søndag 21. oktober 2018

Svinøya 11. oktober 2018

Den 11. oktober vart det endelig vër til å kome seg i land på Svinøya. Etter drittvër i vekesvis, med mykje vind og nedbør, og ikkje minst sjø, vart det endelig ei muligheit til å kome seg i land på denne vesle øya, som ligg like nord for Stad heilt sør i Møre og Romsdal. Svinøya, som er ca. 500 meter lang og ca. 300 meter på det breiaste, og stig 40 meter opp av havet på det høgste, er ein svært vërhard plass. For å finne nærmaste land må vi til Sandsøya. Dette havstykket er på heile 10 km. Det er altså ikkje berre, berre å ta sjøvegen til Svinøya. Alt må stemme. Både vind og vër, og ikkje minst sjøen, må samarbeide. Den 11. oktober gjorde dei nettopp det.

Svinøya sett frå søraust.

I år har eg hatt ute både viltkamera og lytteboks på Svinøya for å lære meir om havsvalene som hekkar der ute. Målet med turen var altså å få henta inn data frå dessse, samt å få skifta batteri. Med slike verktøy, som det både eitt vilkamera og ei lytteboks er, gir det muligheit til å lære meir om hekkebiologien til denne vesle sjøfuglen utan at ein forstyrrar unødig. Dette har ikkje blitt gjort i Norge tidligare, og ein del av det som kjem fram på desse opptaka vil vere ny viten. Det blir ikkje meir interessant enn det! 

Ungemerking av havsvaler
Etter å ha gjort unna utehentinga av data og batteriskifta, var det på tide å få gått over øya for å sjå om det var havsvaleungar tilgjengelige som det var mulig å få ringmerkt. Totalt kom eg over 4 ungar denne dagen som eg fikk tak i og dermed ringmerkt. Denne ungemerkinga av havsvaler har forgått her i distriktet sidan 2005, og gitt mykje god data.

Her med ein av dei fire ungane det lukkast å få tak i denne dagen. 

Denne vesle dunungen er nok 3-4 veker gammal, og han vil nok ikkje vere flygedyktig før vi kjem ut i starten på desember. Frå egget er klekt til ungen flyg ut kan det gå opp mot heile 3 månadar. Dette avhengig av næringstilgonen, og kor godt reira beskyttar ungane. Det hjelp jo ikkje å få godt med mat om reiret er svært fuktig og ungen blir våt og dermed må buke energi på å holde korppsvarmen oppe. I slike tilfeller så vil nok reirtida bli ein del forlenga, eller at ungen rett og slett frys i hel. Med så mykje nedbør som vi har hatt i haust så er dette absolutt ei aktuell problemstilling.
Havsvale pullus, Svinøya 11. oktober 2018


Dette var den største ungen eg fikk ringmerkt. Denne er nok rundt 2 mnd. gammal, og i løpet av pluss minus ei veke så vil den nok ha forlatt det trygge reiret, for å ta fatt på det som forhåpentligvis blir eit langt liv, ute på havet. Og kanskje får eg stifte bekjentskap med den om eitt par år? Dei første ungfuglane startar nemlig å orientere seg tilbake mot koloniane når dei er 2 år gamle. Medan første hekking skjer i 4-5 årsalderen.

Legg også merke til vekta til ungen (bildet under). Denne ungen vog ved ringmerking 45 gram. Ein voksenfugl veg til samanlikning rundt 25 gram. Denne er altså nesten den dobble vekta av foreldra. Det er nyttig å ha så store fettreservar, i tillfelle det skulle gå lang tid til neste gong foreldra kjem med mat. Ei voksa havsvale kan flyge fleire 100 kilometer på næringstrekk, og blir då borte i fleire dagar. Då er det godt å ha noko ekstra å tære på... 
Havsvale pullus, Svinøya 11. oktober 2018

Havsvale pullus, Svinøya 11. oktober 2018

Sjeldan piplerke...
I tillegg til havsvaler var det også sett rikelig med spurvefuglar som rasta på øya. Dette er fuglar som har vore på trekk og gått ned på øya for å få seg ein pust i bakken, og samtidig ein matbit. Det kvittra og spratt fuglar overalt. Og blant desse kom eg over mi første lappiplerke nokon gong. Og når eg først skulle kome over denne arktiske arten, så var det jo like greit at det var ein nydelig adult fugl, med rosa i strupe og hovud. Ei piplerke blir ikkje stort finare! 

Lappiplerka er ein art som vi hovudsaklig hos oss finn hekkande i Finnmark. Men den hekkar både i Troms (fåtallig) og i Nordland (svært sporadisk). Trekket til Mitdøsten og Afrika går aust for oss, og her i Møre og Romsdal er lappiplerka ei svært sjeldan fugl. Etter 2010 er det minde enn 10 funn av arten her i fylket. 

Lappiplerke 2K+ (adult), Svinøya 11. oktober 2018

Lappiplerke 2K+ (adult), Svinøya 11. oktober 2018


I tillegg til lappiplerka vart det også sett ei jordugle. Jordugla ser ein regelmessig her også oss, men på Svinøya er den ikkje kvardags... 
Jordugle 1K+, Svinøya 11. oktober 2018


Etter ein lang feltdag kunne vi nyte dei siste solstrålane før det var på tide å kome seg heim. Betre blir det ikkje! 
Her ser ein utsikta frå nordlige del av Svinøya mot aust/søraust. 




Ein liten smakebit... 
Heilt til slutt så vil eg legge inn ein liten videsnutt som viser eitt opptak som eg har gjort på Svinøya denne hausten. Etter at alle data er innsamla, og ungane har forlatt kolonien, så vil eg/vi gå gjennom opptaka og kome med ei fyldig oppsummering. Men enn så lenge så er her ein lien smakebit... 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar