den 23.april!

Ein grashoppesongar i sitt rette miljø...

Denne grashoppesongaren kom attende for det andre året på rad, då den
vart funnen på den eksat samme plasse i 2011 som der den vart ringmerka
på i 2010. No har denne i lag med 31 andre grashoppesongarar i løpeat av
dei to siste åra fått påsett metallring og fargering, eller berre metallring.
Så no skal det bli spennande å sjå kor mange av desse som
dukkar opp i 2012.....

Portrett av grashoppesongar på Voksa tidleg i mai.

Grashoppesongarane lever eit liv så og seie uten unntak på bakken, der dei
pilar rundt som mus. Unntaket er når dei syng å skal trekke til seg ei hoe.
Då set dei ofte heilt opent på eit grasstråd eller i ei busk. Dei vil
nemleg opp slik at den karakteristiske songen breir seg vidt utover.

torsdag 23. februar 2012

Fargemerka gråmåse frå Mjøsa... 23.02.12

For ente gong denne vinteren så vart måsane på Sandshamna nøye sjekka. Resultatet frå i dag vart minst
10 grønlandsmåsar, derav 1 2K, 6+ 3K, 1 4K, 2+ 5K+. Men dagens mest spennande måse var ein adult fargemerka gråmåse! Denne måsen vart nemleg den andre fargemerka fuglen som opprinneleg kjem frå området ved Mjøsa. Den forrige fargemerka måsen som stamma frå Mjøsaområdet kan du sjå i det forrige innlegget.

Her er informasjonen om dagens fugl.
Grmåse 10K (9.vinter), Sandshamna
Her er bildet rortert slik at det berre er å lese koda på fargeringen frå
venstre mot høgre. Koda er veldig utydeleg, men på ringen står det J7A8.






















Gråmåsen med fargeringkode J7A8 vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) den 16.juni i 2003 på Biri i Gjøvik kommune i Oppland. Det vil då seie at måsen i dag er 10K. Som igjen vil seie at til sommaren blir den 9 år gammal. Etter at måsen vart merka i 2003 hadde den ikkje blitt sett før i dag!

Dato            Sted                                                    Koordinater          Observatører       Dager/km/°

16.06 2003 Fluren, Biri, Gjøvik, Opland, Norway 60°58'23"N 010°36'31"E Fjeldstad, Dag Leonard -
23.02 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 3174/306/299



Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå Biri og til Sandshamna er på 306 km.

søndag 19. februar 2012

Ring- og fargemerka gråmåsar m.m. 17-18.02.12

I går og i føregårs vart det satsa ekstremt hardt i "felten". Og som vanleg på denne tida av året vart det sjølvsagt satsa på måsar. I føregårs (17.februar) var det eit stort antall med måsar å sjå på Sandshamna. Det var nok snakk om nokre tusen fuglar. Noko som soleklart er det største antallet som det har vore å sjå der denne vinteren! I går derimot var det litt færre måsar igjen, men meir enn nok til å "jobbe" med. Om satsinga ikkje har resulterte i sjeldenheiter har det resultert i noko som nesten er like spennande, nemleg fargemerka måsar... Dei kan du lese meir om under!

Ring- og fargemerka gråmåsar
Her er historia til dei merka gråmåsane som eg har avlest dei siste dagane...


Ind.1
Gråmåse 22K (21.vinter), Sandshamna


















Eg fikk raskt svar på den ringmerka måsen som eg leste av på hamna den 16.februar. Her er informasjonen eg fikk ang. måsen. Gråmåsen merka med metallring nr. 4158872 vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) den 22.juni i 1991. Det vil seie at måsen no er inne i sitt 22 kalendarår (22K), som igjen vil seie at måsen til sommaren blir 21 år gammal. Den vart merka på Hovden i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Dette var det første gjenfunnet av måsen etter at den vart ringmerka!

Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå Hovden til Sandshamna er på 72 km.

















Ind.2
Gråmåse 2K (1.vinter), Sandshamna 17.februar
Fargering nr. JN632.

















Måsen merka med fargering JN632 vart sett på Sandshamna i føregårs (17.februar). Denne måsen som no er inne i sin 1.vinter (2K) vart merka som ein 1K den 4.november i 2011 i Byparken i Bergen. Der blei den sett fleire gongar heilt fram til den 7.januar. Etter dette har den ikkje blitt sett før den vart funnen på hamna.

Her er ei fyldig funnhistorie!

Dato        Stad                                          Koordinatar   Observatørar    Dagar/km/°

04.11 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian -
05.11 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 1/0/0
12.11 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Jørgensen, Finn 8/0/0
13.11 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Jørgensen, Finn
Mjøs, Alf Tore 9/0/0
16.11 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Jørgensen, Finn 12/0/0
20.11 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Jørgensen, Finn
Pedersen, Christian 16/0/0
21.11 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Pedersen, Christian 17/0/0
24.11 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Pedersen, Christian 20/0/0
28.11 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Pedersen, Christian 24/0/0
03.12 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Mjøs, Alf Tore 29/0/0
07.12 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Pedersen, Christian 33/0/0
08.12 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Pedersen, Christian 34/0/0
16.12 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Pedersen, Christian 42/0/0
18.12 2011 Fløen, Store Lungegardsvann, Bergen, Hordaland, Norway 60°22'54"N 005°21'07"E Breistøl, Arild 44/2/127
22.12 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Pedersen, Christian 48/0/0
23.12 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Pedersen, Christian 49/0/0
26.12 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Mjøs, Alf Tore 52/0/0
30.12 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Pedersen, Christian 56/0/0
31.12 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Mjøs, Alf Tore 57/0/0
04.01 2012 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild 61/0/0
07.01 2012 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Frøyland, Livar 64/0/0
17.02 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 105/207/2

Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå Bergen og til Sandshamna er på 207 km.



















Ind.3
Gråmåse 3K (2.vinter), Sandshamna 17.februar
















Dette var dagens (17.februar) mest spennande fugl... Denne 3K måsen med fargering nr. J2633 vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) den 5.juni i 2010 på Hornøya i Finnmark. Etter dette har den blandt anna bllir sett sett heit sør i Danmark.

Her er den komplette historia til måsen.

Dato            Stad                                        Koordinater   Observatører    Dager/km/°

05.06 2010 HORNØYA, Vardø, Finnmark, Norway 70°23'16"N 031°09'21"E Erikstad, Kjell Einar
Kvivesen, Elisabeth -
21.07 2011 Vardø Harbour, Vardø, Finnmark, Norway 70°22'36"N 031°06'45"E Steudtner, Jürgen 411/2/232
28.12 2011 Børsmose Strand, Syddanmark, Denmark 55°40'25"N 008°08'32"E Hansen, Jens Hjerrild 571/1980/225
17.02 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 622/1443/243

Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå der den vart merka på Hornøya
 og til Sandshamna er på 1443 km.



















 Ind.4
Gråmåse 11K (10.vinter), Sandshamna 18.februar
















Denne måsen med fargering nr. JCY2 vart sett i går på Sandshamna (18.februar). Måsen vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) den 10.juni i 2002 på Tjuvholmen i Ringsaker kommune i Hedmark. Dermed er dette den første innlandsmerka fuglen eg har hatt! Etter at den vart merka i 2002 har den blitt sett ein gong på Hamar i 2010.

Her er den komplette historia til fuglen.

Dato        Stad                                                 Koordinatar   Observatørar    Dagar/km/°

10.06 2002 Tjuvholmen, Ringsaker, Hedmark, Norway 60°55'42"N 010°40'55"E Fjeldstad, Dag Leonard
-
30.03 2010 Heggvin avfallsplass, Hamar, Hedmark, Norway 60°51'29"N 011°16'22"E Heggelund, Jan Erik 2850/33/103
18.02 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 3540/312/300

Her er eit oversiktskart
Avstanden frå Tjuvholmen og til Sandshamna er på 312 km.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
  
 
 
 



Ind.5
Gråmåse 5K+ (adult), Sandshamna 18.februar
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Denne engelskmerka måsen med fargering nr. WM5 vart merka som ein 5K+ (adult) fugl på Pitsea søppelfylling i Essex eit stykke nordaust for London den 20.november i 2010. Måsen høyrer til fargemerkingsprosjektet til North Thames gull group. Dette var det første gjenfunnet av fuglen etter at den blei merka!


Kvitmåsar
I føregårs (17.feb.) vart det sett 3 polarmåsar (2 2K, 1 5K+) på hamna. Minst 2 av "polarane" var nye fuglar. Ellers vart det sett minst 14 grønlandsmåsar (2+ 2K, 8+ 3K, 1 4K, 3+ 5K+). I går (18.feb.) var ein av dei 2K polarmåsane fortsatt på plass, samt at det vart sett ikkje mindre enn minst 19 grønlandsmåsar, truleg var det ein plass mellom 20 og 30 ind. (3 2K, 9+ 3K, 3+ 4K, 2 5K, 2+ 5K+). Utanom alle desse "grønlandsane" så er fortsatt den stasjonære 4K kumlienien på plass!

Her er nokre bilder frå den 17. og 18. februar.
Grønlandsmåse 3K, (2.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna

Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna

Polarmåse 5K+ (adult), Sandshamna

torsdag 16. februar 2012

Sandshamna 16.02.12

I dag vart det nok ein gong "jobba" med måsane på Sandshamna. For ein må bruke denne tida då det virkeleg er mykje måsar i sving for å få sett over flest mogleg, samt å opparbeide seg eit bra bildearkiv på artane. I dag var det som i går ikkje det heilt store antallet med fuglar på hamna, men sjølvsagt er det alltid noko å jobbe med.... Det vart satsa ein del på foto, då lysforholda var relativt bra ei stund. I tillegg til å ta bilder vart det sjølvsagt sett godt gjennom måsane. Det resulterte i at eg endeleg lukkast med å få avlest min første ringmerka gråmåse...Denne kan du lese og sjå meir om nederst i innlegget.

Dagens observasjonar på Sandshamna...
I dag vart det sett minst 10-11 grønlandsmåsar derav 1-2 2K, 5+ 3K, 2+ 4K, 1 5K. I tillegg vart også den stasjonære 4K kumlienien som har vore på plass sidan den 3.februar sett!

Her er eit lite utvalg med bilder av måsane frå i dag!
Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Grønlandsmåse 4K (3.vinter), Sandshamna
Grønlandsmåse (mulig kumlieni) 5K (4.vinter), Sandshamna
Eit ind. med ei noko spesiell hovudform. Dette er den samme fuglen som
den moglege 5K kumlienien frå i går!

Grønlandsmåse (mulig kumlieni) 5K (4.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse (mulig kumlieni) 5K (4.vinter), Sandshamna




















Avlesing av ringmerka gråmåse
I dag lukkast eg å lese av ein ringmerka 5K+ (adult) gråmåse. Ringnummeret er oversendt til Stavanger museum, og det tek forhåpentlegvis ikkje alt for lenge før eg får svar med heile historia til fugen.

Her er eit bilde av måsen.

Gråmåse 5K+ (adult), Sandshamna
Merka med metallring. (nr. 4158872


onsdag 15. februar 2012

Engelskmerka gråmåsar...

Den 30.januar og den 7.februar såg eg eit par fargemerka gråmåsar frå England på Sandshamna. I dag fikk eg endeleg svar på måsane! Begge måsane høyrer som tidlegare nemnt til fargemerkingsprosjekta til FERA (UK Food and Environment Research Agency). Akkurat desse to måsane vart faktisk merka på dem eksakt samme dagen... Det var den 21.januar i 2004. Begge vart merka på Gerrards Cross søppeøfylling i Buckinghamshire rett vest for London. Dei vart merka for å følge med på korleis måsane forflytta seg i vest-London. Måsen som eg såg på Sandshamna den 30.januar merka med fargering 1660 vart fargemerka som ein 5K+ (adult) fugl. Det vil seie at den i dag er minst 13K+ (minst inne i sin 12.vinter). Måsen merka med fargering 0913 som eg såg den 7.februar vart merka som ein 2K (1.vinter) fugl. Det vil då seie at den i dag er 9K (8.vinter). For begge desse måsane var dette første gongen dei vart sett etter at dei blei merka i 2004!

Her eit bilde av begge måsane...

1660
Gråmåse 13K+ (12.vinter eller eldre), Sandshamna 30.januar 2012
















0913
Gråmåse 9K (8.vinter), Sandshamna 7.februar 2012
















Og til slutt eit oversiktskart.
Avstanden frå der den vart merka og "opp" til Sandshamna er på 1241 km.

Grønlandsmåsar, Sandshamna 14-15.02.12

Dei siste to dagane har eg også brukt ein del tid til å sjå gjennom måsane på Sandshamna. I går var der veldig mykje måsar å sjå, men veiret var heilt forferdeleg for å seie det mildt. Dermed vart det vanskeleg å få sett heilt nøye over "gjengen", i og med at det var umogleg å bruke teleskop i den sterke vinden! Alt i alt så vart det i går sett 2-3 polarmåsar (1-2 2K, 4K), 10-11+ grønlandsmåsar (1-2 2K, 4+ 3K, 3+ 4K, 1 5K, 1+ 5K+) og sist men ikkje minst så var fortsatt den 4K kumlienien på plass.

Under kan du sjå nokre bilder frå i går!
Grønlandsmåse 4K (3.vinter), Sandshamna
Ein av dei minimim 3 4K-fuglane som vart sett i går.

Grønlandsmåse 5K (4..vinter), Sandshamna
Ved første augekast ser denne heilt utfarga ut... Men ser ein nærmare etter
så ser ein tydeleg at det er eit brunleg innslag på nokre av dei undre stjert-
dekkarane, samt at når fuglen vart sett i flukt så kunne ein tydeleg sjå brun-
smussing på særleg dei små handdekkarane. Så dermed er ikkje fuglen
heilt utfarga likevel, men derimot i den aller siste "fasen" i utfarginga. Dei
fleste grønlandsmåsane i denne alderen er utfarga, men på nokre så heng
det igjen litt ungfuglkarakterar også som 5K (4.vinter).























Grønlandsmåse 5K+ (adult), Sandshamna



















I dag
I dag var det mykje ferre måsar å sjå.... Dette skuldast at aktiviteten var på fiskefelta utanfor øyane og ikkje på hamna. For etter ein dag utan moglegheiter for å fiske i går var det perfekt fiskeveir i dag! Men sjølv om antallet med måsar var lite var det fortsatt litt av kvart å sjå. Totalt vart det i dag sett 8+ grønlandsmåsar (1 2K, 5+ 3K,  1 4K, 1 5K+). I tillegg til desse grønlandsmåsane så vart det også sett ein ny mogleg 5K kumlieni!

Her er nokre bilder frå i dag.
Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse 4K (3.vinter), Sandshamna
Denne seint utvikla 4K-fuglen vart først sett på hamna i går.
Grønlandsmåse ua. kumlieni? 5K (4.vinter), Sandshamna)
Eit lite teikna individ. Det går ann å så vidt sjå kontrasten på dei ytre, i
forhold til dei indre handsvingfjørene. Dette kan då tyde på at det er ein 
lite markert teikna kumlieni(?). 

Grønlandsmåse ua. kumlieni? 5K (4.vinter), Sandshamna
Denne måsen er aldersbestemt til ein 5K og ikkje adult (5K+) fordi den har
nokre dekkarar på vinga med brunt smuss i, samt at det fortsatt er litt svart
i gonysflekken og også antydning til mørkt på overnebbet. Nebbteikninga
kjem tydeleg fram på dette bildet. Ellers så er den heilt utfarga i buk og
bryst. Dekkarane på undersida av vingene virkar også heilt utfarga,
det samme gjer stjerten.


Grønlandsmåse ua. kumlieni? 5K (4.vinter)
Her kan ein så vidt sjå "J-teikninga" på dei den nest ytterste og 3.ytterste
handsvingfjøra. Det vil seie at dei har "mørkt" utfan heilt mot tuppen av
fjørene, med "mørk" tupp. Dette skapar då ei "J-teikning".  
Alt i alt kan dette då tyde på att dette er ein lite markert og
lyst teikna kumlieni(?).