mandag 28. januar 2013

Sildemåse, polarmåsar og grønlandsmåsar, Sandshamna 20-28.01.13

 Etter å ha hatt ein heller laber start på året måsemessig har det no endelig starta å ta seg litt opp. Blant anna så har kvitmåsane starta å dukke opp igjen, etter å knapt ha blitt sett etter nyttår. Men den største gobiten desse dagane var mitt første januarfunn av sildemåse. Den 24.januar vart det nemleg sett ein 2K sildemåse på Sandshamna på Sandsøya. Etter å ha studert bilda som blei tatt av fuglen, og vidare samanlikna dei med bilda som blei tatt av sildemåsen som eg hadde på den samme lokaliteten den 4.desember 2012 viste det seg at det var snakk om den samme måsen. Størrelse, jizz, vingeteikningar, stjertteikningar osv. er 100% identiske på begge fuglane.

Her er eit par bilder av året første sildemåse.
Sildemåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 24.januar 2013

Sildemåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 24.januar 2013


Ellers så har som sagt kvitmåsane starta å dukke opp igjen. I januar så langt har det vore flest polarmåsar, men også minst eit par grønlandsmåsar innom på Sandshamna. I perioden 20-28.januar har det vore 2-3 polarmåsar innom på hamna, samtidig har det også blitt sett 2-3 grønlandsmåsar. Alle desse måsane har vore fuglar i sin 1.vinter (2K). Ein av grønlandsmåsane var faktisk ein gammal kjenning. For ein av dei 2 2K "grønlandsane" som vart sett på hamna den 25.januar viste seg å vere den samme fuglen som også vart sett der den 13.desember 2012.

Her er eit bilde av ein av polarmåsane.
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 24.januar 2013

lørdag 19. januar 2013

Ring- og fargemerka måsar

Etter å ha vore opptatt, samt hatt influensa ei stund vart det endeleg fleire turar i felten i løpet veka som var. Det blir som vanleg på denne tida av året satsa mest på måsar, for det er rett og slett ikkje noko særleg anna å sjå. På tirsdagen den 15.januar vart det også måsefangst for ring- og fargemerking. Det og meir "måsestoff" kan du lese meir om under...

Måsemerking
Som nemnt over vart det på tirsdag i denne veka ring- og fargemerka måsar. Dette vart gjort på Sandshamna på Sandsøya. Totalt vart det merka fire gråmåsar fordelt på 2 2K, 1 3K og 1 5K+. I tillegg til desse var der også ein måse til, og det var dagens mest interessante. Fuglen det var snakk om var ein voksen gråmåse med metallring på venstre fot. Denne gråmåsen viste seg å vere ein som vart merka på Grønhaug, Fosnavåg i Herøy kommune den 7.november i 1999 som ein voksen fugl (4K+). Dermed er måsen no minst inne i sitt 18 kalenderår, noko som igjen vil seie at den no er minimum 16 og eit halvt år gammal. Men sidan den vart merka som ein voksen fugl i 1999 kan den vere mykje eldre enn om så. Når eg fikk fanga den no i januar vart det tatt mål av fuglen, desse måla viste at måsen var ein hann. Den fikk også satt på ein fargering på høgre fot, slik at den i framtida blir ein del enklare å følge med. Og forhåpentlegvis så blir det fleire gjensyn med måsen.

Under kan du sjå bilder av måsen tatt under merking.
Gråmåse 18K+, Sandshamna/Sandsøya 15.januar 2013
Denne hadde metallring med nr. 4231347, og fikk påsatt fargering J4778.

Gråmåse 18K+, Sandshamna/Sandsøya 15.januar 2013

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Grønhaug, Fosnavåg og Sandshamna
er på ca. 11 km.

Fargemerka måsar...
Den 9.januar vart det sett ein gråmåse med fargering på Sandshamna. Dette var ein fugl som eg ikkje hadde merka. Ellers så fikk eg i starten på januar vite at to av svartbakungane som eg merka i fjor sommar på øyane hadde blitt sett i Danmark ut på hausten. Vidare så vart også den fargemerka polarmåsen som var innom på hamna i oktober i fjor sett i Tyskland i midten av desember. Alle desse kan du lese meir om under.

J3961
Gråmåse 3K (2.vinter), Sandshamna 9.januar 2013
Gråmåsen med fargeringkode J3961 vart som nemnt over sett på hamna den 9.januar. Denne fuglen vart merka som ein reirunge (pullus) den 9.juli i 2011 på Torsnes i Karlsøy kommune i Troms. Den vart så sett på Sandshamna den 13.mars i 2012, og no var den som sagt på plass igjen nesten 10 månadar seinare. Dei to funna på Sandshamna er dei to einaste funna av denne måsen etter at den blei merka.
 
Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.

Avstanden mellom Torsnes i Troms og Sandshamna er
på 1082 km.


Frå Marøya til Danmark...
Den 24.september 2012 vart svartbaken "JP955" som eg merka på Marøya dem 15.juli 2012 sett i Hanstholm havn i Danmark. Før dette vart "JP955" sist sett på Hamnaholmen, Sandsøya den 24.august. Den 25.oktober 2012 vart endå ein av svartbakane merka på Marøya sommaren 2012 sett i Hanstholm havn, denne gongen var det måsen "JP959" som vart sett. "JP959" vart merka eit par dagar seinar enn "JP955", nærmere bestemt den 17.juli. Dette funnet var det første av denne fuglen etter merking. Begge desse måsane vart merka som reirungar (pullus).
 
Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.

Avstanden mellom Marøya og Hanstholm havn er på 594 km.


"DU1"
Polarmåsen "DU1" som vart sett på Sandshamna den 16.oktober 2012 vart den 12.desember 2012 sett heilt nordvest i Tyskland. Går du inn på linkane under finn du meir om måsen, både frå inn- og utland!

Her er ein link til innlegget eg hadde om fuglen etter at den hadde blitt sett på Sandsøya:

Og her er ein link til ein tysk fugleblogg med bilder måsen:

Heilt til slutt så må eg nesten legge inn eit oversiktskart over
 forflytningane til DU1.
Avstanden mellom der måsen vart merka i Hamnevika på
Bjørnøya og der måsen vart sett på Northfrisian øyane
i Tyskland er på 2238 km.

torsdag 3. januar 2013

Polarmåse, Sandshamna 02.01.13

I dag var det endeleg litt måsar på Sandshamna igjen. For i dag var det første dagen med aktivitet på fiskemottaket sidan før juleferien starta opp. Etter kvart som det starta å kome inn nokre fiskebåtar tok også antallet med måsar seg opp. Dagens høgdepunkt var 2013 sin føste kvitmåse, denne gongen i form av ein nydelig 2K polarmåse. Dette vart då den fjerde års- og fjorårsungen av polarmåse som har vore innom på hamna denne sesongen, då dagens fugl var eit nytt individ.

Dagens polarmåse vart berre sett på langt hold, dermed var det ikkje
 mulig å få tatt skikkleig bilde av fuglen. Så i staden legg eg i "inn"eit
bilde av ein ungfugl av polarmåse frå den 19.desember 2011.
Polarmåse 1K, Sandshamna/Sandsøya 19.desember 2011


Gjenfunn...
I midten av desember fikk eg eit gjenfunn av ein av svartbakungane som eg ring- og fargemerka sommaren 2012, samt at eg rett fjør jul leste av årets siste gråmåse som ikkje var merka her i området. Meir om desse måsane under.

JP968
Svartbaken "JP968" vart merka på eit skjær mellom Sandsøya og Voksa. Den vart merka den 21.juli i 2012. Den 15.desember vart den sett i England, nærmare bestemt i Southwold havn i Suffolk på søraust-kysten. Dette var det første gjenfunnet av måsen etter merking.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom der måsen vart merka ved Marøya
og  Southwold havn i England er på 1125 km.

Her er eit bilde som blei tatt under merkinga av svartbakungar i fjor. Denne ungen la på svømm og
blei innfanga og fikk dermed ein padletur til nærmaste skjær for ringmerking.
Svartbak pullus mellom Sandsøya og Voksa 17.juli 2012


J5X6
Gråmåsen "J5X6" som vart sett på Hamnaholmen på sørsida av Sandsøya den 21.desember vart merka den 31.desember i 2006. Den blei merka som ein 1K/1.vinter-fugl. Ringmerkingstad var Nidarø i Trondheim i Sør-Trøndelag. Fuglen vart så sett i Buvika i Skaun kommune, det også i Sør-Trøndelang den 1.september i 2010 som ein 5K-fugl. Etter dette hadde den ikkje blitt sett før den altså dukka opp på Sandsøya i desember.

Her er eit dokumentasjonsbilde av måsen.
Gråmåse 7K (7.vinter), Hamnaholmen/Sandsøya 21.desember 2012

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Hamnaholmen på Sandsøya og
Nidarø i Trondheim er på 284 km.