onsdag 26. oktober 2011

Fargemerka gråmåse, Sandshamna 26.10.11

I dag vart det satsa i felten på Sandsøya. Men det resulterte desverre i så og seie ingenting. Det vil seie at dei 2 første sangsvanene er på plass for vinteren, samt at det vart sett ei kaie og ein ung vandrefalk. Så vart også måsane på Sandshamna nøye sjekka. Og der fann eg ein fargemerka gråmåse... Under kan du sjå bilde av, samt lese historia til måsen.

Gråmåse 10K+ (adult), Sandshamn. Den er merka med fargering J26G.
J26G vart merka som ein 3K+ fugl 6.mai 2004 på Valderøya i Giske kommune. Etter dette har den blitt sett i Danmark før den no vart sett på Sandshamna på Sandsøya.

Her er heile historia til måsen.
Dato      Stad                                                                 Koordinatar        Observatørar    Dagar/km/°

06.05 2004 Skjongskaret, Valderøy, Giske, Møre og Romsdal, Norway 62°30'09"N 006°06'47"E Sundmøre RG -
18.12 2010 Hirtshals Havn, Husmorstranden, Nordjylland, Denmark 57°35'43"N 009°57'26"E Pedersen, Lars R. 2417/586/156
26.10 2011 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 2729/43/229

Her er eit oversiktskart.



Dagens bilder...
Eg legg også inn eit par bilder av kaie og vandrefalk frå i dag.
Kaie, Støylemyrane/Sandsøya
Vandrefalk 1K, Voksevegen

tirsdag 25. oktober 2011

Varslar og tartarpiplerke, Voksa 25.10.11

I dag vart det ei skikkelig runde rundt på Voksa i det nydelige veiret. Det virka egentleg ganske så daudt, med lite fugl å sjå. Men etter kvart så dukka det opp litt av kvart... Det vil seie øyane sin 3.varslar, min 3. gulspurv på øyane og årets 6-7.tartarpiplerke!

Her er det andre som var verdt å notere ned...
grågås 80+ (flokk)
sanglerke 1 (høyrd)
lappspurv 1
trekrypar 2+ (høyrd)

Her er eit par bilder av dagens små gobitar.
Varslar 1K, Voksa
Tartarpiplerke 1K, Voksa

mandag 24. oktober 2011

KUHEGRE, Finnøya

I dag vart det ein kort "kryssetur" til Harøya/Finnøya i Sandøy kommune. Det var nemleg sett KUHEGRE på Harøya både i går og i førigårs. I dag hadde den forflytta seg over til Finnøya. Dette er ein kjempestor raritet i Norge. Funnet av denne vart det fjerde totalt for Norge. Og nesten sjølvsagt var dette det første funnet av denne hegrearten i MR. Dei andre funna som er gjort er, to frå Finnmark og ett frå Nord-Trøndelag. Denne vesle hegren held nærmast oss til i Spania, Portugal og Frankrike.

Kuhegren var svært så fotogen, og poserte villig... Under kan du sjå nokre bilder av hegren.

Kuhegre, Finnøya
Kuhegre, Finnøya
Kuhegre, Finnøya
Kuhegre, Finnøya
Kuhegre, Finnøya
Kuhegre, Finnøya
Kuhegre, Finnøya
Kuhegre, Finnøya


Og til slutt eit lite videoklipp...

lørdag 22. oktober 2011

MARKPIPLERKE og HÆRFUGL, Sandsøya 22.10.11

I dag vart det ei tur i felten for første gongen på nokre dagar. Og for ein dag det vart... Før eg rakk å kome meg i bilen kom det nemleg ei stor piplerke med korte blaute spurveliknande lydar, samt nokre korte "tjyp". Lydane stamma frå MR si 2.MARKPIPLERKE!  (Markpiplerka vart i hovudsak bestemt på lyd) Denne sørlege piplerka som vi nærmast oss finn hekkande i Sverige er ein megararitet i MR. Det forrige funnet er faktisk så langt tilbake som til midet på 1960-talet!

Her er eit par linkar som viser eit bilde av ei markpiplerke, samt lyd.
Bilde: http://www.feltornitologene.no/galleri/bilde.htm?iid=1951
Lyd: http://www.xeno-canto.org/76160

Hærfugl
Etter at markpipen var i boks så vart turen lagt til Voksa. Men då slo sjølvsagt dritveiret til. Dermed vart feltsatsinga noko amputert... På veg heim frå Voksa så fikk eg ein telefon frå ein mann på Sandsøya. Han kunne meddele at han hadde sett ein HÆRFUGL på Sandsøya. Dermed vart turen lagt til Voren på Sandsøya der den hadde blitt sett. Og etter å ha gått rundt å sett etter den i nærmare ein halv time kom den endeleg flygande. Etter dette vart den sett flygande ein gong til. Det lukkast desverre ikkje å få tatt bilde av den nydelige fuglen.

Etter dagens to nye artar for min del er eg no oppe i 207 artar på Sandsøya og Voksa!

Her er ein link til eit bilde av ein hærfugl for den som ikkje veit korleis denne nydelige fuglen ser ut.
http://www.netfugl.dk/pictures.php?id=showpicture&picture_id=3472

torsdag 13. oktober 2011

Vannrikse og tartarpiplerke m.m. Voksa/Sandsøya 13.10.11

I dag vart det endelig både sol og vindstilt, og dermed eit perfekt veir for å ta seg ein tur ut i felten... Det resulterte i øyane si 3.vannrikse og årets 5-6. tartarpiplerke. Begge desse vart sett på Voksa. Utanom riksa og piplerka var det ikkje all verden av småraritetar å sjå, desverre... Men om ikkje anna så var no veiret heilt topp.

Her er dei andre observasjonane som vart gjort på øyane i dag.
svartand 7 F-farga (ved Voksa)
spurvehauk 2 (Voksa og Sandsøya)
heillo 2 (Voksa)
kvartbekkasin 2 (Voksa)
sanglerke 1 (Voksa)
sidensvans 15 (Våge/Sandsøya)
trekrypar 4+ (Voksa)
Elles så vart det også mykje meiser og trostar å sjå på øyane i dag.

Her er nokre bilder av ein av trekryparane som vart sett i dag.
Trekrypar, Voksa
Trekrypar, Voksa
Trekrypar, Voksa
Trekrypar, Voksa

tirsdag 11. oktober 2011

Fargemerka fiskemåse, Sandshamna 11.10.11

Det har ikkje vorte særleg mange turane i felten i det siste. Men i dag tok eg meg ein tur ut for å sjå over måsane på Sandshamna. For i dag var det første dagen på lenge det har vore ein del måsar inne på hamna. I dag vart det ikkje funna ei sjeldenheit, men eg fann ein fargemerka fiskemåse.

Her er eit bilde av måsen.
Fiskemåse 1K, Sandshamna.
Den er merka med fargering J1V8 og metallring nr. 5168966.


Her er historia til måsen.

Dato        Sted                                       Koordinater            Observatører                          Dager/km/°

12.07 2011 Langnes, Tromsø, Troms, Norway 69°40'45"N 018°53'49"E Lorentzen, Nils Helge Toften, Ole-Morten -
11.10 2011 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 91/1021/222


Her er eit kart som viser avstanden frå der den vart merka i Tromsø til Sandshamna.









onsdag 5. oktober 2011

Fuglenytt frå Voksa 02-05.10.11

Den 2.oktober vart det ei skikkeleg runde rundt på Voksa. Det vil seie at eg nærmast brukte heile dagen på å sjå nøye over heile Voksa. Det resulterte i minst 3 tartarpiplerker og minst 1 gulbrynsongar vart høyrd! Dermed var det på to dagar minst 4-5 tartarpiplerker innom Voksa. For minst 2 av piplerkene kom trekkande inn frå nord når eg var der.

Her er eit bilde av ei av piplerkene!
Tartarpiplerke 1K, Voksa


Mykje kvitkinngås....
Dei siste par dagane(4-5.okt.) har det vore mange rastande kvitkinngjess på Voksa. Nærmare bestemt ca.1000 ind.!! Dette er pga. den sterke sørlege vinden vi har for tida. Det er nemleg ikkje lønnsomt for fuglane å trekke i eit sånt dritveir! Dette er faktisk første gongen sidan 2005 det har vore slike forhold, og dermed slike antall med rastane gjess.

Her er nokre bilder av dei nydelige fuglane.
Kvitkinngjess, Voksa
Kvitkinngjess, Voksa
Kvitkinngjess, Voksa

lørdag 1. oktober 2011

Tartarpiplerker og myrhauk, Voksa 01.10.11

I dag vart det ei skikkelig runde rundt på Voksa før det var vind og regn. Det gav også resultat! I form av årets 2 første tartarpiplerker, øyane sin 3. myrhauk, 1 ub. trepip-/sibirpiplerke vart høyrd og 1 gulbrynsongar som også vart høyrd. Under kan du sjå eit par dokumentasjonsbilder frå i dag.

Tartarpiplerke 1K, Voksa

Myrhauk 1K, Voksa
Sett kort i det den trekte mot sør!