mandag 21. oktober 2013

Grashoppesongarar 2013

Då kan ein trygt seie at grashoppesongarsesongen 2013 er over. Noko som vil seie at det er på tide med ei lita oppsummering. I år blei det vidareført det som eg har gjort dei tidligare åra (f.o.m. 2010). Det vil seie å følge med på når songarane kjem, ringmerke dei, følge med på forflytningar dei gjer lokalt etter ankomst, sangaktiviteten deira osv. Dette krevst ein god del timar i felt... Frå slutten av april og til ut i midten av august så blir det lytta om ikkje kvar natt, så ikkje langt unna. Dette kjem sjølvsagt ann på om det er eit år der det er rikeleg med grashoppesongarar eller ikkje. Den tidligaste syngande grashoppesongaren på våren har blitt høyrd på Sandsøya så tidleg som den 19.april (2012). Medan den seinaste syngande som er registrert vart høyrd syngande, det også på Sandsøya, då så seint som den 15.august (2011). Dermed blir det fort ein lang sesong...

Ringmerke sjølv...
I år blei det litt enklare å følge med på songarane. For første gong så hadde eg nemleg muligheit til å ringmerke fuglane sjølv. Dette gjorde slik at eg fikk merkt songarane rett etter ankomst. Noko som igjen ville seie at eg uten problem kunne følge dei gjennom seinvåren og sommaren. For har fuglane ringar på beina så det ikkje lenger tvil om det er den samme fuglen, eller om det er snakk om eit nytt individ. Dermed er det faktisk mulig å ha nokolunde full kontroll på songarane.

På venstre tars får songarane påsatt ein aluminiumring, og på høgre tars
blir dett satt på ein fargering av plast. Fargeringane blir satt på fordi det skal
vere enklare å identifisere fuglane i felt. Fargeringane har "innprinta" tala 1-100.
Desse er mykje lettare å lese av enn alle dei sju tala/bokstavane som utgjer
ringnummeret på aluminiumsringen.

Registrering av ankomstdato
For å finne ein ganske nøyaktig ankomstdato for songarane, så blir det nesten dagleg turar i felten frå den siste veka av april og til rundt den 15.mai. På desse turane som foregår på dagtid, blir tidligare grashoppesongarlokalitetar, samt potensielle lokalitetar besøkt. På kvar lokalitet blir det brukt nokre få minutt der eg spelar av lyd for å sjå om der er nokon reaksjon. Har det ankomt ein hann på staden så brukar dei oftast å respondere på lyden (song) som blir spelt av ganske så umiddelbart. Så er det ingen som svarar, så er det høgst sansyneleg ingen fugl på plass heller. Ved å bruke denne metoden kan ein seie veldig nøyaktig når fuglane ankjem territoria sine. Det er nemleg ganske så ofte at sangaktiviteten på fuglane er heller laber rett etter ankomst. Ja, det er faktisk fuglar som ikkje syng i det heile tatt på våren(?). Desse songarane er det rett og slett ikkje mulig å påvise utan å gjere det på denne måten. Får eg så ringmerkt dei med ein gong så kan eg følge forflytningane dei gjer vidare, før dei endeleg slår seg ned og hekkar. I tillegg til å gå over å spele lyd blir det også lytta natterstid etter syngande hannar. Etter rundet den 15.mai så blir så og seie alle registreringane gjort på denne måten. Eg vil nemleg ikke forstyrre songarane unødig med lydprovokasjon når dei har danna par, og etter kvar er opptatt med ruging og oppfostring av ungar.

Lytting etter grashoppesongarar på Voksa.


Eit middels bra år...
Skal det bli eit bra år med rikeleg med grashoppesongarar må alt stemme i hovudankomstperioden for arten, frå midten av april og utover til rundt den 20.mai. Vert det då varme sørlege luftstraumar frå kontinenetet i denne perioden, blir det også fort ein del songarar. Akkurat slike forhold var det i 2011. Og gjett om det gjorde utslag! Med ein total på 34(!) grashoppesongarhannar på øyane er dette ei soleklar rekord så langt. I år var ikkje forholda på langt nær så gunstige, men dei var ikkje heilt håplause heller. Så kvar skulle totalen stoppe dette året? Det tok i hvertfall litt tid før den første songaren dukka opp på Sandsøya og Voksa. Nærmare bestemt så dukka den første opp den 10.mai, det då på Voksa. Etter å ha lokalisert fuglen ved hjelp av metoden som nevnt over, altså lydavspeling, blei det satt opp nett og på med lyd. Etter ca. 15 sekund hang min første grashoppesongar i nettet. Akkurat denne hannen forflytta seg fleire gongar etter ankomst, før den til slutt slo seg ned i vika på sørsida av øya. Der tyder det meste på at den fikk fram to ungekull.

Her er eit bilde av årets første hannfugl to dagar etter ankomst. 
Legg merke til kor enkelt det er å lese av den nummererte fargeringen.
Grashoppesongar 2K+ M (1), 12.mai 2013

I løpet av seinvåren og sommaren dukka det opp 8 nye grashoppesongarhannar på Sandsøya og Voksa. Dermed blei totalen for for øyane i 2013 i alt 9 hannar. Det meste tyder på at alle desse danna par og hekka på øyane. Dette resultatet viser at årest sesong var heilt middels. I hvert fall visst ein samanliknar med dei siste åras resultat. Dessverre var det ingen av dei fuglane som vi har fått merkt dei føregåande åra som dukka opp i år, men dei kan sjølvsagt fortsatt dukke opp til neste år. Det hadde i hvert fall vore heilt fantastisk om det skulle skje. Ei full oversikt over songarane på Sandsøya og Voksa i år kan du sjå på karta under. Der har eg "plotta" på fuglane, samt teikna på forflytningane dei har gjort.

Sandsøya

Voksa
 
 
Utanfor øyane
I tillegg til å følge med songarane på øyane heime blei det nokre lytterunder i ytre Herøy (Runde, Remøya, Leinøya, Bergsøya og Nerlandsøya), på Gurskøya i Sande kommune, og på Sørheim i Ørsta kommune. Der fikk eg i alt merkt 4 grashoppesongarhannar. Då fordelt slik: Remøya 1, Leinøya 1, Gurskøya 1, Sørheim 1. Til neste år skal det bli spennande å sjå om dei dukkar opp på nytt... Kanskje dukkar ein av dei opp på Sandsøya og Voksa?
 
Her er eit bilde av songaren som blei ringmerkt i Sævikane på Remøya i juni.
Grashoppesongar 2K+ M (99), Sævikane, Remøya 19.juni 2013
Denne fuglen blei merkt  på ein loklitet 300m unna natta til den 4.juni.
Den blei så innfanga på nytt morgonen den 19.juni i og med at eg
trudde det var snakk om ein ny fugl.
Ringmerking av ungar og hofugl
Årets store mål i tillegg til å få ringmerkt flest mulig hannar, var å få merkt så mange årsungar av grashoppesongarar på hekkeplass som mulig. Det eg vil finne ut av er om auka i antall grashoppesongar dei siste åra delvis kan skuldast at vi har fått ein meir eller mindre "fast bestand" med hekkefuglar, og at ungane desse fuglane får fram kjem tilbake for å hekke i det samme området der dei blei klekt. Men for å finne ut av dette så må eg få ringmerkt eit x-antall med ungar. Tidligare så har Kjell Mork Soot og eg berre fått ringmerkt ein årsunge. Dette var tilbake i 2010. I år fikk eg merkt småpene 6 ungar. Er eg ekstremt heldig så blir det kanskje eit gjensyn med ein av dei til neste år?  Det skal i hvertfall bli spennande og lærerikt å sjå! I tillegg til å få merkt desse ungane så blei prosjektets første hofugl ringmerkt. På lokaliteten på Voksa der ho blei merkt fikk eg då merkt hannen, hoa, og to av ungane deira. Totalt blei det då i 2013 ringmerkt 20 grashoppesongarar, fordelt på 13 hannar, 1 hoe og 6 årsungar. Noko som eg må seie meg meget fornøgd med.
 
Her er eit par flyfoto av lokalitetane på Voksa der det blei merkt ungar i år.
Samt eit bilde som viser plasseringa av eit mistnett der eg fikk merkt tre av årsungane.
 
Voksa "nord"
I dette strandrørområdet med spredte busker er det årleg grashoppesongarar.
Det var her eg fikk merkt både hannen og hoa i paret, samt to av ungane deira.

Voksa "sør"
Det var innerst i denne vika på sørsida av av øya at grashoppesongar "1"
slo seg ned. Der fikk den som nevnt over truleg fram to ungekull.
Det siste av desse kulla var fortsatt på plass i starten på september.
Av dei truleg 4-5 ungane som blei sett i området blei 3 ringmerkt.

Her ser ein mistnettet som eg plasserte ved ei buske i vika på sørsida
av Voksa. Det var i dette nettet eg fikk 3 årsungar av grashoppesongar
frå den 9. t.o.m. den 13.september.


Her er bilder av ungane som blei ringmerkt i 2013.
Grashoppesongar 1K M (10), Voksa (nord) 26.juli 2013
Denne fuglen blei bestemt til ein hann pga. at den blei høyrd
"syngande", samt at den var svært aggressiv på lyd.
 
Grashoppesongar 1K (12), Voksa (nord), 14.august 2013 

Grashoppesongar 1K (13), Sandshamn, Sandsøya 23.august 2013

Grashoppesongar 1K (14), Voksa (sør), 9.september 2013

Grashoppesongar 1K (15), Voksa (sør), 10.september 2013
 
Grashoppesongar 1K (16), Voksa (sør), 13.september 2013

Som nevnt over blei også ei adult hoe ringmerkt. Hoa blei ringmerkt på lokaliteten "Voksa nord" den 30.juli. Den 28.august hang den på nytt i nettet. På dette tidspunktet var det nok like før den tok fatt på sørtrekket. Til samanlikning så blei det i fjor på den samme lokaliteten observert ein voksen grashoppesongar den 27.august. Men den var i motsetning til årets hoe fortsatt aktiv med ungar. Den vart nemlig sett matande!
 
Her er eit bilde av hoa, samt eit samanlikningsbilde med den voksne hoa og ein 1K-fugl. 
Grashoppesongar 2K+ F (11), Voksa (nord) 28.august 2013
 
Her ser ein tydelig forskjellen på slitasjen på fjørdrakta når ein samanliknar
ein av 1K`ane med den 2K+ hoa. Fjørslitasjen er den enklaste karakteren
 å bruke ved aldersbestemming av songarane på seinsommaren/hausten.
1K-fuglane er utan slitasje i fjørdrakta, medan dei voksne
fuglane har tydeleg slitasje.

Neste år...
Så då er det vel berre å sjå fram til neste år, og håpe at flest mulig av årets merkte songarar dukkar opp igjen. Det som skal bli mest interessant er å sjå om nokon av årsungane finn turen tilbake. Eg kan i hvert fall nesten ikkje vente! No er det ca. 6 månadar til det brakar laust for fullt. Heldigvis så går dagane raskt unna...


tirsdag 1. oktober 2013

Hauksongar m.m. på Sandsøya/Voksa 30.09-01.10.13

Dei siste par dagane har det blitt satsa ein del i felten på Sandsøya og Voksa. Og med ny giv etter oppholdet på Ona har eg greidd å tilbakelegge eit meget bra område, då særleg i dag. Dette har resultert i litt av kvart. Det mest gledelige var ein ny art for øyane. For i ein hage på Voksa vart det nemleg sett ein hauksongar. Den vart sett aktivt næringssøkande, men i og med at den oppholdt seg i tett vegetasjon så var det ikkje mange sekunda eg fikk sett fuglen. Etter at hauksongaren var i boks forflytta eg meg vidare på Voksa. I vika på sørsida av øya vart minst ein gulbrynsongar høyrd.

Ketchupeffekt...
I dag blei dagen starta med å sjekke hagane i Våge på Sandsøya. I den første hagen eg sjekka såg eg først ein hagesongar, like etter kom der fram nok ein sylvia-songar. Denne viste seg å vere ein hauksongar. Så var der plutseleg ein songar til... Var der fleire hauksongarar? Joda, det var to som holdt til i lag. Dermed må eg seie at ketchupeffekten virkelig har slått til. For med tre hauksongarar på to dagar kan ein ikkje klage! Etter at Sandsøya var nøye sjekka, vart turen lagt til Voksa. Der fikk eg sett årets andre tartarpiplerke, og årets første tundragås for øyane. Tundragåsa vart sett på langt holde, men den var truleg av den grønlandske underarten flavirostris. Det kan også nemnast at det i Vågen på Sandsøya vart sett 3-4 svartstrupesungar, samt hoa i paret. Ungane blei fortsatt mata av foreldra.

Her er nokre bilder som blei tatt av hauksongarane i Våge i dag.
Hauksongar 1K, Våge/Sandsøya 1.oktober 2013

Hauksongar 1K, Våge/Sandsøya 1.oktober 2013

Hauksongar 1K, Våge/Sandsøya 1.oktober 2013