onsdag 28. juli 2010

Sandsøya/Voksa 27-28.07.10

Etter å ha tatt ei runde rundt på Sandsøya kan eg konstatere at svartstrupene har hatt ein bra vår og sommar! For det var ein hard vinter i 09-10, dette gjorde at  mange av svartstrupene strauk med. Før kulden slo skikkeleg inn i midten av desember 09 var det nemleg ikkje mindre 6-7 par som overvintra på Sandsøya. Ingen av desse overlevde den harde vinteren. Ellers rundt om i MR har eg ikkje høyrd rapportar om svartstruper i det heile tatt! Men svartstrupeparet som kom til Sandsøya i starten på april har gjordt sitt får å få bestanden på rett kjøl igjen! Med desse siste ungane så har dei truleg fått fram 3 kull i vår og sommar. Dette vert då godt over 10? nye svartstruper som har fått sett dagens lys. Svartstrupa legg nemleg 5-6 egg i eit kull. I dag såg eg ikkje fleire enn 3 ungar, men det var truleg fleire der!

Nattsongar obsar natt til 28.juli:
grashoppesongar 3 MM sy. (Voksa 2 ind, Sandsøya 1 ind)
åkerrikse 2 MM sy. (Voksa 1 ind, Sandsøya 1 ind)

Her er eit par svartstrupebilder! (ungen øverst og hannen nederst)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar