mandag 27. desember 2010

Sandsøya/Voksa 27.12.10

I dag vart det nok ei runde rundt på dei forfrosne øyane våre for å sjå om det var noko å finne! Og det var faktisk ikkje heilt fritt! Gobiten i dag var Sandsøya si 3. sothøne! Denne hold til i havna på mikkelholmen. Ellers så er totalen på sangsvaner fortsatt akkurat i underkant av 70 ind., noko som faktisk er eit bra antall.

Her er ei oversikt over dagen "fangst".
kongeørn 1 1k+
hønsehauk 2 ad.
sangsvane 68+ 13 1K
bergand 1 1K F?
dvergdykkar 5



Sothøne

Britisk-merka måsar
Ellers så har eg fått svart på eit par av dei fargemerka måsane som eg har sett på Sandshamna i år. Og begge fuglane er merka på same plassen, av dei same folka på ei søppelfylling ved Essex like nord for London i England.


Denne gråmåsen såg eg på Sandshamna 27.januar 2010.
Den vart ringmerka i Essex 21. november 2009, som ein voksen
fugl (4k+). Og dette var første gjennfunne av måsen etter at den
vart merka.
 
Her er fakta om måsen: http://www.ntgg.org.uk/map/GN86771

                                                                                                                                                         


Denne såg eg på Sandshamna 2.oktober 2010. Denne vart også ringmerka
i Essex. Den vart merka som ein voksen fugl (4K+) den 27.desember 2008.
Og som den andre var også dette første gjennfunn sidan den vart merka!

Her er ein link til denne måsen: http://www.ntgg.org.uk/map/GC86667

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar