fredag 6. juni 2014

Sandsøya/Voksa 01-05.06.14

I løpet av desse første sommardagane i 2014 har det blitt brukt ein god del tid utandørs. Og med nydelig ver og temperaturar, er det svært lite ein kan klage på! Når det gjeld fuglar så starta månaden på best tenkelige vis. For på formiddagen den 1.juni satt nemleg øyane si fjerde tornskate i Voren på Sandsøya. Tidligare på Sandsøya og Voksa så har denne sørligare arten blitt observert tre gongar på hausttrekket, då i form av to ungfuglar og ei utfarga hoe. Denne gongen var det derimot snakk ein nydelig utfarga hann. Hannen vart sett syngande og næringssøkande aktivt. Han hadde slått seg ned på eit område som potensielt kunne vere ein hekkelokalitet. Tornskata finn vi hos oss i hovudsak på austlandet, vidare gjennom agder-fylka til Rogaland. Men den har blant anna hekka ved Djupvikvatnet på Gurskøya, riktig nok så er dette nokre år tilbake i tid, men det viser berre at muligheitene er der. Dessverre så virka det berre som om tornskata var på gjennomtrekk, då den ikkje har blitt sett i ettertid.

Tornskate M, Voren, Sandsøya 1.juni 2014
 
Vaktel i nettet....
Ellers så har det som vanleg blitt satsa ein god del på nattsongarar. Dette har også gitt ei visst resultat. Natt til den 3.juni satt mi første åkerrikse for året og song på Voksa. Fuglen var sett i det den kom trekkande inn frå sør/søraust, og ikkje lenge etter vart den høyrd "crexande". I ettertid har ikke riksa blitt høyrd, så det er nok meget sannsynlig at fuglen var ein gjennomtrekkar. Ellers så vart det natt til den 5.juni høyrd to sporadisk syngande grashoppesongarar, ein på Voksa og ein på sørsida av Sandsøya. Begge desse songarane er då snakk om stasjonære fuglar. Songaren på Voksa vart merkt natt til den 23.mai, medan songaren på Sandsøya blei merkt natt til den 15.mai. Ser ein på songaktiviteten til fuglane så tyder alt på at dei har funne kvar si hoe og danna par. I tillegg til både åkerrikse og grashoppesongarar så har det blitt høyrd 2-3 syngande vaktelar på Sandsøya. Ein av desse lukkast det også å fange inn og dermed få ringmerkt. Det skjedde tidleg om morgonen den 5.juni. Dette blei då den andre vaktelen som er ringmerkt av Sunnmøre ringmerkingsgruppe gjennom tidene. Og med eit slikt varmt ver som vi har no kan det nok dukke opp endå fleire av denne varmekjære sørlige arten i den nærmaste framtid.


Vaktel 2K+ M, Skare, Sandsøya 5.juni 2014
 
Vaktel 2K+ M, Skare, Sandsøya 5.juni 2014
 
Vaktel 2K+ M, Skare, Sandsøya 5.juni 2014

For dei som lurer på korleis ein syngande vaktel høyrest ut, så legg eg inn eit lydopptak som eg gjorde av ein vaktel i starten på juni i 2011.


Nok eit kull på gong...
Sidan svartstrupene i Sandsvågen på Sandsøya dukka opp i månadsskiftet februar/mars så har dei blitt nøye følgt med. Dei fikk årets første ungekull på vingene i løpet av dei første dagane av mai, og no berre 28 dagar etter at dei første ungane hoppa ut av reiret, så har dei på nytt eit kull med små ungar. Ja, ein kan trygt seie at dei er svært flittige!
 
Her er eit bilde frå i går den 5.juni. På bildet ser du svartstrupehannen som er på veg inn med mat til dei no 3-4 dagar gamle ungane. Om nokre få dagar er ungane store nok til å bli ringmerkt. Då vil dei akkurat slik som det første kullet få påsett metall og fargering, slik at det går ann å følge fuglane vidare.
 
Svartstrupe M, Sandsvågen, Sandøya 5.juni 2014
 
Meir om korleis det gikk med det første ungekullet, samt oppstarten på fargemerkingsprosjektet på svartstrupe, kan du lese om i det neste blogginnlegget som forhåpentlegvis kjem om ikkje alt for lenge.