tirsdag 6. november 2012

Dvergmåse, Sandshamna 06.11.12

I dag vart turen lagt til Sandshamna for å sjå gjennom måsane for første gongen denne veka.  Det er bra med måsar i området, og den siste tida har vist at alt er mogleg. Etter dagen i dag virkar det som om den gode "måsehausten" berre fortsetter. I dag vart nemleg øyane sin andre dvergmåse sett kort på Sandshamna. Den første for øyane vart også sett på hamna, det då i månadskiftet januar/februar tidlegare i år. Det var då snakk om ein 1.vinter fugl, medan dagens måse var ein fullt utfarga 3K+(adult) fugl.

Her er eit bilde av dagens "minstemann"... 
Dvergmåse 3K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya

På plass igjen...
Ellers i dag var det mykje måsar å sjå, men utanom dvergmåsen var den ikkje alt for mykje å notere i boka. Eit par av "mine" fargemerka gråmåsar som eg merka på Sandsøya i sommar vart sett. Den eine av desse "J4704" har vore stasjonær og nesten blitt sett kvar gong eg har sett over måsane på hamna. Dagens andre merka var litt meir interessant. Det var nemleg snakk om "J4712". Den har ikkje vore sett i området på over ein månad. Nærmare bestemt sidan den 2.oktober. Dermed trudde eg at denne hadde vendt nebbet sørover. Noko som viste seg å ikkje stemme...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar