fredag 15. mars 2024

Førstefunn av kapimåse i Sogn og Fjordane

Sidan eg kjøpte meg båt i 2017 har det blitt farta fleire titals tusen km med båt i "mitt nærområde". Og med "mitt nærområde" meiner eg då i hovudsak frå Stad i sør til Ålesund i nord, og til Volda innover i Fjordane. Dette er som oftast turar på leiting etter måsar. Her er målet å finne og avbilde ringmerkte fuglar, finne sjeldenheiter og kanskje til og med ringmerke ein og annan fugl.

Denne vinteren har det vore generelt lite måsar å sjå. Normalt sett så er jo kvitmåsane, altså grønlands- og polarmåse, høgdepunkta under måseskodinga vinterstid. Dette er arktiske artar som i moderate antal overvintarar her langs Norskekysten. Denne vintersesongen har det derimot vore langt mellom desse kvite englane frå nord. Dei få fuglane som har dukka opp har nok i all hovudsak vore returnerande fuglar. Det har i alle fall for det meste vore eldre fuglar; alt frå 2. vinter-fuglar til vaksne individ. Dei fuglane som normalt sett er talmessig dominerande, 1. vinter-fuglane, dei som vart klekt sist sommar, er ikkje å sjå. Dette gjeld ikkje berre på "mi" kyststrekning, men heile landet. Om dette skuldast ein laber ungeproduksjon hekkesesongen 2023, sjukdom, eller om gunstige næringsforhold held fuglane igjen nærmare sine hekkeområder, kan ein jo berre spekulere i. Det kan nok fort vere ein kombinasjon. Vi får derimot håpe på det siste senarioet. Ein ting er sikkert, så langt denne vinteren så har eg ikkje sett ein einaste fjorårsunge av grønlandsmåse. Sidan eg starta å kike på denne utfordrande artsgruppa i 2007, har ikkje dette skjedd før. Og av polarmåse, som er den sjeldnaste av desse to kvitmåse-artane her på nordvestlandet, har eg kun sett 2 individ. Og den eine av desse er ein vaksen fugl som har returnert her til kysten fleire vintrar på rad... 

Denne vaksne grønlandsmåsen (sjå bilda under), som vart sett i Syvdsfjorden i slutten av januar, er ein fugl som etter alle solemerker har overvintra her langs kysten sidan han først dukka opp som 2K/1. vinter i starten på januar 2014. Den har riktig nok ikkje ringar på beina, så heilt sikker kan ein no ikkje vere. Men jizzet, draktteikningar, og ikkje minst korleis fuglen brukar områda gjennom vinteren frå år til år talar sterkt for at dette er den gamle kjenningen som eg først såg i januar 2014. Stemmer dette så vart denne fuglen klekt sommaren 2013, og vert no 11 år til sommaren. På fuglespråket er måsen no 12K då den no er i sitt 12 kalenderår.
Grønlandsmåse 5K+/adult Syvdsfjorden 30. januar 2024

Grønlandsmåse 5K+/adult Syvdsfjorden 30. januar 2024

Florø-tur...
Dette tatt i betraktning tenkte eg at eg måtte prøve noko nytt, eller rettare sagt besøke eit nytt område. Tidlegare har eg kun ved nokre få anledningar teke turen rundt Stad til Måløy i sør. Kanskje skulle eg prøve meg enda lenger? Eg hadde lenge tenkt på ein tur til Florø. Eg har vore der med bil og kika på måsar frå land. Då såg eg ein god del fuglar, blant dei fleire ringmerkte gråmåsar, samt ein ung polarmåse. Dermed følte eg at Florø hadde potensiale. Og det kjekke med å gjere dette no frå båt er at du er fleksibel og finn du måsar kan du kome på fint hold. For å tiltrekke meg måsar matar eg også med brød. Slik kan eg lokke fuglar inn og få dei på kloss hold. Dette måtte prøvast! Etter å ha kika på vêr- og bølgemeldingar fann eg ut at mandag 4. mars måtte bli dagen. Det var meldt flatt hav og vindstillle heile vegen sørover langs kysten. Dermed var det berre å kome seg opp og ut... 

Som sagt så gjort! Forholda var som meldt, og alt låg til rette for ein fin tur. Slike turar er rett og slett som å gå på oppdagelsesferd. Ein veit aldri kva ein vil kome over. Den første ansamlinga av måsar eg såg var på Buholmen vest av Ervika på Stad. Her var det nok ca. 500 individ. På vegen sørover var det lite spennande å sjå her; ingen ringar og ingen raritetar. Det same gjaldt for Kråkenes; her var det godt med måsar, men lite interessant å sjå. Først då eg kom vest av Bremangerlandet fekk eg litt resultat. Her var det fort ein stad mellom 1000 og 2000 måsar som haldt seg rundt fiskebåtane som drog garn der. 

Måsar som følger fikebåt på veg inn frå fiskefeltet vest av Bremangerlandet.

Blant desse fekk eg lest av 3 ringmerkte gråmåsar. To av desse var fuglar som eg sjølv har merkt på Sunnmørskysten, og den siste var ein fugl ringmerkt som ein ikkje-flygedyktig reirunge (pullus) like nord av Bergen.
Gråmåse 5K/4. vinter (J9101) 4. mars 2024
Denne fuglen vart ringmerkt som pullus i Hordaland like nord av Bergen sommaren 2020. 
Han vart sist sett i det same området, like nord av Bergen, for kun ei veke sidan, 26. februar. 

Gråmåse 5K/5. vinter (JNJ63) 4. mars 2024
Denne fuglen vart ringmerkt som pullus på Sandsøya sommaren 2020. 
Etter merking vart dette kun den 3. observasjonen. 

Gråmåse 10K/9. vinter (J999H) 4. mars 2024
Denne fuglen vart ringmerkt som pullus på Runde sommaren 2015. 
Dette vart 13. observasjon etter merking. Han er nok hekkefugl enten på Runde
eller i Gjerdsvika på Gurskøya. Han har nemleg vorte sette begge stadar i hekketida.
 Siste observasjon av denne var gjort no 11. mars nedanfor måsekolonien i Gjerdsvika


Seint utfarga gråmåse i Florø

Etter dette vart eg spent på kva meir eg kunne finne. Dessverre var det lite fuglar å sjå vidare sørover. I Florø var det ca. 150 måsar, langt ferre enn då eg var der med bil. Heldigvis var det ein ringmerkt gråmåse blant desse. Faktisk var dette også ein litt interessant fugl. Dette var nemleg ein fugl eg ringmerkte i Kvalsvika på Nerlandsøya (Herøy kommune) sommaren 2018. Den er no i sitt 7. kalenderår (7K), men har fortsatt restar av immaturteikningar i stjertfjørene. Eg har etter kvart fleire eksempel på slike seint utfarga fuglar, også meir ekstreme enn denne. Det er nemleg på dei midtre stjertfjørene, slik som på denne måsen, ein som oftast ser dei siste restar av immaturteikningar.
Gråmåse 7K/6. vinter (J416V) 4. mars 2024
Denne fuglen vart rigmerkt i Kvalsvika, Nerlandsøya sommaren 2018.
Dette var 7. observasjon etter merking. Sist sett i Nederland september 2023.
Legg merke til imaturteikna stjert sjølv no som 7K. 

Etter å ha fått god oversikt over måsane i Florø var det berre å vende baugen nordover, slik at eg kom meg heim før det blei mørkt. Eg hadde også eit lite håp om at det skulle vere noko meir å sjå blant måsane på heimvegen. Eg skulle jo tross alt gå tilbake same vegen, og det var jo ein del fuglar å sjå på veg sørover. Kanskje var godbiten blant desse?

Hybrid?
På veg nordover møtte eg ein fiskebåt på veg inn Oldersundet, sundet mellom Bremangerlandet og Frøya, like ved Kalvåg. Bak denne hang ein gjeng med måsar. Blandt desse kom eg over ein lys fugl. Ved første augekast tenkte eg at her hadde eg funne meg ein kvitmåse. Det var det derimot ikkje. Fuglen var riktignok lys, men draktteikningar, nebbteikning og jizz samsvarar ikkje med nokon av kvitmåse-artane. Dette er nok heller ein hybrid mellom polarmåse og gråmåse. Alternativet er ein lys gråmåsevariant. Slike fuglar dukkar opp ved kysten her ved jamne mellomrom. 
Polarmåse x gråmåse hybrid (antatt) 2K/ 1.vinter Oldersundet, Bremanger 4. mars 2024

Polarmåse x gråmåse hybrid (antatt) 2K/1. vinter Oldersundet, Bremanger 4. mars 2024

Polarmåse x gråmåse hybrid (antatt) 2K/1. vinter Oldersundet, Bremanger 4. mars 2024


Nok ein seint utfarga gråmåse...

Tilbake ved Kråkenes var det fortsatt ein god del måsar å sjå. På veg sørover såg eg som sagt lite spennande her. No var det derimot eitt par ringmerkte gråmåsar å lese av. Igjen var dette to av "mine" fuglar. Begge av desse var kun tidlegare sett ein gong etter merking. Dei held seg nok på stadar der ingen til vanleg kikar på måsar. 

Mating av måsar ved Kråkens på Vågsøya.

For å vere 4K er «JNY72» (sjå dei to bilda under) seint utfarga. Normalt sett så avslører alderen seg på slike seint utfarga individ blant anna på utfarginga av blautdelar (nebb og auge). Denne har derimot ganske immaturfarga/teikna nebb og auge, noko som gir eit inntrykk av ein eitt år yngre fugl. Det som derimot avslører alderen her, bortsett frå ringane på beina, er dei indre handsvingfjørene. Desse har starta å bli grålige samt få ein kvit avsatt tupp; dette er klassisk for 3. generasjons indre handsvingfjører. Kun ved eitt tilfelle har eg sett ein fugl som har hatt 3. generasjons indre handsvingfjører som avviker frå dette. Den hadde 3. generasjons fjører som var teikna og farga likeeins som det 2. gernerasjons fjørene er. Det skal ikkje vere lett å aldersbestemme denne gjengen!  
Gråmåse 4K/3. vinter (JNY72) Kråkenes, Vågsøya 4. mars 2024
Denne vart ringmerkt på Storholmen, Sande kommune som pullus sommaren 2021.

Gråmåse 4K/3. vinter (JNY72) Kråkenes, Vågsøya 4. mars 2024
Denne vart ringmerkt på Storholmen, Sande kommune som pullus sommaren 2021.

Gråmåse 14K/13. vinter (J4777) Kråkenes, Vågsøya 4. mars 2024
Denne fuglen vart ringmerkt som 3K på Sandshamn, Sandsøya januar 2013. 
Dette var kun 2. observasjon etter merking. Truleg er denne hekkefugl på 
Brattholmen på Kråkenes.
 


Førstefunn for Sogn og Fjordane
Så var det kun eitt stopp til på veg heim, Buholmen vest av Stad. Som eg nemnte tidlegare så var det nokre hundre stormåsar der på veg sørover på formiddagen. Var det fortsatt nokon der no, like før sola gikk ned? Då eg kom til Buholmen sat det fortsatt fuglar der. Riktig nok litt ferre enn tidlegare på dagen, men fortsatt eit godt antal. Var det noko spennande å sjå no? Og ja, det var det. Det starta med eitt par ringmerkte gråmåsar. Ein ringmerkt av meg på Sunnmøre og ein ringmerkt i Bergensområdet.
Gråmåse 6K/5. vinter (J655K) Buholmen, Stad 4. mars 2024
Denne fuglen vart ringmerkt som pullus på Simmones, Kvamsøya sommaren 2019. 

Gråmåse 7K/6. vinter (JHE66) Buholmen, Stad 4. mars 2024
Dette var dagens andre Hordaland-fugl. Denne vart ringmerkt som
ein 1K-fugl i Bergen oktober 2018. Etter det har han vorte sett 79 gongar 
i det same området. Sist sett 17. februar.
 

Og med desse i boks hadde eg egentleg tenkt å avslutte dagen. Det var kun nokre få minutt igjen før sola gikk ned, og såpass skya at lyset raskt blei borte. Måsane var derimot såpass svoltne og gira på brød at eg tenkte at dei måtte jo fått eitt brød til før eg drog derifrå. Like etter at eg kasta den første biten av det siste brødet kom det flygande inn ein fugl som raskt fekk mi oppmerksomheit. Ein kontrastrik, smekker og langvinga fugl. Ja, og lyden den gav frå seg var ein umiskjenneleg nasal kaspimåse-lyd. Var det verkeleg ein kaspimåse som akkurat hadde dumpa ned ved båten. Etter å ha fått sett fuglen betre viste det seg at førsteinntrykket stemte. Det var ein stor kaspimåse-hann i tredje drakt (4K/3. vinter). Eg hadde lenge venta på ein kaspimåse igjen. Sist eg såg arten var heilt tilbake i november 2021. Totalt blir dette den 14. kaspimåsen eg har sett her på Nordveslandet. Men aldri tidligare hadde denne arten vore sett i gamle Sogn og Fjordane fylke. Dette gjorde det sjølvsagt ekstra spesielt, og det satte verkeleg prikken over i'en på ein fantastisk fin tur! 

Legg merke til dei kontrastrike teikningane både i stjert og vinge, dei lange smale vingene, det lange og smale nebbet utan ein markert gonysvinkel, det vesle pæreforma hovudet m.m. Fuglen har svart inn til og med P3 i handa, og den svarte fordelinga på desse 8 ytste handsvingfjørene er heilt klassisk for kaspimåse i denne alderen. Dette er ein fugl som har litt lysare iris. Ein viss andel av kaspimåsar har derimot lys iris, så dette er innanfor variasjonen. Dette var ein stor og kraftig fugl, så at dette måtte vere ein hannfugl er det nok liten tvil om. 
Kaspimåse 4K/3. vinter Buholmen, Stad 4. mars 2024

Kaspimåse 4K/3. vinter Buholmen, Stad 4. mars 2024

Kaspimåse 4K/3. vinter Buholmen, Stad 4. mars 2024

Kaspimåse 4K/3. vinter Buholmen, Stad 4. mars 2024

Kaspimåse 4K/3. vinter Buholmen, Stad 4. mars 2024

Kaspimåse 4K/3. vinter Buholmen, Stad 4. mars 2024

Kaspimåse 4K/3. vinter Buholmen, Stad 4. mars 2024


Ein laaang tur... 
Totalt vart turen 208 km tur-retur Florø. Her ser du ruta eg tok. Eg haldt meg på vestsida av øyane. Ikkje berre er dette kortaste veg, det er også der det er mest fugl å sjå. Når ein ser på resultatet av turen må eg verkeleg seie at det fristar med ein ny. Kankje blir det ein ny Florø-tur til neste sesong... 

1 kommentar:

  1. Your blog has become my virtual mentor, guiding me in various aspects of life.

    SvarSlett