fredag 6. februar 2015

Villgeiter på Skorpa

Den 3. februar vart det ein tur innom Skorpa i ytre Herøy kommune. Eg var med ein gjeng som skulle gjere seg kjend med øya og forholda der, då med tanke på ei studie av villgeitene som har gått fritt og styrt seg der sjølv sidan midten på 1950-talet. Eg vart forespurt om eg kunne vere med å ta litt bilder av landskap, folk, og selvfølgelig villgeiter. Medrekna meg så var vi totalt 12 personar. Blant desse var det representatnar frå Bioforsk Tingvoll, Nordisk genressurssenter, Norsk genressurssenter, Søre Sunnmøre landbrukskontor, Albicilla og mattilsynet.

Feltarbeidet på studien av villgeitene på Skorpa startar opp no i februar/mars, altså under kjeinga. Målet er å få tilstrekkelig med data slik at ein kan bevare denne unike villgeitbestanden på ein bærekraftig måte. Då vil ein sjå på blant anna årsrytma til dyra, ungeproduksjonen deira, sosial organiserig, antall dyr sett i samanheng med beitetrykk m.m. Det vil også bli tatt blodprøver av dei. Noko av det ein skal sjå på då er den genetiske variasjonen innad i bestanden, då med tanke på innavl. Det vil også bli sett på kva slags slektskap desse villgeitene har med dagens mjølkegeiter.

Dagens bestand på Skorpa består av 80-90 dyr. Desse dyra stammar frå geiter som blei holdt som husdyr av dei som tidligare budde på Skorpa. Som nemnt over så har desse dyra greidd seg på eigenhand sidan midten av 1950-talet . Det er berre på Skorpa og Sandsøya, naboøya i sør, at ein finn slike viltlevande bestandar av kystgeiter i Norge.

 
Under kan du sjå nokre av bilda som blei tatt på Skorpa denne dagen.
 
I det vi kom inn med båt mot hamna på øya såg vi med ein gong villgeiter. Ein del av flokka gikk nemleg nede ved bebyggelsen på sørsida av øya. I det geitene såg at vi var på veg mot land fann dei ut at det var best å trekke seg unna. Det tok ikkje lange tida før dei var på veg opp fjellsida for å kome seg over haugane og ut i vågane på vestsida av øya. Dermed var det berre å følge etter...

Naturen på Skorpa er prega av beiting, samt ver og vind. Kort sagt, det er ikkje mange buskene ein finn på øya. Her er eit panoramabilde som blei tatt på veg opp fjellsida, med utsikt innover mot indre Herøy kommune, og vidare sørover i Sande kummune.

Før vi rakk å kome oss over haugane slik at vi fikk utsikt over vågane på vestsida, kom det inn ei skikkelig snøbyge. Akkurat slikt vinterver har ikkje akkurat vore kvardagskost den siste tida her på nordvestlandet. Under finn du endå eit panoramabilde, dette bildet er tatt mot sør i det den første snøbyda, etter at vi kom i land, var på veg inn.

I det vi kom til slik at vi fikk oversikt over vestsida av øya såg vi med ein gong geitene.

Alle som var med var strålande fornøgde med å få oppleve naturen på øya, samtidig som at dei fikk stifta bekjentskap med villgeitene. Her har den fornøgde gjengen stilt seg opp på ein fjellrygg med utsikt over vågane på vestsida av øya. 

I det vi var på veg tilbake til hamna kom bukkane gåande. Dei var då på veg tilbake til der dei hadde tilhold før vi kom i land. Her er nokre av bukkande på veg tilbake til bebyggelsen.  
 
Etter at vi også kom oss ned fjellsida og tilbake til hamna, viste det seg at nokre av bukkane var svært så fotogene. At det var eit lite snødryss gjorde ikkje akkurat noko...




2 kommentarer:

  1. Wonderfull landscapes, and serie fotos, greeting from Belgium

    SvarSlett
  2. Thank you so much for your kind comment, it's highly appreciated.

    Regards Ingar

    SvarSlett