fredag 31. desember 2010

Høgdepunkt frå 2010

Sidan det er siste dagen i 2010 så kan det vel vere på sin plass med eit lite tilbakeblikk med høgdepunkt frå året som har gått!


Januar
kaspimåse 2K (1.vinter) ind. 1
Året starta nesten på best mulig vis. Med fleire polar-/ og grønlandsmåsar. Men det var ikkje før i den siste veka av januar det virkelig "small". Med MR sin første sikre kaspimåse på Sandsøya!















Februar
kaspimåse 2K (1.vinter) ind. 2
Denne månaden starta på best mogleg vis. Med ein ny kaspimåse på Sandsøya. Den 2. for MR, og det berre på 8 dagar!!!! Ellers så vart det fortsatt mange polarmåsar og grønlandsmåsar.














Mars
Det blei satsa ein del på å få bra bilder av villgeitene denne
månaden!
Det som var verdt å nemne frå denne månaden er sædgås, stillits, og sjølvsagt mange grønlands- og polarmåsar!
















April
Lunde
(I april var også mine første arbeidsdagar
på Runde i 2010!)
Dette var ein svært stille månad med tanke på sjeldne fuglar. Og det einaste som er verdt å nemne er svartstrupeparet som kom attende tidleg i april, og som i løpet av våren og sommaren 2010 skulle få fram fleire ungekull!














                                                                  Mai
Årets første grashoppesongar!
I mai kom dei første grashoppesongarane. I det som skulle vise seg å bli eit rekordår på den fronten.....! Ellers så vart øyane sin første sivhauk og rødstjert sett. Samt uvanlege artar som svarthalespove, trane, gulerle og snadderand!















Juni
Merking av ein havørnunge utført av Alv Ottar Folkestad.
I juni vart det ikkje så mykje "jakting" på sjeldeheiter. Eg var for det meste opptatt med jobbing på Runde samt havørnprosjektet. Men litt vart det no! I og med at det var lite fugl å sjå på øyane heime tok eg turen til Smøla for å få sett kalanderlerka som hadde blitt funna der. Av uvanlege og sjeldne artar heime på Sansøya og Voska kom det til mange fleire grashoppesongarar og ikkje minst årets 1. syngande åkerrikse. Denne gongen på Sandsøya og ikkje Voksa. Det er nemleg på Voksa det har vore åkerrikse dei siste åra!







                                                                                Juli
MR sin første dokumenterte grashoppsongarunge.
Dette blei månaden då det endelig skulle lykkast å få dokumentert den første grashoppesongarhekkinga i MR. Uten om alle grashoppesongarane vart det satsa ein del på havfuglskåding. Det resulterte i ein god del havlirer. Og det kom også til ei ny åkerrikse. Denne gongen på Voksa. Åkerriksa og ei håndfull grashoppesongarar vart ringmerka når eg ved fleire tilfeller fikk besøk av Kjell Mork Soot.










August
Ei samarbeidsvillig gluttsnipe på intill 5 meters hold!
August i år var ein god månad med eit bra trekk med vadefuglar. Det beste på ein god del år. Med artar som lappspove, svarthalespove, sandlo, myrsnipe, gluttsnipe, sotsnipe, dvergsnipe, temmincksnipe, tundrasnipe osv. Ellers så fikk eg vere med på å ringemerke havsvaleungar.Noko som alltid er like fantastisk.










 

September
Havsvaleunge

Denne månaden starta på best mogleg vis. 1. september fann eg øyane si første myrrikse! Ellers var det fortsatt ein god del vadarar på trekk. Men ikkje alt for mykje spennande. So når det vart sett ein del sjeldne fuglar på Ona så vart turen lagt dit for eit par dagar. Det resulterte i blandt anna dvergspurv, vierspurv, gulbrynsongar, polarsisik ua. hornemanni for å nemne nokre. Og same dagen som eg kom attende frå Ona vart ein 1K polarmåse oppdaga ved Voksa. Men alt i alt må vel høgdepunktet denne månaden vere ringmerking av havsvaleungar!





 
Oktober
Gulbeinmåse ad. (fuglen midt i bildet).
Det siste eg såg av måsen før det blei borte vekk!
Det var lite fugl å sjå på øyane så derfor bar turen nok ein gong til Ona/Sandøya! Og om det ikkje var det heilt store så var det nå ikkje heilt fritt for sjeldeheiter. Det vart sett artar som vannriksesibripiplerke og til slutt polarsvømmesnipe! Men den virkelige gobiten venta heime. Første dagen etter at eg kom heim vart årets første tartarpilerke for Voksa sin del sett. Men den 2. dagen eksploderte det skikkeleg!! Med MR sitt første funn av GULBEINMÅSE og ca. det 25. funnet i Norge! Den redda faktisk heile hausten for min del!!!!





 



 
November
Toppdykkar
Denne månaden starta faktisk også veldig bra! Det var ved hjelp av øyane sin første toppdykkar. Utanom toppdykkaren var det store antall av andre dykkarar og lommar i havet ved øyane. Og eit av dei definitive høgdepunkta denn månaden må vere å ha islom på 5 meters hold.












                                                                     Desember
Dette var desidert den månaden i året det var mist fugl å sjå! Men heilt "skrapa" er det no ikkje. Etter å ha leita ei stund fann eg den einaste overvintrande svartstrupa på Sandsøya. Og ellers så har det vore så kaldt og dermed er faste overvintringsplassar frose igjen. Dette har gjort slik minst 2 bergender og 1 toppand har teke turen ut i havgapet til oss. Begge desse artane er svært uvanlege på øyane! Men den mest uvanlege arten vart funnen no i romjula. Øyane si 3. sothøne!






Ja, då er det vel berre en ting som står igjen! Å ønske alle eit riktig godt nytt år!

2 kommentarer:

  1. Så utrolig skarpe og klare bilde du tar! Kjempefine! Ka kamera og objektiv bruka du til fuglefotografering?

    SvarSlett
  2. Takk for det! Eg brukar eit canon 1D mk4, canon ef 500mm f4 is, canon 1,4x extender II, canon ef 400mm f5,6, canon ef 24-105mm f4!

    Det blir nokre kroner, men det er verdt det!:)

    SvarSlett