torsdag 28. februar 2013

KASPIMÅSE, Sandshamna 28.02.13

I dag var det den andre dagen på rad med både nedbør og vind. Dette har gjort slik at antallet med måsar har tatt seg betraktelig opp på Sandshamna. Og blandt dagens rastande måsar dukka det opp ein gammal kjenning. For i dag var nemleg KASPIMÅSEN som eg såg rastande på Sandshamna den 18.februar på plass nok ein gong. Og i dag lukkast eg faktisk med å finne igjen fuglen etter at alle måsane hadde flygd opp og flytta på seg. For ein må nesten berre nytte øyeblikket når ein har ein slik raritet på plass... For det kan bli lenge til den neste sitte der. Ser ein vekk i frå kaspimåsen var der også ein rastande 2K polarmåse innom på hamna, samt at den 2K finskmerka gråmåsen C89PR fortsatt er på plass.

Her er nokre stillbilder frå video som viser måsen, samt ein lien videosnutt nederst.
Kaspimåse 5K+ (adult) M, Sandshamna/Sandsøya 28.februar 2013

Kaspimåse 5K+ (adult) M, Sandshamna/Sandsøya 28.februar 2013

Kaspimåse 5K+ (adult) M, Sandshamna/Sandsøya 28.februar 2013
Her ser ein tydelig dei viktige vingeteikningane. Ein kan blandt
anna sjå det fine og breie svarte båndet på P5 og også litt svart på P4.
Denne måsen har ei heilt klassisk vingeteikning, med den svært lange 
tunga på innfan av P10. Dette gjer då slik at det i tuppen på P10
 er meir kvitt enn svar.



onsdag 27. februar 2013

"Kumlieni" på Sandshamna 27.02.13

I dag vart det sett ein"kumlieni" på Sandshamna. Ein "kumlieni" er nok mest korrekt sett på som ein hybrid mellom eskimomåse (Larus thayeri) og grønlandsmåse (Larus glaucoides). Då vingeteikningar, jizz og andre karakterar på denne "typen" har varioasjonar i heile spekteret frå grønlandsmåse og "opp" til eskimomåse. Ser ein også på det geografiske så finn ein dei såkalte "kumlieniane" i området mellom der grønlandsmåsane og eskimomåsane hekkar. Grønlandsmåsen hekkar på Grønland, medan eskimomåsen hekkar i den midtre og vestre delen av nord-Kanada. I mellom der, altså i nordaust-Kanada finn ein ei stor bestand med måsar som viser karakterar mellom desse to artane. Dette er då "kumlieniar". Dagens måse var ein voksen fugl. Den hadde mørk iris, meget mørke bein (lilla-rosa), og den hadde tydelige vingeteikningar på P10-P8, altså dei tre ytterste handsvingfjørene. Alle desse karakterane viser at det her er eskimomåsegener inne i bildet. Før forrige vinters invasjon av "grønlandsmåsar" var det ikkje mange funna av slike "kumlieniar" i Norge, så dette er ein meget sjelden variant å sjå her til lands.

Tidlegare på bloggen så har eg lagt inn desse fuglane som grønlandsmåse av underarten kumlieni. Så for ikkje og måtte forandre på tidlegare innlegg, og vidare samle slike måsar på ein stad vil også denne bli kalla nettopp det. Sjølv om det nok er liten tvil om at dette må vere ein hybrid og ikkje ein underart.

Her er nokre bilder av dagens nord-amerikanar...
Grønlandsmåse ua. kumlieni 5K+ (adult), Sandshamna 27.februar 2013

Grønlandsmåse ua. kumlieni 5K+ (adult), Sandshamna 27.februar 2013

Grønlandsmåse ua. kumlieni 5K+ (adult), Sandshamna 27.februar 2013

Grønlandsmåse ua. kumlieni 5K+ (adult), Sandshamna 27.februar 2013

torsdag 21. februar 2013

Avleste fargemerka måsar i februar 2013

I løpet av februar så langt har det blitt sett "gjennom" eit meget respektabelt antall med måsar. Fiskeriet som føregår i områda rundt øyane på denne tida av året trekker til seg måsar frå både nær og fjærn. Totalt har det i februar blitt avlest 11 forskjellige måsar som ikkje er merka her i området. Desse fuglane er merka i land som Finland, Danmark, England og sjølvsagt ein del frå Norge. Det gjer det ekstra spennande å "skope" gjennom alle måseflokkane på leiting etter sjeldenheiter. For å lese av fergemerka måsar er ein meget fin bonus. Under kan du lese meir om kvar enkelt måse.

Finland
Frå før hadde ikkje M&R eit einaste kontroll av ein finskmerka gråmåse. I løpet av februar har det blitt sett ikkje mindre enn to fuglar frå landet i aust. Eg har så langt berre fått ringmerkingsdata på ein av måsane. Når eg får data på den andre fuglen vil eg oppdatere den i dette innlegget.

CCN53
Gråmåse 4K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya feb. 2013
Gråmåsen CCN53 vart merka som reirunge (pullus) i Pori, Turku i Finland den 29.juni i 2010. Den vart så sett igjen den 1.februar på Sandshamna. Etter dette vart den sett ved eit par annledningar den 4. og 7.februar, det også på Sandshamna. Dette var så vidt eg veit dei første gongane denne fuglen blei sett etter merking.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Pori i Finland og Sandshamna er på 841 km.
                                   

C89PR
Gråmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 19-20.februar 2013
Gråmåsen C89PR har eg ikkje fått ringmerkingsdata på. Den blei truleg merka ein stad i sør-Lapland i Finland. Denne måsen blei først sett av Sindre Molværsmyr den 19.februar, før eg greidde å finne den igjen, og dermed få dokumentert fuglen den 20.februar. Begge gongane vart den sett på Sandshamna.


Danmark
Endelig så fikk eg også min første observasjon av ein danskmerka måse. Dette vart då i form av ein yngre svartbak. Her er meir om måsen.

J574W
Svartbak 3K (2.vinter), Marøya/Voksevegen 15.februar 2013
Svartbaken J574W vart merka som ein reirunge (pullus) på Nordre Rønner på Læsø i Nordjylland i Danmark den 1.juli i 2011. Den vart så så sett på Marøya ved Voksevegen mellom Sandsøya og Voksa den 15.februar. Dette var det første gongen måsen blei gjenfunnen etter merking.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Nordre Rønner på Læasø i Danmark,
og Sandshamna er på 621 km.



England
Eg har tidligare hatt ein god del observasjonar av engelskmerka måsar. Så langt denne vinteren har det derimot vore ganske få. Det vil seie at eg berre har komt over to fuglar med engelske ringar. Begge desse måsane stammar frå North Thames Gull Group sitt fargemerkingsprosjekt. Totalt med årets 2 gråmåsar har eg hatt 13 måsar frå dette prosjektet. Då fordelt på 10 gråmåsar, 2 svartbakar og 1 sildemåse. Alle desse er merka i Essex-området heilt søraust i England. Under er det litt meir info på årets to gråmåsar.


UJ6T
Gråmåse 5K+ (adult), Marøya, Voksevegen 14. og 15.februar 2013 
Gråmåsen UJ6T vart merka som ein adult (5K+) fugl på Pitsea søppelfylling i Essex i søraust-England den 23.januar i 2010. Etter dette vart den sett i Hanningfield naturreservart i Essex, dette nokre få kilometer frå søppelfyllinga der den vart merka. Den vart sett der vinteren etter merking, altså den 27.desember i 2010. Vidare så vart den no sett på Marøya ved Voksevegen den 14. og 15.februar.

Her er ein link med informasjon om fuglen, samt eit oversiktskart på heimesida til North Thames Gull Group: http://www.ntgg.org.uk/cgi-bin/map.cgi?p=recmap&t=r&r=GN87139


VP4T
Gråmåse 5K+ (adult), Marøya, Voksevegen 14.februar 2013
Gråmåsen VP4T vart også merka som ein adult (4K+) fugl på Pitsea søppelfylling i Essex. Den vart merka der den 30.oktober det også i 2010. Dette var det første gjenfunnet av måsen etter merking.

Her er ein link med informasjon om fuglen, samt eit oversiktskart på heimesida til North Thames Gull Group: http://www.ntgg.org.uk/cgi-bin/map.cgi?p=recmap&t=r&r=GN87663


Norge
Så til slutt er det "gjengen" merka innanfor landets grenser. Halvparten av desse måsane er merka i Bergensområdet. Den mest interessante kontrollen er nok ein svartbak merka i Kristiansand kommune.

JH831


Svartbak 4K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya 20-21.februar 2013
Svartbaken JH831 vart merka som ein reirunge (pullus) på Skjede i Byfjorden i Kristiansand kommune den 25.juni i 2010. Etter dette vart den sett på Brennevinsmyra i Mandal den 16.mai i 2012, for så å bli gjenfunnen nokre dagar etter den 21.mai ved Storemyr flyplass i Lillesand kommune. I går og i dag, altså den 20. og 21.februar vart den så sett på Sandshamna.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom der den blei merka i Skjede i Byfjorden og
Sandshamna er på 482 km.


JLX7
Gråmåse 5K+ (adult) M, Marøya, Voksevegen 15.februar 2013
Gråmåsehannen JLX7 vart merka som ein adult (5K+) fugl ved Sjøbadet i Moss i Østfold den 17.august i 2012. Den 15.februar satt den i ei av måseflokkane på Marøya ved Voksevegen. Dette vart det første gjenfunnet av måsen etter at den blei merka.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom merkeplassen i Moss og Sandshamna
er på 419 km.
                                                                                       

JN744
Gråmåse 5K+ (adult) F, Sandshamna/Sandsøya 20.februar 2013
Gråmåsehoa JN744 vart merka som ein adult (5K+) fugl på Lyngøy i Tysnes kommune i Hordaland den 28.mai i 2012. Den vart så sett på Sandshamna i går den 20.februar. Dette var først gong måsen vart sett etter merking.
Her er ein link til eit bilde som blei tatt av måsen under merking:
http://www.ringmerking.no/cr/visbilde.asp?BID=18928&VisF=ON&XIF=ON

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Lyngøy og Sandshamna er på 242 km.


"Bergensmåsar"
Tre av dei seks norskmerka måsane som eg har lest av i februar er opprinnelig merka i Bergensområdet. Fleire av desse måsane har ikkje blitt sett utanfor Bergen kommune før dei har dukka opp på søre sunnmøre. Her er meir om desse måsane.

JN619
Gråmåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 1.februar 2013
Gråmåsen JN619 vart opprinnelig merka som ein adult (4K+) fugl i Byparken i Bergen den 28.desember i 2009. Den fikk då berre påsatt metallring. Den 30.november i 2011 vart den igjen innfanga og fikk då påsatt fargering. Etter dette har den blitt sett fleire gongar i Bergensområdet. Sist den vart sett der var den 3.november i 2012. Den 1.februar viste den seg for første gong utanfor Bergen, då den blei sett på Sandshamna.


J2847
Gråmåse 4K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya 4.februar 2013
Gråmåsen J2847 vart merka som ein 2K-fugl (2.vinter) på Skolten i Bergen havn den 15.november i 2011. Etter dette har den ved fleire annledningar blitt sett i Byparken i Bergen. Den vart sist sett der den 24.august i 2012. Etter dette vart den altså no sett den 4.februar på Sandshamna.

Her er ein link til eit bilde som er tatt av måsen den 4.juni i 2012. Legg her merke til den lyse nebbteikninga samnaligna med fargen på nebbet når eg avbilda måsen i vinterdrakt den 4.februar. http://www.ringmerking.no/cr/visbilde.asp?BID=18867&VisF=ON&XIF=ON


JN663
Gråmåse 5K (4.vinter), Sandshamna/Sandsøya 20.februar 2013
Gråmåsen JN663 vart merka som ein 3K/3.vinter fugl på Skoltegrunnskaien i Bergen den 10.desember i 2011. Etter dette har den blitt sett mange gongar i Byparken. Den vart sist sett der den 10. desember i fjor. I går den 20.februar vart den sett rastande på Sandshamna. Denne måsen er eit meget seint utfarga individ. Den har no som 5K (4.vinter) eit stort innslag av immaturfjører stort sett i alle fjørgrupper. Vidare har den også veldig små apikalflekkar (kvite tuppar på handsvingfjører).

Her er ein link til eit bilde som blei tatt av måsen under merking:


Heilt til slutt så er her eit oversiktskart som viser ringmerkings- og funnstad på
måsane JN619, J2847 og JN663.
Avstanden mellom Bergen og Sandshamna er på ca. 206 km.

mandag 18. februar 2013

KASPIMÅSE, Sandshamna 18.02.13

Denne vinteren har det gått med mange timar til måseskoding, og februar har ikkje vore noko unntak. "Desverre" så har mykje bra veir den siste tida gjort slik at måsane har holdt til på havet utanfor øyane, der fiskeriet pågår for fullt. Men heldigvis har det vore nokre dagar med litt surare veir. Dette har gjort slik at måsane har komt inn på skjær og holmar og rasta. Har ein slike dagar så må ein berre nytte kvart eit sekund, for med fleire tusen måsar er alt mulig! Dagen i dag var ein slik dag. Ein dag med surt veir, og dermed store antall med rastande måsar innomskjærs. Og utrulig nok så satt gobiten der nesten med ein gong. Det var denne gongen snakk om M&R og Sandshamna sin fjerde KASPIMÅSE. Denne gongen i form av ein fullt utfarga (5K+) fugl. Måsen i dag satt i starten godt gjøymd inne bland gråmåsane og svartbakane på eit skjær på hamna. Men karakterar som mørk iris og gule bein gjorde det verdt å ta ein ekstra titt på fuglen. Etter kvart så kom fleire og fleire karaterar til synet etter kvart som måsen starta å flytte på seg. Relativt langt og smalt nebb, mørkt lite auge, lange gule bein, atletisk kroppsbygning og ikkje minst vingeteikningar er nokre av karakterane som gjorde at det til slutt var liten tvil om hvilken art det var snakk om. Dette var som sagt den fjerde for Sandsøya og Sandshamna. Den forrige vart sett i oktober i fjor. Så eg må nok seie meg fornøgd med fangsten dei siste månadane...

Under finn du ein link med bilder av kaspien frå oktober i fjor.
http://ingarsfuglebilder.blogspot.no/2012/10/kaspimase-polarmasar-og-grnlandsmase-mm.html

Her er nokre dokumentasjonsbilder av dagens fugl.
Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 18.febuar 2013
Denne fuglen var svært stor og grov, noko som høgst sannsynelig betyr at
dette var snakk om ein hann.

Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 18.febuar 2013
Her kan ein legge merke til den veldig smekkre og atletiske kroppsbygninga,
samt dei lange tynne gule bein.

Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 18.febuar 2013

Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 18.febuar 2013

Kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 18.febuar 2013
Legg merke til vingeteikningane med bla. eit breidt svart band på P5.
(P5 blir då den 6 handsvingfjøra utanfrå og inn) Ellers så går det grå
 langt ut i det svarte i vinga (grå tunger), og på undersida dannar
dei svarte teikningane ein fin bommernag. Legg også merke til den svært
 lange tunga på innfan på P10. Alt dette er innertiar for kaspimåse.

Her er også ein liten videosnutt...



Ellers så har eg fått lest av ein god del fargemerka måsar så langt i februar. Det har vore måsar både frå Finland, Danmark og England, samt nokre frå andre stadar i Norge. Desse vil eg kome tilbake til seinare.