søndag 5. oktober 2014

Ungemerking av måsar 2014

Som mange kanskje har fått med seg så er eg nok litt over middels interessert i måsar. Og eit av høgdepunkta når det gjeld måsar i løpet av året er å merke ungane deira. 2014 vart min tredje sesong med merking av måseungar. Eg starta forsiktig i 2012 med 42 gråmåsar, 36 svartbak og 1 sildemåse. I 2013 gikk eg litt hardare til verks... Det vil seie: 227 gråmåse, 35 sildemåse, 25 svartbak og 17 fiskemåse. I år hadde eg eigentleg ikkje bestemt meg for kor mange som skulle merkast, eller kva slags artar eg skulle satse på. Det som var heilt sikkert, var at eg ikkje kom til å gå så mykje etter gråmåsar som eg gjorde i fjor.

Kvifor ringmerke?
Ved hjelp av denne merkinga så kan ein få data på vandringar og levealder hos fuglane. Får ein merkt dei som ungar så får ein også eit meget godt innblikk i variasjonen i fjørdraktene i dei forskjellige aldersklassene før dei blir utfarga. Akkurat den delen med draktstudie er kanskje det som eg finn mest interessant... Når eg merkar ungane så set eg nesten 100% av tida på både metall og fargering. Av og til kjem eg over ungar som er for små til å få påsatt fargering og då må nøye seg med ein metallring. Desse ringane er nesten vekkasta. I hvertfall når ein samanliknar resultatet som ein får med ein fargering i tillegg metallringen. Ein fargering kan ein under gunstige forhold lese av på godt over 300 meters hold. Noko som vil seie at det er veldig enkelt å kunne individidentifisere fuglane. Skulle eg berre satt på ein metallring så hadde det ikkje vorte mange avlesingar, då desse er mykje vanskligare, ja, nesten umulige å få lest av i felt.

Sesongen 2014
Dei første ungane eg merke i 2014 vart merkte i Goksøyra på Runde den 27. juni. Etterpå dette vart det merkt ungar i måsekoloniar i Kvalsvika på Nerlandsøya, Vorakletten på Sandsøya og på Storholmen sør for Kvamsøya. I desse koloniane blei det merkt neste utelukkande gråmåseungar. Medan ungane av svartbak i hovudsak blei merkte på skjær og holmar ved Sandsøya og Voksa. Det blei også ein merktetur til Svinøya, der det blei merkt svartbak. Dei koloniane/hekkeplassane som ligg tilgjengelig frå land blir det brukt bil for å kome seg så nær som mulig, for så å ta beina fatt. Men skal ein kome seg rundt på alle skjæra og holmane som ligg rundt omkring, så er det ikkje akkurat berre å ta bilen. Då går eg over til å bruke kajakk. Kajakken er nemleg eit ypperlig framkomstmiddel, og med litt godvilje er det ikkje mange plassane ein ikkje kjem seg fram...



To svartbakungar som la på svøm har her nettopp blitt
innfanga og får seg ein padletur til nærmaste skjær
eller holme der dei vil bli ringmerkte.

Eit bra år for svartbaken...
Etter å ha starta årets sesongen med merking av gråmåseungar, så såg eg fort at svartbakane virka å ha eit meget bra år når det gjaldt ungeproduksjon, i hvert fall i forhold til dei to føregåande åra.

Tre svartbakungar klare for merking.

Ï fjor hadde svartbakane eit rekordårlig år når det gjaldt ungeproduksjon... I år derimot, var det som det blei nemnt over meget bra. Dei fleste para hadde ungar, og mange av kulla var fulltallige. Men litt svinn blei det no utover sommaren... For 2014 vart eit rekordår når det gjaldt ungeproduksjon for havørna her i distriktet. Og med mange havørungar på reira, så blei det også høsta ein del lett tilgjengelige måseungar. Men slik er det berre. Det er slik naturen er satt saman. Heile økosystemet heng i hop. Er det mykje mat i havet så ligg alt til rette for mange måseungar. Er der mange måseungar så ligg alt til rette for havørna til å få fram sine ungar. Slik er det berre, og slik skal det vere!

Etter at eg merkte mine første svartbakungar i starten på juli, holdt eg det gåande med merking gjennom heile månaden. Den siste ungen for sesongen blei merkt så seint som den 4.august. På dette tidspunktet var dei fleste flygedyktige, men nokre seine fuglar hadde fortsatt litt igjen før dei kom seg på vingene. Svartbakane er flygedyktige etter ca. 7 veker, medan gråmåsane og sildemåsane er det same etter ca. 5-6 veker. Men dette varierar selvfølgelig med tilgongen på mat.

I starten på september var det fortsatt svartbakungar som var på hekkeplass og blei mata av foreldra. På dette tidspunktet så hadde eg faktisk allereie hatt mine to første gjenfunn frå utlandet av årets ungar. Ein svartbakunge som blei merkt på Svinøya vart observert i Danmark, og ein unge som blei merkt på Sandsøya vart observert i Skottland.

Her er ein link til eit bildet av årsungen som blei sett i Danmark: http://www.ringmerking.no/cr/visbilde.asp?BID=43149&VisF=ON&XIF=ON

Totalt fikk eg ungemerkt dette i 2014: 93 gråmåse, 5 sildemåse og 74 svartbak.

Identifikasjon...
Alle våre stormåseartar, altså gråmåse, sildemåse og svartbak er ganske så like i fleire av aldersklassene, og det er ikkje alltid like enkelt å bestemme dei i frå kvarandre. Mange av draktkarakterane overlappar frå art til art, og ein karakter i seg sjølv er ikkje nødvendigvis avgjerande. Det er summen av karakterar, både draktkarakterar, hovud-/nebbform og jizz som gjer det til den eine eller andre arten. Dette gjeld fullt fjøra måsar, men også selvfølgelig reirungar.

Legg merke til hovud- og nebbforma på desse to artane. Gråmåsen har flat eller konkav panne, medan svartbaken
har "oppblussa" - konveks panne. Vidare så er nebbet mykje kraftigare på ein svartbak enn ein gråmåse. Kombinasjonen av nebb og hovudform gir heilt forskellige inntrykk på desse to artane. Dette er karakterar som det går ann å bruke i artsbestemminga på ein del av ungane. Det er riktig nok stor variasjon, og det er langt frå alle ungane som er så klassiske som dette.

Her ser ein kva ein skal sjå etter når det gjeld fjørteikningar hos sildemåse, gråmåse og svartbak. Sildemåsane har kontrastrikt fyll med fine gylne bremmar på armdekkarar og skulder-/ryggdekkfjør. Ser ein så på gråmåsane, så er desse som oftast mykje mindre kontrastrike, noko ein med litt trening fort legg merke til. Svartbaken er nok den som er mest kontrastrik. Med lys "grunnfarge" mot veldig mørkt og kontrastrik fyll i fjørene. Denne beskrivelsen på fjørteikningane er meget forenkla, men den gir likevel ein ide om kva ein skal sjå etter. Variasjonen på draktteikningar innanfor desse tre artane er veldig stor og dermed blir det ein del overlapping.

Ser ein så på vingeteikningar, så har sildemåsen heilmørke indre handsvingfjører, gråmåsane har relativt lyse indre handsvingfjører, medan svartbaken som oftast ligg ein stad mellom desse to. Men her er det stor variasjon, og alle artane kan overlappe, eller ligge svært nær kvarandre i teikningar. Men brukar ein både nebb-/hovudform, teikningar på arm-, rygg- og skulderdekkfjører, teikningar på tertiærar, stjertteikningar (ikkje tatt føre seg her), samt vingeteikningar, så blir ikkje artsbestemminga nødvendigvis noko hokus pokus. Riktig nok så er der fuglar som er vanskelige å bestemme. Desse kan ein då berre la ligge, for der er som oftast nok ungar å ta av.

Her er eit par av fuglane som blei ringmerkte denne sesongen. Begge desse er avbilda på Samdshamna på Sandsøya etter at dei blei flygedyktige.
Gråmåse 1K/juvenil, Sandshamna, Sandsøya 3. august 2014
Denne fuglen blei merkt den 1. juli i kolonien i Vorakletten på Sandsøya.

Svartbak 1K/juvenil, Sandshamna, Sandsøya 4 .august 2014
Denne fuglen blei merkt ved Marøya den 6. juli.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar