mandag 19. mars 2012

Nattsongarar i 2011


I fjor kan ein mildt sagt seie at det var eit bra nattsongarår! Først og fremst var det eit ekstremår når det gjaldt grashoppesongarane, men det vart også sett og høyrd andre små og store raritetar. Den beste natta så satt det    6-7 grashoppesongarar, 1 elvesongar, 2 myrsongarar, 4-5 vaktelar og 2 åkerrikser og song samtidig på øyane. Ei slik natt blir svært vanskeleg, om ikkje umogleg å overgå...

Oversikt
Her er ei lita oversikt over nattsongarane som vart observert på øyane, då sett vekk i frå alle grashoppesongarane. I tillegg til det kan du også sjå ei lita oversikt over antall nattsongarar som vart observert på nokre nattsongarturar rundt om på Gurskøya og i ytre Herøy.

På Sandsøya og Voksa vart talet på nattsongarar utanom grashoppesongarane dette:
åkerrikse 3-4 (2-3 ind. på Sandsøya og 1 ind. på Voksa)
vaktel 7+ (På Sandsøya og Voksa)
myrsongar 2 (På Sandsøya)
elvesongar 1 (På Sandsøya)

Her er eit par bilder frå 2011!
Åkerrikse M, Våge/Sandsøya
Denne vart oppdaga syngande den 2.mai. Noko som er det tidlegaste
funnet av åkerrikse gjennom tidene i Møre og Romsdal. Det tok over
2 veker til den neste åkerriksa vart oppdaga i Norge!
Myrsongar M, Skare/Sandsøya
Denne holdt stand frå den 12-26.juni.

Sande og Herøy kommune...
Det vart også nokre få nattsongarturar rundt om i Sande (utanom Sandsøya og Voksa) og i Herøy kommune.

Det resulterte i dette:
vaktel 1 (Sædalen på Gurskøya)
myrrikse 2+ (Myklebustvatnet ved Fosnavågen)
grashoppesongar 2 (Myklebustvatnet)+ 2 (Remøya)+ 1 (Goksøyr på Runde)
elvesongar 1 (Gjerdsvika på Gurskøya)

Her er eit bilde av hannfuglen som mata aktivt i Goksøyra på Runde i fjor. Dette utgjer så vidt eg veit det nordlegste påviste hekkefunnet av arten i Norge.
Grashoppesongar M, Gøksøyr/Runde I tillegg til denne vart det observert minst 2 andre
 syngande grashoppesongarar på Runde av lokalbefolkninga.

 Alt i alt eit veldig bra år for nattsongarar kan ein trygt seie! No nærmar heldigvis årets sesong seg dag for dag... Og kanskje vert 2012 sesongen noko tilsvarande? Ja, kansje dukkar også eit par etterlengta sjeldenheiter opp dette året..... Ein syngande busksongar og stripesongar står nemleg høgt på ønsleista!

1 kommentar:

  1. Hei,
    Jeg skriver for å informere deg om at vi tilbyr personlige lån med 2% rente. Vi kan gi deg lån slik at du kan gjennomføre prosjektene dine eller andre ting du vil gjøre. Kontakt oss direkte via e-post: sduplens@gmail.com
    Beste hilsener

    SvarSlett