lørdag 31. desember 2011

Godt nyttår!

Då er 2011 så og seie over. Og for eit år det har vore.... Men mange, mange gobitar spreidd utover heile året! Då snakkar vi artar som musvåk, lerkefalk, grønlandsmåse ua. kumlieni, gulbeinmåse, fjellmyrløpar, elvesongar, tartarsongar, mongolpiplerke, markpiplerke, sibirpiplerke, hærfugl osv. Ein kan trygt seie at det vart mange store øyeblikk, som for alltid vil feste seg på minnet! Så må eg sjølvsagt ikkje gløyme alle grashoppesongarane.... For 2011 vil vel for all framtid stå igjen som grashoppesongaren sitt år på Sandsøya og Voksa.

Så då for vi berre håpe at 2012 kan bli minst like bra!! Kanskje til og med toppe 2011.... Ja, for det er jo lov å håpe!:)

Her er nokre bilder frå året som har gått....
Ein av dei totalt 34 forskjellige grashoppesongarhannane på øyane i 2011!
Lunde, avbilda under avlesing av fargemerka lundefuglar på Runde i
midten av april. Måtte det gå mykje, mykje betre med alle sjøfuglane på
Runde i 2012!!!!
Havørn 3K. Avbilda ved Voksevegen i november.
Havørna hadde eit produksjonsår noko under gjennomsnittet i 2011.
Blir 2012 betre...?!

Og heilt til slutt er det vel berre å ønske alle eit riktig godt nyttår!

lørdag 24. desember 2011

God jul!

Då vil eg berre ønske alle som følger og leser bloggen ei riktig god jul!!

lørdag 17. desember 2011

Polarmåse, Sandshamna 17.12.11

I dag vart det som ved fleire anledningar dei siste to vekene sett nøye igjennom måsane på Sandshamna. Det var også i dag bra med måsar, noko det har vore den siste tida. Men bortsett frå  
1 polarmåse som har blitt stasjonær har det ikkje vore noko spesielt å sjå. Men som alltid så er det ein fryd å sjå desse nydelige kvitmåsane.... Og forhåpentlegvis så vil det snart dukke opp enda fleire små og store gobitar!

Her er nokre bilder av polarmåsen frå i dag.
Polarmåse 1K i lag med 1K gråmåsar, Sandshamna/Sandsøya.
 
Polarmåse 1K i lag med 1K gråmåsar, Sandshamna/Sandsøya.

Polarmåse 1K i lag med 1K gråmåsar, Sandshamna/Sandsøya.

Polarmåse 1K i lag med 1K gråmåsar, Sandshamna/Sandsøya.
 

fredag 16. desember 2011

Engelskmerka gråmåse...

I dag fikk eg endeleg svar på den engelskmerka gråmåsen som eg såg på Sandshamna den 5.desember. Og som eg trudde så var ikkje denne måsen frå det prosjektet eg har funne måsar av frå før. (North-Thames Gull Group) Denne gongen var det frå måseprosjektet til FERA. FERA er forkortelsen for UK Food and Environment Research Agency. Under kan du sjå bilde av måsen samt lese historia til den.

Gråmåse 10K, Sandshamna 5.des 2011.
Denne måsen er merka med fargering med siffera 1356.
Gråmåsen vart merka på ei søppelfylling i Ashington eit lite stykke nord for Sunderland i nordaust-England. Der vart den merka den 10.mars i 2005. Då som ein nesten 3 år gammal fugl, altså som ein 4K. Dermed er den i dag i sitt 10 kalenderår. (10K) Det vil igjen seie at den er litt over 9 år gammal. Dette var første gongen den vart sett etter at den vart merka!

Her eit oversiktskart.

mandag 5. desember 2011

Sandshamna 05.12.11

I dag vart det satsa fullt og heilt på måseskoding på Sandshamna på Sandsøya. Og det var fortsatt bra med måsar, noko det har vært den siste tida! Dagens gobitar var vinterens 1.grønlandsmåse, samt 2 polarmåsar. I tillegg til "kvitmåsane" så vart det også sett ein fargemerka gråmåse. Denne kan du lese meir om nederst i innlegget....

Her er nokre bilder av dagens "kvitmåsar".
Grønlandsmåse 1K, Sandshamna/Sandsøya

Polarmåse 1K, Sandshamna/Sandsøya

Polarmåse 1K, Sandshamna/Sandsøya
 


Engelskmerka gråmåse....
Rett før det blei mørkt fann eg ein fargemerka gråmåse med ein raudoransje fargering, med mørk skrift. Dette er dei samme fargane som dei brukar på ringane i det prosjektet eg har funne fleire måsar av frå før. Men på dei ringane så har det alltid vore ein bokstav. Denne gongen var det berre tal! På ringen stod det nemleg 1356. Dermed kan denne måsen vere frå eit anna prosjekt. Eg har no sendt mail til engelskmennene og håper å få svar rimelig kjapt.....

Her er eit bilde av måsen.
Gråmåse 4K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya
Merka med fargering 1356!

fredag 2. desember 2011

Sandsøya/Voksa 02.12.11

I dag vart det først ein liten biltur rundt på Voksa for å sjå om der kanskje kunne vere noko å sjå. Det var heller lite... Det einaste som var verdt å legge merke til var ei flokk på 11+ viper som rasta på nordsida av øya. På Sandsøya starta eg med å sjå om der kunne vere noko i storevika. Der vart det sett ei næringssøkande 1K lappspove. Til slutt på dagen så vart det satsa på måsane på Sandshamna. Fortsatt var ein av dei 2-3 polarmåsane som vart sett for eit par dagar sidan på plass.

Her kan du sjå nokre bilder av den nydelige måsen.
Polarmåse 1K, Sandshamna/Sandsøya
Polarmåse 1K, Sandshamna/Sandsøya

Polarmåse 1K, Sandshamna/Sandsøya

Eg legg også inn eit par portrettbilder av krykkje og gråmåse!
Krykkje 1K, Sandshamna/Sandsøya
Gråmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya