mandag 25. juli 2011

Grashoppesongarhann nr.33 og 34.

Dei to siste nettene har to nye grashoppesongarhannar dukka opp! Dermed er totalen no oppe i ikkje mindre enn 34 grashoppesongarhannar. I tillegg til dei to nye hannane so har eg oppdaga ein unge, samt ein som truleg er ein unge til. Men eg kan ikkje heilt utelukke ei hoe..

Og ikkje nok med det! Eg har funne bevis for at grashoppesongarane får fram ungekull nr.2!!!

Nr.33 og nr.34
Årets 33. grashoppesongar oppdaga eg i Voren på Sandsøya i går natt (24.juli). Den satt på plassen der vi merka ein grashoppesongar tidligare i år. Men den flytta seg nokre hundre meter mot nordvest. Og dermed var det tydligvis plass til nok ein songar.

Her er eit par bilder av årets.33 hann.
Grashoppesongar M, Voren/Sandsøya
Grashoppesongar M, Voren/Sandsøya

Her er eit oversiktskart som viser Støyle og Voren på Sandsøya, no oppdatert med årets 33.hann.
Legg til bildetekst


Nr.34
Den 34.hannen oppdaga eg i natt som var (25.juli) på Voksa. Den satt like ved grashoppesongaren som vi har merka på nordsida av Voksa. Like ved den var det også ein grashoppesongar til. Dette var mest truleg snakk om ein unge, men eg kan ikkje heilt avskrive ei hoe...

Her kan du sjå eit heilt håplaust dokumentasjonsbilde av den.
Grashoppesongar M, Voksa.

He er eit oversiktskart over den nordre delen av Voksa. Oppdatert med årets 34.hann.



Kull nr.2
I går fann fann eg ein grashoppesongarunge på sørsida av Voksa. Der grashoppesongarhannen som vi har merka med XAC har holdt til sidan starten på mai! Og ikkje berre det. Grashoppesongahannen holdt tydligvis på å oppfostre kull nr.2!!

Her er eit dokumentasjonsbilde som viser grashoppesongarhannen med nebbet fullt av edderkoppar.
Grashoppesongar M, (XAC) Voksa.

onsdag 20. juli 2011

Stemningsbilder..

Det har ikkje vorte tid til so mykje skåding dei siste dagane. Då eg fortsatt er svært opptatt med feltarbeid.
Men eg hadde med meg kameraet på Runde i går. Og då måtte eg berre forevige den fantastiske utsikta. Samt at eg tok nokre bilder frå Voksa og Voksevegen når eg kom heim att.

So her er nokre "stemningsbilder" frå Runde, Voksa og Voksevegen.

Utsikt frå Runde mot Fosnavågen
Solnedgong frå Voksa
Sandsøya t.h. og Riste t.v. (sett frå Voksevegen)
Riste t.h. og Kvamsøya t.v. (sett frå Voksevegen)

lørdag 16. juli 2011

Ny grashoppesongar og skogdue, Sandsøya/Voksa 16.07.11

I natt som var satt det å song nok ein ny grashoppesongar, også denne gongen på Voksa. Dermed er totalen no oppe i 32 hannar og minimum 5 hoer. Talet på hoer ligg vel truleg på mellom 20-25. Sett ut i frå kor mange av hannfuglane som fortsatt er på plass, men er stille...

Her er eit par bilder som viser den nyaste grashoppesongaren på øyane.
Grashoppesongar M, Voksa.
Årets 32. hannfugl på Sandsøya og Voksa!

Her er eit oppdatert oversiktskart som viser også denne grashoppesongaren.


Min art nr. 201..
I dag fikk eg også min art nr. 201 på øyane. Det var når øyane si første skogdue vart sett kort i det den flaug forbi på Bringsvoren på Sandsøya. Rett før vart det også sett ei tyrkerdue i samme området.

Nok ein ny grashoppesongar... 15.07.11

Eg har vore veldig opptatt med feltarbeid den siste tida, og har dermed ikkje fått følgt opp grashoppesongarane so mykje som eg skulle ha ønska. Men i natt som var hadde eg endeleg tid til ei lytterunde rundt på øyane. Det var faktisk første runda sidan 9.juli. Og på so mange dagar kunne no litt av kvart ha dukka opp....

Årets 31. hannfugl
Det som hadde dukka opp var nok ein ny syngande grashoppesongar på Voksa. For i natt som var satt det nemleg og song ein grashoppesongar på ein ny plass for året. Og når eg sjekka den ut når det vart lyst viste det seg at nr.31 var på plass. Denne songaren har truleg nettopp komt, i og med at den var so aktivt dagsyngande.

Her er eit par bilder av den nyaste grashoppesongaren i "samlinga".
Grashoppesongar M, Voksa
Grashoppesongar M, Voksa

Her er også eit oversiktskart som viser kor den befinn seg! (Klikk på kartet for større format!)



Andre observasjonar i natt og i dag (15.juli)
vaktel 1 M sy. (Støyle/Sandsøya)
islom 1 (N-sida av Voksa)
tundralo 1 3K+ (Voksa)

fredag 8. juli 2011

Havørn 2011

Etter nokre veldig intensive veker med full fokus på å lokalisere, samt å samle inn ørneungar som skulle sendast til Skottland vart det nokre bilder. Her kan du sjå nokre av dei, samt eit lite videoklipp av ein av dei første ungane vi tok inn nyte eit herleg fiskemåltid.

Bilda er i kronologisk rekkefølge. Frå starten og fram til slutten på prosjektet.
Havørnreir med 2 ungar og ei FANTASTISK utsikt!
Årets einaste kull med 3 ungar. Ikkje særleg fornøgde med besøket..
I ferd med å "samle inn" ein unge..
So er det på tide med ein liten biltur...
Her har vi gjengen med 16 havørnugar morgonen før dei skulle flygast
over til Skottland. Alle viser ikkje på bildet.
I ferd med å bli lasta om bord på flyet.
Ombord på flyet, og snart klar for "takeoff".


Fiskemåltid..
Her er ein videosnutt av ein havørnunge som er i ferd med å ete fisk. (Sjå videoen i HD for bedre kvalitet!)

mandag 4. juli 2011

Fargemerka grashoppesongar m.m.

I går kveld, og i natt som var jobba eg og Kjell Mork Soot intenst med å få fargemerka nokre av dei siste tilkomne grashoppesongaran på Sandsøya og Voksa. Totalt greidde vi å få ring- og fargemerka 3 nye, samt at vi hadde kontrollar på 2 av dei som vi har merka før i år! So dermed har eg kontroll på alle songarane bortsett frå 1. Den songaren eg ikkje har kontroll på er av det mindre samarbeidsvillige slaget...

Her er bilder av dei 3 nyaste merka.
XCL: Denne hannen vart oppdaga på N-sida av Voksa 30.juni. (Sjå kart!)
XCM: Denne hannen vart oppdaga 25.juni midt ute på Voksa. (Sjå kart!)
XCN: Denne songaren har vore på plass på Voksa sidan 8.mai.
Men det lykkast oss ikkje å fange den då. Men 24.juni starta den
å synge på nytt. Og i natt som var fikk vi endelig fanga den inn
og sett på den både metall- og fargering.
(Sjå på kartet for å sjå kor henn den held til!)

Kontrallar
Utanom dei 3 "nye" grashoppesongarane som vart merka, hadde vi også 2 kontrollar på eit par "gamle kjenningar". Ein av dei var den eg trudde at muligens kunne vere ein nye songar i Våge. Men det viste seg berre å vere ein av dei vi merka tidligare i år. (Den er merka med XAX)  Den andre kontrollen gjorde vi på songaren vi fanga og merka på Voksa den 25.juni. (Den er merka med XCE) Eg trudde det var snakk om ein ny fugl som satt og song, men det viste det seg at det ikkje var. Den hadde nemelg flytta seg 230 meter mot vest. (Begge kan du sjå på oversiktskarta under!)

Her er dei oppdaterte oversiktskarta.

 Våge/Sandsøya

Evja og Leina/Sandsøya

                                                       Støyle og Voren/Sandsøya                                                        

Voksa nord
                                                                               
                                                                         Voksa sør
                    


Fargemerka sildemåse 
For eit par dagar sidan fikk eg svar frå england ang. den fargemerka sildemåsen som vart funnen ved Rjåneset i Ørsta kommune.

Den vart ring- og fargemerka på Rainham søppelfylling i London 12.mars i 2011. Dette var først gong den vart sett etter at den vart merka.

Sildemåsen vart merka som ein fullt voksen fugl (5K+).
Den er merka med GL3T.

Her er ein link til måsen på den engelske sida! Her blir det oppdatert om det eventuelt skulle bli fleire gjenfunn av måsen seinare. http://www.ntgg.org.uk/map/FA39733

fredag 1. juli 2011

Grashoppesongar nr.35 i 2011 for Sandsøya/Voksa

Det går veldig mykje i grashoppesongarar for tida. Men, men ein må no ta til takke med det ein har. Under kan du lese det siste ny frå dei siste dagane.

Årets 30.hann
I går den 30.juni vart årets 30 grashoppesongarhann for øyane funnen på Voksa. Dermed er totalen no oppe i minimum 35 grashopppesongarar, medrekna dei 5 hoene eg har funne. (Talet på hoer er mykje høgare)

Denne hannen vart funnen på N-sida av Voksa. På ein ganske utypsik plass, med veldig lav vegitasjon, og med nokre spredte rognar. Men i natt som var (1.juli) hadde den flytta seg nokre få timeter til ein meir klassisk lokalitet.

Her er eit bilde av årets 30.hannfugl.
Grashoppesongar M, N-sida av Voksa.
Årets 30. hann på Sandsøya/Voksa i 2011!!!

Her er eit oversiktskart som viser den nordlige delen av Voksa. Den nye grashoppesongaren ser du lengst nord, nesten heilt ned mot fjøra!



Muligens fleire nye....
I Våge på Sandsøya er det også ein mulig ny grashoppesongar. Men denne har eg ikkje greidd å få fram å sett om det er ein av våre fargemerka fuglar, eller om det faktisk er ein ny! Det er dermed litt å jobbe med...!! Ellers so har no mange av dei stasjonære grashoppesongarena som har vore på plass sidan starten av mai begynt å synge igjen. Dermed tyder alt på at det er utallige plassar på øyane det er vellykka hekking i år. Og i og med at songarane kom so tidlig i år har dei faktisk tid til eit kull nr. 2.

Gjenfunn av elvesongar
Elvesongaren som holdt seg på Støyle på Sandsøya frå 12.-28.juni vart funnen av Ståle Sætre mellom Lauvstad og Velsvika i Volda kommune natta etter at den forsvann frå Sandsøya. Nemleg den 29.juni. Det er nemleg ingen tvil då lyden fuglen gav frå seg stemte perfekt med lyden av "min" fugl. Dermed trekte den ca. 2,4 mil i eit forferdeleg drittveir. Den song veldig lite aktivt, og trakk truleg vidare rett etter at den blei høyrd. So truleg fikk den nok av det Sunnmørske sommarveiret...;)


Av andre nattsongarar er det berre åkerriksa på Sandsøya, samt nokre få vaktelar å høyre. Begge myrsongarane har vorte stille, so enten er det snakk om hekking eller so har dei berre trekt av øya.