tirsdag 6. april 2010

Sjeldne/uvanlege fuglar 2008-2009.

Ikkje alt for mykje som har skjett på fuglefrontern i det siste. Derfor er det kjekt å sjå tilbake på alle dei sjeldne/uvanlege fuglane som har blitt sett er ut. Og så er det berre å håpe på neste sjeldenheit!:)

Alt kan nesten dukke opp på øyane. Og kanskje rundar vi 200 artar i løpet av året? Dei sjeldnaste fuglane som har blitt observert desse åra (2008-2009) er trelerke (3. og 5. funn for MR), grønlandsmåse, underarten kumlieni (2.funn for MR)  svartglente (2.funn for MR), svartehavsmåse, mongolpiplerke (3.funn for MR) og balearlire. Alle desse er nasjonale sjeldenheiter, visst du ser vekk i frå trelerka. Ellers så kan eg nemne lokale sjeldenheiter. Døme på det er tartarpiplerke (10 funn på øyan), svartkråke (1 funn på øyane), fjellerke (1 funn på øyane), Fjellvåk, vintererle (1 funn på øyane), gulbrynsongar (3 funn på øyane), tornskate (2 funn på øyane), varslar (2 funn på øyane).

Under kan du sjå eit utvalg av bilder frå desse observasjonane!

fjerllerke, Voksa (april 2009)
 klikk på bilda for å sjå dei i fullt format!

Bilda er desverre ikkje av beste kvalitet, men slik blir det ofte når sjeldenheitene dukkar opp. Det viktigaste blir då å dokumentere!







fjellvåk, Sandsøya (april 2009)


mongolpiplerke, Voksa (november 2009)

svartehavsmåse, Sandsøya (september 2008)

svartglente, Sandsøya (mai 2008)

svartkråke, Sandsøya (april 2009)

trelerke, Voksa (februar 2008)

varslar, Sandsøya (oktober 2009)

vintererle, Sandsøya (oktober 2009)







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar