onsdag 8. mars 2017

Januar 2017

I løpet av januar blei det som normalt brukt mykje tid på å sjå gjennom måsane på Sandshamn, Sandsøya. I år var vi heldige, og det dukka opp rikelig med kvite arktiske måsar, både grønlandsmåsar og polarmåsar. Under kan du lese eit lite samandrag av månaden slik den utarta seg.

På Sandshamn dukka den første kvitmåsen, ein polarmåse, opp den 3. januar. Samme dag vart det også sett ein på Sande, lenger vest på øya. Dette betydde at no var vi i gong! Den 6. januar dukka den første grønlandmsåsen opp. Ein 2K fugl næringssøkte ved fiskemottaket, og det gav fine muligheiter for foto. No har eg etter kvart sett mange grønlandsmåsar. Det betyr derimot ikkje at eg blir lei av å sjå dei. Tvert i mot! Grønlandsmåsane er nokre av dei finaste fuglane eg veit om.

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 6. januar 2017

Den store kvitmåsedagen i år blei den 11. januar. Då såg eg ikkje mindre enn 6 grønlandsmåsar og 1 polarmåse inne på hamna på Sandshamn. Dette var på tross av at det ikkje var eit alt for stort antall med måsar å sjå. Grønlandsmåsane var fordelt på 4 2K-fuglar, 1 3K, og 1 adult. Eit så stort antall som 6 grønlandsmåsar har eg ikkje hatt inne på hamna samtidig sidan vi hadde den store invasjonen av arten vinteren 2011/2012. 

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 11. januar 2017

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 11. januar 201

Grønlandsmåse 3K (2. vinter), Sandshamn, Sandsøya 11. januar 2017

Grønlandsmåsar, Sandshamn, Sandsøya 11. januar 2017
Det er langt i frå kvardags at ein får 4 grønlandsmåsar med på samme bildet.
Det har ikkje skjedd sidan vi hadde den store invasjonar av grønlandsmåsar
vinteren 2011/2012.

Og grønlandsmåsane fortsatte å dukke opp. Totalt i løpet av januar enda totalen på grønlans opp på mellom 10 og 15 ind. Det blei etterkvart vanskelig å holde styr på kor mange fuglar det dreia seg om. Særlig dei voksne utfarga fuglane er det vanskelig å skille. 

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 24. januar 2017

Grønlandsmåse 5K+ (adult), Sandshamn, Sandsøya 25. januar 2017

Etter at det i starten på januar var ein større andel grønlandsmåsar enn polarmåsar, blei det stikk motsatt i siste halvdel av månaden. Eg har aldri, sidan eg starta å sjå på måsar i 2007, opplevd at det er fleire polarmåsar å sjå enn grønlandsmåsar. I 2016 såg eg faktisk berre  4-5 polarmåsar totalt. Eit slikt antall greidde eg på berre ein dag i januar. Det er utrulig kor forskjellige to år kan vere...

Polarmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 13. januar 2017

Polarmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 13. januar 2017

Polarmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 13. januar 2017

Polarmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 13. januar 2017
Her i lag med ein 2K gråmåse. 

Polarmåsen avbilda over var den første fuglen som blei meir eller mindre stasjonær. Den dukka opp den 11. janaur og holdt stand i alle fall t.o.m. 24. januar. Etter denne gikk det kast i kast, og i løpet av månaden hadde eg nok minst like mange polarmåsar inne på hamna som grønlandsmåsar, om ikkje fleire. Normalt så er det 1. vinter fuglar opp til subadulte eg ser. Noko ein sjelden ser er fullt utfarga fuglar, Frå tidligare år hadde eg ikkje meir enn ei handfull observasjonar av voksne polarmåsar. I år har eg derimot vore så heldig at eg har fått sett fleire individ. Akkurat kor mange det er snakk om har eg ikkje peiling på, då desse voksne fuglane er så godt som umulig å skille frå kvarandre. 

Den nydelige varmt farga fuglen holdt seg i området i nokre dagar i siste halvdelen av månaden. 

Polarmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 22. januar 2017

Polarmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 24. januar 2017


Uheldig polarmåse...
Som du sikkert legg merke til på bilda under så har denne polarmåsen ei fiskesen hengande ut av gapet. I seg sjølv er ikkje fiskesena det verste. Det som heng på enden av fiskesena og som vi ikkje kan sjå, er nok derimot mykje verre! For i enden på denne sena heng det nok ein fiskekrok av eit eller anna slag. Denne har nok fuglen slukt, og den har då blitt hengande fast innvendig. Fuglen virka, dei to dagane eg såg den inne på hamna, og fortsatt vere i grei form. Dessverre så vil nok denne lide ein lang og pinefull død. Eg satt opp ei felle dagen etter at eg først såg den, for å prøve å fange den inn og dermed få fjerna det den har slukt. Dessverre så fordufta fuglen før eg fikk sjansen til å fange den inn...

No veit eg ikkje korleis denne fuglen har enda opp på denne måten. Men vi må passe på å samle opp slikt utstyr, og ikkje kaste det rundt oss. Gjer vi det så kan det dessverre fort ende opp på denne måten... Ei slik skjebne er det alt for mange dyr og fuglar som opplever i dag. Alt, alt for mykje søppel blir berre kasta ut i naturen, uten at vi tenker på kor det endar opp, og kven det påvirkar. Sjølv om vi ikkje ser søppelet betyr ikkje det at det ikkje er der lenger.

Polarmåse 5K+ (adult), Sandshamn, Sandsøya 22. januar 2017

Polarmåse 5K+ (adult), Sandshamn, Sandsøya 22. januar 2017

Polarmåse 5K+ (adult), Sandshamn, Sandsøya 22. januar 2017

Polarmåse 5K+ (adult), Sandshamn, Sandsøya 22. januar 2017


Turar til fastlandet...
Skal ein satse på måsar, så må ein gjere det 110%. I løpet av januar hadde eg meg fire turar til Volda og tre turar til Ørsta. Dette er plassar måsane er vandt med å bli mata av folk. Det gjer det då mulig å fange inn og ringmerke dei. Håpet var at det skulle rote seg inn ein polar- eller grønlandsmåse i fjordane, slik at eg kunne få fanga inn og ringmerkt ein. Dessverre så gjorde det ikkje det... Eg hadde likevel nokre fine turar, og fikk observert litt av kvart. Den første turen eg hadde var til Volda den 2. januar. Der låg det ein fullt utfarga grønlandsmåse på sjøen i innløpet til ferja. Denne var dessverre ikkje interessert i brødet eg kasta ut. Noko gråmåsane heller ikkje var. 

Etter dette hadde eg meg ein tur tilbake den 5. januar. Då besøkte eg også Ørsta. Der var det litt måsar. Desse var også interesserte i brød. Det var jo kaldt og snø, så dei måtte jo ta det dei fikk. Det var dessverre ikkje ein einaste kvitmåse å sjå inne i fjordane. Derimot så kom eg over ein liten godbit. I elveosen på Ørstaelva låg det nemlig ein dvergmåse, ein 3K fugl. Den låg der å vaska seg kort, før den trekte ut fjorden og blei borte. Det har vore få dvergmåsar å sjå i Norge denne vinteren. Dette var det einaste funnet av arten i januar.

Dvergmåse 3K (2. vinter), elveosen Ørstaelva, Ørsta 5. januar 2017


I tillegg til å sjå dvergmåsen, så brukte eg ein del tid på gråmåsane som var der. Blant måsane som kom då eg kasta ut brød var ein utfarga gråmåse med metallring. Etter å ha fått fotografert fuglen og då lest av ringen, prøvde eg å fange den inn. På det nærmaste var den 10 cm i frå fotsnara, men då kom det sjølvsagt gåande eit par personar, og fuglane flaug unna. Nærmare kom eg ikkje...

Akkurat denne gråmåsen blei ringmerkt som ein ikkje flygedykig reirunge (pullus) i måsekolonien i Hareidsmyrane på Hareid den 9. juli 2012, og dette var den første observasjonen av måsen etter merking. Hadde eg fått fanga den inn og satt på den ein fargering, i tillegg til metallringen, hadde den nok fort fått mange fleire gjenfunn. Dessverre så lukkast ikkje det...

Gråmåse 6K (adult), Ørsta småbåthamn, Ørsta 5. janaur 2017

I og med at eg ikkje greidde å fange inn fuglen med metallring, så blei det til at eg nærmast tok og fanga inn og ringmerkte ein vilkårlig fugl. Den "heldige" var ei 3K gråmåsehoe. Under finn du bilder av fuglen.

Gråmåse 3K (2. vinter), Ørsta småbåthamn, Ørsta 5. januar 2017
Gråmåse 3K (2. vinter), Ørsta småbåthamn, Ørsta 5. januar 2017

Gråmåse 3K (2. vinter), Ørsta småbåthamn, Ørsta 5. januar 2017

Etter dette var eg igjen tilbake den 16. januar. Denne dagen var det fryktelig kaldt, med ned i mot nærmare -10 grader celsius. Det var dermed ikkje aktualet å fange inn noko som helst. I Ørsta kom eg over ein gråmåse som eg ringmerkte i april i fjor på marka ved huset heime på Støyle på Sandsøya. Den vart også sett då eg var der den 5. januar. Både den og dei andre måsane som var der, samt stokkendene, fikk nyte godt av dei medbrakte brøda som eg gladlig delte ut.

Under ser du bilder av fuglen, både frå då den blei innfanga og ringmerkt i slutten av april i 2016, og også frå Ørsta no i januar.  

Gråmåse 2K (1. vinter), Støyle, Sandsøya 27. april 2017

Gråmåse 3K (2. vinter), elveosen Ørstaelva, Ørsta 16. janaur 2017

Gråmåse 3K (2. vinter), elveosen Ørstaelva, Ørsta 16. janaur 2017

Gråmåse 3K (2. vinter), elveosen Ørstaelva, Ørsta 16. janaur 2017


Etter turen inn i fjordane vendte eg igjen nasa utover mot havgapet, nærmare bestemt til Fosnavåg i Herøy kommune. På vegen dit kom eg over ein lys 2K grønlandsmåse i Tjørvåg på Gurskøya. I Fosnavåg var det ikkje alt for mykje måsar å sjå, men likevel var der 2 polarmåsar og 1 grønlandsmåse, alle 2K.

Polarmåsar 2K, Ura, Fosnavåg 16. januar 2017


Den 26. januar gjorde eg endå eit forsåk på å finne ein kvitmåse som det kunne vere mulig å fange inn og då få ringmerkt. Dessverre var det tross mykje kvite måsar i ytre, ingen som hadde tatt turen inn i fjordane. I Volda var det så og seie ikkje ein einaste fugl å sjå. I Ørsta derimot, var det litt fleire fuglar, og då det ikkje var noko spesielt der, tok eg å fanga inn og ringmerkte ein 4K gråmåsehann.

Gråmåse 4K (3. vinter), Ørsta småbåthamn, Ørsta 26. januar 2017

Gråmåse 4K (3. vinter), Ørsta småbåthamn, Ørsta 26. januar 2017
Etter at eg hadde gjort meg ferdig i Volda og Ørsta, la eg turen innom Fosnavåg. Der var det rikelig med kvite måsar å sjå. Ikkje mindre enn 3 polarmåsar (2 2K og 1 5K+) og 2 grønlandsmåsar (2K) vart sett inne i vågen.


Ikkje berre måsar å sjå...
Men det var ikkje berre måsar som vart sett i januar. Småspova som først vart sett i første halvdel av desember holdt stand på sørsida av Sandsøya. Spova vart sett der den 3., 4., 12., 24., og 27. januar. Og den virka ikkje og på noko vis ha problem med å tilbringe vinteren i Norge.

Småspove 2K+, Sande, Sandsøya 12. januar 2017
Her i lag med storspover.

Småspove 2K (1.vinter), Sande, Sandsøya 24. januar 2017

Småspove 2K (1. vinter), Sande, Sandsøya 27. januar 2017
Med storspove t.h.

Den 3. januar dukka det også opp ei lappspove. Den holdt seg i storspoveflokka der også småspova hold til. Dette blei så vidt eg veit mitt første vinterfunn av arten her på Sandsøya og Voksa.

Lappspove 2K (1. vinter), Kyrkjesanden, Sande, Sandsøya 12. januar 2017

Av spurvefuglar kan eg nemne ein måltrost som vart sett i Hellandsvågane, vest på Sandsøya, den 10. januar. Dette er ein sjelden vintergjest her i området. Normalt så trekker denne gjengen til sørvest- Europa og Nord-Afrika, men i milde vintrar, slik som årets vinter, kan nokre overvintre langs kysten.

Måltrost, Hellandsvågan, Sandsøya 10. janaur 2017

I slutten av månaden dukka det også opp nokre gjess på Voksa. Det vart sett 8 grågjess, 2 sædgås ua. rossicus og 2 tundragjess ua. albifrons. Begge desse underartane av sædgås og tundragås er av dei austlige tundrahekkande typene.

Sædgås ua. rossicus 3K+, Voksa 28. januar 2017

Sædgås ua. rossicus 3K+ (adult), Voksa 29. januar 2017

Tundragås ua. albifrons 3K+ (adult), Voksa 29. januar 2017

Tundragås ua. albifrons 3K+ (adult), Voksa 29. januar 2017

Grågås, sædgås og tundragås på Voksa 29. januar 2017

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar