tirsdag 2. november 2010

Toppdykkar, Voksevegen 02.11.10

I dag vart det vinteren sin første tur ut og sjå over havområdet mellom øyane. Og etter å ha sett ein horndykkar og ein islom, låg den der! Den etterlengta toppdykkaren. Denne fuglen er svært uvanleg i MR. Med kanskje eit par funn i året. Toppdykkaren held til i Norge i hovudsak i næringsrike sjøar på Austlandet, på jæren og i trøndelag. Men om vinteren frys desse til, og då trekk dei ut til kysten. Dette vart då ein ny art for Sandsøya og Voksa.

Ellers i dag vart også øyane si 2. bergand funna i Vågen på Sandsøya. I tillegg til denne var også dei første songsvanene på plass for vinteren.

Her er nokre bilder av dykkaren!
toppdykkar
toppdykkaren (lengst t.h.) og silender (t.v.)
toppdykkar



Eg legg også inn eit bilde av berganda!

Og til slutt eit lite videoklipp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar