mandag 1. august 2011

Grashoppesongar og storjo 29-31.07.11

Den 29.juli fikk eg og Kjell Mork Soot ring- og fargemerka endå ein av årets grashoppesongarhannar. Det vil seie at i år har vi ringmerka 21 nye grashoppesongar, samt at vi har satt fargering på 3 av dei 4 songarane som kom igjen av dei som vi merka i fjor. (2010) Vi har også ein med berre metallring frå i fjor. Denne har ikkje vore særleg samarbeidsvillig. Og på fire forsøk har det ikkje lykkast å få satt på den fargering. Men uansett... Det vil seie at vi har 24 songarar med metall- og fargering og ein med berre metallring. Dermed har vi full kontroll på 25 songarar!! Og det skal bli veldig spennande å sjå kor mange som kjem attende neste år...

Her er den siste grashoppesongaren som har vorte merka.
Grashoppesongar M, Voren/Sandsøya.
Denne grashoppesongaren vart oppdaga den 24.juli. og den satt fortsatt og
song i natt, 1.august. Den vart oppdaga på ein plass det tidlegare var ein
annan grashoppesongarhann, men denne flytta på seg, og dermed var det
plass til ein ny! Den fikk fargeringkombinasjon XCP.

Her er eit oppdatert oversiktskart som viser kor den oppheld seg.



Storjo
Dei siste par dagane har det vorte feltarbeid på Runde. Då har det i hovudsak vorte fokusert på å få merka storjoungar, samt å få oversikt over totalen på storjopar på øya.

Dei fleste ungane er ganske så store, og der er ikkje lenge før dei tek vingene fatt... Men vi var heldige og kom over ein unge som var ca. ei veke gammal.

Her er eit bilde av den vesle hjerteknusaren.
Storjounge, Runde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar