mandag 28. november 2022

Havørn - frå Norge til Spania

Frå 2010 til og med 2012 var eg så heldig å få bli med min gode kompis Alv Ottar Folkestad på feltarbeid på havørn. Den gongen var det eit overføringsprosjekt til Skottland. Dei ville gjeninnføre havørna etter at dei siste vart utrydda der på starten av 1900-talet. Difor vart ungar frå norskekysten sendt til Skottland. Der skulle dei vere med på å bygge opp ein levedyktig og sjølvrekruterande bestand. Det har vore fleire runder med overføring av norske havørnungar dit. Den siste var frå 2007-2012; der eg var med dei siste tre sesongane. Dette var svært lærerikt, og eg sit igjen med mange gode minner frå desse åra. 

Her er eitt bilde av ein havørnunge som vart ringmerkt sommaren 2021. I og med at det var fugleinfluensa i omløp denne sesongen, vart det ikkje besøkt reir med enkeltungar, for å minske sjansen for at vi skulle bli smitta, men også for at vi kunne vere med på å spreie smitte. Vi gikk målretta på reir med to eller tre ungar, i og med at det må vere fleire ungar på reiret om vi skal kunne ta med ein. 

Skotsk suksess - men ikkje utan problem...  
Denne gjeninnføringa av havørn i Skottland har vore ei suksesshistorie, og dei har no ein levedyktig bestand på ca. 150-200 par. Dessverre så er det forsatt ein del konflikter både ovanfor landbruksnæringa og godseigarane, der gamle haldningar fortsatt heng igjen. Men heldigvis er det ikkje alle som er like fiendtlege; det er nemleg fleire stadar dei har etablert opplevingsturisme rundt ørnene, der folk kan få sett og oppleve den majestetiske havørna på nært hald. 

Norske havørner til Spania
No nesten 10 år etter, vart det igjen ei muligheit til å jobbe med havørn. Denne gongen var det Spania som stod for tur. Dei utrydda sine havørner på slutten av 1800-talet, og no vil dei gjere ein innsats for å tilbakeføre arten i spansk natur. Dette er jo ein art som naturleg høyrer heime i spansk fauna, så det å kome med ei hjelpande hand og då rette opp feil som vi menneske har gjort i tidligare tider, synst eg gir meining. I Norge er jo havørna ei suksesshistorie. Frå å være meir eller mindre utrydda i store delar av landet på slutten av 1960-talet, etter systematisk etterstrebing i godt over eitt århundre, har ho no etter at ho vart freda i 1968, tatt seg godt opp, og i store delar av landet er bestanden no meir eller mindre metta. Pr. dags dato reknar ein med at det er ein stad rundt 4000 par her til lands. Dette er ca. 40% av den europeiske bestanden. Og i og med at ein såpass stor andel av den europeiske bestanden hekkar i Norge, er dette ein såkalla ansvarsart. Vi er altså her i Norge pålagt eit spesielt internasjonalt ansvar for arten. Vi i Norge står i så måte i ein unik posisjon til å kunne hjelpe til med å gjeninnføre havørna til dei områda vi menneske har utydda ho.

Dette gjenninnføringsprosjektet til Spania var eit toårig (2021-2022) prosjekt som Norsk Institutt for Naturforskning i samarbeid med ei spansk rovfuglgruppe stod for. Alv Ottar Folkestad og eg stod for innsamling av ungar her på nordvestlandskysten. I fjor var målet å få sendt sørover ti ungar. Dessverre så gjorde ein dårleg hekkesesong, med få ungar, sitt til at vi kun fikk sendt avgårde ni ørneungar. I år var kvota på heile 21 ungar, noko som ville gi ein total på 30 ungar på to år. Vi skulle samle inn det vi greidde her frå nordvestlandskysten, og med ei muligheit til å supplere med ungar frå Trøndelag. Det viste seg at årets hekkesesong vart svært dårleg. Ja, ungeproduksjonen i år var ein av dei lavaste, om ikkje den lavaste, som er registrert sidan overvakingsprosjektet «prosjekt havørn» starta opp i 1975. Dette har nok utan tvil ein samanheng med fugleinfluensa-smitten som har gått blant fuglane. Vi fekk totalt kun samla inn elleve ungar. I tillegg til desse vart det sendt avgårde sju ungar frå Trøndelag. Totalt vart det altså sendt avgårde 18 ungar til Spania i 2022. Totalt blir dette då 27 ungar på to år.

Her er to ungar på reiret i toppen av ei ca. 20 meter høg furu. Slike reir er ofte mangeårige. Mange havørnreir kan også bli brukt i generasjon etter generasjon. 


Friske ungar
I og med at det var fugleinfluensa i omløp i år, som eg såvidt nemnte over, måtte vi vere svært påpasselige med hygienen ved reirbesøk og ved handtering av fuglane. Etter at ungane var tatt inn, haldt vi dei også adskilte frå kvarade, for å minske sjansen for at fleire vart sjuke om nokon av dei var smitta. Før avreise til Spania vart dei òg testa for fugleinfluensa. Alle fuglane som vart innsamla viste negative prøver. Det var altså ingen av ungane som vi var borti som var sjuke. 

Her er ein unge som fort kan ha vore eit offer for fugleinfluensa. Ein av foreldra sat på reiret då vi ankom lokaliteten. Dessverre så viste det seg at ungen, som du ser på bilder under, var daud. 

For å minske sjansen for at ungane skulle smitte kvarandre, om det var sjukdom blant fuglane, vart dei spreidd godt, med stor avstand til kvarandre. Under ser du ei av innhegningane ungane sat i dei siste dagane før avreise. 


Mange lange dagar
I og med at ungeproduksjonen var meget laber både hekkesesongen 2021 og 2022, måtte det ein stor feltinnsats til for å prøve å finne tilstrekkeleg med ungar til å fylle opp dei kvotene som hadde blitt satt. I fjor vart det nok gjerne trakka ein god del meir i felt enn det vart denne sesongen. Det vart då også merkt fleire ungar der det kun var ein unge i reiret. I år vart det kun prioritert å lokalisere reir med to eller tre ungar. Vi kan berre samle inn havørnungar frå reir med fleire enn ein unge. Vi skal jo ikkje sabotere hekkinga for ørnene. Er det to ungar i reiret kan vi ta ein, og er det tre ungar kan vi ta to. Denne hekkesesongen var det som som allereie nemnt fugleinfluensa i omløp; dette gjorde også sitt til at vi ikkje unødig besøkte reir. Fleire stadar i landet, inkl. i vårt område, har det blitt påvist smitte på havørn. Vi såg heldigvis lite til dette, men andre stadar har det vore ein del dødlegheit som nok er knytta til dette høgpatogene viruset. 

Her er nokre bilde frå innsamlinga. Mange av ørnereira ligg luftig til, og klatreutstyr i ei eller anna form, er då ei nødvendigheit. 

Dei siste par hekkesesongane har det ofte vore slik, enten var reira tomme, eller når det først var liv der, kun ein unge. For at vi skal kunne ta inn ein unge må det som tidligare nemt vere minst to ungar i reiret. Det var altså ved desse tilfella berre å forflytte seg til neste lokalitet, og håpe på eit betre resultat der... 

Her er tre reir som vart besøkt under årets ungeinnsamling. I desse var det både to og tre ungar. Ja, trass i ein svært dårleg hekkesesong kom vi faktisk over eitt kull på tre ungar. Slike trearkull er svært sjeldan. 


Charterfly til Spania
Etter at vi hadde fått samla inn det antallet ungar som var mulig, vart dei i slutten av juni flogne direkte frå Vigra med chartra fly til Asturias- og Cantabria-provinsen på nordkysten av Spania. Der dei så vart haldt i ei innhegning til dei var godt flygedyktige og så satt fri. Den første vinteren vert dei så mata for å auke sjansane for at dei kjem seg gjennom denne første kritiske perioden. Det er ikkje berre, berre å møte verda som ein uerfaren ørneunge. Frå naturen si side så blir dei jo i fleire månadar utover hausten mata av foreldra, enten direkte eller indirekte, før dei etter kvart må greie seg sjølve. Det er i denne første fasen som sjølvstendig at dødelegheita naturleg nok er størst. 


Bli med på reirbesøk
I videoen under kan du vere med å besøke eit reir med to ungar. Den eine av desse er no i Spania og forhåpentligvis kan han på sikt vere med på å bygge opp ein sunn og sterk spansk bestand. Havørnene legg reira sine både på berghyller og i tre; der tre er favoritten. I tilfeller der det er mangel på bergveggar og tre, kan dei legge reiret på bakken. Dette reiret låg definitivt ikkje på bakkenivå, men i ei høgstamma osp med meir eller mindre utan greiner dei ti første meterane. Slike tre er ei utfording å kome seg opp i, men om motivasjonen er sterk nok, så er det jo mykje som går. Ungen som ikkje vart teken med vart ringmerkt. Han vil i framtida kunne vere med på å gi verdifulle data om havørnene. Desse ungane var då eg entra reiret ca. 6-7 veker gamle. Mykje eldre enn det skal dei ikkje vere. Då er det nemleg ei fare for at dei kan finne på å hoppe av reiret, og då skade seg eller slå seg i hel. Når ungane er frå 10 til 12 veker gamle blir dei flygedyktige. Dette varier sjølvsagt med næringstilgongen, men også med kjønn; der hannane blir flygedyktige før hofuglane. 

 

1 kommentar:

  1. Your post is a radiant example of brilliance! Insightful, well-articulated, and truly valuable. Thanks for sharing your perspective.

    SvarSlett