tirsdag 14. september 2010

Havfuglskåding, Sandsøya 13-14.09.10


Her er utsikta frå der eg sit å ser på dei trekkande fuglane.
Det er mogleg å skimte Svinøya i det fjerne.

Dei site par dagane har eg berre satsa på havfuglskåding. Dette har gitt artar som ringgås, grålire og polarjo for å nevne nokre av dei mest spennande. Ellers så er det bra med lommar på trekk sørover. Dette er i hovudsak snakk om smålom, men det er også artar som storlom, gulnebblom og islom.











13.sep:
Sandsøya (havfuglskåding) kl.07.05.13.05
grålire 21 ptS
lommmar 50 ptS (flesteparten ubestemt pga. langt hold)
ringgås 45(+) + 5 ptS
svartand 4 ptS
lappspove 2 ptS

14.sep:
Sandsøya (havfuglskåding) kl.16.26-18.36
grålire 6 ptS
lommar 91 ptS (Flesteparten ubestemt pga. langt hold)
tyvjo 2 ad ptS
polarjo 1 ad. ptS (årets 1.)




fredag 10. september 2010

Havsvale, Erkna 10.09.10

I dag var eg med på Erkna og merka havsvale. Vi merka i alt 9 ungar og ein voksen fugl.
Dei fleste ungane var 2-3 veker gamle. Havsvala har lang ruge- og reirtid, og dei fleste ungane forlet ikkje reiret før i slutten av oktober til starten på november. Då er har dei fullt utvikla fjørdrakt og dermed fullt flygedyktige.
Desse fuglane er ikkje akurat veldig tunge. Vekta på ungane i dag varierte frå 20-38 gram. Ein voksen fugl har ei gjennomsnittsvekt på 25 gram.

Her er eit videoklipp av ein havsvaleunge!



Andre observasjonar frå Erkna:
lappspurv 15+
steinskvett 2-3
strandsnipe 1
polarsnipe 1 1K
sandløpar 1 1K

Nokre bilder frå Erkna!

Havsvale pull

Havsvale pull

Havsvale pull

Havsvale (ad.)

Lappspurv

torsdag 9. september 2010

Sandsøya/Voksa 08.09.10

Etter to dagar uten noko særleg skåding var det deilig kome seg ut å nyte det fine veiret! Ikkje alt for mykje småfuglar å sjå, men vadarar var det ein del av.

Obsar frå dei to siste dagane:

Sandsøya :
8.sep:
dvergsnipe 1 1K
sandløpar 1 1K
myrsnipe +
sadlo ++

9.sep:
heilo 1-2
lappspurv 1 (høyrd)
dvergsnipe 7 1K
tundrasnipe 1K
sandlo 70+
myrnsipe 20+

Voksa:
9.sep:
heilo 20-30 (flokk)
brusfugl 3-4

Bilder av 1K dvergsnipe frå i dag.