I dag vart det nok ein tur ut for å sjå nøye over måsane på Sandshamna. Og etter nesten 3 timar med skåding var dette "fangsten". Nok ein fargemerka gråmåse, og polarmåsen som eg oppdaga for tre dagar sidan var fortsatt på plass.
I dag vart årets første "kvitmåse" sett på Sandshamna. Det var i form av ein 2k (1.vinter) polarmåse. Men dette var også den einaste interressante måsen som var å sjå. Sjølv om det var ein del å ta av..... Allikevel så er det altid fantastisk å sjå desse nydelige, arktiske måsane!
Ellers så held fortsatt ei toppand og ei bergand stand i Vågen på Sandsøya.
Her er nokre bilder av polarmåsen frå i dag!
polarmåse 2k (1.vinter)
polarmåse 2k (1.vinter)
polarmåse 2k (1.vinter)
Fargemerka gråmåse
I dag fikk vi (eg og Kjell Mork Soot) svar på ein fargemerka måse som eg såg på Sandshamna 15.mars 2010. Denne fuglen er i motsetning til dei to som vi fikk svar på sist ikkje britiske, men frå Norge. Denne vart nemleg merka i Mandal, Vest-Agder.
Her er historia til måsen frå den vart merka som ein ikkje flygedyktig unge i juni 2009 fram til i dag.