lørdag 31. mai 2014

Mai 2014

I løpet av mai så har det blitt brukt svært mykje tid i felt. Der har det blitt satsa mest på nattsongarar, og då i hovudsak på grashoppesongarar. Totalt så har eg fått merkt 14 grashoppesongarar hittil i år, noko som er like mange voksne som eg fikk merkt totalt i heile fjor. Songarane har blitt merkt både på Sandsøya og Voksa (7), men også i ytre Herøy (4), indre Sande (1) og i Ørsta kommune (2). (Meir om desse vil eg kome tilbake med i eit seinare blogginnlegg)

Grashoppesongar 2K+ M, Leina, Sandsøya 9.mai.
Denne songaren ankom lokaliteten natt til den 9.mai, og har i ettertid blitt
stasjonær. Ser ein på songaktiviteten, eller rettare sagt mangel på song-
aktivitet, så tilseier det meste at der er på plass ei hoe og at det dermed
blir hekking på lokaliteten i år.

Det har også blitt brukt ein god del tid på sivsongarar. Så langt i år så har det ankomt i underkant av 40 sivsongarhannar på Sandsøya og Voksa. Mange av desse har det også lukkast å få fanga inn. Av dei 24 sivsongarane som eg har greidd å få i nettet så langt, så har 10 av dei hatt metallringar frå i fjor. I år har eg også starta å sette fargeringar på sivsongarane. Dette blir gjort for at det skal gå ann å lese dei av i felt utan å heile tida måtte fange dei inn for å sikkert kunne identifisere fuglane.

Sivsongar 2K+ M, Voksa 9.mai 2014
Denne songaren vart merkt på Voksa i fjor og er dermed på
plass på øya for minst den andre sesongen på rad.


Første ungekullet på vingene...
I tillegg til å følge med på nattsongarar så har eg følgt nøye med på det eine av svartstrupepara på Sandsøya. Dette paret har fått sitt første ungekull på vingene, og desse er no sjølvsteindige. No tyder alt på at svartstrupehoa igjen ligg på egg. Og om litt over ein månads tid så kan endå eit ungekull vere komt på vingene...

Eg har i år så smått starta opp eit nytt fargemerkingsprosjekt på svartstrupe. Alle fire ungane i det første ungekullet har blitt merkte (ein kan så vidt skimte metallringen på venstre tars på bildet under). Dei har i tillegg til metallringen fått påsatt ein fargering. Og nettopp fargeringen kan ein lese av på minst 70-80 meters hold ved hjelp av telesop. Dermed kan ein lett individ-identifisere fuglane utan å måtte fange dei inn for å lese av metallringen. (Meir om årets første kull og prosjektet kjem eg tilbake med seinare)

Svartstrupe 1K/juvenil, Sandsvågen 27.mai 2014


Litt småsnacks...
Når det gjeld sjeldenheiter så har det vore heller labert. Men det har no blitt nokre små lokale gobitar.
Ei ringgås ua. hrota hold til på Sandsøya f.o.m. den 14.mai t.o.m. den 23.mai. Vidare så vart det i løpet av fire dagar sett to sivhaukar, den første på Voksa den 22.mai, og den andre vart sett i Sandsvågen naturreservat på Sandsøya den 25. mai. Med desse to fuglane så er då totalen på funn av sivhauk på Sandsøya og Voksa blitt fordobla frå to til fire funn. Ellers så fikk eg også ein ny art på lista over artar som har blitt observert på Sandsøya og Voksa. For morgonen den 27.mai vart nemleg øyane sin første bøksongar høyrd syngande i Våge på Sandsøya. Heilt til slutt så kan det no nemnast at det var høyrd ein syngande vaktel på Støyle på Sandsøya i natt som var, min første for året.

Her er eit par bilder av øyane sin fjerde sivhauk. Den hold til i minst ein time i Sandsvågen på Sandsøya før den tok høgde og trekte vidare mot nordaust.
Sivhauk 2K, Sandsvågen, Sandsøya 25.mai 2014

Sivhauk 2K, Sandsvågen, Sandsøya 25.mai 2014

mandag 5. mai 2014

SVARTGLENTE, grashoppesongar og grønlandsmåsar på Sandsøya/Voksa 22.04-04.05.14

I løpet av dei to vekene det har gått sidan det siste blogginnlegget har det blitt brukt ekstremt mykje tid i felt. Noko som også har gitt resultat...

Starten på denne perioda vart prega av mykje fint ver og fantastiske temperaturar. Og med sommarlige temperaturar var det egentleg berre ein ting det virkelig måtte satsast på, nemlig å prøve å lokalisere årets første grashoppesongar. For med slike temperaturar og eit høgtrykk over heile Skandinavia, låg alt til rette for ein tidlig ankomst av arten. Årets første grashoppesongar her til lands vart observert i Rogaland den 21.april, og med den trudde eg at no skulle det snart dukke opp ein her også. Korleis det gikk kan du lese nederst i innlegget.

Svartglente...
På runda mi rundt på Sandsøya og Voksa på leiting etter grashoppesongarar den 24.april fikk eg plutseleg auge på ein middels stor rovfugl over fjellet på sørsida av øya. Det var ikkje vilken som helst rovfugl heller, det var nemleg snakk om ei SVARTGLENTE! Totalt er det observert ca. 10 svartglenter i M&R, og dette vart min tredje observasjon av arten. Eg har tidligare eit funn frå Sandsøya og eit funn frå Runde. Svartglenta er ein relativt sjelden fugl her til lands. Dei nærmaste hekkelokalitetane finn vi i Finland og i sør-Sverige. (Under kan du sjå eit bilde av fuglen frå den 24.april.)

Svartglente, Sandsøya 24.april 2014
Dette bildet er tatt på ca. 1,5 km hold, men viser likevel den klassiske
silhuetten til ei svartglente.


Endå fleire grønlandsmåsar...
Så må vi ikkje gløyme måsane... Eg trudde at eg hadde hatt mine siste grønlandsmåsar for sesongen, dette viste seg å vere feil. For i løpet av den siste veka av april dukka det opp ikkje mindre enn tre nye fuglar. (Desse var fordelt på 2 2K og 1 4K) Av desse var det var spesielt ein av fuglane som var interessant. For ein av dei 2 2K grønlandsmåsane som eg såg den 29.april hadde nemleg både metall- og fargering! Dette utgjer då så vidt som eg har forstått det fjerde funnet av grønladsmåsar som er merkt i Norge og som har blitt funnen igjen andre stadar etter merking.

Grønlandsmåse 2K (J046E), Sandshamna/Sandsøya 29.april 2014

Grønlandsmåse 2K (J046E), Sandshamna/Sandsøya 29.april 2014

Grønlandsmåse 2K (J046E), Sandshamna/Sandsøya 29.april 2014


Grønlandsmåsen med fargeringkode J046E (avbilda på bilda over) vart merkt ved Mandalselva, Mandal i Vest-Agder den 26.desember i 2013. Etter merking vart den ikkje observert før den no vart funnen på Sandshamna den 29.april.

Avstanden frå merkelokalitet til funnelokalitet er på 483km.
Her er linkar til bilder tatt av måsen under merking:

Eg legg også inn eit par bilder av den nydelige 4K-fuglen som hold til på hamna frå den 23. t.o.m. den 27.april.
Grønlandsmåse 4K, Sandshamna/Sandsøya 27.april

Grønlandsmåse 4K, Sandshamna/Sandsøya 27.april
 


Mykje jobbing...
Som nemnt over så har eg den siste tida leita intensivt etter grashoppesongarar. Det har eg gjort sidan rundt den 20.april. Dette gjer eg ved å gå rundt å "besøke" alle dei forskjellige potensielle territoriuma, der eg då spelar av lyd. Er der då ankomt ein hann så reagerar han som oftast på lyden ganske så umiddelbart. Ved hjelp av denne metoden får eg veldig nøyaktige ankomstdatoar på songarane. Skulle ein berre gått etter å lytte natterstid etter syngande grashoppesongarhannar, så ville ein gå glipp av veldig mange. Særlig dei som ankjem tidlig, når det fortsatt er veldig kaldt om natta, har ein tendens til å synge svært lite, ja kanskje ikkje i det heile tatt. Og når desse startar å synge etter å ha fått det første ungekullet på vingene i månadsskiftet juni/juli, blir dei då tatt for å vere nyankomne. Dermed blir desse då i så fall ei stor feilkilde og dei er ikkje brukandes til å samanlikne ankomstdato frå år til år. Så for å få nøyaktige data blir veldig fort mykje jobbing, men det er virkelig verdt det!

Prosjektet med grashoppesongarane vart strata opp i 2010. Dermed blir dette den femte sesongen eg følger nøye med desse små songarane. Og eg ser virkelig fram til å lære endå meir om denne svært kryptiske arten.

Endelig!
Den 2.mai, då etter å ha leita etter grashoppesongarar i godt over to veker, var årets første endelig på plass! Den vart då lokalisert ved hjelp av lyd i eit av dei beste grashoppesongar-territoriuma på øyane. Etter å ha lokalisert songaren og sett at den var ringlaus, var det berre å sette opp nettet for å fange den inn for å få satt på den ein metall- og ein fargering.

Her er mistnettet montert opp for å fange inn grashoppesongaren.

Etter eit og eit halvt minutt hang fuglen i nettet. Og etter at den hadde fått påsett ringane sine fikk den friheita si tilbake. Ved hjelp av ringane så kan eg no lett holde styr på fuglen. Skulle det no for eksempel dukke opp ein songar uten ringar, eller at denne skulle finne på å flytte på seg, så gjev ringane eit veldig greit svar på om det er ein ny fugl eller ikkje. Fargeringen er det også mulig å lese av i felt, enten ved hjelp av håndkikkert eller foto. Dermed treng ein ikkje å drive å fange inn songarane for kvar gong ein skal identifisere dei. Dette gjer igjen slik at forstyrrelsesnivået på songarane blir så lavt som mulig. (Under kan du sjå eit bilde av songaren i hånd, etter at den har fått påsett ringane sine)

Grashoppesongar 2K+ M (17), Voksa 2.mai 2014

Som dei fleste sikkert har fått med seg så har det dei siste dagane vore heller vinterlige temperaturar. Songaren ankom natta til den 2.mai. (Lokaliteten vart nemlig sjekka dagen før, og då var der ingen songar) Dermed kom songaren trekkande inn mellom sludd og snøbyger og 2-4 grader celsius. Og natt til den 4. mai satt songaren og song for full hals tross at temperaturen berre var 3 grader celsius. Ja, han gjer i hvert fall sitt for å trekke til seg ei hoe...

Dagen etter (3.mai) at den ankom fikk eg nokre bilder av songaren i felt, desse finn du under.

Grashoppesongar 2K+ M (17), Voksa 3.mai 2014

Grashoppesongar 2K+ M (17), Voksa 3.mai 2014

Ein ting er sikkert, det skal bli spennande å sjå kva denne songaren finn på i den nærmaste framtida. Forhåpentlegvis så blir den verande og får fram mange ungar.