mandag 10. november 2014

KASPIMÅSE og sildemåsar på Sandshamna 7-8.11.14

Den siste tida så har så og seie all aktivitet i felt vore retta mot måsar. Det er rett og slett der eg føler at eg har hatt størst sjans. Det er lettare å kome seg ut når ein veit at der nesten kvar dag er ein del måsar å sjå gjennom. Dette i staden for og skulle gå rundt på jorder og i hagar for å leite etter småfuglar, då mest trulig utan å sjå noko som helst spennande. Det blir ein fort lei av...

Tross all satsinga på måsar denne hausten, så har det ikkje vore all verden å snakke om. Av sjeldenheiter og lokale raritetar så er det berre ein 1K polarmåse som eg hadde den 18. oktober som det er verdt å nemne. Men heldigvis så har dette endra seg i løpet av dei siste dagane...

Så satt den endelig der!
I forgårs den 8. november fikk eg endelig skikkelig betalt. Rett før det blei mørkt så kom eg nemlig over ein spennande måse på Sandshamna på Sandsøya. I det eg oppdaga fuglen så satt den med brystet rett i mot. Etter kvart som den starta å snu litt på hovudet så såg eg med ein gong at fuglen hadde eit langt smalt nebb, eit lite pæreforma hovud og eit skikkelig røft ansiktsuttrykk. Vidare så hadde måsen ein smekker kropp og lange bein. Etter å ha fått sett fuglen litt meir frå sida så datt også fleire karakterar på plass. Eg såg då blant anna den tydelige oppreiste kroppsholdninga, men kanskje det viktigaste, eg fikk sett teikningane på armdekkarar og tertiærar. Alle desse karakterane, heilt ned til fjørteikningane stemmer berre med ein art, nemlig KASPIMÅSE!! Dette vart då det 7-8. funnet av arten i Møre og Romsdal. 6-7 av desse har vorte observerte på Sandshamna på Sandsøya. Denne kaspimåsen var ein 2K (2.vinter) fugl, noko som er ei ny aldersklasse for meg. Tidligare så har eg hatt tre 1.vinter fuglar, ein 3.vinter fugl og 1-2 adult innom på hamna.

Kaspimåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya 8. november 2014

På bildemontasjen over ser du kaspimåsen. Dessverre så hadde eg ikkje med meg speilreflekskameraet mitt for anledninga. Dermed så måtte eg ty til mobilen for å dokumentere måsen. Dette i kombinasjon med at det var så og seie heilt mørkt, gjorde sitt til at bilda er heller dårlige. Likevel så viser denne montasjen karakterane på fuglen greit. Det einaste som ikkje er heilt klassisk med denne måsen er pigmenteringa i brystet, på kroppssidene og litt i buken. Normalt er kaspimåsane i denne aldersklassa ein god del kvitare her. Men det denne fuglen viser ligg greit innanfor variasjonen til arten i denne alderen. Ser du på bilde 5 og 6 i montasjen så ser du tydelig forskjellen i jizzet, samt hovud og nebbforma i forhold til den 1K gråmåsen som står i forgrunnen. På bilde 7 kjem teikningane på rygg-, skulder- og armdekkarar, samt tertiærar godt fram. Det mørke fyllet i armdekkarar og tærtiærar passar perfekt for ein 2.vinter kaspimåse. Vidare så er ikkje dette den mest "avanserte" fuglen. Innslaget av grålige fjør i rygg-, skulder- og armdekkarar er ikkje svært imponerande, men igjen så ligg dette fint innanfor variasjonen hos 2.vinter kaspimåse. Ser ein vidare på bilde 8 så ser ein litt av stjertbandet. Dette er smalt og kontrasterar godt mot den indre delen av stjertfjørene. Hos gråmåsane så er stjertbandet som oftast meir utflytande. Går ein så til bilde 4 der måsen strekker hals, så ser ein tydelig alt ein forbinder med kaspimåse. Den smekre kroppen med eit "oppheva" bryst, dei lange beina, den lange og smale halsen, det vesle pæreforma hovudet med eit lite auge, og sist men ikkje minst det svært lange og smale nebbet utan noko særlig form for gonysvinkel. Alt i alt er dette ein superlekker 2K (2.vinter) kaspimåse.

Sildemåsar...
Dagen før eg kom over kaspien, altså den 7. november, hadde eg noko som er minst like uvanlig som kaspimåse på denne tida av året, nemlig sildemåse. Etter slutten av september og starten på oktober så er det svært, svært uvanlig å sjå sildemåsar. Ja, faktisk så er det vanligare å sjå enten kaspi- eller gulbeinmåsar på denne tida av året. Den 7. november var det ikkje mindre enn to sildemåsar innom og rasta på hamna. Den eine var ein lys 1K-fugl i full juvenil drakt, medan den andre var ein 3.vinter graellsii-type. Under kan du sjå bilder av dei to måsane.

1K (juvenil)
Denne måsen har ei lys underside, lyst bryst, hals og hovud. Dette i kombinasjon med det smale stjertbandet og dei ekstremt lyse undre arm- og handdekkarane m.m, kan muligens tyde på at dette er ein austlig fugl(?). Vidare så er den juvenile fjørdrakta utan noko form for slitasje, noko som vil seie at denne fuglen må ha blitt klekt seint.
Sildemåse 1K (juvenil), Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014

Sildemåse 1K (juvenil), Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014

Sildemåse 1K (juvenil), Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014

Sildemåse 1K (juvenil), Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014


3K (3.vinter)
Sildemåse 3K (3.vinter) graellsii-type, Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014

Sildemåse 3K (3.vinter) graellsii-type, Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014

Sildemåse 3K (3.vinter) graellsii-type, Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014

Sildemåse 3K (3.vinter) graellsii-type, Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014

tirsdag 4. november 2014

Grashoppesongarar 2014

2014 vart min femte sesong med kartlegging av grashoppesongarar på Sandsøya og Voksa. Det heile starta veldig tilfeldig i 2010. Etter å ha følgt med songarane sporadisk sidan 2007, gikk eg i 2010 inn for å prøve å finne ut kor mange songarar vi faktisk hadde på øyane. Dette då ved hjelp av foto. Etterkvart så fann eg fort ut at det var snakk om så pass mange at for å kunne holde oversikta måtte vi gå over til å ring- og fargemerke fuglane. Med merkte songarar å jobbe med så kunne eg også starte å sjå på forflytningar songarane gjorde, sjå om fuglane kom tilbake frå eit år til eit anna, osv. Dette gjorde det heile mykje meir interessant!

Endelig på plass...
Årets sesong starta lovande, i hvert fall vermessig. Med milde sørlige vindar frå midten av april låg alt til rette for ein tidlig ankomst av grashoppesongarar. Men tross febrilsk leiting, så var det ikkje ein einaste songar å sjå. I slutten av månaden og i starten av mai kom det inn ein kaldfront, og snøen låg igjen tidvis heilt ned i fjøresona. Det var i denne kuldeperioda mellom sludd og snøbygene at årets første grashoppesongar ankom. Songaren ankom natt til den 2. mai. Fuglen dukka opp på ein lokalitet på sørsida av Voksa der grashoppesongarane brukar å hekke så og seie årlig. Etter at den vart lokalisert ved hjelp av lyd vart songaren innfanga og satt på ein metall- og ein fargering. Dermed låg alt til rette for å kunne følge den vidare. Enten den skulle finne på å forflytte seg, eller bli stasjonær.

Her er eit bilde av årets første grashoppesongar. Dette bildet er tatt dagen etter ankomst.
Grashoppesongar 2K+ M (fargering nr. 17), Voksa 3. mai 2014

Etter at årets første grashoppesongar var på plass vart intensiteten på leitinga etter songarar auka betraktelig. Men det var først etter å ha søkt gjennom det meste av dei passande hekkelokalitetane på både Sandsøya og Voksa i ei veke til at songar nr. to for året dukka opp. Grashoppesongar nr. to dukka opp på ein lokalitet på Sandshamn på Sandsøya der det også så og seie årlig er songarar som slår seg ned. Eg hadde sjekka lokaliteten dagen før, og kan difor med sikkerheit seie at fuglen ankom natt til den 9. mai.

Det var her grashoppesongar nr. to for året dukka opp. Lokaliteten ligg på
Sandshamn på Sandsøya.

Grashoppesongarar over alt...
Etter den 9. mai vart det nokre dagar med hard nordavind. Dette satte ein effektiv stoppar for fugletrekket. Natt til den 14. mai var den første natta vinden stilna, utan at det virka å ha ei alt for stor effekt. Natta etter der igjen, altså natt til den 15. mai, er derimot ei heilt anna historie...

Eg hadde vore på feltarbeid på Runde den dagen, og på veg heim blei det ein tur innom Nerlandsøya, nærmare bestemt på Koparstad på sørsida av øya. Der har det tidligare vore ein del grashoppesongarar. I det eg steig ut av bilen så høyrde eg med ein gong ein velkjent lyd. Det satt nemlig og song ein grashoppesongar ikkje langt ifrå der eg stoppa bilen. Etter å ha fanga den inn og fått merkt fuglen, så synest eg så inderlig at eg høyrde ein songar til i det fjerne. Lyden var så langt unna at eg med ein gong ikkje var heilt sikker. Men når eg tydelig høyrde at songen stoppa og starta, så var all tvil feid til side. Dermed var det berre å gjere seg ferdig med songaren som eg allereie jobba med, og å prøve å lokalisere ind. nr to. Grashoppesongaren som eg hadde høyrd så vidt synge i det fjerne, satt i overkant av 200 meter lenger mot nordaust. Etter litt om og men så vart den også innfanga og ringmerkt. Etter at eg hadde fått merkt fuglane så hadde eg dessverre litt dårlig tid på ferga. Men eg ville så inderlig kome meg "ut igjen" på øyane. For ei slik natt med slike vibbar ville eg for alt i verda ikkje gå glipp av! Dermed var det berre å ringe til ferga. Heldigvis så kunne dei vente i dei fem ekstra minutta eg trengte for å kome meg til fergekaia. Etter å ha komt meg heim på Sandsøya og Voksa så var kvart minutt dyrebart. For det var ikkje mange timane før det blei lyst, og dermed slutt på songaktiviteten til fuglane. Eg køyrde direkte på Sandsøya og ut på sørsida av øya. Der hadde eg først eit par stopp, utan at det gav noko tellande resultat. På mitt tredje stopp virka det også heilt daudt. Men etter eit halvt minutt starta det å synge ein grashoppesongar. Songen var svært lavmelt, og sjølv om eg ikkje var langt unna så var det ikkje enkelt å høyre fuglen. Etter å ha funne fram til songaren så var der plutselig liv på alle kantar. I tillegg til grashoppesongaren som song, så var der to songarar som bevega seg i området rund den syngande fuglen. Begge desse varsla flittig. Etter å ha fått montert opp nettet og satt på lyden så hang der til slutt ikkje mindre enn tre grashoppesongarar i nettet. Eg må innrømme at det heile virka heilt surrealistisk. For eg hadde aldri trudd at eg skulle få tre songarar i det same nettet på den eksakt same plassen i løpet av berre ca. tre minutt. Dette viser berre at alt er mulig!

Etter å ha fått ein så bra start, så gikk turen vidare rundt på øya. Dessverre så var der ikkje noko meir som song der. Dermed så gikk ferda vidare til Voksa. Der var det heller ingen som song. Eg bestemte meg likevel for å sjekke eit område midt på øya der det brukar å hekke grashoppesongarar. Eg gikk inn i området og spelte av lyd (song av grashoppesongar). Ikkje mange sekunda etter å ha satt på lyden så kom der flygande ein grashoppesongar. Dermed var det berre å finne fram nettet og fange den inn. Som sagt så gjort. Etter å ha merkt songaren så var der plutselig ein fugl til. Den gikk også i nettet, men dessverre så blei den ikkje hengande. Etter å ha vore i nettet ein gong så virka det som om den hadde skjønt opplegget, og fordufta.

Totalt denne natta så blei det merkt ikkje mindre enn seks grashoppesongarar. Men det var nok ein god del fleire rundt omkring, for til tider virka det som om dei var over alt. Det var rett og slett ei draumenatt for den som er hekta på grashoppesongarar.

Her er dei tre grashoppesongarane som blei merkt på sørsida av Sandsøya i
kvar sin pose.
Etter denne ekstreme natta så hadde eg virkelig store forhåpningar om at det skulle dukke opp mange fleire songarar på øyane. Men etter den 15. mai så dukka det faktisk berre opp ein grashoppesongarhann til. Den vart først observert på Voksa natt til den 21. mai, og det meste tyder på at den slo seg ned på lokaliteten og vart stasjonær. I eit godt år så kan det dukke opp grashoppesongarar gjennom heile sommaren. Men dette var ikkje tilfelle i 2014. Vi må faktisk tilbake til toppåret ti 2011 sist det skjedde.
Grashoppesongarar andre stadar på Sunnmøre
I og med at det dabba av med grashoppesongarar heime på øyane så utvida eg søkeområdet mitt ein smule. I løpet av nettene til den 29. og 30. mai, samt natta til den 1. juni hadde eg meg eit skikkelig "raid" i ytre Herøy, indre Sande, samt i Ørsta kommune. Dette resulterte i seks nye grashoppesongarar. Av desse vart fem ringmerkte. Dei blei merkte på Remøya (2 ind.), Sørheim i Ørsta (2 ind.) og Haugsbygda på Gurskøya (1 ind.). Alle dei merkte songarane var hannar.
Grashoppesongar 2K+ M, Remøy, Remøya 30. mai 2014
Dette var ein av dei to fuglane som blei ringmerkte på Remøya denne natta.

Som nemnt over så vart det ringmerkt to grashoppesongarar på Sørheim i Ørsta. I tillegg til desse to så vart der høyrd eit tredje ind. som "kjefta" ovanfor ein av dei andre fuglane. Dermed var dette den andre gongen denne sesongen eg kom over tre grashoppesongarhannar innanfor eit meget begrensa området.
Det var her i bakkane på Sørheim i Ørsta kommune dei tre songarane vart
lokalisert natt til den 28. mai. To av desse lukkast det å fange inn.
Totalt feilsyngande...
Som eg skreiv litt tidligare i innlegget så vart det merkt tre grashoppesongarar på den samme lokaliteten på sørsida av Sandsøya natt til den 15. mai. Av desse vart den første stasjonær på lokaliteten, nummer to fordufta, medan den tredje skulle vise seg å dukke oppe ein annan stad på øya...

Natt til den 27. mai kom eg over ein merkelig song i Våge på Sandsøya. Først lurte eg veldig på kva det kunne vere. Men etter nokre sekund så gikk det opp eit lys. Den kontinuerlige monotone lyden måtte vere ein locustella-songar, nærmare bestemt ein grashoppesongar. Eg har tidligare vore borte i fleire feilsyngande individ. Men ingen har vore på nivå med denne. (sjå bildet av fuglen under)

Grashoppesongar 2K+ M (fargering nr. 21), Kinna, Sandsøya 15. mai 2014

Etter å ha høyrd songaren vart det gjort forsøk på å fange den inn. For eg var heilt overbevist om at dette måtte vere ein nytt individ. Men uansett kva eg prøvde så var det ikkje mulig å få den til å gå i nettet. Tilfeldigvis så fikk eg eit glimt av songaren i det den satt i toppen av eit strandrør. Trur du ikkje at den hadde ringar på beina! Etter litt fram og tilbake så fikk eg ved hjelp av håndkikkert og hovudlykt lest av fargeringen på høgre bein. På ringen stod der talet 21. Dermed var det ein av fuglane som eg hadde fanga på sørsida av øya natt til den 15. mai som hadde forflytta seg hit, og no satt og song med ein totalt avvikande song. Natt til den 15. mai var dette den songaren som var vanskeligast å få i nettet. I og med at den ikkje reagerte noko særlig på lyd var eg veldig i tvil om den var ein hann eller ein hofugl. Lydar den gav (ikkje song) peika derimot sterkt i retning av at det måtte vere ein hann. Etter å ha høyrd den "synge" i Våge så var det ikkje lenger nokon tvil, det var ein hannfugl. Songaren satt og song slik i eit par netter til, for så å bli taus. Muligens blei den værande på lokaliteten, men dette er langt i frå sikkert.

Her er eit lydopptak som blei tatt av den avvikande songen til grashoppesongar "21". (I bakgrunnen på opptaket høyrer du blant anna ein syngande sivsongar)

Vellukka hekking...
Minst tre av dei totalt sju grashoppesongarane som eg ringmerkte på Sandsøya og Voksa i løpet av mai, slo seg ned og hekka. Truleg så var dette talet minst fem. Men i og med at dette er ein ekstremt kryptisk art, så er det svært vanskelig å få eksakte antall. Ut i frå blant anna songaktiviteten så tydar det meste på at minst to av para fikk fram to ungekull. Det var berre i territoriet til ein av songarane eg gikk inn og sjekka nøye etter ungar. Og ungar var der! Territoriet høyrde til den først ankomne songaren for året. Den songaren som ankom i kulderperioda heilt i starten av mai.

Det var inne i denne vika på sørsida av Voksa at årets første grashoppesongar
slo seg ned, og seinare gjennomførte vellukka hekking.

Når eg på seinsommaren sjekka territoriet til songar "17" for ungar, så var fortsatt "gamlefar" sjølv på plass. Den 12. august fikk eg hannen i nettet under forsøk på å få ringmerkt årsungane som var i området. Hannen vart sist sett dagen etter den 13. august. Han hadde då vore på plass på lokaliteten i godt over tre månadar.

Grashoppesongar 2K+ M (fargering nr. 17), Voksa 12. august 2014
Denne songaren vart opprinnelig ringmerkt den 2. mai. Øverst i innlegget
så finn du eit bilder av den samme songaren tatt dagen etter merking.

Grashoppesongar 2K+ M (fargering nr. 17), Voksa 12. august 2014

I tillegg til å få hannen i paret i nettet så fikk eg også det eg var ute etter, nemleg årsungar. Totalt fikk eg ringmerkt to ungfuglar. Totalen på ungfuglar som vart sett i området var på minst fem. Under kan du sjå bilder av ein av dei som det lukkast å fange inn og ringmerke.

Legg merke til slitasjen i fjørdrakta til den voksne hannen over, kontra den heilt ferske fjørdrakta til årsungen under. Denne slitajen, eller mangel på slitasje, gjer det enkelt og aldersbestemme fuglane.

Grashoppesongar 1K, Voksa 12. august 2014

Grashoppesongar 1K, Voksa 12. august 2014

Kort oppsummert...
Totalt vart det i 2014 observert minst 11 voksne grashoppesongarar på Sandsøya og Voksa. Fordelt på seks hannar, to hoer og tre ubestemte. Det vart også sett minimum fem årsungar. Alle årsungane vart sett på den samme lokaliteten på sørsida av Voksa. Av alle desse songarane så vart det ringmerkt sju voksne fuglar på øyane. Seks hannfuglar og ein ubestemt. Det vart også ringmerkt to ungfuglar i tillegg til dette.

Tek ein så med dei sju voksne hannane som henholdsvis blei merkt i ytre herøy (4), indre Sande (1) og Ørsta (2), så endar totalen på ring- og fargemerkte fuglar i 2014 på 16 individ.

Her er eit par oversiktskart som viser grashoppesongarane på Sandsøya og Voksa og forflytningane deira i løpet av seinvåren og sommaren 2014.

Sandsøya

Voksa


I 2013 vart det ringmerkt 20 grashoppesongarar på søre Sunnmøre. Ingen av desse vart dessverre gjenfunne i 2014. Eg får berre håpe at det blir betre til neste år, og at nokon av mine gamle kjenningar dukkar opp igjen for å ta fatt på ein ny hekkesesong på nordvestlandet. Om ikkje alt for mange månadane så får vi fasiten.


Tidligare oppsummeringar
For den som har interesse av det, så er det mulig å lese oppsummeringar av tidligare år med kartlegging av grashoppesongarar her: