mandag 12. juli 2010

Grashoppesongar hekking m.m. 09-11.07.10

Endeleg gikk det i boks! Møre og Romsdals første dokumenterte hekkefunn av grashoppesongar (SJÅ UNGEN TIL VENSTRE!). Men det kom ikkje som ei bombe for å seie det slik. Der ungen vart fanga vart det sett ei hoe i lag med hannen så tidleg som 27.mai!  Og når hannen starta å synge så smått igjen litt over ei veke sidan vart berre mistanken sterkare. Men denne plassen er langt frå unik her på øyane! Det er nemleg fleire plassar fuglane har starta å synge på nytt. Så truleg er det mange par som hekkar her ute!! 

Denne natta vart det fanga totalt 7 grashoppesongarar, men totalen var så mange som 9 ind.(En hofugl og en hann vart ikkje fanga inn). 3 av desse var nye. Dermed er totalen i år på minimum 14 songarar (truleg mange fleire).

Her er bilder av dei  6 andre songarane som vart merka denne kvelden/natta:






















Andre obsar desse dagane:

havlire 12 pts(9.juli) + 2 pts(10.juli)
lappspove 1 pts(9.juli) + 2 rastande(10.juli)
Åkerrikse 1 M sy forts. (11.juli)

 Sivsongarunge

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar