søndag 24. juni 2018

Storfint besøk frå det høge arktis

I forgårs skulle eg til Runde for å gjere feltarbeid i fuglefjellet der ute. Det passa utmerket når det hadde dukka opp ei kvalross på øya. Den måtte eg jo få med meg...

Akkurat denne kvalrossen vart først sett på sjøen utanfor Fosnavåg forrige laurdag. Etter det vart den igjen sett på Vågsholmen i Fosnavåg, før den no dukka opp på Hamarsneset på Runde. Der den først vart sett rundt midnatt, natt til 22. juni.

Då eg ankom Runde, på ettermiddagen 22. juni, var det ikkje vanskelig å sjå kor kvalrossen oppholdt seg. På bilvegen, som ligg berre nokre få timeter frå der den store selen låg, stod det nemlig parkert mange bilar. Der stod også "opplaina" mange folk som betraka det store dyret. Eg må innrømme at eg ikkje såg kvalrossen med ein gong, den gikk nemlig svært godt i ett med steinane i fjøra.

Her ligg kvalrossen (t.v.) med ein stein som pute. Hadde eg gått forbi på vegen, 
utan eg visste at kvalrossen var der, hadde eg nok fort gått rett forbi. 
Den såg jo ut som ein stein... 

Kvalrossen er ein høgarktisk art, som vi finn nærmast oss på Svalbard. Stundom kjem det enkeltindivid nedover langs Norskekysten, slik som denne. Dette dyret, ein yngre hann, har nok ikkje starta på voksenlivet for fullt, og har kanskje lyst på eit lite eventyr før den gjer nettopp det. Kvalrossen kan visst bli biologisk kjønnsmoden allereie i 5-6 års alderen, men hannar er normalt ca. 15 år gamle før dei er sterke nok til å kjempe seg til retten til å pare seg. Og hodyr er ca. 10 år gamle før dei får sin første unge.

Ein fullvoksen hann kan bli så stor som 3,5 meter lang og vege over 1,5 tonn. Dette dyret var ikkje heilt i den enden av skalane, i alle fall ikkje enda, men den vog nok fort ca. tonnet.

Rundt desse øyane i ytre Herøy er det mange langgrunne områder som passar perfekt for ein kvalross. Der er også mange muligheiter til å legge seg på land for å kvile seg. Når det gjeld dietten til dette dyret, så består den for det meste av muslingar som dei beitar på, på botnen. Det er altså viktig med rette bunnforhold for muslingane dei et, og også at det ikkje er for djupt å dukke dit. Ein kvalross tek også fisk, og også stundom både fugl og andre selar.

Her er nokre bilder av dette utrulig mektige dyret. Den låg for det meste og sov, 
men av og til vakna den til liv for å flytte på seg. 






2 kommentarer:

  1. What an amazing looking creature! Are walruses indigenous to this area? Incredible that you were able to capture these photos, thanks for the share. Hope you have a wonderful rest of your week.
    World of Animals

    SvarSlett
  2. From time to time solitary animals come down from the high arctic. When walrus populations were higher in earlier times, it probably was more common, but to day it's quite rare.

    Regards Ingar S. Bringsvor

    SvarSlett