søndag 29. september 2013

TUNDRAPIPLERKE m.m. på Ona 26-28.09.13

Etter at eg for første gongen besøkte Ona hausten 2009 har det blitt ein del turar til denne vesle øya på Romsdalskysten. For der ute i havgapet blir det nemleg satsa i felt kvar haust i nokre veker i slutten av september og i starten på oktober. Då som oftast av ein fast gjeng på 6-7 personar. Og det er alltid like kjekt å kome seg ut på Ona å møte gjengen, for å snakke om fugl, og å leite etter sjeldenheiter. For Ona har gjennom mange år no vist eit ekstremt potensiale når det gjeld sjeldne fuglar, då både austlege og vestlege artar. Dermed er det ein grei plass å reise når det er lite å sjå ellers. Det hjelp også sjølvsagt på at øya er lita, og at det er mange persongar i felt. Det er ein meget god kombinasjon med tanke på å finne sjeldne fuglar...

I år blei det så og seie tre heile dagar i felten på Ona for min del. Frå den 26. t.o.m. den 28.september  Det kan sjølvsagt bli fleire dagar, for skulle det plutseleg dukke opp etter eller anna spennande så blir det nok berre å kaste seg i bilen og kome seg av gårde. Men eg må no seie meg fornøgd med det tredagers oppholdet eg hadde der no. Det blei i hvertfall ein bra start... For under ein og ein halv time etter at eg ankom øya vart M&R si tredje TUNDRAPIPLERKE observert. Den vart sett meget godt, og gav også tidvis ein del lyd frå seg. Denne austlege piplerka er ein eksklusiv gjest i Norge, med ikkje alt for mange funn totalt. Dagen etter, altså den 27.september vart det også sett ei tundrapiplerke. Den kom då flygande ganske høgt og var svært vokal. Det meste tyder på at dette var ein ny fugl, men ut i frå "obsen" som blei gjort så er det umulig å vere heilt sikker på om det desse dagane var eit eller to ind. innom på øya.

Tundrapiplerka som vart sett den 26.september hadde tilhold ved og på gravplassen på Ona. Der gikk den tidvis i lag med fleire skjærpiplerker på det kortklipte graset. Her er nokre bilder av piplerka.
Tundrapiplerke, Ona 26.september 2013

Tundrapiplerke, Ona 26.september 2013

Tundrapiplerke, Ona 26.september 2013

I tillegg til "tundrapipen" vart det også høyrd ei mulig sibirpiplerke den første dagen av oppholdet mitt. Men det kan godt hende at dette berre var trepiplerka som hadde tilhold der den 26. og 27. Under kan du sjå eit bilde av "trepipen".
Trepiplerke, Ona 26-27.september 2013


Fotogen tartarpiplerke...
Ja, det var mykje pipleke-action desse dagane, totalt var det observert 5-6 piplerkeartar . For i tillegg til skjærpiplerke, heipiplerke, trepiplerke, tundrapipleke og den mulige sibirpiplerka vart det sett ei tartarpiplerke. Denne sibirske storpiplerka blir det årleg sett fleire av på hausttrekket. Men dei er som oftast veldig, veldig sky, og å oppdrive bra foto av arten er ingen enkel sak. "Tartarpipen" som vart sett på øya den 26. og 27. var av den meir samarbeidsvillige slagt, og godtok at vi krøyp rundt på fotballbana der den hadde tilhold. Dermed gav det gode fotomuligheiter. Under kan du sjå eit lite utvalg av bilder som blei tatt av fuglen.

Tartarpiplerke 1K, Ona 26-27.september 2013

Tartarpiplerke 1K, Ona 26-27.september 2013

Tartarpiplerke 1K, Ona 26-27.september 2013

Tartarpiplerke 1K, Ona 26-27.september 2013


Gulbrynsongarar i fleng...
I tillegg til alle piplerkene så vart det sett og høyrd mange gulbrynsongarar. Den beste dagen var vel dagen før (25.september) eg kom ut på øya. Då hadde det blitt observert ca. 20 "gulbryn". Noko som var ny rekord på ein dag på Ona. Dei dagane eg var på øya blei det sett i under og overkant av 10 ind. kvar dag. I føregårs, altså den 27.september vart det også sett ei grønlandsk polarsisik (polarsisik ua. hornemanni).


2 kommentarer:

  1. fine piplerkebilder, skulle gjerne hatt ett kurs i piplerke artsbestemmelse

    SvarSlett
  2. Takk for kommentaren! :) Ja, piplerkebestemming er ikkje akkurat det enklaste i verda... Det er berre ein måte å lære det på, nemleg å jobbe med dei i felt!

    Mvh Ingar

    SvarSlett