Sidan det er siste dagen i 2010 så kan det vel vere på sin plass med eit lite tilbakeblikk med høgdepunkt frå året som har gått!
Januar
| kaspimåse 2K (1.vinter) ind. 1 |
Februar
![]() |
| kaspimåse 2K (1.vinter) ind. 2 |
Mars
![]() |
| Det blei satsa ein del på å få bra bilder av villgeitene denne månaden! |
April
![]() |
| Lunde (I april var også mine første arbeidsdagar på Runde i 2010!) |
Mai
![]() |
| Årets første grashoppesongar! |
Juni
![]() |
| Merking av ein havørnunge utført av Alv Ottar Folkestad. |
Juli
![]() |
| MR sin første dokumenterte grashoppsongarunge. |
August
![]() |
| Ei samarbeidsvillig gluttsnipe på intill 5 meters hold! |
August i år var ein god månad med eit bra trekk med vadefuglar. Det beste på ein god del år. Med artar som lappspove, svarthalespove, sandlo, myrsnipe, gluttsnipe, sotsnipe, dvergsnipe, temmincksnipe, tundrasnipe osv. Ellers så fikk eg vere med på å ringemerke havsvaleungar.Noko som alltid er like fantastisk.
September
![]() |
| Havsvaleunge |
Denne månaden starta på best mogleg vis. 1. september fann eg øyane si første myrrikse! Ellers var det fortsatt ein god del vadarar på trekk. Men ikkje alt for mykje spennande. So når det vart sett ein del sjeldne fuglar på Ona så vart turen lagt dit for eit par dagar. Det resulterte i blandt anna dvergspurv, vierspurv, gulbrynsongar, polarsisik ua. hornemanni for å nemne nokre. Og same dagen som eg kom attende frå Ona vart ein 1K polarmåse oppdaga ved Voksa. Men alt i alt må vel høgdepunktet denne månaden vere ringmerking av havsvaleungar!
Oktober
![]() |
| Gulbeinmåse ad. (fuglen midt i bildet). Det siste eg såg av måsen før det blei borte vekk! |
Det var lite fugl å sjå på øyane så derfor bar turen nok ein gong til Ona/Sandøya! Og om det ikkje var det heilt store så var det nå ikkje heilt fritt for sjeldeheiter. Det vart sett artar som vannrikse, sibripiplerke og til slutt polarsvømmesnipe! Men den virkelige gobiten venta heime. Første dagen etter at eg kom heim vart årets første tartarpilerke for Voksa sin del sett. Men den 2. dagen eksploderte det skikkeleg!! Med MR sitt første funn av GULBEINMÅSE og ca. det 25. funnet i Norge! Den redda faktisk heile hausten for min del!!!!
November
![]() |
| Toppdykkar |
Denne månaden starta faktisk også veldig bra! Det var ved hjelp av øyane sin første toppdykkar. Utanom toppdykkaren var det store antall av andre dykkarar og lommar i havet ved øyane. Og eit av dei definitive høgdepunkta denn månaden må vere å ha islom på 5 meters hold.
Desember
Dette var desidert den månaden i året det var mist fugl å sjå! Men heilt "skrapa" er det no ikkje. Etter å ha leita ei stund fann eg den einaste overvintrande svartstrupa på Sandsøya. Og ellers så har det vore så kaldt og dermed er faste overvintringsplassar frose igjen. Dette har gjort slik minst 2 bergender og 1 toppand har teke turen ut i havgapet til oss. Begge desse artane er svært uvanlege på øyane! Men den mest uvanlege arten vart funnen no i romjula. Øyane si 3. sothøne!Ja, då er det vel berre en ting som står igjen! Å ønske alle eit riktig godt nytt år!

















