onsdag 27. oktober 2010

Sandshamna, eit "måse-eldorado"!

Sandshamna på Sandsøya i Møre og Romsdal har i 2010 visst kva den er god for! Med ikkje mindre enn 2 kaspimåsar og 1 gulbeinmåse. I tilleg til desse har det også vore mange "kvitmåsar" innom! Med "kvitmåsar" meinar eg då grønlandsmåse og polarmåse. Dette er då nordlege artar, medan gulbein og kaspimåse er sørlege artar.

Polarmåsar og grønlandsmåsar er uvanlege, men langt i frå sjeldenheiter. Dei overvintarar langs norskekysten i eit moderat antall. På Sandshamna er det opp i mot 20 grønlands og 5-10 polarmåsar kvar vinter. Medan artar som kaspi og gulbeinmåse er mykje sjeldnare. Dette er nasjonale sjeldenheiter. Med ca. 20 funn av begge artane totalt i Norge. Både funnt av kaspimåse og gulbeinmåse vart førstefunn for MR. Neste art på Sandshamnlista blir vel noko Nord-Amerikansk...... Forhåpentligvis.... ;)




grønlandsmåse 2K (1.vinter)

gulbeinmåse (t.h.) 4K+ (4.vinter eller eldre)


kaspimåse 2K (1.vinter)

polarmåse 1K (1.vinter)

polarmåse 2K (1.vinter)

grønlandsmåse 3K (2.vinter)

kaspimåse 2K (1.vinter)


Grønlandsmåse 2K


Polarmåse 4K



onsdag 20. oktober 2010

Sandsøya/Voksa 19-20.10.10

Etter ei veke utan skåding har det vorte eit par turar ut dei to siste dagane. I går var det ganske daudt, og lite fugl å sjå. Men dette hadde nok noko med det dårlege veiret å gjere. Men i dag var veiret mykje bedre, og det var også mykje fugl på farta. Store flokkar med gråtrost og raudvingetrost, samt flokkar med gråsisik, bokfink og bjørkefink var å sjå på øyane.


Andre observasjonar frå desse to dagane.

Voksevegen/Marøya/Voksa:
sjøorre 5
svartand 5
dvergdykkar 2
heilo 13 (19.okt) + 9 (20.okt)
kvartbekkasin 2
rugde 1
vipe 2
sanglerke 4-6
lappspurv 1
dompap høyrd
sidensvans 27+

Sandsøya:
svartstrupe 2
kaie 1



sidensvans
sidensvans
kaie

søndag 17. oktober 2010

Grashoppesongarar på Sandsøya og Voksa 2010

Den siste veka har det vorte lite skåding å snakke om. Så derfor tek eg ei kort oppsumering av grashoppesongar-året 2010, og i  tillegg legg ut nokre "nye" bilder av desse fantastikse fuglane.

Totalen i år vart på minumum 25 fuglar. Fordelt på 15 hannar, 3 hoer og 7 ungfuglar. Av desse var 7 ind. på Sandsøya og 18 ind. på Voksa. På Voksa vart det også som i tidlegare blogginnlegg nemt dokumentert MR sitt første hekkefun av arten. På Voksa vart det observert ungar på 3 forskjellige plassar. Sjekk oversiktskart under!

Oversikt over songarene på Voksa.

Oversikt over songarane på Sandsøya.













Vidare så vart nesten halvparten av desse fuglane ringmerka. Det vil seie at 11 av dei 25 fikk eg ein liten ring. Så no vert det spennade til neste år å sjå om ein fugl med ring kjem attende!

Her er bilder av 4 forskjellige hannfuglar.
Denne var årets første. Den var på plass 7.mai, og på denne plassen kom
det fram fleire ungar.

På plassen der denne holdt til vart den første ungen oppdaga.
Denne satt og song frå 4.juli til 6.august, men på denne plassen kom det
ikkje fram ungar.
Denne vart oppdaga natta til 6.august og den holdt stand til 17.august.

Alle desse grashoppesongarane som er avbilda her vart ringmerka!

søndag 10. oktober 2010

GULBEINMÅSE, Sandsøya 09.10.10

Endelig small "bomba"! Då i form av ein GULBEINMÅSE. Måsen vart sett på Sandshamna i lag med andre stormåsar. Denne måsen er truleg same ind. som eg såg på Voksa 3.oktober, då tatt som ein gulbeint gråmåse pga. av at eg fikk sett den dårleg. Måsen er ein voksen fugl. Det vil seie at den er minst 4 år gammal (4K+). Dette funnet er då første i Møre og Romsdal, og truleg den nordlegaste i Norge. I Norge var det 1 funn t.o.m. 2002. Sidan dette har det blitt sett ein del fleire, og der er vel sett ca.20 ind. totalt i landet! Denne måsen er vanleg langs middelhavet, og den overvintrar i små mengder opp til Danmark, og endå ferre opp til Sverige.

Gulbeinmåsen var tidligare rekna som ein underart av gråmåse, men har i ein del år no, vore rekna som ein eigen art. Denne måse er svært lik ein gråmåse, men det er visse karakterar som skiller dei.
(NB! Karakterane eg nemner her er på voksne fuglar. Andre gjeld på yngre ind.) På fuglen "min" var det mest i augefallande dei gule beina, det kraftige nebbet og ikkje minst det nesten heilt ustreka hovudet. På gråmåsar i vinterdrakt er ofte heile hovudet og godt ned i brystet streka, medan gulbeinmåsen er mykje mindre teikna i hovudet. Dei teikningane er då ofte konsentrert rundt augene, som då ser ut som ei maske. Ein annen ting som er skiller den frå gåmåsar er kroppsforma. Gulbeinmåsen er ein meir atletisk fugl. Den har ei brystkasse som nesten tek opp i "haka", medan gråmåsane oftast ser ut som ein "trailersjåfør" med hengemage. Gulbeinmåsen er også meir langvinga enn gråmåsen og den har også meir svart i håndsvingfjørene enn gråmåsane. Hos "gulbein" er det alltid svart i dei 6 ytterste håndsvingfjørene (P5-P10), medan hos gråmåsen er det svært uvanleg at dei har svart i meit enn 5 håndsv.fjører (P6-P10), men det hender. På måsen min viser kanpt den nest ytterste håndsv.fjøra (P9) og den ytterste er ikkje synleg enda (P10). Desse er då på vei til å vekse ut.

Her kan du sjå bilder av måsen! (KLIKK PÅ BILDA FOR STØRRE FORMAT)
gråmåse (4k+) t.v og gulbeinmåse (4k+) t.h.
gråmåse (4k+) t.v og gulbeinmåse (4k+) t.h.
Gulbeinmåse 4K+
Gulbeinmåse 4K+
Gulbeinmåse 4K+
Her ser du håndsvingfjørene (P1-P10)
Gulbeinmåse 4K+


Gulbeinmåse 4K+

Observasjonar frå Voksa i dag! (10.oktober)

tartarpiplerke 1 (høyrd)
sanglerke 2
lappspurv 1-2
trekrypar 1+
kvartbekkasin 1
heilo 2
tundralo 2 (høyrd)
svartand 4 (F-farga)
dvergdykkar 1 ad.

fredag 8. oktober 2010

Tartarpiplerke, Voksa 08.10.10

I dag vart øyane nøye sjekka! Etter tre dagar på Ona var det på tide med ei skikkeleg runde rundt på øyane. Det resulterte i årets 1. tartarpiplerke på Voksa. Den vart sett kort i det den truleg trakk vidare etter å ha rasta på Voksa. Den hadde retning mot "tartar-marka". Marka der eg har sett halvparten av dei 10 tarpiplerkene på Sandsøya og Voksa. Men desverre fikk eg ikkje dokumentert den, for når eg kom dit var den borte vekk!

Tartarpiplerker 2007-2010:
2007: 1 ind. (Voksa) + 1. ind. (Sandsøya)
2008: 1 ind. (Voksa)
2009: 6 ind. (Voksa)
2010: 1 ind. (Voksa)



Her er nokre andre observasjonar frå i dag!

Sandsøya:
dompap 2-3+ høyrd
svartstrupe 12 (6 MM + 5F + 1 ub.)
tundraloar 2
ub. korsnebb 1 høyrd

Voksa:
svartand 4 (Voksevegen)
steinskvett 1 (Voksevegen)
sanglerke 1
tundralo 3
heilo 1
kvartbekkasin 1

tartarpiplerke (Voksa, 2008)




tartarpiplerke (Voksa, 2009)

torsdag 7. oktober 2010

Polarsvømmesnipe, Ona 07.10.10

Etter ein stille dag i går(6.okt) med ekstremt lite og sjå var det deilig med polarsvømmensipe i dag.
I dag var det nemleg eit perfekt veir for havfuglskåding, med liten kuling til frisk bris frå SV, og opphold med bra sikt. Men det var likevel ikkje all verden som trakk forbi. Bortsett frå havsule, krykkje, teist, svartand, havelle m.m. Men etter eit par "kjedelige" timar kom det ein liten fugl med havsvale-flukt (rolig og vinglete) og landa på sjøen. Nemleg ei polarsvømmensipe.

Her er ein link til eit bilde av ei polarsvømmesnipe:
http://netfugl.dk/pictures.php?id=showpicture&picture_id=23963

tirsdag 5. oktober 2010

Sibirpiplerke, Sandøya 05.10.10

Etter nokre forferdeleg stille dagar heime på Sandsøya og Voksa vart turen nok ein gong lagt til Ona. Når eg endeleg kom fram hadde det ikkje vært sett so mykje spennande der, så eg og to andre skådarar (Jørn R. Gustad og Eivind Sørensen) tok turen inn på Sandøya. For ikkje mange dagane sidan vart der sett både gulbrynsongar og sitronerle der! I dag virka det med første augekast ganske stilt. Men som sagt så tengst det berre ein fugl berre den er sjelden nok!;) Etter å ha skåda ei stund kom vi plutseleg over ei veldig vokal vannrikse. Denne ga veldig mykje lyd frå seg noko som er vanleg om sommaren men svært uvanleg om hausten. Men fortsatt såg det ut som om turen bar tilbake til Ona uten ei einaste "bombe", men det snur heldigvis veldig fort! Etter å ha sjekka øya i ca. 2 timar flaug Sandøya si første SIBIRPIPLERKE opp. I starten var piplerka ganske så vanskeleg å få studert. Ho flaug nemleg opp på langt hold, for så å lande og stikke seg vekk på bakken. Men etter å ha jobba med den ei stund satt den seg opp på ein streng, og nokre bilder blei tatt. Men det var ganske strekt motlys og dermed blei bilda ganske så dårlege. Heldigvis satt den seg opp på ein streng igjen og då fikk eg nokre brukbare dokumentasjonsfoto.

Sibirpiplerka er ein svært sjelden fugl på våre kantar. Nærmaste hekkeplass er som navnet kanskje tilseier i sibir. I Møre og romsdal er det vel ca. 10 funn totalt, men det er ein del år sidan den siste vart sett. Dette vart den andre i Norge denne hausten.

Ellers vart det sett tartarpipleke (denne gikk eg glipp av) og tårnseglar på Ona, for å nemne noko. No håper eg morgondagen blir minst like bra!:)

Her er eit par bilder av denne nydelige "saken" 
sibirpiplerke (t.v.) og heipiplerke (t.h.)
sibirpiplerke
 
Her er eit videoklipp med lyd av vannriksa på Sandøya.
video

lørdag 2. oktober 2010

Gråmåse (fargemerka), Sandsøya 02.10.10

I dag var det bra med måsar på Sandshamna. Etter å ha sett over nokre få fann eg ein fargemerka gråmåse. Denne gråmåsen er ein voksen fugl. Det vil seie 4 år eller eldre (4K+). Denne måsen er truleg ein britisk merka fugl. Men ikkje nok med det. 27.januar i år såg eg også ein gråmåse med same farge på ringen som dagens fugl. Så dermed har Sandshamna truleg hatt besøk av to fuglar frå det same britiske ringmerkingsprosjektet på ikkje meir enn 8 månadar!!!! Infoen vert snarast sendt Stavanger museum som skal formidle det vidare, og om ikkje so lenge finn vi nok ut om dei kjem frå same plass eller ikkje...........


Dei to øverste gråmåsane høyrer truleg til same ringmerkingsprojektet, medan den nederste er ringmerka i Norge. Og om ikkje lenge får vi vite nøyaktig kor dei har blitt merka!


Dagens fugl
Denne vart sett 27.januar
Denne unge gråmåsen(2K) er merka i Norge.
Den vart sett på Sandshamna 15.mars i år


Her er noke av dei andre observasjonane frå i dag!
hønsehauk 1 1K F
svartstrupe 1
trekrypar 2

Hønsehauk 1K F (dokumentasjonsfoto)