Her er eit par bilder av året første sildemåse.
![]() |
| Sildemåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 24.januar 2013 |
![]() |
| Sildemåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 24.januar 2013 |
Ellers så har som sagt kvitmåsane starta å dukke opp igjen. I januar så langt har det vore flest polarmåsar, men også minst eit par grønlandsmåsar innom på Sandshamna. I perioden 20-28.januar har det vore 2-3 polarmåsar innom på hamna, samtidig har det også blitt sett 2-3 grønlandsmåsar. Alle desse måsane har vore fuglar i sin 1.vinter (2K). Ein av grønlandsmåsane var faktisk ein gammal kjenning. For ein av dei 2 2K "grønlandsane" som vart sett på hamna den 25.januar viste seg å vere den samme fuglen som også vart sett der den 13.desember 2012.
Her er eit bilde av ein av polarmåsane.
![]() |
| Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 24.januar 2013 |
-2.jpg)
-3.jpg)
.png)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar