fredag 26. november 2010

Arkiv "fotos" del 3

Den siste veka har det ikkje vore det heilt store på fuglefronten. Ikkje noko særleg med måsar, samt ferre dykkarar og lommar. Men snart dukkar vel vinterens første grønlandsmåse opp på Sandshamna. For det er nok på måsefronten det er størst sjangs for å finne ei sjeldenheit denne vinteren...? Den tida på året det er flest måsar på hamna er frå slutten av desember til midten av april. Sjølvsagt er det ganske stor variasjon i antall måsar frå dag til dag og frå veke til veke. Det virkar faktisk å vere nesten slik at når det er helg og liten aktivitet på fiskemåttaket (Kjetta) så tek måsane også helg. Ja for kva er vel vitsen å henge rundt på hamna uten noko mat og finne?

Her er nokre bilder frå 2009 og 2010...
Havørnunge. Juni 2010
Denne unge storlomen hold seg ved Voksa i over ein månad frå starten
av semtember til godt ut i oktober 2010.

Storlom 1K
Skjærpiplerke i vintersol. November 2010
Grønlandmåse 2K (1.vinter), Sandshamna 2009.
Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna 2009

torsdag 18. november 2010

Arkiv "fotos" del 2

Dei siste par dagane har eg sett litt gjennom sommarens utallige grashoppesongarbilder og funne fram til nokre som ikkje er lagt ut før! Det passar no også fint no i vinterkulda, å sjå på bilda for so å drøyme seg fram (eller tilbake) til vår og sommar.

Eg har også vore på eit par "runder" dei siste par dagane. Her er observasjonane som vart gjort.

17-18. november:
vipe 1 (Voksa)
tjeld 1 (høyrd) (Voksevegen)
islom 7+  (havområdet mellom Sandsøya og Voksa)
gråstrupedykkar 4   (havområdet mellom Sandsøya og Voksa)
horndykkar 3  (havområdet mellom Sandsøya og Voksa)
svartand 10  (Voksevegen)
begand 1K F (forts.)  (Voksevegen)
teist 1 ad.  (Voksevegen)
alkekonge 5-10  (Havområdet rundt Sandsøya og Voksa)
sangsvane 29 (8 1.vinter)  (Sandsøya)

Grashoppesongar






 
 
 
  Eg kom også over nokre litt eldre bilder. Frå 2007 og 2008.
einaste funnet av rørsongar på Sandsøya og Voksa.
Dette bildet blei tatt når den vart fanga og ringmerka
7.juli 2007.
vaktel, Voksa juli 2008

søndag 14. november 2010

Arkiv "fotos"

Her er eit lite utvalg av bilder som eg ikkje har lagt ut på bloggen før, frå i vår, sommar og haust.

buskskvett M (juni)
dvergsnipe 1K (september)
gluttsnipe 1K (august)
havørn pull (juni)
lappspove 1K (august)
jernspurv M (april)
lunde (april)
sandlo (august)

torsdag 11. november 2010

Islom og havørn

Her er nokre bilder til av islommane og havørna frå eit par dagar sidan.

islom 1K (1.vinter) Her gir den lyd frå seg. Dette er svært uvanleg,
då desse er nesten heilt tause om vinteren!
islom 1K (1.vinter)
islom 2K+ (2.vinter eller eldre)
havørn ad.
havørn ad.
havørn ad.

tirsdag 9. november 2010

Sandsøya/Voksa 09.11.10

I dag vart havområdet  mellom Sandsøya, Voksa, Kvasmøya og Riste nøye sjekka. Det resulterte i ny rekord med antall islommar. Ikkje minde enn 9-11 islommar var og sjå mellom øyane. I tillegg til alle islommane var det også 1 gulnebblom som "fiska" aktivt. Ellers var der også fleire gråstrupedykkarar, samt horndykkarar og så var fortsatt toppdykkaren på plass.

Her er alle sjøfugl "-obsane".
islom 9-11
gulnebblom 1 ad.
ub. lom 1
dvergdykkar 1
gråstrupedykkar 3
toppdykkar 1 (på plass sidan 2.november)
horndykkar 2+
svartand 13+ (F-farga)
sjøorre 1 ad. M
havelle 1 ad. M
teist 2
alke 1


I dag fikk eg også ein kjempe opplevelse med islom på 5-6 meters hold. Her er nokre bilder av denne nydelige fuglen, samt ein annan lom som holdt til i lag med den!
islom 1K (1.vinter)
islom 2K (portrett) 
islom 2K (portrett)

Eg kom også over denne majestetiske havørna!
havørn ad.
havørn ad.
havørn ad.

søndag 7. november 2010

Runde

Runde fyr
Dei to siste åra har eg vore så heldig å få vere med å jobbe på Runde i frå mai t.om. juli på seapop-prosjektet og kontrollfelttellinga. Og ein skal leite lenge etter ein betre jobb.......... :)




klikk på alle bilda for større format!



Utsikt vestover frå "lundeura"
I år gikk hekkinga til lundefuglen skeis. Dette gjorde sitt til at det ikkje vart så mykje å gjere på den fronten. For utan lunde-hekking vart det verken fangst av lunde for fargemerking, eller for å få næringsprøver. Og ikkje minst vart det ingen ungar å følge utviklinga til. Då vart det meir tid til å følge med på toppskarven, og også fangst av desse for fargemerking. Ellers så følger vi også med på krykkje, lomvi og havsule. Det blir også følgt med på storjoen, men det er ikkje eg med på!







Veging av toppskarv. Her utført av Oddvar Olsen.


Noko av det som skal gjerast er å lese av dei fargemerka lundefuglane. Dei vart fargemerka i 2007 og 2009.
Ein av dei 177 fargemerka ind. Av desse vart 105 avlest i år.
Avlesinga av ringane vert gjort i form av at eg tek bilder av fuglane,
for så å lese dei av når eg kjem heim.


Legg også inn nokre bilder av lunde frå 2009!
Lunde under ringmerking.
Ein av dei mange lundeungane som såg dagens lys sommaren 2009!

fredag 5. november 2010

Sandsøya/Voksa 05.11.10

I dag gikk eg nøye over og saumfarte markane på Voksa. Utan det heilt store resultatet. Nokre få sanglerker, viper, samt ein hønsehauk var vel det som var verdt å merke seg. Nei, i dag var det mest gammalt nytt. Toppdykkaren var fortsatt på plass, det same var berganda, og ikkje nok med det. Eg såg også ei kaie på Voksa, dette er truleg den same som eg såg på Sandsøya 20. oktober. Men neste gong vert det forhåpentlegvis noko nytt å sjå........

Her er alle dagens observasjonar!

Voksevegen:
islom 3-4
toppdykkar 1 1K (forts.)
dvergdykkar 4
sjøorre 1
svartand 6+ (F-farga)

Voksa:
kaie 1
vipe 5
heilo 1 (høyrd)
hønsehauk 1 1K F
sanglerke 4+

Sandsøya:
raudstilk 1
bergand 1K F (forts.)
kvinand 1 (F-farga)
sangsvane 8 (6 ad. + 2 1K)


Bilder og videoklipp frå i dag!

islom 2K+
islom 2K+
toppdykkar 1K (stillbilde frå video)
Bergand 1K F (stillbilde frå videoklipp)



Islom 1K (1.vinter)



Bergand 1K F

tirsdag 2. november 2010

Toppdykkar, Voksevegen 02.11.10

I dag vart det vinteren sin første tur ut og sjå over havområdet mellom øyane. Og etter å ha sett ein horndykkar og ein islom, låg den der! Den etterlengta toppdykkaren. Denne fuglen er svært uvanleg i MR. Med kanskje eit par funn i året. Toppdykkaren held til i Norge i hovudsak i næringsrike sjøar på Austlandet, på jæren og i trøndelag. Men om vinteren frys desse til, og då trekk dei ut til kysten. Dette vart då ein ny art for Sandsøya og Voksa.

Ellers i dag vart også øyane si 2. bergand funna i Vågen på Sandsøya. I tillegg til denne var også dei første songsvanene på plass for vinteren.

Her er nokre bilder av dykkaren!
toppdykkar
toppdykkaren (lengst t.h.) og silender (t.v.)
toppdykkar



Eg legg også inn eit bilde av berganda!

Og til slutt eit lite videoklipp.