lørdag 7. mars 2015

Eit år i svartstrupas rike

Gjennom våren, sommaren, hausten og førjulsvinteren 2014 følgde eg eit svartstrupepar i Sandsvågen på Sandsøya. Her er eit samandrag av månadane i lyngheia, då både i form av tekst og bilder.

Før vintrane 2009/2010 og 2010/2011 var svartstrupebestanden på topp. Då eg gikk rundt i fjøresona på Sandsøya i slutten av november og starten på desember i 2009 var det rikelig med med svartstruper å sjå. Ikkje mindre enn 7-9 par vart observert overvintrande. Nettopp denne strategien med overvintring gir fuglane ein stor fordel til neste hekkesesong. Dei vil då vere på plass tidligare enn dei fuglane som eventuelt kjem trekkande inn frå lenger sør langs norskekysten, samt frå dei Britiske øyane, og dei kan då erobre dei beste hekkeplassane først. I og med at dei er tidligare ute enn dei som kjem trekkande inn kan dei også starte hekkesesongen tidligare, og dermed får dei ein lenger sesong, med muligheit til å få fram endå fleire ungar enn dei som trekker. Men skal overvintringa bli vellukka så er dei avhengige av vintrar som ikkje er for harde. Det som er mest avgjerande er at det ikkje blir snødekt heilt ned i fjøresteinane. Blir det det over lange perioder, finn dei ikkje mat, og dermed bukkar dei fleste fort under. Under vinteren 2009/2010, samt den påfølgande vinteren, var det slike forhold med snødekt heilt i havet, og alle, eller bort i mot alle strauk med. I åra etter, tross milde vintrar og gunstige overvintringsforhold, så har det hekka maksimum eit svartstrupepar på Sandsøya pr sesong.

Gunstige forhold for overvintring
I 2014 derimot virka det lovande, vinteren var svært mild med lite snø, og alt låg til rette for at fuglar som hadde overvintra langs vestlandskysten skulle ha greidd seg. I tillegg til dette så viste observasjonar lenger sør langs kysten at det måtte ha vore eit betydelig innsig av svartstruper frå dei Britiske øyane. Skulle dette vere året der svartstrupebestanden virkelig skulle starte å bygge seg opp igjen?

Det er slik ein vil sjå svartstrupa, sittande i toppen av vegetasjonen
 i kystlyngheia.

Tidlig på hekkeplass
Etter å ha følgt med på observasjonar gjort av svartstruper lenger sør langs kysten frå midten av februar og utover, så fann eg den 2. mars ut at eg måtte gjere ein liten innsats sjølv. Kanskje kunne dei første svartstrupene vere på plass allereie? Den første lokaliteten eg besøkte var Sandsvågen på Sandsøya. Dette er nemlig den beste lokaliteten for arten her på øya, og skulle dei vere på plass, så var det der dei måtte vere. Og joda, eit par minutt etter ankomst så såg eg dei. Årets første svartstrupepar var på plass i lyngheia. Etter å ha lokalisert det første paret så gikk turen vidare til Hellandsvågane heilt vest på øya. Der lokaliserte eg par nummer to. Dette var første gong etter at bestanden fikk seg ein kraftig knekk at det var to par samtidig på øya. Begge para holdt seg i lyngheia på potensielle hekkeplassar, noko som er svært tidlig. Normalt så dukkar dei ikkje opp i lyngeheia før i den siste halvdelen av mars til den første veka av april. Dessverre så mista eg kontrollen på paret i Hellandsvågane utover i april. Paret i Sandsvågen derimot, holdt stand, og gav meg ei fantastisk muligheit til å få eit innblikk i livet i kystlyngheia.

Her er eit bilde av begge fuglane i paret i Sandsvågen.
Svartstrupe 3K+ F, Sandsvågen, Sandsøya 5. mai 2014
Hoa er aldersbestemt til 3K+ på både form og kvalitet på svingfjører og
stjertfjører. Også teikningane og fargetonane på store arm- og handdekkarar
peikar mot 3K+.

Svartstrupe 3K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 13. mai 2014
Hannen er aldersbestemt til 3K+ på både form og kvalitet på svingfjører og
stjertfjører. Også teikningane og fargetonane på store arm- og handdekkarar
peikar mot 3K+.

Oppstart av fargemerkingsprosjekt
Eg har gjennom nokre år no leika litt med tanken om å starte eit fargemerkingsprosjekt på svartstrupe. Det å kunne individidentifisere svartstrupene i felt ville gi eit unikt innblikk inn i livet til fuglane. Skulle eg for eksempel satt på berre ein metallring åleine, så ville eg ikkje kunne plukke ut enkeltindividet, då ein metallring er bortimot umulig å lese av i felt. Dataane som ein då får er langt i frå så verdifulle som dei ein vil få vist ein faktisk kan skilje kvar enkelt fugl. Med fargeringar på beina som er lesbare på opp til 80-90 meters hold, så kan ein enkelt følje utviklinga til fuglane. Det blir då mulig med draktstudie over tid, og å sjå på forflytningar dei skulle foreta seg m.m.

Uansett, i 2014 bestemte eg meg for at det ikkje berre skulle bli med tanken, og at eg faktisk skulle starte å fargemerke. Men før ein kunne starte og sette på dei fargeringar, så måtte vi sjekke om den fargeringtypa som eg hadde tenkt å bruke var ledig for arten. Det var den, og dermed var det berre å vente på det første ungekullet, så skulle ungane få kvar sin fargering i tillegg til metallringen.

Dette "flyfotoet" tatt med drone viser Sandsvågen på Sandsøya. Det var
på sørsida av vågen ved bilveg at svartstrupeparet holdt til
(til venstre på bildet).


Her er eit panoramabilde som viser hekkeplassen til svartstrupene i
Sandsvågen i 2014. Reira var plassert i skråninga til venstre
for bilvegen på bildet.

Første kull
Som nemnt over så vart svartstrupeparet i Sandsvågen lokalisert den 2. mars. Dei dukka nok opp på lokaliteten tidligare enn dette, men akkurat når dei dukka opp får vi aldri vite. Utover i mars så holdt dei seg stabilt i lyngheia ved bilvegen på sørsida av vågen (sjå bilda over). Etter å ha vore på lokaliteten i over tre veker så seg eg den 25. mars dei første teikna på hekkeaktivtet. Då vart nemlig hofuglen sett flygande med reirmateriale. Området ho gikk "ned i" vart notert på minnet, for høgst trulig var det der reiret måtte vere. Etter å ha haldt følje med fuglane i nokre dagar til, så var det plutselig berre hannen som var å sjå. I tida frå den 7. april og framover til den 20. april var det så og seie berre hannfuglen som vart observert. Den 20. april derimot så var plutselig begge fuglane i farta. Ja, ikkje berre var dei i farta, dei bar også mat. Etter å ha følgt dei i nokre minutt og funne ut eksakt kor dei gikk ned i lyngheia, så gikk eg opp og fikk lokalisert reiret. I reiret låg der fire så og seie nyklekte ungar. 
 


Det var i denne grastua at svartstrupene hadde lagt sitt første reir i 2014.

Den 25. april når ungane var 6-7 dagar gamle så var dei store nok til å bli ringmerkte. Alle dei fire ungane fikk kvart sitt sett med både metall- og fargeringar, før dei blei lagt tilbake i reiret. I reiret var der også eit ubefrukta egg. Dermed så hadde hoa lagt fem egg i kull nummer ein. Reknar vi då tilbake så må hoa ha lagt det første egget heilt i månadsskiftet mars - april. Med 5-6 dagar med egglegging og vidare 13-14 dagar med ruging, så kjem vi då tilbake til den 31. mars eller 1. april.  

Årets første svartstrupereir med fire 6-7 dagar gamle ungar. Bildet blei tatt
rett før ungane blei ringmerkte den  25. april.

Svartstrupe pullus, Sandsvågen, Sandsøya 25. april 2014
Denne ungen fikk den store æra av å vere den første svartstrupa i Norge
med fargering. Den er ca. 6-7 dagar gammal.

I dagane etter at dei blei merkte så følgte eg nøye med på dei vaksne fuglane som mata ungane i reiret. Ungane hadde fått ein meget gunstig start på livet. I løpet av dei første dagane i reiret så hadde dei allereie opplevd 20 grader celsius, noko som ikkje akkurat er kvardagskost i slutten av april. Når vi kom fram til månadskiftet april/mai kom det derimot inn ein kaldfront. Både natterstid og tidlig morgon den 31. april, samt 1. og 2. mai låg det igjen snø i lavlandet. Då snøveret sto på som verst så var ungane ca. 11-12 dagar gamle, og dei var då såpass gamle at dei takla ver og temperaturforholda greit. Med såpass kjølig ver var nok også hoa inne og varma dei natterstid. Går vi så nokre dagar til fram i tid, nærmare bestemt til den 5. mai, var det noko som hadde endra seg. Både hannen og hoa varsla berre eg kom køyrande med bilen på bilvegen. Og det hadde si forklaring. Ungane hadde nemlig hoppa ut av reiret og spreidd seg i terrenget. Ungane var då ca. 16 dagar gamle. Etter dette vart det så og seie daglig turar for å observere paret og ungane deira. Eg fann fort ut at det å følje fuglane så og seie kvar dag ville gi eit unikt innblikk i svartstrupas liv i lyngheia. Kanskje hadde dei også nokre overraskelsar på lur?

Svartstrupe 1K/juvenil F (SSA), Sandsvågen, Sandsøya
Dette bildet er tatt av ‹‹SSA›› den 13. mai, åtte dagar etter at ungen hoppa
ut av reiret. Ungen er her ca. 26 dagar gammal.

Andre kull
Etter at ungane hadde hoppa ut av reiret vart dei mata av begge foreldra i lyngheia i reirområdet. Etter at hoa var med å mata ungane aktivt i ca. ei og ei halv veke, så haldt ho seg etter kvart meir og meir for seg sjølv. Og den 20. mai var det på nytt berre hannen som var å sjå. Ho kunne vel ikkje ligge å ruge på eit nytt kull allereie? Etter at hannen haldt i lag med ungane til dei var ca. 4 veker gamle, vart han på nytt sett matande i terrenget den 3. juni. Var det nyklekte ungar igjen altså... Etter å ha sett tre matingar, så gikk eg for å sjå kva han mata på. Og joda, der var eit reir med ungar i. Avstandsmessig så låg reir nummer to ca. 75 meter frå det første. I reiret fikk eg sett tre så og seie nyklekte ungar. Dermed hadde hannen no nye ungar å mate. Det ville då seie at ungane frå det første kullet måtte greie seg på eigenhand. Dei haldt seg på dette tidspunktet i lag i utkanten av territoriet til dei voksne fuglane, og var no fullt og heilt sjølvstendige.


Svartstrupe 1K/juvenil F (SSA), Sandsvågen, Sandsøya
Her er ‹‹SSA›› fullfjøra. Ungen er her avbilda den 27. mai, då ca. 5 veker gammal.
Den er her blitt sjølvstendig, i og med at freldra allereie her var i ferd med å
forstre opp ungekull nr. to.

Ungane i kull nummer to vart ringmerkte den 10. juni når dei var ca. 7-8 dagar gamle. Det var også denne gongen ubefrukta egg i reiret. I kull nummer ein var det som nemnt eit ubefrukta egg, medan det i dette kullet var to. Det vil då seie at hoa på nytt hadde lagt fem egg. Ungane holdt seg så i reiret til dei var  ca. 15 dagar gamle før dei hoppa ut. I motsetning til det første kullet der hoa var med å mata i ca. ei og ei halv veke, så var ho denne gongen berre med å mata ungane i 2-4 dagar. Etter dette så var det hannen som stod for matinga og ungepasset. Det tok altså ikkje lenge før hoa haldt seg mest for seg sjølv, og det såg virkelig ut som ho hadde skumle planar om eit kull nummer tre.


Svartstrupe 3K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 15. juni
Her er hannen på veg inn for å mate ungane i kull nr. to som
på dette tidspunktet ligg i reiret.

Tredje kull
Det var ikkje vanskelig å lokalisere hannen og dei tiggande ungane som farta rundt i lyngheia. Hoa derimot, var ei heilt anna sak. Ho holdt seg som sagt mest for seg sjølv, og frå den 25. juni, ca. 8 dagar etter at ungane i det andre kullet forlot reiret, var ho igjen berre å sjå i korte perioder. Ja, alt tyda på at ho faktisk allereie låg å ruga på kull nummer tre. I dei korte periodene ho vart observert så var ho ekstremt aktivt næringssøkande. Ei runde på næringssøk kunne vare i minst 20 minutt, før ho igjen gikk tilbake på reiret for å varme egga. Det var nemlig ingen hann som kunne kome med mat på reirkanten, han hadde meir enn nok med å passe på dei tre ungane i kull nummer to som fortsatt var avhengige av oppvartning. Dei også skulle nemlig ha mat, masse mat! Hoppar vi så 14 dagar fram i tid, nærmare bestemt til den 9. juli, så var begge dei vaksne svartstrupene på nytt i gong med å mate eit nytt ungekull. Dette gav meg anledning til å lokalisere reir nummer tre, samt innholdet. I reiret var det denne gongen berre ein unge. Ungen var heilt nyklekt. Der var også fleire ubefrukta egg. Den 16. juli når ungen var ganske så nøyaktig ei veke gammal, vart turen på nytt lagt til reiret, der ungen fikk påsett ringar. I reiret var der også fire ubefrukta egg i tillegg til ungen. Det vil då seie at hoa også i dette kullet hadde lagt fem egg. Denne gongen gikk det nok litt fort i svingane, og resultatet med ein klekt unge ut av fem egg, må vel kunne seiast å vere så som så. Det å vere berre ein unge som fikk all maten, kombinert med høge temperaturar og ekstremt bra tilgong på insekt, gav perfekte vekstvilkår. Resultatet blei at ungen hoppa ut av reiret allereie den 20. juli, då berre ca.11-12 dagar gammal. Ungane i kull nummer ein og to hoppa ut når dei var henholdsvis ca. 16 og ca. 14 dagar gamle.


Her er dei fire svartstrupeegga som låg i reiret i lag med svartstrupeungen i
kull nummer tre. Desse blei samla inn etter at ungen hadde forlatt reiret.

På kull nummer ein og to var hoa med å mata dei nyuthoppa ungane i henholdsvis ca. ei og ei halv veke og 2-4 dagar, før ho starta å konsentrere seg om neste kull. På kull nummer tre derimot, var det berre dagen etter at ungen hadde hoppa ut at ho virka interessert i å vere med å mate. Frå den 22. juli holdt ho seg for seg sjølv, og igjen var det hannen som stod for mating og ungepasset. Kunne ho virkelig finne på å gå for eit kull nummer fire? Skulle dei få fram ungar i eit fjerde kull, altså ungar i alle fire kulla, så ville dette vere første gong det er påvist i Norge. Ja, faktisk så er det berre påvist eit par gongar tidligare i heile Europa!


Fjerde kull
Etter nokre få dagar vart ho igjen sett berre i korte perioder på næringssøk. Hadde ho virkelig lagt kull nummer fire?!! Den 7. august fikk eg så definitivt svaret. Då vart nemlig hannen sett matande der eg trudde reiret til kull nummer fire måtte vere, og det var ikkje lenger nokon tvil om at dei hadde gått for rekordkullet! Eg venta så med å lokalisere reiret til den 9. august. I reiret var der to ungar. Den 14. august når ungane var ca. ei veke gamle blei dei ringmerkte. I tillegg til ungane så var der to ubefrukta egg. Det vil seie at det i kull nummer fire vart lagt fire egg. Totalt vart det då i løpet av fire kull lagt 19 egg, fordelt på fem, fem, fem og fire. Av desse egga lukkast det å klekke ut 10 ungar. Fire i kull nummer ein, tre i kull nummer to, ein i kull nummer tre, og sist men ikkje minst to i kull nummer fire.

Svartstrupe pullus, Sandsvågen, Sandsøya 14. august 2014
Her er den minste av dei to ungane i det fjerde kullet.

Overgongen mellom kull nummer tre og fire var ekstremt rask. Hoa må ha lagt det første egget allereie i løpet av ein til to dagar etter at ungen i kull nummer tre hadde forlatt det forrige reiret. Raskare enn det kan det ikkje bli! Det var så raskt at når hannen skulle til å mate på det nye kullet så var ungen frå kull nummer tre fortsatt ikkje fullt og heilt sjølvstendig. Ungen vart faktisk sett tiggande ovanfor hannen dagen etter at han starta å mate dei to nyklekte ungane i kull nummer fire.


Fryktelig uver...
Den 18. og 19. august når ungane var ca. 11-12 dagar gamle kom det inn eit uver som lett kunne ha øydelagt heile idyllen. I løpet av dei to dagane kom det ekstreme nedbørsmengder. Det kombinert med kraftig vind kunne lett tatt livet av ungane. Det var faktisk så mykje vind og nedbør at dei vaksne svartstrupene måtte ned i fjøresona for å finne mat til seg sjølv og ungane. Heldigvis så var temperaturen ganske høg, noko som nok var den viktigaste faktoren til at det gikk bra. For den 20. august, altså dagen etter uveret, fikk eg til all min glede og overrasking både sett og høyrd at der fortsatt var liv i reiret. Eg høyrde både tigging frå reiret, samtidig som eg fikk sett hannen mate. Den 21. august reiste eg så til Oslo for å sjå steppe- og kaspimåse, og når eg returnerte derifrå den 25. august var svartstrupene det første eg sjekka. Då hadde ungen eller ungane forlatt reiret. Den/dei hadde trulig forlatt reiret den 23. eller 24. august, i og med at den/dei fortsatt satt berre eit par meter i frå sjølve reirskåla. Ungen eller eventuelt ungane var då ca. 15 dagar gamle.

Var begge ungane fortsatt i live?
Då var det store spørsmålet, hadde begge ungane overlevt? Eg var lenge i tvil, og ei stund var eg heilt sikker på at det berre var ein av ungane som hadde greidd seg. Eg måtte vente heilt til den 28. august med å få fasiten. Då vart hoa sett matande på to stadar med berre 30 sekunds mellomrom, og det var ikkje lenger nokon tvil om at det fortsatt var to ungar i live. Eg måtte vidare vente til den 30. august før eg faktisk fikk sett ungane.

Svartstrupe 1K M t.v. og 3K+ F t.h., Sandsvågen, Sandsøya 5. september 2014
Her blir ein av dei to ungane i kull nummer fire mata.


Ikkje tidligare påvist i Norge
Det er ikkje så alt for uvanlig at svartstrupene har opp i tre vellykka kull på ein sesong, men fire vellukka kull var som eg nemnte over aldri tidligare påvist i Norge. Eg hadde før sesongen spøkt litt med at - ‹‹tenk om dei skulle få eit kull nummer fire››... Eit kull nummer fire ville virkelig vere prikken over i'en på ein fantastisk hekkesesong. Og akkurat det med at dei berre fikk ein unge i kull nummer tre, såg eg virkelig på som ein stor fordel med tanke på motivasjonen mot eit eventuelt fjerde kull. Og når dei faktisk gikk for det fjerde kullet, så var hekkesesongen komplett. Eg hadde då fått påvist rekordkullet, samt dei ekstremt korte intervalla mellom kulla. For å finne påviste fire vellukka ungekull, altså der det har vore utflogne ungar i alle fire kulla andre stadar i Europa, så må vi til Tyskland. I boka ‹‹Stonechats - a Guide to the Genus Saxicola ›› av Ewan Urquhart frå 2001, står det skrive at det kun er påvist to gongar at eit par har hatt fire vellukka kull. Desse to para med fire vellykka kull vart begge påvist i Tyskland på 1950- og 1960-talet. Det som deimot ikkje er heilt uvanlig er at eit par som har hatt eit kull der egg eller ungar har går tapt, også då går for eit fjerde kull. I ei studie gjort i sør-England på slutten av 1970-talet der det blei følgt 37 par, var det 100% som gjorde to førsk, 84% som gjorde eit tredje forsøk, og 8% som gjorde eit fjerde forsøk. Samanliknar vi så forholda i Tyskland der dei fikk fram ungar i alle fire kulla, og forholda på nordvestlandet i Norge, så er forholda der ein del gunstigare enn det dei er her hos oss, då med ein lenger sesong, og i gjennomsnitt høgre temeraturar året rundt. Dei kan gå til hekking tidligare på året, og holde på endå lenger ut på sommaren. Hos oss derimot, virkar det som at daglengda som er betydelig lenger her hos oss vår- og sommarstid kan kompensere ein del for den i gjennomsnittleg kortare hekkesesongen. Kombinerar vi dei då daglengda med dei uvanlig gunstige temperaturane som vi hadde gjennom seinvinteren, våren og sommaren i 2014, så viser det jo seg at under rette forhold så går det faktisk ann å få fire ungekull på vingene i ein hekkesesong sjølv så langt nord som på nordvestlandet i Norge.


No skal det riktig nok presiserast at hadde dei tatt seg betre tid og gått for berre tre kull, så er det ikkje utenkelig at dei kunne fått eit betre resultat, altså fleire ungar enn det dette paret greidde på fire kull. For det å legge 19 egg og samtidig "berre" klekke 10 av dei er faktisk eit heller dårlig resultat. Hadde dei for eksempel fått tre kull med henholdsvis fire, fire og tre ungar, så hadde dei enkelt greidd og slått resultatet med 10 ungar som paret i Sandsvågen greidde på fire kull. Eit slik senario med 11 ungar på tre kull er faktisk også svært sannsynlig. Dermed er det ikkje antall ungar som er det oppsiktsvekkande, men at dei la fire kull og samtidig fikk fram ungar i alle fire kulla.


Kjønnsbestemming av svartstruper i juvenildrakt
Det er fullt mulig å kjønnsbestemme ungfuglane sjølv i juvenildrakt. Her er litt om kva ein skal sjå etter for å bestemme dei...


På bildemontasjen over, så har eg satt opp to juvenile svartstruper. Då med ei hoe til venstre og ein hann til høgre. Den mest openbare forskjellen er at hannfuglane har tydelig innslag av kvitt på dei indre store armdekkarane (sjå nederste innringing på begge bilda), dette manglar hoene. Det er denne karakteren som er enklast å sjå i felt. Den andre karakteren som eg også har ringa inn, er ansiktsteikningane. Hannane er ofte mørkare rundt auget, og då særlig mellom nebbet og auget. På dei mest utprega fuglane slik som på hannen på bildet t.h. over, dannar dette ei ansiktsmaske. Men akkurat denne karakteren er variabel, og det varierar ein del frå individ til individ. På dei mest intenst teikna fuglane som på hannen over, kan denne karakteren brukast ganske greit, medan det på andre mindre markerte hannar ikkje er fullt så rett fram. På hoene så virkar ansiktet meir "opent". Dette er fordi fjørene rundt auget er mykje lysare, og det gir då inga maskeeffekt. Akkurat denne karakteren med ansiktsteikningar har eg ikkje funne beskrive i litteraturen, men på dei 10 ungane som såg dagens lys i Sandsvågen i 2014 samsvarte både teikningar på indre store armdekkarar og ansiktsteikningar overeins. Så ein kan i det minste bruke ansiktsteikningane som ein støttekarakter. Andre forskjellar på ho og hann i juvenildrakt er fargetonar i fjørdrakt, teikninigar på kroppsfjører osv. Desse karakterane er svært vanskelige å bruke i felt, då avstandane fort kan bli ganske store, samtidig som at det ikkje skal mykje til før forskjellen mellom forskjellige lysforhold endrar inntrykket ein får av draktteikningar og fargetonar betydelig. Når det gjeld fargetonane i fjørdrakta på dei to juvenile fuglane på montasjen over, så er det forskjellige lysforhold som gjer at den eine virkar mykje varmare enn den andre. Hoa er avbilda i varmt morgonlys, medan hannen satt i skuggen.

No når vi har sett på karakterane for kjønnsbestemming av ungfuglane i juvenildrakt, så kan eg no oppsummere fordelinga av kjønna i dei fire ungekulla i Sandsvågen i 2014. I kull nummer ein var der tre hoer og ein hann, i kull nummer to var der tre hannar, i kull nummer tre var der ei hoe, og i kull nummer fire var der to hannar. Totalt vart det då altså fire hoer og seks hannar.


Rett over i myting
Som eg nemnte tidligare i artikklen, så vart ungane i kull nummer fire sett første gong den 30. august. Etter dette så holdt dei seg i hekkeområdet i lag med foreldra. På dei tre føregåande kulla så var det i hovudsak berre hannen som mata. Slik var det ikkje denne gongen. Faktisk så blei det aldri observert at hannen mata ungane etter at dei hadde hoppa ut av reiret i det heile tatt. Han holdt seg i området ikkje langt i frå hoa og ungane, men tok ikkje aktivt del i matinga. Han holdt seg for seg sjølv, og starta ganske umiddelbart etter at ungane hadde hoppa ut med full fjørmyting. I og med at hoa måtte vere mobil for å holde tritt med ungane, så haldt ho igjen litt før ho også starta haustmytinga. Det var først etter at ungane var såpass sjølvstendige at dei greidde å finne mat sjølv at ho starta å myte for fullt.


Dei voksne svartstrupene myter både kropps-, stjert- og svingfjører, samt vingedekkarar ein gong i året. Dette skjer på seinsommar/haust. Svartstrupene høyrer til den gruppa fuglar som har såkalla bremfelling. Det vil seie at dei ikkje skiftar ut fjørene for å komme i praktdrakt (sommardrakt). I staden for å skifte ut heile fjøra let dei ytre faktorar som fysisk slitasje, samt nedbryting av ultrafiolett stråling frå sollyset slite på fjøra. Når fjørene er heilt ferske har dei ein brei lys brem rundt den ytterste delen. Når desse blir slitt vekk på våren/sommaren kjem den indre delen av fjøra fram. Strukturen på den ytterste delen, altså bremmen på fjøra, er mykje lausare og dårligare enn den indre delen. Den gir ekstra isolasjon når dei treng det vinterstid, men når vi kjem fram til våren og dei skal gå over i praktdrakt, blir desse sakte men sikkert slitt vekk. Den indre delen av fjøra som er av ein mykje betre kvalitet blir ståande igjen. Når alle desse lyse bremmane er slitt bort har utsjånaden endra seg drastisk, og dei har komt i praktdrakt. Dei har rett og slett mista vintersløret. Under kan du sjå ei bildemontasje av både hoa og hannen i paret. Desse bilda viser korleis svartstrupene endrar utsjånad gjennom ein heil sesong som følge av slitasje (bremfelling). Frå relativt fersk drakt om våren, til slitt drakt på seinsommaren, og tilbake til fersk drakt på hausten etter endt myting.

Svartstrupe 3K+ F


Svartstrupe 3K+ M




Postjuvenil myting
I både kull nummer ein, to og tre, så haldt ungane berre i lag med foreldra til det neste kullet klekte og dermed trengte å matast. Det vil seie at når ungane var 3-4 veker gamle, så måtte dei greie seg fullt og heilt på eigenhand. Alle ungane i dei tre første kulla vandra ganske kjapt ut av hekkeområdet, og dei vart ikkje sett igjen. Men på det fjerde og siste kullet, når dei vaksne ikkje hadde eit nytt kull å gå til, haldt ungane i lag med foreldra i heile 9 veker. (Den eine ungen forlot lokaliteten den 9. eller 10. oktober, medan den andre fordufta den 11. oktober) I og med at det siste ungekullet holdt seg såpass lenge i hekkeområdet, så gav det meg muligheit til å følje dei gjennom store delar av den postjuvenile mytinga. Dette er mytinga der dei går frå den første fjørdrakta, altså juvenildrakta, og til den første adultlike drakta. For å oppnå dette skiftar dei ut alle kroppsfjørene, samt nokre vingedekkarar. Dei kan også skifte ut nokre tertiærar, samt nokre indre armsvingfjører, men sett borti i frå det, så blir ikkje svingfjører eller stjertfjører mytt i den postjuvenile mytinga.

Her er tre bilder av den unge hannen, ‹‹SUA››. Eit bilde der den ligg i handa mi under merking, då ca. 7 dagar gammal, vidare eit bilde av den i full juvenil drakt, ca. 29 dagar gammal, og sist men ikkje minst eit bilde av den samme fuglen godt underveis i den postjuvenile mytinga, ca. 62 dagar gammal.
 
Ca. 7 dagar gammal (bildet er tatt den 14. august)


 Ca. 29 dagar gammal (bildet er tatt den 5. september)
 

Ca. 62 dagar gammal (bildet er tatt den 7. oktober)
 

Trekantdrama...
Eit par dagar etter at den siste ungen hadde forlatt hekkelokaliteten så var der plutselig ei ny hoe inne i bildet. Det virka faktisk også som om hannen føretrakk den nye hoa framfor maken sin gjennom våren og sommaren. Begge hoene var svært aggressive, og det var litt av eit leven når dei nærma seg kvarandre. Det var den nye hoa som holdt seg i lag med hannen, medan den gamle haldt seg for det meste eit lite stykke unna. Dermed så var eg ganske overbevist om at her var det ei utskifting på gong. Dagen etter derimot, så kunne eg til min store glede konstatere at det fortsatt var den gamle hoa som var på plass i lag med hannen. "Gamla" hadde nok greidd å jage vekk inntrengaren, for den nye fuglen var ikkje å sjå.
I ettertid så holdt paret i lag. Og i og med at det var veldig bra temperaturar godt ut i desember, så hadde dei heller ikkje behov for å flytte ned i fjøresona. Dei holdt seg faktisk i kanten på lyngheia til godt ut i desember. Dei vart nemlig observert berre nokre frå meter frå der reiret til kull nummer tre og fire var plassert, så seint som den 6. desember. Dette er det seinaste eg har observert svartstruper i lyngheia nokon gong. Normalt har dei for lengst trekt ned i fjøresona, men hausten og førjulsvinteren 2014 var så mild at det rett og slett ikkje var vore behov for å flytte på seg. Dei hadde nemlig rikelig tilgong på både insekt, frø og bær, og dermed greidde dei seg heilt fint.

Svartstrupe 3K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 11. oktober 2014
Medan det fortsatt var tilgong på bær så gikk det ein god del i det.
Her er hannen i ferd med å svelge ei einebær.


Den siste observasjonen av svartstrupe i Sandsvågen i 2014 vart gjort den 12. desember. Då var det derimot berre hoa som var å sjå. Ho holdt seg i utkanten av lyngheia på ei brakkmark. Då var det store spørsmålet, kva skjedde med hannen? Enten så forlot han området og trekte ned i fjøresona ein eller annan stad, eller så hadde han i verste tilfelle dauda. Eg håpte i det lengste at det var det siste som var tilfellet...

Svartstrupe 3K+ F, Sandsvågen, Sandsøya 12. desember 2014

I januar 2015 vart fleire av dei mulige overvintringsstadane for svartstrupe på øya oppsøkt. Dessverre så var det ingen svartstruper å sjå. Eg fikk ikkje sjekka alle lokalitetane, og eg kunne dermed ikkje utelukka at det overvintra svartstruper på Sandsøya. No sett i ettertid, så kan ein i alle fall seie at fuglane ikkje var langt unna.

Reiroversikt
Noko eg så og seie ikkje har vore innom tidligare i artikkelen er plasseringa av reira og avstandane mellom dei. På dei fire forskjellige kulla vart det brukt fire forskjellige reir. I og med at svartstrupeparet hadde heile lyngheia for seg sjølv, hadde dei også anledning til å spre reira godt utover. På kartet under har eg plotta på dei fire forskjellige reira og korleis dei låg i forhold til kvarandre.



Avstanden mellom reir 1 og 2 var på ca. 75 meter, vidare så var avstanden mellom reir 2 og 3 ca. 95 meter, og sist men ikkje minst så var avstanden mellom reir 3 og 4 ca. 13 meter. Reir 2 var det som låg nærmast vegen, avstanden mellom reiret og bilvegen var på ganske nøyaktige 23 meter.

Alle reira var plassert i tuer, frå reine grastuer til tuer som besto for det meste av røsslyng. Ser vi også litt på oppbygginga av sjølve reira, så hadde dei gjort seg skikkelig flid med dei tre første. Desse hadde ei fin og fora reirskål. Det fjerde og siste reiret derimot, var ikkje av same kvalitet. Dette er kanskje ikkje så rart... Tidsrommet mellom då ungen hoppa ut av reir tre til reir fire måtte vere ferdig, var svært kort. Som eg har nemnt over i artikkelen, så måtte hoa ha lagt det første egget i kull nummer fire allereie ca. ein dag etter at ungen i kull nummer tre hadde hoppa ut. Dermed hadde ho ikkje anledning til å bruke alt for mykje tid på akkurat dette reiret. Reiret var minimalt fora og skåla var meget dårlig. Ja, det såg nesten ut som ho berre hadde laga seg seg ei grop i mosen. Dei kan riktignok ha bygd reir medan dei mata ungen i kull nummer tre, men ut i frå kvaliteten å bedømme så såg det ikkje slik ut. Det såg ut som eit hastverksprosjekt.


Oppsummeringstabell
Mykje av det som eg har tatt føre meg tidligare i artikkelen kan det vere vanskelig å halde oversikt over. Difor har eg satt opp ein tabell under. I tabellen har eg satt opp ei oversikt på dato på første egg lagt, antall egg, antall ungar klekt, reirtid, antall utflogne ungar, antall sjølvstendige ungar, antall dagar mellom første egg lagt i eit kull til første egg blei lagt i neste kull, og sist men ikkje minst kjønnsfordelinga på ungane. Alle desse forskjellige dataane er fordelt på dei fire forskjellige ungekulla.



Snart ein ny sesong på trappene...
Ein kan ikkje forvente at svartstrupene får fire ungekull på vingene kvart år. For at det skal gå må alt ligge til rette. Det vil seie at svartstrupene må vere tidlig på hekkeplass, altså dei må helst ha gjennomført ei vellukka overvingtring i nærområdet, vidare så må dei ha gunstige temperaturar med påfølgane mykje insekt gjennom ein heil hekkesesong. I 2014 var det akkurat slik, svartstrupene var svært tidlig på hekkeplass, og temperaturen gjennom seinvinteren, våre og sommaren var meget gunstige. Og med gunstige temperaturar, så var det også rikelig med tilgong på insekt frå eit tidlig tidspunkt. Summen av dette, samt fleire faktorar, gjorde det altså mulig med fire vellukka kull heilt nord på nordvestlandet i Norge.

Det skal bli spennande å sjå kva som skjer i 2015. For nokre dagar sidan, nærmare bestemt den 24. februar, såg eg for første gong svartstrupene på hekkeplass i lyngheia i Sandsvågen. Noko som er rekordtidig. Etter å ha fått bra bilder av fuglane dagen etter, så viste draktdetaljar at det er det same paret som eg følgde i 2014 som igjen er på plass i lyngheia på sørsida av Sandsvågen. Til samanlikning så lokaliserte eg dei på lokaliteten i 2014 for første gong den 2. mars. Dei er altså muligens nokre dagar tidligare ute i år...

Går alt i boks, kan eg altså følje det same paret to hekkesesongar på rad. I så fall skal det bli spennande å sjå korleis dei legg opp årets sesong, då blant anna med tanke på antall kull og intervalla mellom kulla. Ein ting kan vel vere rimelig sikkert, vi får nok ikkje så gunstige ver- og temperaturforhold som vi hadde i 2014. Og då skal det bli interessant å sjå korleis paret gjer det under litt meir "normale" forhold. Tida vil vise. Eg ser i alle fall fram til å kunne følje fuglane vidare...

torsdag 5. mars 2015

KASPIMÅSE m.m. på Sandsøya og Voksa 01.02-04.03.15

I går den 4. mars fikk eg endelig betalt for måseskodinga i vinter. Etter at eg starta å sjå gjennom måsane på Sandshamna, så tok det mindre enn fem minutt før eg lokaliserte godbiten. Det første eg la merke til på måsen var den oppreiste og elegante holdninga, samt dei lange beina og vingene. Var det virkelig Sandshamna sin sjuande kaspimåse som satt der? Etter å ha fått nokre bilder av fuglen med open vinge, og dermed fått sett teikningar på både over og undersida av vinga, datt alt på plass. Det kombinert med det generelle jizzet, samt hovud- og nebbforma, var det ikkje lenger nokon tvil om at det var Sandsøya sin sjuande KASPIMÅSE som satt der. Måsen var opphoven ved nebbrota på undernebbet. Dette gjorde slik at nebb- og hovudforma ikkje virka like klassisk som den hadde gjort utan dette opphovne partiet. Likevel så kom både forma på hovudet og nebbet godt nok fram til at det ikkje var noko problem å bestemme måsen. Dagens fugl var ein 4K. Både nebbteikning, teikninar på handsvingfjørene og teikningar på dei immature armdekkarane er meget klassiske for kaspi i denne aldersklassa.

Her er nokre bilder av gårsdagen kaspimåse.
Kaspimåse 4K, Sandshamna, Sandsøya 4. mars 2015
Her er kaspimåsen bak til høgre. Dette bildet er tatt berre nokre få sekund
etter at fuglen blei oppdaga.
 
Kaspimåse 4K (3.vinter), Sandshamna, Sandsøya 4. mars 2015
Her står fuglen lengst til høgre på bildet. Legg merke til den oppreiste
holdninga, og også det "høge" brystet som nesten går opp i "haka".
Ser ein også på størrelsen på måsen, så er dette ein svært liten fugl, og
det er ingen tvil om det her må vere snakk om ei hoe.

Kaspimåse 4K (3.vinter), Sandshamna, Sandsøya 4. mars 2015
Måsen har mykje svart "innover" i vinga. Den har antydning til eit svart
band på P4, medan bandet på P5 er breitt og fint. Vidare så kan ein legge
merke til dei lyse tungene som går utover på innfan mot tuppen av dei
ytre handsvingfjørene. Det er akkurat slik ein vil at vingeteikningane
skal vere på ein kaspimåse.
 
Kaspimåse 4K (3.vinter), Sandshamna, Sandsøya 4. mars 2015
Legg merke til den lange grå tunga som strekker seg ut mot tuppen på P10.
Ei slik teikning på P10 er perfekt med tanke på kaspimåse.

Kaspimåse 4K (3.vinter), Sandshamna, Sandsøya 4. mars 2015
Her står kaspimåsen bak midt i bildet. Legg merke til den oppreiste
holdninga til måsen samanlikna med gråmåsane rundt.

Kaspimåse 4K (3.vinter), Sandshamna, Sandsøya 4. mars 2015
Måsen har ein hevelse ved basis på undernebbet. Denne hevelsen gjer slik
at den klassiske nebb- og hovudforma ikkje kjem 100% fram.
Ein ser likevel det vesle mørke auget i det fine og avrunda hovudet. Og nebbet
er relativt langt og smalt, utan utprega gonysvinkel.


Kaspimåse 4K (3.vinter), Sandshamna, Sandsøya 4. mars 2015
I flukt var måsen svært elegant, med ein slak kropp, samt lange og smale
vinger. Her ser ein også tydelig det lange og smale nebbet.


Kaspimåsar finn ein hekkande nærmast oss i Tyskland og Polen. Som eg nemnte over så er dette altså den sjuande gongen eg har hatt denne søraustlige arten innom på Sandshamna på Sandsøya.

Dei seks tidligare observasjonane av arten er fordelt slik.
2010: 2    (2K/1.vinter)
2012: 1    (3K/3.vinter)
2013: 1    (5K+/adult)
2014: 2    (2K/1.vinter + 2K/2.vinter)

Bilder av dei forskjellige kaspimåsane er det mulig å sjå her:
Ind. 1: kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 27. februar 2010
Ind. 2: kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 4. februar 2010
Ind. 3: kaspimåse 3K (3.vinter), Sandshamn, Sandsøya 19. oktober 2012
Ind. 4: kaspimåse 5K+ (adult), Sandshamn, Sandsøya 28.februar 2013
Ind. 5: kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 15. februar 2014
Ind. 6: kaspimåse 2K (2.vinter), Sandshamn, Sandsøya 8. november 2014


Fleire kvitmåsar...
Sidan det siste blogginnlegget eg hadde om måsar den 20. februar, så har det vorte sett tre nye kvitmåsar. Den 28. februar vart det observert ein 4K(+) polarmåse, samt ein 2K grønlandsmåse. Og i forgårs den 3. mars vart det observert ein 5K+ grønlandsmåse. Dermed har eg hatt åtte grønlandsmåsar og tre polarmåsar innom på hamna etter nyttår.

Her er eit par bilder av den subadulte polarmåsen frå den 28. februar.
Polarmåse 4K(+), Sandshamna, Sandsøya 28. februar 2015

Polarmåse 4K(+), Sandshamna, Sandsøya 28. februar 2015
 
 
Vår i lufta...
Den siste tida har det vore antydning til vår i lufta. Fleire trekkfuglar har starta å vende tilbake. Artar som gravand, tjeld og vipe har starta å dukke opp rundt omkring. Den 24. februar kom eg også over eit svartstrupepar i lyngheia i Sandsvågen på Sandsøya. Dette er rekordtidlig. Normalt så dukkar dei ikkje opp i lyngheia før i siste halvdel av mars, til den første veka av april. Bilder eg tok av fuglane viser at det er det samme paret som holdt til og hekka vellukka på den samme lokaliteten i 2014. Den samme dagen kom eg også over ei svartstrupehoe i Hellandsvågane, heilt vest på Sandsøya. Den fuglen er den samme hoa som sist blei sett på den samme staden i slutten av november i fjor. Både ho og paret i Sandsvågen har dermed gjennomført ei vellukka overvintring, for forhåpentligvis så er det verste vinterveret forbi for denne gong.
 
Her har vi paret i Sandsvågen. Den så langt siste observasjonen av fuglane vart gjort den 2. mars.
Svartstrupe 3K+ F, Sandsvågen, Sandsøya 25. februar 2015

Svartstrupe 3K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 25. februar 2015
 

Observasjonar ellers...
Av andre "uvanlige" artar som har blitt observert på Sandsøya og Voksa i februar og no i starten på mars, er stillits, kortnebbgås og kaie. Det er også fortsatt ein del dvergdykkarar rundt omkring. For nokre få dagar sidan så talte eg 5-6 ind. på forskjellige lokalitetar rundt omkring på øyane.