onsdag 16. desember 2015

FRANKLINMÅSE, Ervika, Stad 16.12.15

Så slo Ervika og Ståle Sætre til på nytt! Litt over to månadar etter at brunvarslaren vart oppdaga, vart det funne nok ein godbit i denne vika vest på Stad, heilt nord i Sogn og Fjordane. I går, den 15. desember, vart det nemlig observert ein amerikansk måseart, nærmare bestemt ein FRANKLINMÅSE! Måsen det var snakk om var ein 1K fugl, altså ein fugl klekt i 2015. Så vidt eg har funne ut så er dette det 11. eller 12. funnet av denne arten i Norge. Dette er også det første funnet av arten i Sogn og Fjordane.

Franklinmåsen er ein innlandsart som hekkar på myrer som er tilknytta ferskvann på prærien i sentral-Canada og tilgrensande statar nord i USA. Dei overvintrar hovudsaklig langs stillehavskysten i Peru og Chile. Men dei overvintar også i mindre antall nord til Guatemala og den Meksikanske Gulfen, og også vest til Galapagosøyane. Ja, ein kan altså trygt seie at denne fuglen har bomma totalt med navigeringa. Enten så har den komt ute for eit uver og blitt "dratt ut" av posisjon, eller så har den berre feilnavigert fullstendig.

Fullkalff!
I går, ei lita stund etter at måsen hadde blitt oppdaga, slo Ståle på tråden for å dele det gode budskap. Eg vurderte då å ta neste ferge for å prøve å få sett måsen. Men Ståle kunne meddele at måsane, inkl. franklinmåsen, plutselig tok til vingene pga. av ein rovfugl, og fordufta fullstendig. Han leita iherdig fram til ferga mi skulle gå kl. 13.00, utan å nesten sjå ein einaste måse. Så etter å ha tenkt meg litt om, så fann eg ut at det ville vere liten vits i å reise ut i Ervika for å kome der rett før det blei mørkt, for så å måtte leite etter ein fugl som strengt tatt kunne vere kor som helst. Sjansen ville vere minst like stor visst eg venta til neste morgon. Fuglane har jo ei døgnrytme, og også visse plassar dei foretrekker å vere til visse tider på døgnet. Eg håpte berre at Ervika var ein av desse plassane...

Måsen vart ikkje gjenfunnen etter at eg bestemte meg for ikkje å reise. Det var difor med ikkje alt for store forhåpningar eg reiste til Ervika i dag. Men utrulig nok så blei det fullklaff! I det eg kom ned til bebyggelsen i Ervika så såg eg nesten umiddelbart ein liten måse som eg var 99,9% sikker på var franklinmåsen. Eg køyrde så dit den landa, og jada, det var franklinmåsen. Den gikk då og åt makk og andre småkryp på markane like ved vegen der eg kom køyrande. På det nærmaste så hadde eg den nok på ca. 25 meters hold. Stort betre blir det ikkje! Det einaste eg hadde noko å utsette på, var det ekstremt dårlige lyset. Det var nemlig overskya og heller ugunstige fotoforhold. Likevel så fikk eg jo nokre greie bilder av måsen, men dessverre ingen brukandes fluktbilder...
Franklinmåse 1K (1.vinter), Ervika, Stad 16. desember 2015

Franklinmåse 1K (1.vinter), Ervika, Stad 16. desember 2015

Franklinmåse 1K (1.vinter), Ervika, Stad 16. desember 2015

Franklinmåse 1K (1.vinter), Ervika, Stad 16. desember 2015


Svartstruper
Men det var ikkje berre franklinmåsen som vart sett i Ervika i dag. Eg fikk også sett fire svartstruper. Desse var fordelt på eit par, samt ein enslig hann og ei enslig hoe.

Så sant det er svartstruper på Stadlandet, så er det også overvintrande svartstruper i Ervika. Her har svartstrupene tilgong på tarevollar i fjøra, og også oppgjødsla beitemark med beitande dyr. Slike områder har eit meget rikt insektsliv, og det er akkurat slike området svartstrupene søker mot.

Her er nokre bilder av ein av fuglane, ein 1K hann. Den karakteren som kjem best fram på desse bilda som gjer at den kan bestemmast til 1K, i staden for 2K+/adult, er dei slitte juvenile svingfjørene med både slitte tuppar, men også særlig slitte og bleikte bremmar. Ser ein på desse bremmane, så ser ein tydelig kontrasten mellom bremmane på dei juvenile armsvingfjørene og dei nymytte 2. generasjons tertiærane som har blitt mytt i den postjuvenile mytinga. Både kvaliteten og fargetonane på desse er påfallande forskjellige. Ein 2K+/adult fugl myter både tertiærar og svingfjører kontinuerlig, og vil dermed ikkje ha noko form for mytegrense her.

Svartstrupe 1K M, Ervika, Stad 16. desember 2015

Svartstrupe 1K M, Ervika, Stad 16. desember 2015

Svartstrupe 1K M, Ervika, Stad 16. desember 2015

Svartstrupe 1K M, Ervika, Stad 16. desember 2015

Svartstrupe 1K M, Ervika, Stad 16. desember 2015


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar