mandag 29. februar 2016

Grashoppesongarar 2015

Etter å ha starta opp grashoppesongarprosjektet mitt i 2010, så har eg kvar vår og sommar etter det brukt mykje tid på å kartlegge, samt å overvåke arten. Denne kartlegginga og overvåkinga av grashoppesongarar har først og fremst foregått på Sandsøya og Voksa, men sidan 2013 har eg utvida området mitt slik at eg har fått sjekka heile Sande kommune, ytre delar av Herøy kommune, samt delar av Ørsta kommune. Slik vart det også sesongen 2015...

Normal ankomsttid... 
I 2015 starta eg å gå rundt å sjekke grashoppesongarlokalitetar med lyd på Sandsøya og Voksa dei siste dagane av april. Det er i denne perioden dei første grashoppesongarane ankjem landet etter å ha tilbrakt vinteren i tropisk Afrika. Ankomsten for dei første grashoppesongarane her på Sunnmøre kan variere frå så tidlig som den 19. april, i gunstige år, til rundt den 10. mai i år med nordlige vindar og ei kjølig vertype.

I fjor lukkast eg med å lokalisere årets første grashoppesongar den 4. mai. Då kom eg nemlig over ein grashoppesongarhann på Evja på Sandshamn på Sandsøya. Dette var ein av to grahoppesongarar som vart observerte denne dagen. Ein på Sandshamn og ein i Våge, begge lokalisert ved hjelp av lyd. Eg kan nøyaktig seie når desse songarane ankom fordi eg hadde sjekka begge lokalitetane dagen i forvegen, og då var der ingen songarar og verken sjå eller høyre.

Frå Hareid til Sandsøya 
Men tilbake til grashoppesongaren på Evja på Sandshamn. Ikkje nok med at det var årets første, den hadde også ein metallring på venstre bein! Etter å ha fått fanga den inn og lest av ringen, viste det seg at akkurat denne songaren blei ringmerkt på Hovden på Hareid den 1. juli i 2014. I 2015 hadde den altså dumpa ned 27,5 km lenger vest. I 2014 vart det ringmerkt 17 grashoppesongarar i Møre og Romsdal. Av desse ringmerke eg 16, og dette var altså den 17. At den også skulle dukke opp her på øyane er egentleg ganske utrulig! (Eit bilde av den aktuelle songaren finn du under)

Grashoppesongar 3K+ M, Evja, Sandsøya 4. mai 2015
Denne fuglen blei ringmerkt på Hovden, Hareid 1. juli 2014.

Her er eit kart som viser kor songaren blei ringmerkt i 2014, og kor den slo seg ned i 2015.


Fram til og med den 21. mai fikk eg lokalisert totalt 7 grashoppesongararhannar på Sandsøya og Voksa. Alle desse blei innfanga og ringmerkte. På bildet under ser du delar av ein av lokalitetane der ein av grashoppesongarane holdt til, i Våge på Sandsøya. Dette bildet blei tatt rett etter at fuglen som var der hadde blitt ringmerkt, den 4. mai, som årets andre.


Første tilbake med fargering
Etter å ha fått kontroll på songarane på Sandsøya og Voksa, så tok eg meg natt til den 26. mai ei lytterunde i indre Sande kommune og ytre Herøy kommune. På denne runda kom eg over totalt 5 grashoppesongarhannar. Desse songarane vart lokaliserte på følgande plassar: Haugsbygda (1), Kopparstad på Nerlandsøya (2), Remøya (1) og Bø på Leinøya (1).

Grashoppesongar 2K+ M, Kopparstad, Nerlandsøya 26. mai 2015

Grashoppesongar 2K+ M, Kopparstad, Nerlandsøya 26. mai 2015

Den første grashoppesongaren eg kom over denne natta, den i Haugsbygda, hadde metallring frå før. Etter å ha fanga den inn og lest av ringen, viste det seg at det var den same songaren som eg ringmerkte på den same plassen i slutten av mai 2014. Den fikk då også påsatt ein fargering i tillegg til metallringen, men den hadde den mista i løpet av året som hadde gått.

Nattas mest interessante fugl kom eg derimot over på Remøy på Remøya. Der satt det nemlig og song ein grashoppesongarhann like ved bilvegen. Eg stoppa bilen og tok med meg hovudlykt, kikkert og mobil. Då hadde eg alt eg trengte for å kunne få fram fuglen, samt å få sett om den hadde ringar på beina. Etter å ha spelt av lyd med mobilen i nokre få sekund kom den mot meg, og joda, eg hadde flaks, fuglen hadde ringar på beina, både ein metall og ein fargering. Då var det store spørsmålet, hvilken fugl var det snakk om? Eg hadde nemlig i løpet av sesongane 2013 og 2014 ringmerkt fleire songarar i området der denne satt og song, så var det ein av dei? Etter å ha brukt litt meir tid, så fikk eg endelig lest av fargeringen den hadde på høgre tars. Dette ved hjelp av hovudlykta og kikkerten. På fargeringen stod det klart og tydig 17. Etter å ha fått summa meg og sjekka opp grashoppesongar "17", så viste det seg at dette var songaren eg følgte tettast i 2014. I 2014-sesongen hekka den nemlig på sørsida av Voksa, og fikk fram eit, muligens to ungekull der. Akkurat denne songaren ankom også Sandsøya og Voksa først i 2014. Eg fanga inn og ringmerkte den på Voksa den 2. mai, midt mellom sluddbygene. Der holdt den seg også fram til eg sist såg den 13. august. I 2015 hadde den altså slått seg ned ca. 19 km lenger mot N/NØ.

Denne fuglen fikk æra av å vere den første grashoppesongaren i Norge som har komt igjen frå eit år til eit anna med ein fargering på beina. Måtte det bli mange, mange fleire!

Blogginnlegget eg publiserte i juni i fjor frå denne natta, er det mulig å lese her: 
http://ingarsfuglebilder.blogspot.no/2015/06/fra-voksa-til-remya.html 

Grashoppesongar 3K+ M, Remøy, Rermøya 26. mai 2015

Grashoppesongar 3K+ M, Remøy, Rermøya 26. mai 2015

Dette kartet viser kor grashoppesongar "17" holdt til i 2014, og kor den slo seg ned i fjor



Sein observasjon...
Totalen på grashoppesongarhannar på Sandsøya og Voksa enda i 2015 på sju. Desse songarane dukka opp i tidsrommet f.o.m. den 4. mai til den 21. mai.

Den siste sikre observasjonen av ein av desse songarane vart gjort av songar "29" på sørsida av Voksa så seint som den 2. september. Dette er den seinaste observasjonen eg så langt har hatt av ein voksen fugl som har vore i eit område over tid. Grashoppesongarhann "29" hadde då vore på lokaliteten på Voksa sidan den 14. mai. Under finn du eit bilde av fuglen frå då den blei ringmerkt, rett etter ankomst.

Grashoppesongar 2K+ M, Voksa 14. mai 2015


Dårlig hekkeresultat?
Når det gjaldt dei fuglane eg hadde muligheit til å følge relativt tett på Sandsøya og Voksa, så virka det som om dei fikk fram dårlig med ungar. Dette skuldast nok mykje det kjølige veret vi hadde store delar av våren og sommaren. Mykje nedbør og vind, kombinert med lave temperaturar, er ikkje akkurat ei suksessoppskrift.


Oversikter over Sandsøya og Voksa
Her er oversikter over grashoppesongarane som vart registrerte på Sandsøya og Voksa, og forflytningane dei gjorde.

2015-sesongen vart langt i frå eit toppår, men verforholda tatt i betraktning, med kjølig og kaldt ver i den beste trekkperioden for arten, så var ikkje antallet grashoppesongarar så alt for gale likevel.

Sandsøya

Voksa



Grashoppesongarar utanfor Sandsøya og Voksa
I tillegg til dei 7 grashoppesongarhannane som eg kom over på Sandsøya og Voksa, så fikk eg også lokalisert 8 songarar utanfor øyane. Desse songarane vart alle observerte på ytre søre-Sunnmøre. Alle bortsett frå ein hadde eg kontroll på. Songaren som eg kom over på sørtuppen av Kvamsøya fikk eg aldri sett, eller fang inn og ringmerkt. Dei andre derimot, hadde enten ringar frå før, eller dei blei innfanga og fikk påsatt ringar. 

Her er eit oversiktskart der alle grashoppesongrane utanfor Sandsøya og Voksa er plotta på



Utvide horisonten...
Målet for denne sesongen, altså våren og sommaren 2016, er og igjen følge grashoppesongarane på søre-Sunnmøre tett. Eg har også store planar om å utvide horisonten litt. Det vil seie å utvide området der eg kartlegger arten. Det mest aktuelle området å sjekke ut, er Stadlandet og Vågsøya heilt nord i Sogn og Fjordane. Der er det rikelig med gunstige lokalitetar, og at der er ein del grashoppesongarar er det stor sjans for. Ser ein på kor songarane dukkar opp frå eit år til eit anna, så ser ein tydelig at sjølv om dei kjem tilbake til distriktet, så er det ikkje nødvendigvis på samme lokalitet som året før. Det viser jo 2015-resultata meget god. Dermed er det ikkje heilt utelukka, at ein, eller fleire av songarane "mine", slår seg ned før dei endar opp på Sunnmøre. Og då er Vågsøya og Stadlandet absolutt områder ein bør sjekke ut. Det er jo tross alt ikkje store avstandane der er snakk om...

Måtte det bli varme sørlige vindar frå midten av april og utover, slik at vi får inn mange grashoppesongarar.